torsdag 29. september 2016

Ja takk!



ja takk
hjelp meg gjerne
å oppdra borna mine
det er eit stort ansvar
for oss foreldre åleine

men gjer det med varme
sjå dei inn i augene
sei at det der var ikkje så lurt
og forklar helst kvifor
med enkle ord

for borna mine
er ikkje berre mine born
dei er storfamilien sine born
bygda sine born
våre born

og dei bør vera greie med kvarandre
dei bør læra kva som er rett og galt
dei bør søkja det gode
og bli tilgitt når dei feilar
dei bør bli tenkjande menneske

menneske som ser andre menneske
som tek passe store, men ikkje farlege, sjansar
som seier hei og smilar tilbake
som gjer opp for seg
som er trygge på seg sjølv

og til dette trengs også du
du som møter borna mine
på butikken
langs vegen
på skuleplassen

sei hei og sjå dei i augene
så dei lærer å helsa
stopp dei mildt, men tydeleg
om dei gjer noko som er farleg
og minn dei på å takka

men hugs
å snakka til dei
som om dei er
medmenneska dine
for dei er faktisk det

Kristin Straume Audestad

"It takes a village to raise a child" er jo ein velbrukt frase. Men likevel sann, tenkjer eg. No meiner eg jo ikkje at de treng springa etter borna mine og fylgja med om dei gjer noko gale. Men at me alle har eit ansvar for borna me møter her og der. Eit ansvar for å møta dei med respekt, og eit ansvar for å rettleia dei viss dei handlar veldig uforsiktig. Og det er jo ei kjensgjerning at mange born gjer ting utan å tenkja over konsekvensane innimellom. Er jo liksom greia med å vera born det. Og noko av det er greitt. Eg er ikkje ei slik mor som er livredd når borna klatrar i tre og slik. Men som småbarnsmor er eg ganske redd for det som har med trafikk å gjera. Eit par må ubetenkte steg til sida kan få så ufatteleg store konsekvensar. Og som gryande storbarnsmor er eg redd for det som skjer på nettet, appar og ulike sosiale media, der det òg er skummelt å vera ubetenksom. Så om nokon til dømes ser mine born ta sjansar langs vegen, eller på nettet, håpar eg dei seier frå til dei, og gjerne til meg òg. Så skal eg gjera det same med dine born. Me har ingen å tapa, og mykje å vinna på å hjelpa kvarandre med å gjera borna våre til oppmerksame og passe fornuftige menneske. :) 

torsdag 22. september 2016

Mange måtar



 det er ikkje lett å sei alt som det er
spesielt når det sit ganske djupt
som kjærleik

nokon seier Eg er glad i deg med andre ord
som Køyr forsiktig, Husk refleks
eller Kvifor søren kom du så seint heim?

andre viser det  med å laga favorittmaten din
kjøpa ting til deg som du faktisk treng (eller ikkje)
eller gje deg kake sjølv om du seier du ikkje vil ha

det finst òg dei som klør deg på ryggen
set av god tid når de er saman eller klemmer hardt
for å visa kor glade dei er i deg

det er mange måtar 
å visa kjærleik på
kva er din?

Kristin Straume Audestad

Ein del har vel høyrd ordet "kjærleiksspråk" (evt. kjærlighetsspråk om ein absolutt vil ha det på bokmål...), og veit kva som ligg i det. Men eg trur ikkje alle har reflektert rundt dette, og eg tippar at ein del hadde fått ei "aha-oppleving" om dei sette seg inn i kva det eigentleg handlar om, og tenkte over kva sitt eige kjærleiksspråk er. 

Sånn heilt i korte trekk handlar det om at me har ulike måtar å visa personane rundt oss at me er glade i dei. Og at den måten me gjerne viser det på, ofte er den måten me sjølv likar og forstår best òg. Forfattaren Gary Chapman skil mellom fem ulike kjærleiksspråk: Anerkjennande ord (å seia eller skriva konkrete gode ord til den ein er glad i), Tid (å prioritera tid saman med den ein er glad i), Tenester (å gjera noko for den ein er glad i), Gåver (å gje noko til den ein er glad i) og Fysisk nærleik (å fysisk visa kjærleik i form av t.d. klemmar, stryka på ryggen osv...). 

Det seier seg sjølv at partnarar med vidt ulike kjærleiksspråk kan ha problem med å forstå kvarandre. Om til dømes ein som har behov for at partnaren brukar tid ilag med han/ho, har ein partnar som er mest oppteken av å kjøpa gåver til ein, kan desse gåvene berre verka irriterande... Å vera bevisst på det med kjærleiksspråk trur eg er ein fin ting for å finna ut meir om seg sjølv og andre, og forstå kvarandre. Og det med kjærleiksspråk handlar jo ikkje berre om parforhold, det har like mykje å gjera med korleis foreldre/born viser kjærleik til kvarandre! Kanskje du skjønar mora eller faren din betre etter å ha lest litt om det? 

Du kan til dømes lesa denne artikkelen. Lukke til! :) 


tirsdag 20. september 2016

Innanfor maska

kven er du eigentleg
innanfor maska?

innanfor jeansen og den
moteriktige jakka

innanfor facebookstatusar
om trening og vennefestar

innanfor mascara
og foundation

innanfor instagrambilder
av fjellturar og interiør

innanfor alt dette
som er utanpå

kven er du
eigentleg?

har du framleis i deg
ho du var før

som gynga og lo
på eit bestemorfang

som undersøkte verda rundt deg
med iver og glede

som innimellom kjende seg
grådig åleine

er ho der
endå?

veit du forresten
at du er elska?

du ja, du som er
innanfor maska

det er på tide å
kasta maska

du er elska
slik du er

Kristin Straume Audestad


Me blir ofte ganske påverka av kva "dei andre" gjer. Det er nok ein del som i alle fall utad prøver å vera mest mogleg lik dei andre, ein vil ikkje skilja seg ut. Men så er det jo eigentleg «maska» vår me prøver å gjera lik «maskene» til dei andre. Med maska meiner eg slik me presenterer oss for omverda. Både reint fysisk (IRL om du vil) korleis me (evt.) sminkar oss, ordnar håret og kler oss opp, og kva me vel å visa av oss sjølv og livet vårt på sosiale media (URL).

Noko av det dumme, om ein framstiller seg på ein måte som eigentleg er litt fjernt frå den ein eigentleg er, kan vera at ein trur at folk likar ein på grunn av maska. Ein kan tru at viss ein er open om korleis ein kjenner det inst, og t.d. vågar å gå utan sminke, vil ikkje folk lika ein lenger. Og det er jo ikkje så heldig viss ein trur det, for erfaringa mi er at det er når ein tør å seia det ein tenkjer og vera seg sjølv, at andre også tør å opna seg tilbake. Venskap blir gjerne sterkare og djupare, og samtalar med folk ein eigentleg ikkje kjenner så godt, vert meir interessante. I tillegg til at ein ved å vera seg sjølv ikkje er med på å legga dette presset på andre om at dei må sjå slik eller slik ut, og gjera slik eller slik. Eller, det kan jo forresten henda at andre har lyst til å vera som deg likevel, men i så fall har dei i alle fall eit meir «ekte» og realistisk førebilete…

No er det jo ikkje sånn heilt enten-eller heller då. Alle har jo ulike roller, og i visse roller krev det jo at ein "tek på seg ei maske". Og det er jo litt situasjonsavhengig. Ta for eksempel ein dag du kjenner du ikkje nett er på topp. Då er det er jo kanskje ikkje så lurt å stå på butikken og fortelja alt om sin dårlege dag, til kven som helst ein møter. (Men det stoppar ikkje alltid meg…) Og på dårlege dagar der ein har oppgåver ein likevel lyt utføra, hjelper det gjerne å ta på ei «eg er heilt pigg og klarar alt»-maske, så ein kjem i mål. Men det er òg lov å seia til andre at du akkurat denne dagen eller denne perioden er litt «utafor» av ulike grunnar, og gjer du det, så ser du stort sett at det vert akseptert og du blir møtt med medkjensle. (Om ikkje du snakkar om det heile tida, då er det fare for at folk blir lei…) 

I alle fall var det viktigaste poenget mitt at du som les dette veit at du er elska. Nokon er glade i deg, fordi du er nett deg. Ikkje fordi du prøver å vera nokon andre. Eg trur at om du vågar å vera ærleg både med deg sjølv og andre om kven du er, utan å henga deg for mykje opp i at du skal likna på nokon andre, blir du òg meir glad i deg sjølv. Og du klarar faktisk lettare å sjå og bry deg om menneska rundt deg òg, om du slappar av og fokuserer mindre på deg sjølv og korleis du bør framstå. Vinn-vinn med andre ord. 

Eg øver meg. Kler meg av og til i ein rar Minni-mus-genser som er grådig god å gå i, før eg leverer minstejenta i barnehagen og går på nærbutikken, mens eg latar som ingenting. Fortel naboen om berget av klesvask som ventar i stova, og forklarar at det er difor eg heldt meg i hagen. Går utan sminke (det er i grunn ikkje noko nytt). Det skjer faktisk forbausande lite når eg vågar å gje litt blaffen i å fylgja straumen, og heller gjer det som er naturleg for meg, utan å skjula feila mine. Folk smilar til meg likevel, dei fleste har faktisk ganske ekte smil òg, etter det eg kan bedømma...  Som ei klok dame sa til meg ein gong, då eg snakka om at eg var redd for kva folk tenkte om eg gjorde slik, eller slik: at folk flest er faktisk mest opptekne av seg sjølv, tru det eller ei!

søndag 11. september 2016

Etterpå

etterpå
betyr det meste anna
så lite

ein ny bil
kva så
du er jo ikkje her

ein vasslekkasje
kva så
du er jo ikkje her

ein krangel
kva så
du er jo ikkje her

eit grått hår
kva så
du er jo ikkje her

kvifor ser ikkje
dei andre
at det ikkje betyr noko?

at det som betyr noko
er å bruka tid
saman med dei ein elskar

Kristin Straume Audestad

Når ein har opplevd å mista nokon nære, vert ein del ting bagatellar. Ting eller hendingar som før kanskje kjendest større og viktigare, vert så ubetydelege. Og så kan det verka uforståeleg at andre framleis er opptekne av slike ting, som har så lite å seia frå eller til. Når det viktigaste er å vera saman med dei ein er glad i, dei som er att, og gjera det beste med resten av tida ein har. At det å henga seg opp i bagatellar kan øydeleggja ei tid i livet som eigentleg er ganske fin. Men ein skjønar kanskje ikkje før etterpå kor fint ein eigentleg hadde det. Eller kunne hatt det, om ein prioriterte annleis.  

Samstundes er det nok ikkje så lett for dei som ikkje har opplevd eit vondt tap, det å setja ting i perspektiv slik. Og ein skal ikkje ha dårleg samvit for at ein ikkje klarar å setja seg inn i korleis det er å mista nokon, det veit ein heldigvis ikkje før ein eventuelt er der sjølv, og det er ikkje ein situasjon dei som har vore gjennom det unner nokon. Men ein kan nok med fordel innimellom ta eit steg til sida og tenkja over kva ein brukar tida og tankane sine på. Bekymrar ein seg for ting som ein ikkje kan gjera noko med, så det går ut over humøret og energien, og dermed også kontakten med menneska ein er glad i? Brukar ein mykje tid på ting som eigentleg ikkje er så viktig i lengda?

Det er viktig å gjera ting som gjer ein godt. Det som gjev ein glede, og gjerne noko som i tillegg gjev andre glede òg! Men om ein har noko ein driv med som i grunn berre tappar ein for energi, bør ein kanskje vurdera om det noko ein bør slutta med, viss ein kan? Det er no denne tida og desse dagane me har på denne jorda. 

torsdag 8. september 2016

Blikk i vater

tenk om me ikkje såg på kvarandre
nedifrå og opp
eller oppifrå og ned

mens me gjorde oss mindre
eller større
enn me eigentleg var

tenk om me såg
rett bort på
kvarandre

og var
nett passeleg store
begge to

Kristin Straume Audestad

Eg har tenkt ein god del på dette. Sikkert skrive om det før òg.  At uansett kven me treff/har med å gjera, har me ein lei tendens til å posisjonera oss i forhold til dei. Me brukar ofte ikkje lang tid på det heller. Me lagar oss eit bilete av kva status me tenkjer at den andre har, så har me jo ofte eit bilete av kva status me tenkjer at me sjølv har, og så bestemmer dette gjerne korleis me møter/behandlar den andre. Dette skjer som regel automatisk, og er ikkje noko me tenkjer over.

Eg seier ikkje at alle er slik, eller at det gjeld i forhold til alle me møter. Men eg trur at om du les heile teksten, skjønar du kva eg meiner. Med mindre du er eit særskilt usjølvisk og altruistisk menneske. Eller eit menneske med veldig god sjølvtillit/sjølvkjensle, som ikkje tenkjer slik. Eller eventuelt eit menneske med låg sjølvinnsikt. Eg kan prøva å forklara kva eg meiner uansett.  Me kan skilja mellom menneske du (ubevisst) tenkjer har lågare status enn deg, menneske du (ubevisst) tenkjer har lik status som deg, og menneske du (ubevisst) tenkjer har høgare status enn deg.

Det er i grunn heilt pyton å skriva det slik, for eg likar ikkje slik statusinndeling i det heile tatt. Men sidan eg trur me gjer det til ein viss grad anten me vil det eller ikkje, vil eg prøva å koma litt til bunns i korleis det kjem til syne, kvifor det er slik for min eigen del, og gjerne korleis ein kan koma ut av denne tankegongen. (No legg eg ikkje skjul på at eg er best på teori, men kan jo håpa at eg ein gong blir ei handlingens dame og tek tak i mine små og store dårlege karaktertrekk.)

I alle fall, viss ein møter menneske som ein heilt ubevisst tenkjer har høgare status enn ein sjølv, er det fleire måtar ein gjerne reagerer. Nokon kan verta ekstra obs på desse personane, og gjera sitt beste for å vera så nært dei som mogleg, for gjerne å auka sin eigen status. Andre unngår dei gjerne, for dei føler seg utilpass og mindreverdig saman med dei. Eg har nok ein tendens til å unngå folk eg trur «ragar» høgare enn meg. Tenkjer at dei har sikkert mange å snakka med, og treng ikkje meg. Men viss eg fyrst snakkar med dei, prøver eg gjerne å vera morosam. KlovneKristin. Det er jo gøy då, men etterpå føler eg meg ofte dum og tenkjer at dei lo av meg, og ikkje med meg.

Så har ein ein del som ein føler seg likeverdig saman med. Dette er for min del helst folk eg kjenner godt. Dei slappar eg av med, og tør vera meg sjølv saman med. Eg klovnar meg gjerne med desse òg (spesielt om eg pratar med fleire på ein gong), men føler meg ikkje SÅ dum etterpå, for eg trur at desse faktisk har lyst til å vera med meg, sjølv om dei sikkert synest eg er irriterande av og til. (Eller dei synest eg er SJARMERANDE, som eigentleg tyder distrè, rotete og litt morsom utan at det er heilt planlagt).

Til sist er det dei ein ubevisst tenkjer har lågare status enn ein sjølv. Er nok ulikt korleis ein møter desse òg, alt etter kva type ein er. Nokre unngår kanskje desse, og vil ikkje assosierast med dei, av frykt for å få lågare status sjølv. Eg trur ikkje eg er slik, eg slappar gjerne betre av med desse enn med dei eg trur har høg status. I den grad det finst nokon eg i hovudet mitt rangerer lågare enn meg sjølv då.

Så - kvifor er det slik at me ubevisst rangerer andre i forhold til oss sjølv? Eg trur det er ei viss fare for at det heng att frå ungdomsskulen. Dei tre åra ein er elev der er ofte veldig prega av at folk er opptekne av å «posisjonera» seg – helst oppover. Ein vert veldig bevisst på seg sjølv, og prøver å finna ut kven ein er. Ein er redd for å hamna utanfor, nedst på rangstigen sjølv, og slik kan nokre av dei «kulaste» vera ganske nådelause mot dei «ukule» - og trykkja dei ned for å stiga i gradene sjølv. Etter kvart som ein vert eldre, legg ein nok dette litt av seg, og ser forbi slike usynlege rangeringar. Det er jo òg slik at dei som var «kulast» på ungdomsskulen ikkje nødvendigvis er dei med høgst status som vaksen...

Men eg trur litt av denne «rangeringstanken» heng att i bakhovudet, og er med oss i møte med menneske. Dessverre. Det er forresten også slik at det der med status avheng veldig av kva samanheng det er snakk om. Nokre kan ha høg status i eit miljø, og lågare status i eitt anna. Og veldig ofte kan det ein tenkjer om andre endra seg etter kvart som ein blir meir kjend med dei. Slik det er med meg generelt, plasserer eg alle eg ikkje kjenner så godt over meg i status. Så blir eg meir kjend med dei, og etter kvart finn eg som regel ut at folk er ganske like meg sjølv, slappar av saman med dei, og forheldt meg til dei som «likeverdige».

Herlighet, eg verkar sikkert skrekkeleg fordømmande og overflatisk når eg skriv dette. Og målet mitt er jo det motsette, men for å nå det, var eg nødt til å gå nokre rundar med meg sjølv, og finna ut korleis eg tenkjer og handlar. No vil eg tru eg har kome litt lenger, og bør vera klar til å ta eit oppgjer med meg sjølv. På dette området òg. Det har eg i grunn byrja allereie. For der eg før ofte unngjekk store menneskemengder fordi eg følte at alle hadde nokon å vera med, som dei heller ville vera med enn meg, taklar eg no slike ting betre (om eg ikkje er trøytt og hormonell då, slike dagar tel ikkje….). Og grunnen til det, er nok at eg prøver å «sjå bort» på folk, i staden for «opp». Eg prøver å prata med folk eg eigentleg ikkje tør prata med, tar sjansen på å bli avvist, og finn ut at eg i grunn sjeldan blir det. Og får ofte gode samtalar med interessante folk som gjerne har tenkt på akkurat dei same tinga som eg!

Eg har funne ut at me er ganske mange som ikkje likar store menneskemengder, og slit litt med å finna vår plass. Så me kan jo vera ilag! Og sjølv om nokon andre er trygge på seg sjølv om sin plass, betyr ikkje det at dei nødvendigvis ser på meg som om eg har lågare status likevel. I alle fall ikkje med mindre eg oppfører meg «underlegen» sjølv. Og kanskje nokon som verkar overlegne òg eigentleg er sjenerte?

Då vart det visst ein "stil" om dette temaet òg, utan om eg veit om eg kom så mykje nærare eit svar. (Til mitt forsvar har eg sete mange timar på toget i dag, måtte jo ha noko å gjera på…) Men håpar de som les kan tenkja over om de rangerer andre i forhold til deko sjølv, og om de gjer det: kanskje det er på tide å få blikket i vater? Dei aller aller fleste ein møter har noko positivt å bidra med. Og bør om ikkje noko anna, behandlast med respekt. Men det kan du òg forventa at andre behandlar deg med.  Og det finst alltid nokon å prata med, om ein vil og tør. Møter du andre med ope blikk og ope sinn, får du sannsynlegvis det same tilbake. Og det er godt å kjenna på!

tirsdag 30. august 2016

Til mi vesle store jente

det er greitt at du ikkje blir
den eg kanskje inst inne
prøver å få deg til å bli

så lenge du heller ikkje
blir den som nokon andre
vil ha deg til å bli

lytt, sjå, kjenn, smak, lukt
les, skriv, mal, gå, tenk
og gjer opp di eiga meining

finn ut kven du er
og vær deg sjølv
godt nok

men vær så snill
møt andre menneske
med eit smil og respekt

 og gløym aldri
det viktigaste:
at du er elska

© Kristin Straume Audestad

Som foreldre vil ein det beste for borna sine. Og det beste er ofte det ein hugsar og kjenner som godt og fint frå sin eigen barndom og sitt eige liv. Eg har for eksempel hatt glede av å spela piano. Jenta mi spelte nokre år, men så vart det nok. Eg måtte etter kvart la ho slutta med pianoundervisning, men det var med litt tungt hjarte, for eg er ganske sikker på at ho etter kvart hadde "kome over kneika" og funne glede i å spela igjen. Og det kunne ha vore fint for ho å hatt musikken å "flykta inn i" som avkopling frå dei hektiske kvardagane me lever i. Men, eg kunne ikkje tvinga ho til å halda fram lenger (eg hadde i grunn tvingt ho ei stund før eg innsåg det). 

Me foreldre kan gjerne vegleia borna våre. Me kan fortelja dei kva me meiner er rett og godt, og prøva å visa, med ord og handlingar, korleis me synest ein skal vera og kva ein bør gjera og ikkje gjera. (Av og til er me skrekkeksempel som dårlege foreldre, men det er jo berre for å visa kor bale det er, så ikkje dei oppfører seg slik som store? ;) ) Uansett, me kan ikkje tvinga borna våre inn på same veg som oss. Dei skal gå sin eigen veg. Og kanskje går dei saman med oss, kanskje tar dei nokre avstikkarar og kjem tilbake, eller kanskje går dei ein heilt annan veg. 

Det siste kan nok vera sårt. Men det er uansett ikkje opp til oss. Eg trur det beste me kan gjera som foreldre til dei store, nesten vaksne borna, er å vera tålmodige. Og rause. Og stabile, trygge på det me meiner er rett, samtidig opne for å lytta til kva borna (som etter kvart er vaksne) tenkjer. Aldri avvisande. Men innrømma eigne feil, i staden for å gå til angrep på det me synest er andre sine feil. Varsamt antyda ein retning, når dei mistar sporet, og treng hjelp. Og visa borna at dei er elska. Alltid og uansett. Sjølv om ein ikkje alltid er einige, og sjølv om ein kan vera ganske sikre på at ein sjølv har rett, bør ein respektera kvarandre. Diskutera sakleg. Og av og til vera einige om å vera uenige, men at det ikkje betyr at ein treng unngå kvarandre for det. 

Og jadå, eg gjer alle feila sjølv. Men håpar eg etter kvart klarar å gjera meir og meir det rette. Og innrømma når eg feilar... Elles: eg har ikkje betalt for domenet diktfordagen.com vidare, så no er bloggen på diktfordagen.blogspot.com. Eg trappar ned her, og vurderer å legga ned bloggen, men tek det litt på langs. :) 

mandag 22. august 2016

For seint

eg mislikar sterkt å koma for seint
eg brukar uttrykket «mislikar sterkt»
fordi far min alltid har sagt
at me ikkje skal bruka ordet hatar.
han har forresten òg sagt
at me ikkje skal bruka ordet alltid.
sidan det særs sjeldan stemmer
sorry, pappa

eg er altså ikkje glad i å koma for seint
når eg veit eg er sein, blir eg kald på nevane
men svett på halsen
eg kjeftar på ungane og mannen
(fordi eg eigentleg er sint på meg sjølv)
eg riv ned glas som knuser
(fordi eg skal skunda meg)

eg kan stundom droppa ting eg skal
fordi eg er sein likevel
og ikkje orkar å møta dømmande
(eg føler i alle fall dei er det)
«no kom du for seint igjen-blikk»

likevel er eg alltid for sein
altså, ganske ofte for sein i alle fall
(rodde meg inn att der, pappa?)
kanskje det er sjølvplageri?

 og så gløymer eg ting
to bursdagsbesøk har eg blant anna gløymd
eg mislikar sterkt å gløyma ting òg
av og til tenkjer eg på desse bursdagsborna
og så seier eg «søren òg» - ganske høgt
andre lurar sikkert på kva som nett hende, om dei høyrer det
men eg gidd ikkje forklara at eg var irritert
på grunn av noko som IKKJE hende – for fleire år sidan

det eg eigentleg mislikar, trur eg, er å vera til bryderi for nokon
det hadde ikkje gjort meg noko å vera usynleg
floge på veggen, eller noko slikt
ingen forventningar til meg, heller ingen som vart skuffa
men kanskje kjedeleg i lengda

det er vel mine eigne forventningar som er problemet
på ei side forventar eg, ynskjer eg, å lukkast med alt mogleg
på ei anna side veit eg at det har eg aldri klart før
(«aldri» er i grunn òg fy-fy, men her stemmer det)
så eg forventar òg at eg mislukkast
dårleg kombinasjon

kanskje difor eg veldig ofte kjem for seint
for eg trur liksom at eg må det
det er greia mi
kva skjer om eg er tidleg ute?
då kan jo alt skje?

Kristin 


Sånn for å sei det med ein gong: eg rekk stort sett jobben min... Men elles er eg ofte nett litt etter skjema. Trur ikkje eg skriv så mykje meir under her, diktet var jo så omfattande. Veit ikkje om det kan kallast eit dikt ein gong eg. Men viss eg seier det er det, så er det det vel? Er vel slik med kunst? 

Eg er i alle fall flink med å plaga meg sjølv med det eg ikkje får til, og så trur eg kanskje djupt inni meg at det må vera slik. At det er slik eg er. Ein treiging. Dårleg på multitasking er eg jo, og det er jo det livet består av når ein er småbornsmor. Mange ballar i lufta på ein gong, og vanskeleg å få til alt eg ynskjer. Jaja, det er vel kanskje håp for meg òg... Berre eg høyrer på meg sjølv når eg prøver å ta tak i det eg vil ha endra på!