mandag 28. februar 2011

Floskelfri naturpoesi

Eg veit at det er vanskeleg å flytta fjell, men å få fjell til å bli poetiske, var visst ikkje like vanskeleg... ;)

søndag 27. februar 2011

alltid ein vår



i einsemd med si stille sorg
ho plukkar varer i si korg
og håpar ingen merkar ho
ser håret som vart kvitt som snjo
den hausten allting vrengte seg
ho tenkjer på den tunge veg
som er så altfor krevande
ho famlar blindt og strevande

då kjenner ho ei hand på rygg
ei som er god og varm og trygg
det søkk i ho, ho ser knapt opp
men vert  brått var den vesle knopp
som smilar frå ein knortekvist
og skjønar at den kom til sist
ho trykkjer kroppen bevande
mot våren som kjem levande

lørdag 26. februar 2011

Men hugs alltid å pusta

pust inn
pust ut
når sorga
rammar hardt
gløymt alt anna
den fyrste dagen
men pust

dagen etter
må du framleis
hugsa å pusta

kanskje du
tredje dagen
høyrer magen ropa
innimellom
eit utpust
og eit innpust
då gapar du
tygg ti gongar
svelg

slik er det ei veke
kanskje to
tre?

så koplar du
hjernen
på att

prøver å få
i alle fall litt
system
på alle bileta
som flimrar
konstant
for augene
orda som
hjelpelaust
ramlar
or munnen

du kan kopla
den av igjen
når du treng det

men hugs
alltid
å pusta

om ikkje for
di skyld
så for
mi?



(Eg er ganske opptatt nokon dagar no, så kjem sannsynlegvis ikkje til å svara på evt. kommentarar før mandag kveld. Men er uansett takksam for tilbakemeldingar..)

fredag 25. februar 2011

Takk

to auge smilar hemmeleg
ei sirleg skrift med kritt
di strikkejakke kringom deg
to hender dansar fritt

du leier borna til eit land
dei ser det for seg no
fortel om hav og jord og sand
med stemma varm og god

du får alt til å klårna
med di sunnmørsdialekt
og undrar deg med borna
som ser på deg med respekt

og om du ser at nokon gjer
ein ting du ikkje vil
du ropar ikkje; kom no her!
men er bestemt og mild

på gongen sidan, trøystar du
ein liten eller to
for triste ting dei kan du snu
med sindig list og ro

så går du opp til pulten din
men sit der ikkje lenge
for ein kollega kjem snart inn
og hjelpa di kan trenge

eit lite ord, eit klapp på rygg
du veit kva som skal til
og handa di er god og trygg
ja, heile du er snill!

men brått kjem skuledagen
det er gråt i alle rom
for tida di var slagen
det er din stol som er tom

då er det godt å tenkja på
kva du no ville sagt
med smilemunn og blikk på skrå:
det står kje` i mi makt

de veit eg var så glad
i alle saman som er her
men no må eg visst ta
eit trist farvel frå her eg er

eg har det godt, eg er hjå han
eg alltid har trudd på
forteljinga den er heilt sann,
så lat meg berre gå

ta vare på kvarandre no
tenk på alt som var godt
og prøv å hugs korleis eg lo
når allting verkar grått

du veit vel at idag
er dagen alle grin for deg
men me vil òg i lag
deg takka, heilt og inderleg

for at du såg oss då me sleit
sa gode, rette ord
me håpar at du veit
at det gror blomar i ditt spor



I går sende eg melding til ei snill dame som eg kjenner frå fleire samanhengar. Eg hadde tenkt på å gjera det lenge, for blant anna å tipsa ho om denne sida, sidan eg veit ho likar dikt. Eg skreiv òg at eg håpte ho hadde det bra. Fekk svar at det vart spennande å sjekka ut bloggen, og elles gleda ho seg til vinterferien. Eg svarte ho att litt utpå kvelden, men fekk ikkje svar då. Seinare fekk eg høyra at ho døydde i ei tragisk ulykke i går kveld. For eit sjokk. Det vart lite soving i natt. Eg skreiv dette diktet til ho. Tenkjer på alle som sørgjer idag.

torsdag 24. februar 2011

Trøysteteppet

              varme trygg mamma sumar hjarte bålglør            
                 te                                               fri
                    kos                    i dag                  heim
                     svaberg              er ein slik dag         mormor    
                       bamse               verda utanfor         skogstur
                          venar            verkar skremmande      løvetann
                         sofa                skeiv, skjør                 piano
                     tiriltunge                                              varde     
                     armkrok         då pøsar eg på              barne-tv
                   pappa             med gode ord               teppe
                badekar            heilt til dei                   kløvereng
               peis                 omgjer meg               snill
              roman                                               duntøflar
                 håp                tullar meg inn               kakao
               tuntre                i tryggleiken                 seng
           kake                og blir der                 ullgenser               
         skigard                                                 klem
       eventyr               i alle fall                     timotei
        peis                   til i morgon                  lam
          lys                                                     glede
              bestemor oppmuntring kveldsmat trøysteklem

onsdag 23. februar 2011

fri fjør



på kronglekvist ei lita fjør
lett blafrar, fri frå kattens klør
som sit fast i ei kjøtmeisbringe
meisa ligg og blør

ho ser opp, kjenner at det snør 
får auge på si fjør og spør;
eg veit eg ikkje kan deg tvinge
med det er like før...

ho kviskrar: allting har si tid
mi endar snart, no byrjar di
men på din veg i verda vid,
kan du ta med deg sjela mi? 

tirsdag 22. februar 2011

Fort hjort (no med framhald)


Til og med dei firbeinte som luskar i hagen min har fått behov for å uttrykkja seg i det siste. På både eine og andre måten... Dette må vera eit lite oppfinnsomt eksemplar av arten, sidan han ikkje heller gjekk i naboen sin hage og gnog greiner av trea og gjorde sitt fornødne. Jepp, han har nok vore her før, for å seia det slik...
...og dagen derpå måtte eg koma med eit lite framhald. Forfattaren har nok kome på at han hadde gløymt å signera mesterverket skikkeleg, og stukke innom for å fiksa det. Teorien min er at då han hadde signert med fotefaret til høgre, dukka kjærasten hans opp. Ho var (som hjortar flest) analfabet, og trudde han hadde skrive kjærleiksbrev til ei anna kolle. Det fekk ho til å sjå raudt, ho raserte diktet, og tok liksågodt og raserte hagen min med det same. Åt opp grøne plantar, og skeit der ho fann det for godt. Så dette var nok enden på visa for vår hjortepoet, han kjem nok berre til å uttrykkja seg på hjortevis heretter. Synd for han... Eller har de andre teoriar?

mandag 21. februar 2011

Ti kilo lettare

I helga
besøkte eg
endeleg
farfaren min.

Tynn, markert,
lut i ryggen
var han
likevel
farfar.

Språket
har nok
drive ap
med han
i det siste.

Og den stolen,
sitja i den?
Javel,
sa han
og sto.

Endeleg på
plass,
sukka han
letta.

Blikket
som sist
flakka,
festa han
på oldebornet
sitt.

Og smilte.

søndag 20. februar 2011

Ikkje akkurat ein kjernekar

ein saftig start
den enda
brått

du gnog
deg lei,
og heiv min
skrott

og halvveis
dekt av
kaffigrut

eg skreik
ditt namn
frå kjerna
ut

då såg eg
at du tok
med storm

ei anna ei
med pæreform


Hmm, skulle liksom prøva eit litt meir metaforisk dikt idag, og då vart det på ny eit pæredikt! (Her er der forrige..)  Kanskje det berre er pærer som inspirerer meg nok til å tenkja metaforisk? Merkeleg fenomen.. Får prøva att ein annan dag og sjå om det dukkar opp andre metaforar :)

Eg har vimsa litt rundt her i bloggverda i det siste, det er jo så mykje spanande bloggar rundtom! Eg har funne ganske få diktbloggar til no, men jippi, nokon er det! Slit litt med å finna ut kor eg skal plassera meg.. For det er mange bloggar som interesserer meg; mammabloggar, kvardagsbloggar, inspirasjonsbloggar, bokbloggar og faktisk både kreative sy/strikke/hekle-kva-de-no-gjer bloggar og interiørbloggar er interessante, sjølv om det er ting eg ikkje er så flink med slikt sjølv.. Og dei finn tydelegvis sine lesarar, men kva har eg å tilby?

Dikta mine handlar jo litt om alt mogleg.. Eg trur dei fleste kan finna eit dikt dei likar inne på sida mi, men veit ikkje om dette generelt er ein blogg som "folk flest" vil vera interessert i (sjølv om eg har eit mål om at folk som eigentleg ikkje likar dikt, kanskje kan lika nokon av mine likevel...). Men når eg tenkjer meg om; det gjer ingenting! Eg veit at nokon har glede av dikta mine, og eg merkar at det er godt for meg å skriva dei. Ingen av desse dikta hadde vore skrivne om det ikkje hadde vore for bloggen!

Så summa-summarum, eg held fram med å skriva dikt, og elles kosa meg med å lesa bloggar eg likar, men trur ikkje eg "reklamerer" så ofte for min eigen blogg, anna enn at eg linkar til vg-artiklar av og til. Velkomen dei som vil, og til dei som framleis ikkje likar dikt er det nok av fine bloggar å ta av :)

lørdag 19. februar 2011

Saman i skumringsstilla


di hand finn mi
me er ilag
når kvelden fylgjer
etter dag

der du og eg
går vandrande
mot lysninga
i skogholtet

trør varsomt over
blomar ville 
kan ana bekken
klukka stille

den viser veg
mot der me trur
eit vart og
vakkert vesen bur

når skumringsstilla
er i oss
og songen til
den fjerne foss

kjem strykande
med brisen mild
me kjenner at
me høyrer til

så ser me ei
men anar meir
konturen av
 det vesle reir

andektige
og fylt med age
to fingrar stryk
ein dunmjuk mage

og tre par auge
møtest der
som jord og himmel
kjennest nær

fredag 18. februar 2011

Petter ditt og Petter datt

Det er ein fyr som ingen heilt og fullt ut kan forstå,
som tek skigåing og sjølvskryting opp til eit nytt nivå.
Men fyrst og fremst er Ski-Petter ein som er lett å sjå
i skisporet, der sparkar han nok ganske kjapt ifrå.

I nettbutikk sel Smarte-Petter t-skjorter som få,
av media får Barte-Petter stadig gjennomgå.
Spel-poker-litt-på-si-Petter er kanskje god å spå?
For reklamen for redbull, den lagde bølgjer, ikkje små...

Nokon synest Skryte-Petter er for høgt på strå,
mens andre meinar Syte-Petter har ein veg å gå.
Men så, når Snurtefurte-Petter tek sin skidress på,
då gaular alle samstemt: SPURTE-PETTER ER SÅ RÅ!

Eg har sansen eg altså, han er seg sjølv, og seier det han meinar. Det er jo media som gjer at ein blir litt lei fyren. Uansett, gratulerer med diverse VM-gull, og NM-gull!

(Bilete henta frå Wikipedia)    

torsdag 17. februar 2011

Eit stk. kveldsmatdikt servert!

Dagens dukka visst opp på kveldsmaten min.... Er vel sånn halvveis lesbart vel? Har eit anna i emning, så mogleg det blir to i kveld, får sjå om eg får lyst til å gjera det ferdig etter å ha ete det forrige....;)

onsdag 16. februar 2011

Vendepunkt



eg kan ikkje tvinga deg til å sjå
men du kan ikkje forblinda meg

 eg kan ikkje tvinga deg til å snakka
men du kan ikkje få meg til å teia

eg kan ikkje tvinga deg til å springa
men du kan ikkje halda meg fast

den dagen du ser på meg
og seier
blir du med ut og spring?

blir eg ståande
som frosen
mållaus
knip eg augene saman
klyp meg
i armen

når eg opnar dei att
er alt
mogleg


Må nett presisera, før du spekulerer for mykje: Sjølv om  nokon dikt er djupe, er det ikkje sikkert det er meg det handlar om, eller mitt djupaste indre det kjem ifrå. Men kanskje ditt?

tirsdag 15. februar 2011

Eg kjenner ei eldre kone

Ja, for gamal dame
er ho i alle fall ikkje...

Kanskje ho
akkurat i denne augneblunken
sit under leselampa si,
i ein fargerik ullgensar,
og sirleg syr korssting
på endå ei pute?
Ikkje til seg sjølv,
langt i frå!

Så kokar ho seg te,
og set seg ned med
eit blad, nett for å
kvila augene litt.

I tekoppen seglar ho
innover i bladet
til andre land, svoltne ungar
med sorgrender på  kjakane,
vaksne analfabetar, svartkledde enker.

Alle har ho heilhjarta hjulpe.
Ikkje fysisk, ho har vel aldri
reist lenger enn til Sverige.
Bruka pengar på sånt?

Men gjennom et langt liv
har ho samla inn pengar
til dei som trong det,
og sendt det ho kunne.
Sikkert ein svimlande sum
til saman.

Ho kunne nok funne ut beløpet,
for rekneskapen er i orden.
Også  med han der oppe,
med god margin skulle ein tru.

Men har ho tid til slikt?
Ho har kaker å baka,
vaflar å steika,
og mange dører å levera til.
Dørene til søsken,
born og borneborn.

Ja, ho går vel nett innom
døra òg. For kanskje
fjernsynet står på,
og sender
hjartet på rette staden
i reprise?

Byturar tek ho stundom,
på leit etter gevinstar sjølvsagt.
Det einaste ho kanskje
unnar seg sjølv,
er ein god roman.

Den les ho ut
neste kveld,
og så syr ho vidare
på puta,
eller duken.

Og til våren skal potetene
setjast i den store åkeren att.

Når bladfyken kjem
og vil ta bilete og intervjua,
ristar ho berre på hovudet.
Skriv om saka, ikkje om meg.

Og ho skjønar ikkje,
den eldre kona,
at det er nett det som er saka.


I dag har eg jobba mest med diktet på sida "om meg", og å fiksa litt ny utforming på denne bloggen. Men eg får det ikkje til heilt som eg vil, så dette får halda foreløpig. Gje meg gjerne eit ord om kva du synest om dette oppsettet, var det betre før? Og her passar det å presiera at den fyrste versjonen av dikta som eg legg ut, ikkje alltid er den endelege versjonen. Eg redigerer av og til litt på dei etterpå, og det er godt mogleg eg gjer det på dette også. Føler ikkje det vart så reinskore som nødvendig, litt langt. Det handlar om ei eg er veldig glad i, så difor vil eg det skal vere bra, men samtidig er det vanskeleg å ta vekk noko, har meir lyst å skriva endå meir :)

mandag 14. februar 2011

Ferist

Er det
min feil
at eg har
tunne bein?

Du trillar,
susar forbi
eller lurar deg
gjennom grinda
eg ikkje kan
opna.

Eg ser nokre
store kløver
på hi sida.

Om du berre
nett
let grinda stå
på gløtt
neste gong?

Ingen veit
det var deg.

Og eg
får kløver
utan å måtta
forsøka å
balansera over

som ein annan
månebedotten
sirkussau.

(Kanskje diktet idag skulle vore romantisk, men det var visst dette som kom. Jaja, valentinsdagen er vel mest kommers uansett...)

søndag 13. februar 2011

Visnevakre

fjorårsblomar
kan òg vera vakre
i dulgt lys
den timen i døgeret

då syng dei svakt om
lune kveldar
mjuke kjærteikn
frå slørnakne leggar

stive, skjøre,
visnevakre
får dei stå i fred
verdige ein ny vår





lørdag 12. februar 2011

Det beste og det verste

Kva ville du gjort
om det beste
og det verste
hende samstundes?

I magen
ti tusen sommarfuglar
yrande av glede
saman med
den tyngste
møllestein.

Eg veit.

Når sommarfuglane
med alle krefter
vengjelyfter hovudet ditt
over vatn,
syg du
sanselaust
i deg gleda.

Når møllesteinen
gneg, dreg deg
under att
let du
mørket
ta deg.
Men ikkje heilt.

Og etter kvart
vil millionar av
raske, lette
vengjeslag
gjere
litt og litt
av møllesteinen
til sandstøv
virvla opp, ut,
men trøtte vengjer
knekt på vegen.

Du treng ikkje
halda pusten meir.

No er det att
ein grå hard ring
rundt eit
firkanta hol.
Og ti sterke
sommarfuglar.
Kjerna i sorga,
glimtet i gleda.

Og ei lita lubben hand
stryk over eit bilete
og vengjeslaga
slår fortare, gladare
og møllesteinkjerna
gneg tungt
og tårene kjem
for sorga
og gleda.

(For de som ikkje kjenner meg, kan eg seie at eg ikkje har mista ein mann eller ein kjærast, men eit nært familiemedlem. Og diktet skildrar ikkje berre mi oppleving av det, men meir ein samla familie si oppleving av sorg og glede som kom samstundes.)

fredag 11. februar 2011

Flammar for Egypt

Dei hadde lidd nok,
dei ville få fred,
og gjekk samla i flokk,
mange ville bli med.

Bli med for å riva
sin usynlege mur.
Helst med orda kniva,
mot eit diktatur.

På plakatar kom orda,
dei ropa og skreik,
for faren og mora,
som Mubarak sveik.

Dei aller mest tenkte
for å få ny giv;
på borna som trengte
fullverdige liv.

Så kjempa dei modig,
for å få bli fri,
og kampen vart blodig,
Mubarak ville bli.

No det håp som var tent,
kan i seiersfryd flamma:
Diktaturet har brent,
ein diktator er lamma!

Denne dato vil vera
i heile Egypt,
ein dag heltar blir æra;
Mubarak vingeklypt.

Mitt håp for dei berre
når alt no er over:
ein folkevald herre,
demokratiske lover.


Endå ein gong var det aktuelle ting som dukka opp når eg skulle skriva dagens dikt. (Det eg skreiv tidlegare i dag, var eit husmor-hjartesukk-dikt som berre måtte ut..) Var så godt å sjå at dei endeleg har nådd målet sitt i Egypt, og diktatoren Mubarak går av, og rømer landet!

om eg berre kunne seia...

stove,
rydd deg
eg har
eit dikt
å bli
kjend med

kanskje i kveld?

torsdag 10. februar 2011

Dagens kreative: figurdikt!

                             
                                       i
                                to
                              delar
                                   brest eg
                                 når du ligg
                             slik og verker
                           den eine delen vil
                        trøysta, halda rundt
                       gjera alt den kan berre
                         så du igjen     smiler
                            den andre delen
                                  gret med

                             © Røsslyng

                      

onsdag 9. februar 2011

Kreksa

Kreksa halvt kryp, halvt krabbar seg stadig vidare.
Kulda knasar i knea når ho krøker seg mot knausen.
Kneler under. Knip saman knortete knokar.
Knytt. Klar. Kom.
Knust.

Det einaste du kviskrar:
Kva er ei krekse?



(Back to the basics, berre ord! Rare ord...)

tirsdag 8. februar 2011

Din gjeng

video
Me ser du står åleine der igjen
frå augo dine tause tårer renn.
Men no har me fått mot,
vil gå bort der du står
gje blaffen i dei andre
kom me går!
Og seier....
Hei, du er fin,
ikkje stå der og grin
for her kjem me i fleng
og me har lyst å vera    
din gjeng!

Unnskyld for at me ikkje kom bort før
me såg jo du var engsteleg og skjør
og nokon dulta borti,
og sa at du var rar.
Så tilgje oss og
høyr vår kommentar!

For me seier......
Hei, du er fin,
ikkje stå der og grin
for her kjem me i fleng
og me har lyst å vera
din gjeng!

(Bridge:)
Kan du tilgje oss?
Kan du tilgje oss?
Me kastar loss
frå gamle tankemønster,
vil for den svake sloss.

Og seier....
Hei, du er fin,
ikkje stå der og grin
for her kjem me i fleng
og me har lyst å vera
din gjeng!

Herlighet, i dag tok kreativiteten heilt av, og eg laga ein song (men har gløymt å laga middag)...  Kanskje ein litt typisk barneskulesong om mobbing? Vart så inspirert av alle artiklane om dette temaet no! Har til og med spelt den inn, og la den fyrst ut, men etter å ha høyrt korleis stemma mi gjorde seg på den store veven, feiga eg ut, var nok best for alle!  Uansett, har no spelt inn melodien på piano, men er ikkje heilt einig med meg sjølv om melodien til "bridgen", så lar den ligga førebels, og har berre spelt inn dei to fyrste versa m/refreng... Jadå, skal det vera, så skal det vera... Neidå, innbiller meg ikkje at dette blir ein hit, men litt av poenget med denne bloggen er å utfordra meg sjølv til kreativ skriving, så dette er eit steg på vegen :)

mandag 7. februar 2011

Før det

me sjåast nok snart att
dagane går fortare
vekene er kortare
enn me trur

men før det

lat oss skypa oss svimle,
råne-ringja,
chille-chatta,
tulle- og trøysteteksta

me greier
i alle fall
minst
ein mail

i månaden?


(Vart visst to i dag, dette måtte berre ut...!)

Trøystedikt

Ei jente sit aleine, gret,
får ut all redsle, skam.
Ei stemme klart i vinden let.
Kom ut, vesle, stå fram!

Du trur at du er einsam no,
for ingen andre veit
om dei som sparka deg og slo,
og kalla deg for teit.

Ver ikkje redd, me mange er
som vil deg berre godt!
Dei andre kjem deg aldri nær
igjen, for du er FLOTT!

Du er unik, sjå berre no,
kikk ned i dammen der!
For dine auge glitrar jo,
så vakker som du er!

Og jenta reiser seg igjen,
og rettar att sin rygg.
På kjaken ingen tårer renn,
DU gjorde henne trygg!

Eit lite dikt om eit stort tema som det heldigvis er mykje fokusno! Her er råd til deg, om du blir mobba. Og her er ein artikkel om kor skremmande mange som innrømmer at dei har mobba.  Håpar at VG sin Bry deg kampanje får opp augene til folk!! Og ein fersk artikkel (16.februar) om Susanne, som måtte byte skule for å sleppe unna mobbing. Synest diktet nesten kunne vore skrive til henne, så vær så god Susanne, dette diktet er ditt :)

søndag 6. februar 2011

Bror min, Knut

Eg har ein bror, han heiter Knut,
han ser i alle fall sånn ut.
Då me var små, me krangla støtt,
om alt som fanst, me var jo nødt!

Men av og til så leika me,
og fiska, klatra i eit tre.
Han klatra mest, eg stod og såg,
og i hans skrin, mange fiskar låg.
Viss eg fekk ein, så var eg glad,
då hadde han ofte fått ti på rad.

Han var no flink å rekna han,
men skriva? (Hugs "då skulen brand!")
Nei skriving var visst meir min stil,
i mens han sykla mange mil...

Han vaks no opp og vart ein kar,
litt høgare, og sterk som far.
Og snill og grei og kanskje kjekk,
og jammen ikkje bortevekk.
Du skjønar kanskje kor eg vil?
Ei svigerinne sei eg ikkje nei takk til....

(For the record; visse opplysningar endra, meir for å få det til å rima, enn for å skjula identiteten til min single bror.)

lørdag 5. februar 2011

Les meg, eg er dikta for deg!

Åhjelpemegforeitlangtdikt,
her må eg klikka meg fort vekk.
Ein slik ein du ja.
Gje meg ein sjanse då vel.
Ikkje døm meg nord og ned
på grunnlag av møter med
sløva, forelda tekstar.
Bli kjend med meg.
Lat meg få bli kjend med deg.
Utan innvikla ord,
forstyrrande bilete.
Berre deg og meg.


Går ikkje an
å samhandla
med skrivne ord?
Nei, viss ikkje du vil så…
Men då går du glipp
av noko
stort.


Kom igjen no.
Ta tommelen din fram.
Trykk den mot desse orda.

Akkurat       H   E   R.

Kjende du det ikkje?
Ok, tenk no.
Lenge.
På den mest sanserike,
perfekte augneblunken
du kan hugsa.
Då du skapte og blei skapt
i kjærleik.
Tenk.
Kjenn hjarta banka
raskare.

Og trykk no,     H  E   R.
Oj, du var blitt varm.
Og for ein minneverdig
augneblunk!
Kjende eg nesten
dirra av lengsel
etter å vera der.

Og tenk,
det er nett det
eg, diktet,
kan hjelpa deg med.
Reisa i lengsletid og sanserom,
brått hugsa
svake smakar.
Luktar løynde
etter lang tid
blir levande att.

Og
veit du?

Det gjer noko
med meg òg.
Eg kjenner meg meiningsfull.
Veit eg betyr noko
for i alle fall nokon
ei lita stund.






Ja, eg tenkte i grunn
eg var ferdig.
Syrgjeleg eller ikkje,
sært eller sart,
dette var slutten på meg.
Glad no?
Meir?

Ok, me prøver litt til.
Det er ikkje så lett
å forklara kor viktig eg er,
når du framleis er
litt fiendtleg innstilt.
Men sidan du delte
Det uendeleg gode
med meg, får det gå.

Ny utfordring, men hugs:
Det er du som bestemmer
kor fort me går fram,
det er lov, og faktisk litt lurt,
 å ha tenkjestopp underveis
når du les meg.

Klar?


Tenk på det fyrste minnet
du kan hugsa
frå barndommen.
Fire-fem år var du kanskje?
Snill pike eller snørrete gut?
Omvendt?
Same det.
Sjå for deg personane der.
Nokon fjerne, nokon nære.
Sjå på tinga i rommet
eller naturen rundt deg.
Prøv å hugs kva du tenkte
om det du såg skje.
Ta den tida du treng.


Bøy deg fram no.
Stikk nasen bort,
lukk augene
trekk djupt inn


akkurat     H   E    R.
Eg kjende draget.
Ei duft, litt ukjend,
men på same måte
underleg kjend.


Ein svak eim av syriner?
Rosiner?
Og ei kjensle.
Litt uroleg,
avventande?
Eller harmonisk?
Du veit best,
det er dine minne.
Men takk
for det slørete
innsynet eg fekk.

Jepp, no er det
ugjenkalleleg
Slutten
for meg.

Om eg ikkje
gjorde så stort
inntrykk på deg,
kan du i alle fall
humra litt
når du tenkjer på
at det no
kanskje
sit ein annan
og stikk nasa
inn i skjermen
mens han tenkjer
på deg.


( Follow my blog with bloglovin )

fredag 4. februar 2011

Denne vinden

får meg alltid i dårleg humør. Gjer meg ekstra skvetten og uroleg. Grunnen ligg mange år bak i tid, og dette diktet handlar om den hendinga...

Ven med vinden var eg.

Ven med vinden
var eg.
Orkan i kasta
kosta meg lite.


seks vårar ung
såg eg
vinden herja med
tre høge
granar på rekkje.

Vinden vann.
Grøne greiner
sank som spyd
det lengste sekundet.

Var alt over?
Den næraste toppen
to meter frå
der eg sto støtt,
stum, storauga.

Fleire år etter
frykta eg framleis
brisen i tuntreet.

No kjenner eg
ulinga mest
som stikking
i ryggraden.

Og eg er aldri meir
ven med vinden.

Vårreingjering

klatrar inn
øyregangen
skjer hol
på trommehinna
riv laus
hammaren
er klar

der!
eit lite
frå jentekvelden
i haust
hiv sekken rundt,
hamrar det flatt

i veslehjernen
summar fleire
sprett rundt
formeirer seg

hammaren viser
ingen nåde

storehjernen er
eit kapittel
for seg sjølv
men det går

får auge på
det siste som
klamrar seg til
frontallappen

det største
som øydela
alt

stigbøylen
som sprettert

der!

knust
av ei forsteina
tåre

set eit garn bak
trommehinna
på vegen ut


(Litt forsinka torsdagsdikt, hadde ei venninne på besøk som forstyrra tankeverksemda mi, eit par brett skillingsbollar som skulle steikast, og ein stk gut som vakna...)

Eg har i grunnen hatt ein tanke i hovudet om at dikta eg skriv skal vera nokolunde forståelege for "folk flest", og ikkje altfor djupe og metaforiske. Eg veit korleis eg sjølv føler meg når eg les dikt som for meg verkar totalt meiningslause, mens andre kan tyda same dikt i lange tekstar, for å visa kor stor poesi dette er. Etter som eg har vanka ein del i Diktkammeret, og der finn ein jo både konkrete og lettfattelege tekstar og meir abstrakte og uutgrunnelege tekstar, har eg lært meg å lika også dei meir djupe og "ultrapoetiske" variantane, som krev meir tankeverksemd og innleving av lesaren. Eg har vel prøvd meg på noko liknande sjølv òg av og til, og merkar at det krev ein del meir av skrivaren å tenkja "nytt"... Men det er spanande og utviklande å prøva, og eg vil jo veksla mellom ulike diktformar og tema her inne, så no grev eg meg ned igjen. Dette var det djupaste eg kom i kveld... God natt:)

onsdag 2. februar 2011

Sumarskuggar, vinterskuggar


No vart det brått meir liv her, og det dukkar opp både gamle og nye bekjentskap, kjekt!! Eg har no fiksa nokon knappar i botnen av kvart innlegg, for å gjera det litt lettare å gje respons på dikta. Motiverande for meg med litt tilbakemeldingar! I starten hadde eg òg ein negativ knapp, men fann ut at det er betre om du gjev ein kommentar på kva du ikkje likar i diktet, enn berre den generelle "likar ikkje"... Farfar-diktet var eigentleg tenkt som dagens, men pga ei litt ustabil klokke her inne (gje meg gjerne ein lyd om du veit korleis eg fiksar ho), havna det som tirsdagsdikt. Så her kjem eit ferskt onsdagsdikt i staden :)


Sumarskuggar, vinterskuggar

sumarskuggar
svinsar stilt
om føtene dine
i mange late dagar
trør aldri
så langt
men
stryk seg mjukt
over friskt gras
angar av
markjordbær
og timotei


vinterskuggar
vandrar vilt
frå føtene dine
dei korte dagane
kyssar snømannen
til naboen
kikar etter krokusar
i veggrøfta
på andre sida
duftar friskt
av gamal tele
og snøkrystallar

kven
trur du
veit mest?

tirsdag 1. februar 2011

Farfaren min



farfaren min,
den stødige,
stod øvst i stigen
sist me malte huset heime

farfaren min,
den sterke,
snudde eigenhendig
den kantra båten
og rodde farmor og seg sjølv
søkkvåte
heim att

farfaren min,
den senete,
lempa gras i siloen
i gråhåra bar overkropp

farfaren min,
sjømannen,
slo ned ein
ufordrageleg sjømann
så han brakk kjeven

etterpå var det
farfaren min,
den samvitsfulle,
som mata den andre
med suppe

no opnar den
lutrygga, tynne mannen
såvidt munnen
for suppeskeia
slørete auger
er ein annan stad
i ei anna tid

og eg kvir meg
til å møta
farfaren min,
den senile

Visa om Maria Amelie...

Ho har det tøft, og alt det der,
eg skjønar det, men høyr no her!
Det finst no andre skjebnar vel,
med frykt i blikk, som frys kvar kveld?
Ho har det tross alt varmt og godt,
kjærast, utdanning har ho fått.
Nei, kvifor må me absolutt vita
om ho likar norskt brød eller pita?

No må du misforstå meg rett,
ho har det sikkert ikkje lett.
Men hjelper det å fotfylgjas,
ti kamera på kvar ein plass?
Moralen her i visa mi:
Me drøymer begge,vil bli fri
ho frå passlaust slaveri,
eg frå artiklar om Maria Amelie...

Prøver meg på eit dagsaktuelt dikt....Muligens litt flåsete, men meininga var ein humoristisk kommentar til alt fokuset som har vore på Maria Amelie. Les også her at media tek sjølvkritikk, medan du her kan lesa at alle biblioteka i Norge tek inn boka hennar. Og kor lenge tok det å få russisk pass?  Berre eit lite knippe eldre og  nyare artiklar...
Sjå her for å bli kjend med Khalid, som ventar på å bli 18 og kasta ut av landet, eg vil påstå at han har ei verre skjebne føre seg enn Maria Amelie...

Fornying og snop

Prøvde meg på ei litt ny utforming på bloggen no, veit ikkje om det endar slik, men no lyt eg leggja meg, så det får halda. Fann ikkje heilt riktig format til headeren, får sjå om eg får fiksa det i morgon.
Må berre hiva innpå eit bilete av noko saknesnop som brått dukka opp hjå meg, heilt frå Køben...! Skjønar ikkje kvifor dei sel dei i Danmark og ikkje her, dei tilsvarande svarte posane med lakrissnører er jo ikkje gode i heile tatt, men dei sel dei jo i Norge. Uansett, måtte jo laga eit dikt som høvde for anledningen, så ver så god (og tusen takk, nam!)...


Saknesnop
Surre-sleike lakrissnører
-pass no på at ingen rører
vern som kjære eignelutar
svarte sløyfer, salte knutar.
Alle smarte, store, små,
elskar denne pakka blå.