mandag 31. januar 2011

Heng, sa du

heng,
sa du
så eg hang

ei overmogen
marketen pære
på den
tynnaste greina

for mogen
for marketen
til å bli
noko anna enn
pæresylte

då ville du ha meg

kokt
most
sylta

fekk eg endeleg
sjå deg
frå innsida


(Og for de som kjenner meg, så er det altså ikkje alle dikt som kan lenkjast til mitt eige liv....)

søndag 30. januar 2011

Alt anna enn snø!


fyrst som
sukkerdogg
skjørt, lett
draperer det seg
rundt
ormegras og
hagehekkar
furustubbar
gamle gubbar

teppet
rivnar
for tusen
hammarar
som slår våte
forløysande
slag
mot glasruter
bussruter
rutetabellar

sutlevatn
supervatn
stuper ned
i surklerenner
med rompa fyrst

lørdag 29. januar 2011

Sumarlengt

fjorden syng
djupe tonar
i den slørete
skumringssola
sitt fargespel

stien du
barbeint
trør på
kitlar
løyndomsfullt
brune leggar

kviskar
fylg meg
til
bølgjeskvulp
knitrande eld
strandnellik mellom tærne
sand i navlen

måsen blunkar
i svevet
lovar å syna deg
reiret sitt
så snart
morgondoggen
kvilar i graset

aldri ein sommar
finare
enn den
du erindrar
med lengsel
i januar

fredag 28. januar 2011

Sekundet

Det skjøre
sekundet

to blikk
smeltar
saman

rommar
nykveikt
kjærleik
ufødte
hjartespirer
samanfletta hender
med smilerynker

om du vil

torsdag 27. januar 2011

Den dagen

alltid ein topp bak toppen,
eit blankt ark
bak det du teiknar på
alltid eit nytt vegkryss,
ein ny tone i fløyta,
ein ny dans å læra

men kva med den dagen
stigen du fylgjer
blir smalare
endar på ei strand
mot havet
og du bles
og bles
lydlause tonar?

fleire ess i ermet?
det beste

og du teiknar noko
på det siste arket
som du sender avgarde
i papirflyform
mot den einaste som høyrde
tonane du spelte

eit siste dansetrinn
på veg mot vasskanten
er vel ok?
Han nikkar
det glimtar av gull
i dei varme augene
mellom smilerynkene

Han ser på
når du utan blygsel
let kleda falla
avdekkar herda hud
og slitne lemer
før du sym
i seige tak
mot mannen på vatnet

forbi papirflyet
som har bretta seg ut
duppar stille
i dragsuget ditt
fargane flyt utover
dansar over arket
som minna
i hovudet ditt

etter som
fargetonane blir dusare
trer forma fram
sterkare
klarare
lyser korset
heilt til du når
handa Hans
trygt

Særiøst sørgjeleg saknedikt (på forskot)


Min ven Jan og kona Bente
skal reise langt av stad.
Kan nesten ikkje vente,
sa Jan og smilte glad.

Eg kan nok ikkje smila med
sa eg sånn halvt bedrøva,
kan ikkje lett forklara det,
men vil no alltids prøva.

Eg er jo glad for dykkar skyld,
det syns eg de må vita.
Men hjartet kjennest som ein byll,
brest snart i mange bitar.

For det blir trist når de forsvinn,
kva skal eg gjera no,
når eg treng lette for mitt sinn,
eller manglar papir på do?

Ein solnedgang vil alltid minna
meg om fiskeslo,
og brettspeling med likesinna,
eg hugsar kor me lo!

Når hausten kjem,
slår inn for fullt med regn og ruskevèr,
å gå ein tur, det blir problem,
de er jo ikkje her!

Eg håpar at de kan forstå
at tårene dei renn,
for at de dårleg samvit skal få,
og snart kjem heim igjen!
(PS: No når de snart får god råd,
ikkje gløym ein kjær, blakk venn.....)



(Må lesast med stor kjensle, utan blikk for nynorsk-skrivefeil, klisjèar, naudrim, rytmefeil eller andre digresjonar!)

onsdag 26. januar 2011

Kvifor eg er inne og du er ute og begge er fornøgd med det

for deg er skrivne ord
svarte flekkar på eit papir
snikksnakk, nei takk
heller olje på nevane, mold under neglane, pussestøv i panna

for meg er skrivne ord
sjansen til å finna ut kven eg er, kven eg var, og kven eg vil bli
finna meininga med livet og få eit liv med meining i
orientera meg i denne forvirrande verda av forventningar og forviklingar
uttrykkja kjensler og inntrykk ved små enkle ord
og alt som ligg bak

for meg er olje på nevane
skitne fingrar
mekanikkmakk, nei takk

for deg er olje på nevane kanskje noko meir
men det får me aldri vita
dette er tross alt berre flekkar på papiret

(endå litt fiksa på i forhold til det som ligg på Diktkammeret)

tirsdag 25. januar 2011

Revidert

I dag har eg berre prøvd å fiksa på ei av dikta frå igår, vart vel i grunn eit heilt nytt dikt...

Unnskyld

ikkje tenk
ikkje tenk
ikkje tenk

stearin i øyrene
glasbrot i augene
piggtrådpust

mjuke hender
som sandpapir
snille munnar
fylt med grus

synk
endeleg
ned,
opp,
unnskyld

mandag 24. januar 2011

To triste

Vart litt mørke dikt denne gongen, ekstra tøff tid no, og desse mørke, kalde, gufne vintermånadane gjer ikkje ting noko særleg lysare.. Då er det greit å ha ein kanal der ein kan få ut litt mørke, så det blir plass til lys igjen!

når eg er åleine
ligg eg stille
kjenner noko pulserer
i kroppen
redsle?
blod?
Det Vonde?
sterkare no
stearin i øyrene
glasskår i augene
piggtrådpust
kvar er ho
denne gongen
sjølvdestrueringsbomba?

eg skulle dikta
gode dikt
trøystedikt
dikt som varma
kalde hjarter
og løyste opp
harde flokar
og lyste opp
vegen for deg
når det var mørkt
men noko anna
trengde seg på
måtte seiast
og eg sjølv
treng visst trøyst

søndag 23. januar 2011

Guten min


Fyrst vifta du med tærne,
så akte du deg blå,
no krabbar du på knærne,
men vil helst opp og gå.

Og fingrar som den dagen
var dokkefingrar nesten,
kan stryka meg på magen
(og knipa hardt forresten).

Då du i drøyme kvilte
me fekk jo ikkje fred,
du ofte låg og smilte,
me såg og smilte med

No er det blitt ein vane
men du må ikkje tvile,
alle hjarter kan du rane
med deg gode, lune smilet.

Men for all del ikkje tru
at du hjartet mitt må ta,
for mammahjartet får du
alltid eiga, same kva.

lørdag 22. januar 2011

....og tre idag...

Idag skulle eg ta skrivinga på føremiddagen, og kose meg med andre ting i kveld. Men så syntest eg diktet vart kanskje litt for sært. Og så vart det neste ganske sært det også. Og nr. tre veit eg ikkje heilt om eg skal uttala meg så mykje om, det berre dukka opp. Riktignok sov eg veldig dårleg i natt, men trudde ikkje det skulle ha så mykje å seie for diktproduksjonen! Så eg hiv like godt ut på alle tre, så får de seia kva som funkar og ikkje.. Eg tek gjerne i mot tips om kva eg kunne gjort annleis i dikta! Veit ikkje om eg skal hiva eitt av dei innpå diktkammeret litt seinare, i så fall, kva av dikta skulle det vore? Lurar forresten på om eg er mest nøgd med det siste...

Stilleben

er det
umaken
verdt?

sa du

då me sto
på hovuda
med ryggen
inntil einannan

hæl mot hæl
bakhovud mot bakhovud

tålmod
min ven
tålmod

sa eg

diktet
sluttar
snart


Forsøk

frå sin altan
såg ho på han
han plukka ein fiol
til ho og sa
den skal du ha
for du har monopol
på hjartet mitt,
kan eg få ditt?
det var eit fint symbol
sa ho, og takk,
men nok snikksnakk
eg har ein lenestol
den kan du få
og sitja på
men elles er eg for frivol
og du for glad i alkohol
til at me kunne laga bol
det ville enda med pistol
og dungar av kolesterol
Jaja, verdt eit forsøk, sa han.


Kaffifilterdikta

av og til
vaknar eg
av eit dikt
som har teke sats
trengt seg gjennom
hjernebarken
med vernestøvlar
og ropar ut
til eg lyttar
blystryk det utover
eit kaffifilter
til det blir stille

fredag 21. januar 2011

Bonusdikt

To for eitt idag. Vart så glad og inspirert av gode kommentarar på Diktkammeret! Merkar det har utruleg mykje å seie å få tilbakemeldingar...! Til no har eg fått mest positiv respons, men er veldig klar for negativ òg altså, det gjev rom for forbetringar :) Har veldig lyst til å utvikla meg som "skribent". Har forresten gjort det mogleg og veldig enkelt for alle å gje kommentarar her inne på bloggen, du kan berre skriva det du vil, og merka deg som "anonym"! Føler forresten at det kan verka som eg har laga denne bloggen fordi eg innbiller meg at eg er fiks ferdig poet, og det stemmer heller dårleg. Eg kallar det for mitt vesle prosjekt, og veldig få rundt meg veit om kva eg driv på med her på dataen på kveldstid. Det er berre så utruleg godt å setja ord på kjensler og erfaringar, og å kjenna at orda heng godt saman og lagar ein heilheit som eg fyrst ser når eg les diktet etterpå. Uansett, her kjem eit lite bonusdikt som plutseleg berre var her:

Dikta mine
Nokre dikt kjem brautande, har mykje som dei vil,
Andre kjem med vinden som bles svalande og mild.
Dei lengste dukkar opp når eg er utkvilt, glad og mett,
mens nokre berre er der, om eg fokuserer rett.
Nokre dikt dei dalar ned i regndråpar av sølv,
felles for dei alle: eg har funne dei heilt sjølv!

Etterpå


latteren din
etter tusen tårer

bustete hår
gjennombora av
fortvilte fingrar

rosaglødande kinn
under tørrsalte bekkefar

glimtet i augene
omkransa av
sølvdropar i vippene

aldri
er du
vakrare

torsdag 20. januar 2011

Det du sa


det du sa
var ikkje så viktig


verken du
eller eg
tenkte at
desse orda
du mumla
var så avgjerande

men no
veit eg
at det du sa
gjorde skilnaden

mellom varmt og kaldt,
dag og natt,
pusten din og stilla

og eg tenkjer
heile tida
på det du sa

onsdag 19. januar 2011

Dikt nr.seks! Eller var det sju?

Her kjem dagens dikt, inspirert av eit anna dikt eg brått fekk på hjernen, av Rudolf Nilsen, var det det? "Gi meg de rene og ranke", startar det i alle fall med.

Ei husmor si røst
Gje meg dei pene og stramme,
for mine er litt for små.
Dei som lar mannfolka stamme,
fordi at dei berre må sjå.
Ja gje meg eit par som dissar
så snart eg får litt betre råd.

Gje meg den struttande sunne,
som sprett når eg joggar forbi,
la formane mine bli runde,
ja, la meg ein bimbo få bli!
Du lurar nok kanskje; kvifor?
Då svarar eg: Berre fordi!

Fordi eg er mamma og husmor
fordi eg gjer jobb for ti
fordi eg må vaske og styre,
og høyre på klaginga di.
Om eg får ein kropp som blendar,
då smør du nok matpakka mi!

tirsdag 18. januar 2011

Venar

Venar
er dei som skjønar
når dagen din
er grå.

Og dukkar opp
med breid pensel
og målarspann
i alle fargar
du kan tenkja deg
å farga dagen med.

Venar
er dei som skjønar
at svarte dagar
berre må vera
svarte.

Og så
dekkjer dei
sin eigen dag
med sot,
og kjem.

mandag 17. januar 2011

Vinterhumla


Ei humle
flyg fort
forbi glaset

Eg ler
mørkt

Du lever
ikkje lenge
no i kulda

Ei til
To til

Vinterhumler?
Så mange?

Vinterhumla ler
lyst

Visste du ikkje?
Det er sommar!

søndag 16. januar 2011

Morgon


Piiip
Vasne øyre
Sløv kropp
Tunge bein
Elendig morgon
Slumre

Skriiik
Vakne øyre
Lynrask kropp
Kjappe bein
Barnelatter

Deilig morgon

lørdag 15. januar 2011

I dag

I dag hadde eg mykje å få gjort,
difor vart dette diktet veldig kort.

fredag 14. januar 2011

Atsjo

Så sikkert som at våren kjem med hornmusikk og rus,

og sommaren den dukkar opp med danseband og cruise,

og hausten etter dinglar med gitar og druejuice,

slår vinteren no til igjen med sin basilleblues.

Velkomen


Velkomen til min diktblogg.
Kjenn deg som heime.
Slå deg ned, legg beina på bordet.
Lytt til kjensler, inntrykk.
Nokon gongar heilt nært.
Nokon gongar ganske fjernt.
Eg skriv eit dikt kvar kveld.
Av og til på rim.
Særiøst og usæriøst.
Humoristisk?
Ganske ofte...;)