torsdag 31. mars 2011

veit du ikkje det?

er det greitt
eg ikkje gret
mamma?

han har det
så godt
der han er

og eg kan jo
sjå han kortid
som helst

eg lukkar berre
augene mine
slik

veit du ikkje det?

©Røsslyng

Å skriva konfirmasjonssongar

Dette fenomenet er elska og frykta av mange. Og nett no er høgsesongen for desse poetiske høgdepunkta, det er tid for konfirmasjon! Utfordringane er å få rytmar og rim til å stemma med melodi, og ikkje minst; få fram viktige, litt vemodige og  underhaldande poeng om personen det handlar om, samt gode ynskjer for framtida. OG å få dette til i løpet av ikkje alt for mange gjesp..eg meinar vers... ;)  Tenkte eg her kunne gje nokon (les: MANGE!) tips som kanskje kan vera til hjelp for vordande konfirmantforeldre/slektningar?

Dei fleste tipsa kan vera nyttige for songskriving generelt! Type bryllups/bursdags-songar, altså. Om du vil inn på Topp 20-lista, trur eg du må ha meir enn rim og rytme på plass...

Vanlege punkt å ha med i songane
Oppvekst (viktige høgdepunkt)
Interesser
Skildring av personen (snill, grei, kresen?)
Evt. namn på sysken og noko om forholdet dei i mellom?
Morosame episodar.
Kva ein ynskjer for personen vidare

Songvalg
Her har me jo mengder å velja i. Enkle og lystige songar er t.d. : "Bamsens fødselsdag",  "Blåbærturen", "Jeg vil bygge meg en gård", "Teddybjørnens vise" eller "Lillebrors vise". Mykje Prøysen her, men det er songar mange kjenner, som er lette å syngja.

Ynskjer ein den litt vemodige varianten (kanskje frå besteforeldre?) har me "Blåveispiken", "Den første løvetann" eller "Vi har en tulle".

Litt meir originale songvalg kan òg vera artig, om du klarar å gjennomføra det! Kanskje konfirmanten har ein yndlingssong som du kan bruka som melodi? For eksempel har eg dikta song til "Hallelujah"-melodien før. Då kan "Hallelujah-refrenget " bli slik: "Konfirmanten, jubilanten, kverulanten, snille tanten"... Andre ord som rimar på konfirmanten er : fortauskanten, okkupanten, praktikanten, spekulanten, osv, osv, sjekk her for meir.

Eg vil anbefala å unngå songar med veldig korte vers, det blir så mange til slutt... Og om to vers t.d. handlar om mykje det same, prøv å ta det beste frå begge og gjer dei til eitt vers. Så slepp konfirmanten å halda pusten lenger enn nødvendig! Om du har nokon som spelar gitar eller piano til, pass på at dei får beskjed om å ikkje spela raske songar alt for fort, elles stokkar både naudrim og rytmer seg for dei syngjande!

Det kan forresten vera lurt å unngå songvalg som kan medføra uplanlagt latter, om ikkje ein ynskjer slikt. Ein klassikar i familien er songen far min skreiv til mor mi då dei gifta seg, på melodien til "Jeg gikk en tur på stien". Slutten av fyrste vers vart slik: "Koko, koko, og dermed var me to".... (Nei, det sveiv han ikkje at det var noko som skurra der.. men dei er faktisk framleis gift!)

Diktinga
Når du har dette litt klart for seg, er det på tide å byrja å dikta songen. Om det fyrste verset er vanskeleg å koma i gong med, foreslår eg til intro noko så originalt som:  "Idag er det endeleg .... sin dag" ... og det rimar jo på "feira i lag" og for den del på "magedrag", men det spørs om det passar inn. Klisjèar må ein rekna med i slike songar, enten du kallar det nødvendig onde eller eit sjangerkjenneteikn ;)

Evt. foreslår eg:

"Ja, sjå på denne superflotte store konfirmanten,
og kan du tru at han/ho no snart er vaksen, jammensanten!
Mange pakker du skal få,
men no må me tenkje på 
den gong du oss strauk på kinn med fingrar bittesmå." 

(passar til Bamses fødselsdag)

Rim
Eg vil anbefala å sjå på korleis linjene rimar på kvarandre i songen du har valt, og bruka same måten sjølv. Men i songen over, kutta eg vekk eit rim utan at det gjorde noko, så du får høyra litt sjølv om det høyres rart ut.

Naudrim går til nød, men eg meiner at det ikkje er så vanskeleg å få til ein konfirmantsong med "ekte" rim, om du t.d. nyttar deg av naudrimordboka! Denne er veldig grei, men du må ikkje stola blindt på at den berre finn ord som rimar. Av og til lønnar det seg å skriva inn korte ord i staden for lange. (Leitar du etter ord som rimar på hattifnatt, kan du like godt søke etter ord som rimar på katt...)

Har du skrive ein setning, og merkar at det finst få andre ord som rimar på sluttordet ("pølse" kan du berre gje opp med ein gong!), er det ein idè å stokka om litt på setningen slik at den sluttar på eit anna ord, eller bytta ordet med eit synonym. Døme: "Du alltid snill og grei" (og grei rimar jo på både hei, skei, lua på snei, og så vidare, men kanskje ikkje desse var rimorda du var ute etter?)  kan lett gjerast om til "Du er alltid grei og snill"  (Og DÅ kan du jo rima på vill, dill, krill eller får det til, moglegheitene er mange!)
-
Eller kanskje: "Grei og snill, ja det er du!" , for då  har me rimord i fleng, både gnu, slu, ku, tru, bru eller intervju... (Kanskje du bør unngå dei tre fyrste rimorda for husfreden sin del?)

Rytme
Å få til rett rytme er ofte eit problem når ein skriv slike songar. Ein kan jo seia at det høyrer til sjangeren, men vil du vera snill med nære og fjerne slektningar som har nok som det er med å leita fram att songstemma si etter forrige konfirmasjon, prøver du å få rytmen til å stemma med melodien.

Er originallinja i teksten "Snille gamle bamsen vår", og du har skrive "Me håpar du mange pakker vil få", blir det i alle fall spanande å sjå kva vri songlyden veljer: "Me HÅPar du MANge PAKKer vil FÅ", eller "ME håpAR du MANGE PAKKER vil FÅ..?" (Med trykk på store bokstavar.)

Eller om originallinja er "I skogen skulle være fest for bamsefar i lia", og du har skrive "Ja sjå på denne superflotte konfirmanten", kan dei velja å dra ut setninga enten slik: "Ja sjååååå på denne superflotte konfirmanten", eller slik: "ja sjå på denne suuuuuuuperflotte konfirmanten", osv....

Om du merkar du har fleire slike: PRØV å stokk om på ord i linja, ta vekk eller set til småord, og gjer slik at det stemmer med originallinja! På eksempla våre, gjorde eg slik: " Ja sjå på denne superflotte store konfirmanten", og slik: "Mange pakker du vil få".

Kanskje du visste alt dette, og eg berre har sagt ting som i grunn er sjølvsagte? Jaja, då har eg i alle fall sluppe unna husarbeidet medan eg skreiv innlegget... Men håpar det kan vere til nytte for nokon! Og om du ikkje føler deg i stand til å få orda til å passa med rim og rytme i ein song, kan du jo skriva konfirmasjonsdikt?

Treng du hjelp til songen på det rosa arket?
Sit du framleis og slit deg i håret, sjølv om du har prøvd tipsa mine? Då kan du senda meg ein mail på diktfordagen@hotmail.com med enten utkastet ditt eller dei punkta du vil ha med + kva melodi songen skal gå på, og høyra om eg har tid å skriva for deg. Eg synest berre det er moro om eg kan få hjelpa nokon, og tek det som ekstra skrivetrening... Kan skriva songen i løpet av ein kveld om du vil og eg har tid.

Om du sender med bilete, kan eg også ordna eit oppsett med bilete og tekst, så det berre er å printa ut. Framside til eit evt. songhefte kan eg òg fiksa ganske kjapt om det skulle vere nødvendig.  (Må sikkert ta meg litt betalt for skrivinga, så eg har noko å slå i bordet med når mannen kjem heim til et hus som står på hovudet, og ei kone som sit på ein kleshaug og diktar...)

Til faste lesarar
 Eg har unngått annonser i denne bloggen med vilje, fordi eg ikkje vil at dette skal vera noko kommersblogg. Men når eg skreiv dette innlegget, kom eg til å tenkja på kor artig eg synest det er å skriva slike songar, og kor greitt det hadde vore med litt sjølvtente pengar etter gamalt. Trur neppe det blir så stor pågang, så ikkje ver redd, dagens dikt skal framleis koma :) Og eg skal ikkje masa meir om dette enn i innlegget her.

onsdag 30. mars 2011

Husmorplanar og gamle vanar...

I dag skal eg verkeleg gjera det stort!
Ja, gjera alt det eg forlengst skulle gjort,
eg skal gnikka og skrubba og hiva og rydda
og fjerna alt hår i frå slukar (fydda)!
For dette er dagen eg murar skal riva
og vaska opp panne` og skåle` og kniva`.

Men fyrst må eg nett oppdatera meg litt,
på statusar, forhold og eitt og hitt.
Og så må eg sjekka den her statistikken,
og sjå på alt fint innpå på epla-butikken..
Så skimtar eg halvvegs ein gut med ei saks
og spring til, men den var visst av plast, det var flaks...


Nei, no må visst guten få lufta seg snart,
men kvar vart det av vottane, det var då rart?
Eg finn fram ein blånissevott kjøpt i ferien
og ein sokk som kan matcha i frå same serien.
I vogna med guten, tre sokkar, ein vott,
så trillar me ut i eit solskin så flott!

Så set eg han ute, skal nett inn og henta
ein klesvask som minst eit par dagar har venta,
og kva ser eg her, eit fullt tørkestativ?
Eg finn reine klede og oppå det hiv.
Då knirkar stativet eit stille farvel,
synk i kne, og eg skjønar at det har tatt kveld.

No høyrer eg tydeleg guten er lei,
og går ut til ein duft av ei stinkande blei`.
Eg kjenner at eg òg i grunn har fått nok,
då ler han og vinkar med blånissesokk.
Eg smilar og tenkjer at vasking og slikt
får venta, så lenge eg rekk skriva dikt.. ;)

tirsdag 29. mars 2011

eg likar ikkje å vere åleine

senga veks mot veggen
lakenet sprett opp
 madrassa esar ut
samanrulla inni 
lakenklumpen
skjelvande
ein liten
mygg

meg

© Røsslyng

mandag 28. mars 2011

Epletreet

nokon epler
visnar inn
mens dei framleis er
små grønne klinkekuler

knekte kvistar
etter harde stormar
vitnar om epler som
brutalt vart rivne av

nokre epler veks ikkje
så fort som dei andre
herda, misfarga
dett dei til bakken

når treet så strålar stolt
av raude store mogne epler
kjem varsame hender
og plukkar dei

gjennom vinteren
tenkjer epletreet på
alle epla sine
og gret av sakn

for dei som visna vekk
dei som vart rivne av
dei som sjukna til dei datt
og dei fullmogne, plukka

så kjem våren
og alle vintertårene
lagra langt inne i stamma
strøymer ut i smidige kvistar

kvitrosa blomar
dekkjer treet med trøyst
kjem med lune lovnadar
friske eplespirer i fjesa

og let kronblada
detta som tårer
for dei epla som
aldri vert gløymd

© Røsslyng

Litt omskriven versjon av det eg publiserte saman med diktet "same sorga". Er det mogleg å forstå/få noko ut av? Eller bør eg gjera meir om på det? For trøytt til å jobba meir med det i kveld i alle fall. Bilete kjem sidan!

søndag 27. mars 2011

Frysetørka?



Mannen i huset
tok regnbuksa tå,
og tykte den var
både skiten og grå.

Han fekk grei beskjed:
Den der vaskar du sjøl,
og tøm lommene
elles blir det lett søl...

Ja jammen, han heiv ut
kvar gamal kvittering
og las vaskelappen:
ingen sentrifugering.

Så fekk ho i
vaskemaskina ein dypp
og heng no her nede
til tørk, type: drypp...

Tja drypp, seier du,
dette minnar vel mest
om Bergans sin mislykka
frysetørk-test...

 © Røsslyng

lørdag 26. mars 2011

fredag 25. mars 2011

Strålesølt vatn

Skapt av hastverk
er eg.
Du ensa meg ikkje
ein gong.
Svinsa berre stadig
vidare.
Så her ligg eg og strålar
for ingen.

Snart fordampar eg bort.

Kanskje du endeleg
stoppar.
Undrar deg, studerer
inntørka stråler.
Når du langt om lenge
vaskar golvet.

© Røsslyng

torsdag 24. mars 2011

Same sorga

Den kjem i mange forkledningar,
døden,
seier dei.

Nokon gongar
snik den seg innpå.
Lurer i kulissane.
Tek gradvis over
ein skrantande kropp.
Viser seg etter kvart.
Når den gjer siste stikk,
har ein rukke å seie farvel
mange gongar.
Men likevel ikkje
ofte nok.

Andre gongar
er døden synleg berre for den
som brått vert vekke.
Dei rundt
ser det for seint.
I sjokk, vantru
kjenner dei att
døden.
Ikkje du.
Ikkje no.

For dei som sit att
veit eg ikkje kva
som er verst.

At sorga startar før,
varer i langdrag
før den får sleppa ut.

Eller at sjokket
slår ut pusten
på ein.

Men etter ei stund
kjenner ein att den
same sorga.

Veit den skal
vara
lenge.

Og går an
å leva med
til slutt.

© Røsslyng

Vart visst triste dikt i kveld. Var innpå bloggen til ei som kvir seg til at eit nært familiemedlem skal sovna inn, og tenkte på eigne erfaringar med dette. Prøvde meg òg på å leggja ut eit meir metaforisk dikt, som dikt nr.to i dette innlegget, men valde å ta det vekk, for å jobba meir med det og evt. publisera det att som dagens ein annan gong om eg vert fornøgd :)

 Les gjerne dette òg, om det kan trøysta. 

(Burde kanskje berre hatt søte og morsomme dikt på bloggen min, om det var lesarar eg var ute etter, men målet mitt er jo å skriva ut litt kjensler, utvikla meg som skrivar, og skriva dikt som kan trøysta andre òg. Så de får tåla at det blir litt trist av og til... )

onsdag 23. mars 2011

Syskenkjærleik



jammen     godt
de hadde meg, mamma
då veslebroren kom
kven skulle no 
elles skjønt
kva han
ville?

© Røsslyng

tirsdag 22. mars 2011

Treet

treet
strekkjer
greinene
mot himmelen

røtene
mot
jordkjerna
og vatnet

dess lengre
oppover
det når

dess djupare
røter det seg
nedover

vona om vår
i ytterste spira
på øvste greina

botnar frå den
djupaste rota
i grunnstein og vatn

kvar kjem di
vårvon
frå?

© Røsslyng

Ikkje heilt i mål med dette, men klarar ikkje jobba meir med det no, kanskje seinare...
(kanskje nokre få spesielle tre strekkjer røtene innom veven òg...?)


mandag 21. mars 2011

Ei husmor på oppdagingsferd...


Ein dag resten av husstanden var gått ut
tok eg min klut
med ein zalosprut
og tenkte eg trengde kje` sterkare lut...

Eg hadde jo målet så klart i sikte
ein stad eg likte
forsømma plikte`,
men til slutt gjekk no turen til nederste sjiktet...

Og kluten rakk knapt ta sin fyrste sving
før eg fann ein ring
som datt av min fing`
og forsvann, mens eg var under utdanning.

Ein fjernkontroll var her, ja to og tre,
vagt kjende kle`
eit par sekkar med ved,
og av seigemenn var det ein heil komitè.

I neste lag fann eg ein skjevebet,
ein brennmanet,
ei fløyte som let
og noko eg ikkje kan skildra konkret.

Forbausinga mi den var ganske stor
eg vart tom for ord,
då eg fann bestemor
som las VG og åt julemenn frå i fjor.

Då kvapp eg brått av noko mjukt som beit,
ville ut, men du veit
det var ikkje så greit,
så eg gaula og ropte og grov og sleit.

Det gjekk som det måtte: på vitet laus
for ei stakkars taus.
Eg naus og fraus
og kjende så svakt at eg byrja få klaus.

Til slutt grov eg febrilsk med ein kulepenn
og smått om senn
såg eg lys igjen!
Så kravla eg langt vekk frå sofaen....

© Røsslyng
(Ja, det var i alle fall nesten slik det hende)

søndag 20. mars 2011

Min fyrste blogg-award!


Når eg skriv det på den måten, høyrest det ut som eg reknar med fleire, og det var ikkje heilt hensikta. Var berre så kjekt å bli "heidra" hjå Bondekona. Ho omtalar bloggen min som søt, morsom og vemodig, så gode og motiverande ord å lesa! Har mista litt skrivegløden i det siste, men dette hjalp! Har allereie eit finurleg husmordikt halvvegs klar til i morgon, gled dykk;)

Med "prisen" fylgjer det med at den som mottek den må skriva åtte ting om seg sjølv. So here we go....

- Eg kan spela piano (brukbart) og gitar (til husbruk).
- Eg tør ikkje å gå på do åleine etter å ha sett skrekkfilmar (difor let eg vere)...
- Eg har ein blomstrete tapet på kjøkkenet som eg burde malt, men er så redd for å gjera noko feil, så eg innbillar meg at den er koseleg og fin...
- Eg gløymer alltid å ta på meg refleks når eg skal ut og gå om kvelden. Fy!
- Eg kan berre ha stoveplantar som tålar å få vatn maks ein gong i veka.
- Eg kan ikkje sy, og har i grunn ikkje lyst til å læra meg det heller. (Dette er kanskje ikkje lov å seia her innimellom mange stoffkreative bloggarar, men mistar berre meir motet når eg ser kor fine ting andre klarar å trylla fram.)
-Eg har aldri baka ei kake på mitt eiga kjøkken som har vore noko anna enn 123-mix (men er derimot vorte ein kløppar på gjærbakst!)...
-Kvar gong eg kjenner noko i kroppen som eg ikkje har kjend før, er eg sikker på at det er noko livsfårleg. (Får nok rett til slutt, men håpar det er lenge til endå!)

Så, var det å sende prisen vidare til nokre bloggarar som eg likar:) No er eg jo ganske fersk her, og har nok brukt mest energi på å finna ut korleis eg vil ha min eigen blogg (og skriva dikt!) no i starten. Men eg oppdagar stadig nye, kjekke bloggar! Bondekona har allereie fått sin pris, elles hadde ho vore ein klar kandidat. Dei eg vel å senda prisen til no, er:
(og ja, mange fleire fortjener den, men det var desse eg landa på i kveld)

Kristina og Heino
Venninna mi sin fine blogg (med mange stilige bilete!) som skildrar hennar liv i nord med hunden Heino.
 
Blandet loft
Sår og fin blogg som set ord på tankar ein gjerne tenkjer, men ikkje så ofte tenkjer over.

Dagdrømmeren
Koseleg og inspirerande blogg som også har innslag av dikt, det likar me ;)

Trøystedikt på ein slik dag

i dag er ein slik dag
eg kjenner meg liten
unyttig, uviktig

på denne grønne jordkloden,
der stadig større flekkar blir grå
i det krevande storsamfunnet
på verdsveven
i bygda mi

kva skilnad kan eg gjera,
liksom?

så prøver eg å finna svaret
på nett det

om eg gjer det eg kan
for å spara naturen og miljøet
er eg i alle fall ikkje ein av dei
som er med på å øydeleggja jorda

og samfunnet?
eg stemmer ved vala
oppdreg borna så godt eg kan.
politikarar er det nok av

dikta mine finst no her på veven.
om berre ein person endeleg får ut
eit sårt tiltrengt hulk, eller latteren
er det nok for meg

det var bygda då
tja, eg helsar no blidt
på folk eg møter
det får halda nett no

heilt trøysta blir eg fyrst når to små
med strålande auger og mjuke kjakar
visar meg at eg er viktigast i verda
for akkurat dei

© Røsslyng

(Og så trøysta det veldig at Bondekona gav meg min fyrste blogg-award!! :) Kjem eit innlegg litt seinare i dag eller i morgon der eg svarar på det, og sender stafettpinnen vidare. )

lørdag 19. mars 2011

til han Jan

eg har ein ven som fyller år
og hugsar som det var i går
me lagde lister, vaska do
i kunnskapsspel du alle slo

og om eg fraus, då sa du: Vås!
så drog du opp min glidelås
om andre trudde du var stille
var du kje` redd, sa det du ville

eg fekk feil smak på min milkshake
men sa kje` frå, eg var visst veik...
då blåste du, og gjekk fort bort,
og kom att snart med rette sort!

me budde òg i lag ei stund,
til magen min vart altfor rund
då drakk me te og tente lys
til du peika på oppvasken med eit fnys

du hadde alltid husmortendensa
mine var litt meir forurensa (ja, det rimte så godt!)
men ein ting var eg betre på,
å varma ting i mikroen, utan å svi dei heilt svarte og grå!

av gode sider har du flust,
å nevna nokon er eit must   (som grandtanta mi ville sagt)
snill, omtenksom, med praktisk sans
i hovudet ditt er det full substans! (og ikkje null, som i visse andre sitt)

i fleire år har me i same nabolag budd
og eg har innbilt meg, og trudd
det alltid skulle vera slik
og kjend meg både glad og rik

no har du vekk frå vår bygd vandra
og eg er redd; blir du forandra?
men innerst i mi veike sjel
eg veit du er sta og skikkar deg vèl

til slutt må eg få gratulera
uansett kvar du på dagen skal vera
og sjølv om du med avstand vårt venskap vil teste
eg veit at det held, og ynskjer deg det aller beste:)

© Røsslyng
Sidan gårsdagens dikt handla om noko som opptar heile verda, måtte jo dagens halda fram i same spor.. Det er nemleg bursdagen til min gode ven Jan;) Jadå, dette er internt og på dialekt og heng ikkje så godt i hop rim- og rytmemessig,  men det er slik det skal vera når eg skriv dikt til dette bursdagsbarnet. Hadde det vore noko anna, hadde nok Jan blitt veldig skuffa...Sant?  Og til de andre venar som ventar desperat på portrettdikt, kan eg beroliga dykk med at det dukkar nok opp i ein eller annan form, ved rette anledning! Om det går for lang tid, får de heller etterlysa eit ;)

fredag 18. mars 2011

Stilledikt for Japan

stille stille synk orda ned
du høyrer men vil ikkje vita
stille stille syng jorda med
no kjennest ho sårbar og lita

tårene vaskar ditt støvete fjes,
du står i rekved og søle til knes,
knugar om handa til ho som ein gong
beroliga deg med sin trøystesong

stille, stille syng jorda med

stille
stille
synk
orda
ned

 © Røsslyng

I dag er det ein stille dag i bloggverda. Eg har skrive eit dikt her kvar dag i to månadar no, så  i staden for å la dagen stå tom for ord her, tenkte eg å markera den med dette diktet. Framleis mange nyheitssaker om hendinga som har rysta heile verda. Tøffe bilete å sjå!  

Les også dette diktet som eg dikta dagen etter det skjedde.


torsdag 17. mars 2011

nett no


du
og
eg

eg
og
du

treng 
ingen
andre

seier
brune
auge

aldri
svarar
blå

nasene
nikkar
einig

munnane
kitlar
øyrene

hendene
veit

onsdag 16. mars 2011

latteren

som solvarme strålar
smyg den seg
rundt deg

dreg deg opp
frå ramsvarte hol
dyvåt av såre tårer

svett av fortetta luft
blir du opplyft
svala ned og reinsa

kvar kom den frå
eigentleg?
den klukkande lyden

kroppen din ristar befriande
av noko anna
enn tårer

forundra skjønar du
at den var din eigen

latteren

du lukkar augene dine
og ser nokon som nikkar
med smileglimt i sine

tirsdag 15. mars 2011

Tommel til besvær


Aldri før har vel
den trauste tommelen
ført så mykje godt
eller vondt
med seg.

Før i tida var ti tomlar
einsbetydande
med klønskap
hjå eigaren,
og ikkje noko
ein streba etter.

Men i desse dagar
er dei mykje verdt.

I alle fall
om dei
vender oppover.

Sosial status.
Ei god natts søvn.
Eit smil om munnen.

Problema kjem med mangelen
på eksemplar av nemnde
kroppsdel.

Etter fem minutt, ok.
Men ein time,
fire timar,
og framleis ingen teikn
til den tjukke fingeren??

Sveitten tek deg.
Alle sviktar.
Tommellaus,
venelaus.

Eit slikt symbol
på kameratskap,
anerkjenning
(eg-ser-det-du-seier-
og-likar-det-eg-ser),
kan føra til
tvangstankar
og dårleg sjølvtillit
hjå den som ventar
forgjeves.

Heldigvis er det
alltid ein ny dag,
ein ny sjanse
til å sikra seg
den edle fingeren.

Forresten lurar eg litt:
Når folk ein gong vert
lei av å gje tomlar
i tryneverda og andre stadar,
kva finger er det då
som tek over plassen?

mandag 14. mars 2011

Til svartmålaren og kvitmålaren

Nokon likar å svartmåla det eg seier.

Jammen tenk om...
Kva viss...
Det kunne jo henda...

Andre målar med kvitfarge.

Dette ordnar seg...
Kunne alltid vore verre...
Høyr no her...

Til både svartmålaren og kvitmålaren
kunne eg sagt noko
om eg turde.

Legg ned penselen i dag.
Finn fram skrapa.
Fjern dykkar gamle målingslag
frå orda mine.

Og sjå no,
verkeleg studer
dei nakne orda
som berre er mine.

I morgon kan du heller
ta penselen fram att.

Men berre for å kle
orda mine
med klårlakk
så dei varar.

søndag 13. mars 2011

sist veke brukte me opp smøret dykkar


jusen er drukke
potetene fortært
og majonesen
syng på det siste
samanklemte verset

eg kan ikkje tenkja meg
det betyr noko anna
enn at me snart
får sjå dykk igjen

og forresten
me seier ikkje
takk for maten
før de kjem heim att
for godt

lørdag 12. mars 2011

men etterpå er det stille

Bilete lånt frå vg.no

jorda skjelv
grunnen bevar
havet veks
hjarta svevar

redsla tar deg
frykta lammar
i augekroken
høge flammar

munnen formar
stumme skrik
rundtom deg
flyt fleire lik

så kjem den neste
dreg deg med
hand mot himmel
søkk så ned

din kropp når botn
du har fred

 © Røsslyng

Fæle bilete å sjå frå tsunamien og jordskjelvet som råka Asia fredag. Glad eg ikkje veit korleis det kjennest å vera i eit slikt scenario, men prøvde å tenkja litt korleis det kunne vera, og skildra det med enkle ord. Skremmande.

fredag 11. mars 2011

Skumringstankar frå ein sokk


Ja, eg sa i forrige innlegg at eg hadde tatt nokon
veldig fine bilete i vårljoset, sa eg ikkje? ;)
einsam har eg vore
ei stund
maken, min sjeleven
kasta av
den evige runddansen
vekke

kanskje han ikkje
orka meir
ubarmhjertig gjennombora
trakka på
pressa ned i trange
mørke hol
eg vil ikkje ein gong nemna
luktene

men nett no, oppfriska, rein
saknar eg ingen
åleine her i fargespelet
innser eg det
mine eigne fargar, før sprakande
blir duse
eg har funne min plass,
fullført mi gjerning

gløym meg du, lat meg hengja her
bleikna
til ho som held meg fast
knekk
og eg dett, og atter blir eitt
med jorda

kanskje du akkurat den dagen
plukkar opp
frå ei bortgløymd krå
maken min


torsdag 10. mars 2011

Sogelaust folk

er sogelaust folk
det
same som
daudt folk?

utan historiar
om kva
dei var,
kan dei då
finna ut
kva dei er?


kviskrar folket,
det sogelause

om du
diktar
soga vår,
her
i dette diktet

får me då
leva?




høyrde du noko?



Dette diktet skreiv eg for nokre veker sidan, men var ikkje heilt fornøgd med det. Har prøvd å fiksa litt, men det vil liksom vera slik. Kanskje andre får noko ut av det sjølv om ikkje eg gjer det? Det hadde i alle fall venta lenge nok, og eg har planar om å fiksa litt på utforminga på bloggen i løpet av kvelden, så då er det greitt å ha eit ferdigskrive eitt som dagens :) Har forresten vore ute og teke ein del bilete i det fine vårljoset, som eg skal prøva å finna nokre passande ord til i morgon! Var litt vanskeleg å finna bilete som passa til dette...

onsdag 9. mars 2011

Takk for den...

Runde kjakar, kjernesunn,
auge blå som høge himmel
inni der ein stjernevrimmel
når du ler med smilemunn.

Fingrar strekkjer seg mot taket
så stor du er, ja klart me ser!
Raskt du krabbar opp på kner,
me knisar, får eit glis tilbake.

Du klappar med to hender små
rekkjer dei mot mine store
reiser deg der atmed bordet,
slepper taket, vil derfrå.

Lett svaiande, umerkeleg,
store auge på meg kikkar
smilar når du ser eg nikkar
så tek du dine fyrste steg.

(Om du vil halda på idyllen, kan du velja å slutta diktet her.
Men om du vil bryta harmonien og flira litt, hald fram å lesa..)

Eg ser med stoltheit på din far
men du strenar forbi meg fort,
og målretta så går du bort
og grip din kjære støvsugar...


tirsdag 8. mars 2011

vår!


Var ute i vinden idag, og fann eit vårteikn!

om hausten var tarveleg trist
og vinteren knusande kald
høyrest staresong atter til sist
med glede og vår i kvar trall

i angen av tinande jord
kan du høyra dei borna som ler?
dei feirar at snøkappa for
kan endeleg ropa: det skjer!

det spirar og gror kvar du ser
ein hestehov lyser mot sky
i kronblada lovnad han ber
om vårljos og varme på ny

og bekken som berre var is
no sildrar og klukkar, er fri!
mens borna på sitt eige vis
bles ein seljekvistglad melodi       
                                                                                                                      
(Fann ein fin blogg med ein diktkonkurranse- jippi! Dette er mitt bidrag. Veldig tradisjonelt vårdikt, men våren er sjeldan utradisjonell vel?) - litt redigert dagen derpå...

                     

mandag 7. mars 2011

No er k(r)oppen full...

Ein prikk går greitt, to er kje` bal,
men spar meg for eit hundretal!
Moderne? Gjerne, som du vil,
men desse sit på kroppen til
ein gut som pleier vera snill,
no klør han seg, er raud og vill.
Eg røskar alle prikkeplagg
or skapet og frå kvar ein knagg.

Det betrar neppe kløen hans,
men skal eg seinare få sjans
til atter roen, stilla finna,
må ingenting i huset minna
meg om desse prikkane
som ikkje gav den vesle fred!
Og gje meg gjerne te i kopp,
men vatn? Nei, då sei` eg stopp!!


søndag 6. mars 2011

omeletten min!

ein dag eg steikte omelett
den letta med ein kjempesprett
og traff i taket så det klang
då jula kom, den framleis hang
der oppe som ei stjerne gul
og klaska høglytt ned i skjul
ein dag eg ei var førebudd
på innandørse stjerneskudd...



Har vore mykje føleri og følera-dikt i det siste, men trur det har vore nødvendig. I dag derimot, blir det spiseri og spisera-dikt i staden... Mykje løye som skal dukka opp i hovudet medan eg lagar mat! Hadde tenkt å krydra innlegget med eit flott bilete av omeletten eg steikte i kveld, men gløymte å ta bilete før eg prøvde å snu den... Så bilete blir det, men om omeletten vart så flott, er ein annan ting. God er den i alle fall :)

(Driv å prøver ut ulike bakgrunnar no, så det kjem nok til å skifta litt i løpet av kvelden. Endar vel opp med den same igjen ein gong til...)


lørdag 5. mars 2011

men du var der

i går tok me farvel
med kroppen din

men du var der

i augene våre
dine
omsorgsfulle
trøystande

i hendene våre
dine
fulle av
tryggleik

for fyrste gong
trøysta du alle
dine kjære
samtidig

i går ynskte me
deg velkomen
i hjartene våre



fredag 4. mars 2011

Sa eg det?

Sa eg det?

Tenkte det
ofte.

Meinte det
alltid.

Prøvde å
visa det.

Men
sa eg det?

torsdag 3. mars 2011

Kva ei mamma har...

Alle har ei mamma...
Men kva har mamma?

Ei mamma har
varme hender
mjuke kjakar
og eit fang
å gøyma seg i.

Ei mamma har
eit godt blikk,
kanskje
litt for klart
innimellom?

Ei mamma har alltid
trøystande ord
som ligg klar bakerst
på tunga,
nokre rettleiande ord
fremst.

Ei mamma har òg ei mamma
som lærte ho korleis ein blir
verdas beste mamma.

Men det beste
ei mamma har
må jo vere

oss,
vel?



Dette skulle vel strengt tatt ha dukka opp på morsdagen, men sidan det ikkje fann det for godt då, var visst dette dagen då mamma-diktet skulle skina opp bloggen min... Blir kanskje redigert litt etter kvart, var litt trøytt no, så dette får vera ok for i kveld! Poenget kom vel fram;)

Eg har forresten blitt litt einig meg med sjølv angåande anonymitet eller ikkje... Er ikkje heilt klar for å ha namnet mitt her inne på bloggen, eller å reklamera så mykje for meg sjølv. Men det er heilt greitt at de som veit kven eg er (sjølvsagt de som ikkje kjenner meg òg), formidlar bloggen eller enkeltdikt vidare om de trur det kan interessera/hjelpa andre! :) Eg har forresten fiksa ei "Dikt for dagen"-side på facebook som de kan lika viss de vil, link til høgre ein stad. Gjorde det rett før ulykka sist veke, så har ikkje tenkt så mykje meir på det sidan dess.

onsdag 2. mars 2011

På veg til deg

    viktig!  viktig! viktig! tenk at du anar ikkje kor viktig eg er 
    her eg trillar bortover samlebandet med  tusen         andre
    snart ferdig sorterte. oppi ein mørk sekk knytt          igjen.
    kjenner             eg               lettar no. heile meg         i lufta
    framleis        er           eg       viktig. om du berre visste at
    nett no            er      framtida di forsegla. på veg. inni meg.
    du veit ikkje ein gong at eg finst. likevel veit eg alt om deg.
    i kveld treffest me.  du og eg.  du snittar meg kanskje opp
    skrellar av meg huda. let augene dine fortæra mitt innerste
    indre. som handlar om deg. kanskje du òg blir hudlaus då?

© Røsslyng

tirsdag 1. mars 2011

Tankevekkjar?

tenk om ein
somme gongar
kunne studert
uttrykket i andleta
til forbipasserande
ein helsar på
smilar til

ikkje når
ein møter dei
men etter
ein har gått forbi
rygg mot rygg
i kvar sin retning

kor fort bleiknar smilet?
skjer dei ein grimase?
himlar med augene?
rødmar?

eller er det ditt smil
som får augene deira
til å lysa
heile vegen
heim?



Har lurt veldig på om eg skal slutta å vera anonym. Så skummelt. Ikkje noko røsslyng å gøyma seg bak. Har vore godt med gode tilbakemeldingar på dikta. Men "alle dei" som les, og ikkje gjev tilbakemelding, ler dei av meg? Og hjelpe meg, kva vil folk i bygda seia, dikt?? Det er vel mest sannsynleg at dei bryr seg katten, men kven veit, dei treng jo noko å snakka om. Ein gjer seg jo sårbar når dikta blir så personlege. Og stor poesi er dette jo neppe, meir kvardagspoesi? Sjølv om ikkje alle dikta er bilete på korleis eg og mine har det, er det jo lett å tenkja det kanskje. Kva tenkjer de, legg eg hovudet på hoggestabben med å skriva namn, slenga utpå bilete av meg, og annonsera bloggen på fjesboka? Eller forsvinn eg i bloggmengda? Det passar meg i grunn best :)