lørdag 30. april 2011

"Lett blanding" : eit barnedikt?

Klovnemor
ho klovnar seg.


Dovnefar
han dovnar seg.

Og kva gjer
deira vesle Aud?

Ho snorkar
med ei nase raud!
Kjøpte ei diktbok for born til dottera mi ein dag. (Ja, skal eg fyrst lata som eg er poet, får eg gjera det skikkeleg!) Der fann me mange snodige og underfundige dikt, som me koste oss med, og nokre som me rynka litt på nasa av. Ikkje alle eg skjønte heller, for å sei det slik. Men så kom det uunngåelege: eg skulle prøva meg på eit litt underfundig barnedikt då, sjekka ut sjangeren... Og så dukka dette opp.. Berre le. Av meg eller med meg.

fredag 29. april 2011

Som eit eventyr?




Ei stivpynta kyrkje nett som ein allè
er fint, men det er òg vårt nyblomstra tre!
Nostalgi med karjol dratt av hestar med stil,
finn du òg i ein nyvaska raud boblebil.
 
Og kven treng vel William når ein kan ha
sin heilt eigen prins som kan gjera ein glad?
Prinsesse, sa du, men det har eg jo vel!
Ei kunstnerisk fin ei, med tinga på stell.

Gourmetmat med kongar til bords er nok flott
men hotdog frå primus i fjæra er godt!
Kate og William slapp regn, og det var bra for dei,
men her skein jo sola så sterkt at det svei.

I ballsko så kjenner ein seg høgt på strå,
men tenk å få barbeint på stranda gå...
På hand, hanske kvit, men eg ville helst hatt
ei lita god hand med ein fin pinneskatt!

Du skjønar vel no kva eg vil du skal sjå
sjølv om brudeparet nok ei vil forstå...
 Sitt eventyrbryllaup kan dei ha for meg,
for litt kvardagslukke er òg nydeleg!

(Tre timar kvardagslukke og resten kvardagsroting/rydding/stressing, så ikkje tru at alt er fint her alltid...) Og no har dei jammen stukke på bryllaupsreise og?

torsdag 28. april 2011

Kykeli...ops?


Her ser du ein hanefar
spankulera, glad og kry.
Med hønekoner, fleire par,
han galte stolt mot sky.

Den stakkars fyren ante ei
at faren truga nær.
Han chilla med sin kam på snei
og strekte sine tær.

Men rett der borte, bak ein haug
sat ei han likte før.
Ho gav han mat, og stelte han,
men no sku` det fyka fjør...

For hanefar var avleggs no,
ein utfordrar sto klar
til å slå si haneklo
i damene til "far".

Beklagar, kjære hane staut,
du aldri meir skal vagla,
sa veslesyster før ho skaut
han med si nye hagla!

Bror min Knut skjønar ikkje kvifor eg av og til må skriva slike alvorlege kjensle-føle-tenkje-dikt. Han ville nok helst berre lest slike eller slike. Fordi han er mann? Nja, då kan eg røpa at fyren både strikkar sokkar og bakar horn betre enn meg, og at ein av yndlingsfilmane hans er "Stolthet og fordom" (jodå, han likar jakt og fiske og...). Uansett, dette diktet er til deg Knut, enjoy! Men det er nok fare for at det blir fleire kjensledikt seinare, har jo mest med kva humør eg er i når eg set meg ned for å skriva. Er de forresten einige med Knut eller? ;)

onsdag 27. april 2011

For ingenting og for alt

For slett ingenting kan eg grina
og hulka fortvila for alt.
Ja, heilt utan grunn til å sørgja,
kan kjaken min flomma av salt.

For slett ingenting kan eg skina,
bryta ut i glad latter for alt.
Og grunnen? Du treng ikkje spørja...
Eg kunne det aldri fortalt.

Ein grinedag stundom, den klårnar,
berre latteren kjem etterpå.
Ein skinedag stundom, den ordnar
desse dagane som blir for blå.

Men så kjem det dagar i midten,
der eg slett ikkje alltid har tid
til at tårer gjer kjaken min skitten
eller kraft til å vera for blid.

Og heilt greitt, slik skal det visst vera,
eg veit jo at alt har si tid.
Hugsar på, om det blir tungt å bera:
eg kan løysa det med poesi!

Tenkte fyrst å slutta etter to vers. Så etter tre. Og så vart det visst fem. Skal eg ta vekk dei to-tre nederste versa? Sei gjerne kva du synest, såg meg litt blind på dette til slutt...

tirsdag 26. april 2011

Venninner

nokon har
alltid vore der

enkelte kom brått
andre gjorde seg
langsomt gjeldande

gjennom ulike fasar
alltid ei eller annan
ofte fleire,
mange
 
dei forsvinn ikkje
berre endrar seg
utviklar seg, veks
nærare eller
lengre frå

uansett pustar
ein alltid
inn og ut
same lufta

og kanskje ein dag
står framfor døra di
nokon du lenge har sakna

med det same smilet
som sist

mandag 25. april 2011

Takk, gode farfar!


Du såg kanskje at eg grein i går?
Det var vondt å sjå deg slik.
Stivna i ei veik, visna form.
Og ytterst på tynne armar,
dei store hendene dine.

Hender som før stødig 
heldt påhengsen, eller
varsamt strauk katten,
kløktig løyste kabalar, og
trufast henta kaffien til farmor.

Hender alltid klare til å lyfta opp
tillitsfulle borneborn, oldeborn.
Men siste året kunne ikkje hendene
til den eldre sjømannen løysa
den enklaste båtmannsknopp.

Den største knuten sat inne i deg.
Gjorde tankane til eit virrvarr.
Stramma rundt stemmebanda
så dei slapp ut heilt andre ord
enn du hadde tenkt.

Men no såg eg deg i augene
og med tårer i mine eigne
skjøna eg at du framleis var der.
Langt inne, var du framleis farfaren min,
med omsorg for alle, ei lita stund til.

Og eg byrja å prata om alt
eg ikkje visste eg hadde tenkt å seia.
Fortalte kor mange som var glade i deg,
stolte av deg, at eg ville besøkt deg meir,
og at Han ventar på deg, om du berre vil.

Eg såg det i dei gode augene dine.
Du ville sagt det om du berre kunne.
At du var glad i oss òg, ville oss alt godt.
At du ikkje bar nag til nokon.
Og at du visste, ville, og var klar.

Du ser kanskje at eg smilar no?
Den visne kroppen din er allereie gløymd.
Men augene dine ser eg framleis for meg.
I natt løyste du alle knutar og kasta loss.
Endeleg har du fred. Takk, gode farfar!

To andre dikt om farfar finn du her og her.

søndag 24. april 2011

To ganske ulike påskedikt


Sandalsteg
som krossen
gjor djupe.

Ein dødsveg
av tårer
og blod.

Ord, sarte,
frå din
tørre strupe.

 Eit hjarte
som ikkje
meir slo.

Det kunne ha stoppa med det. Du var bunden i mørket og kjempa.
Men då sol skein for dag nr. tre, var du rein, og steinen vekk lempa!
Slik sikra du oss evig liv, du vart spikra på krossen for alle
som trur, får din nåde, og riv   vekk sin mur og dei maskene kalde.

Heilt kvitkledd
du tek imot
oss

og ispedd
ditt smil
er all smerta

for dei mange
som òg kastar
loss

etter lange
år der dei
deg sverta.

Om berre dei
ein siste
gong

ser din veg
og oppdagar
ditt hjarte!

Der plassen
kan aldri
bli trong

for oss alle
du dødskampen
klarte!


Eit veldig særiøst eit fyrst. Så litt meir kvardagspoesi...

Nix swix

Dei snakkar visst om påskesol,
påskekos i hyttestol,
påskekylling, påskegodt,
men har du høyrt om påskesnått?

Og påskefeber, påskespy,
og påskesjukehus i by?
Ein påskehals litt øm og sår?
Slik vart i all`fall påska vår…

Men sola skein visst likevel,
og me skal kosa oss i kveld!
No tek eg meg ein påskekvil,
og leitar fram mitt påskesmil J
Tusen takk til alle fine bidrag i diktkonkurransen min! Framleis ei veke igjen for dei som ventar på inspirasjon:)

lørdag 16. april 2011

Påske(skrive)ferie og diktkonkurranse!

Endeleg påske! Og eg har mykje å vera glad for, i tillegg til det viktigaste: at eg skal få ei vekes kvalitetstid saman med familien:) Tre månadar sidan bloggstart har eg hatt over 13 000 sidevisningar, minst 3000 unike vitjande (starta teljaren litt seint), fått nesten 500 kommentarar, og viktigast av alt: skrive over 100 dikt!!

Premien til meg sjølv består i at eg tek skrivefri ei veke, for å samla krefter, få ny inspirasjon, og konsentrera meg om familien no i påska. Neste dikt kjem altså 1. Påskedag. Om de saknar veldig eit dikt for dagen, er det berre til å ta ein tur i arkivet mitt og lesa litt der. Det er det som er så greitt: dikt er ikkje berre gyldige berre ei viss tid, men vil alltid vera aktuelle for ein eller annan.

Premien til de som er innom bloggen, er at de ikkje berre treng løysa kryssord og påskenøtter i påska, de kan også delta på min vesle:



Dikthefte til hovudvinnaren!

Har leika meg med fotobok hjå FotoKnudsen, og laga eit høgst ekslusivt hefte med utvalde dikt og bilete frå bloggen! Vinnaren får også ein liten ekstraoverraskelse:)  Hovudvinnaren er den som har skrive eit dikt som verkeleg treff meg. Det kan t.d. vera eit som får meg til å le godt, eller eit som rører meg. 

Valfri trøystepremie:
Enten: Laminert dikt/bilete i a4- format. Til å hengja på kjøleskap f.eks. (Som "Sekunddiktet" til høgre her.) Du veljer sjølv kva dikt/bilete du vil ha. Som ein bonus, skal eg skriva den heilt ekte og autentiske autografen min under diktet!

Eller: Eg skriv eit dikt til/for deg! Lyst å gje eit dikt til nokon, eller lyst på eit dikt om deg sjølv, eller om eit emne som er viktig for deg? Eg skal prøva så godt eg kan å skriva det slik du ynskjer:)

Vinnar av trøystepremien kan vera kven som helst, her trekkjer eg eit tilfeldig dikt! Dette for at til og med min ven Jan tør å senda inn og tru han har ein sjanse til å vinna....

Slik deltek du:
Du deltek ved å skriva eit dikt og publisera det i kommentarfeltet til dette innlegget. Om du ikkje har blogg, må du anten skriva e-postadressa di, eller gje meg eit lite hint om kven du er, viss eg kjenner deg;) Eg stiller få krav til innhald og form, du kan like gjerne skriva eit humoristisk som eit djuptpløyande. Kanskje det blir ein del påskedikt?  Det einaste kravet eg har at diktet er nyskrive til denne konkurransen! Eg vil nemleg at fleire skal øva seg i å skriva dikt, trur det finst mange skap-poetar rundtom;)

Du er heller ikkje nødt til å bli fylgjar, eller å linka til dette, men er sjølvsagt kjekt om du gjer det :) Og publiser gjerne bidraget på bloggen din også, så fleire skjønar at det er kjekt å leika med ord! Reknar ikkje med at det blir så mange bidrag, så her er det bra vinnarsjansar for alle:)

Då seier eg berre lukke til, og GOD PÅSKE!   

fredag 15. april 2011

Endringar

Trudde eg ikkje
likte endringar.

Tulla meg inn
Utrygg.
Når noko
var annleis.

Heilt til eg hugsa
at du òg var
eit resultat
av endring.

torsdag 14. april 2011

Koppane


Dei står der tett saman og duftar av te,
to er utan sukker, ein har nok til tre.

Blir lyft av og til, og kjenner på varmen
frå hender som held, og frå sola i karmen.

Og spør du, så kan dei fortelja deg alt
om glede og sorg, mykje sukker, litt salt.

Men ingen spør, så dei teier still,
og kviskrar om kjærleik når natta er mild.

onsdag 13. april 2011

Spora hans

I skinnstolen
merket etter
kroppen hans.

På knaggen
arbeidskleda
framleis skitne.

Sola smeltar
fram frå snøen
sneipane.

Stille sukk
frå ein mørk
haust.

Kanskje han 
bestemte seg
medan han
knipsa vekk
akkurat
denne?



Spora hennar

I frysaren
 bollane ho baka
veka før.

Ein kaffikopp  
ho drakk av
den dagen,
på skrivebordet.

Og døra der
som står på gløtt.
Kunne ho kome
gjennom
 akkurat
no.

Det er vondt
å sjå spora.

Men den dagen
den siste bollen
vert eten opp
og døra på gløtt
ikkje har
løyndomar lenger

den dagen
vil du sakna
spora hennar.
Laga to dikt idag, litt i same gate, men klarte ikkje å bestemma meg for kva eg ville satse på, så eg legg ut begge to i fyrste omgang. Har vore mykje tulledikt her i det siste, så måtte ha eit par alvorlege som motvekt..  Dette er forresten innlegg nr. 100! Det er eit par innlegg utan dikt, men også eit par innlegg med fleire dikt, så trur eg kan kalla desse for dikt nummer 100 og 101! Og tusen takk for gode kommentarar på forrige dikt, kjekt og motiverande:)

tirsdag 12. april 2011

Awarddikt


Snille Shy B gav meg ein award,
og eg svarar i diktform, som ein fornem lord...
(det rimte i alle fall med min uttale!)
Eg skal svara på spørsmål som de kan sjå her,
heilt dødsens alvorleg, så FY om du ler!

Når det gjeld mat, vil eg ha den på fat,
litt pølse går greitt, men den manglar salat...
Du skjønar nok no, kva eg synest er best?
Med ein burger på baken blir livet ein fest!

Og så var det musikken, men kven kan då velja
mellom gospel og hardrock, nei no må eg belja...!
Men spør du alvorleg, så skal du få svar:
eg likar nok best det med klassisk gitar...

Neste spørsmål gjeld snop, enten nox eller fox.
Eg tek sjølvsagt reven, så DEN er i boks.
Forresten, med boks meinar eg ikkje bur,
for då blir han Oddekalv-fyren litt sur...

Carola og Sissel, svensk-norsk, eller norsk-dansk?
I grunn same for meg, berre dei ikkje syng fransk...
Javel då, ho Sissel, men berre fordi
ho song saman med Odd`n, og han gjer meg blid!
(Nordstoga altså, me er ferdig med han natur-fyren!)

Så var det dei bøkene, eg må innrømma,
at eg er litt fjortis og likar å drømma
(drøyma, om du vil ha korrekt urimeleg nynorsk)
om kjærleik, umogleg, som likevel vant!
Då får Potter`n vera, meg + Twilight = sant!

Og blomar? Dei har eg i hagen min dei,
eit fleirtal av roser, ein tulipan litt på snei.
Eg veljer nok roser, dei får stå i fred
tulipanane mine gneg hjorten rett ned...

Storbyar har eg for sjelden besøkt,
eg reiser i Noreg, satsar ikkje for høgt...
Men ein gong så var eg i Stockholm med klassen,
og Køben ein annan, likte best Høybroplassen!

Men truser, hallo, kva har de med det?
Både tanga og bestemor kan for meg få heilt fred.
Så kan de jo gjetta, kva gjenstår no så?
Nei, eg er kje`naken, har hipsteren på!

Ja, som eg sa før, eg er håplaust romantisk,
og Julia Roberts er ikkje grandtantisk,
og i Pretty Woman, ho har Richard sjarmert,
så dans vidare Patrick, eg er ei interessert!

No gjenstår til slutt nok eit innvikla val,
nei forresten av dette får eg ingen kval!
For Skravlan kan berre få prata i veg,
medan Thomas og Harald kan koma til meg:)

Til slutt vil eg tipsa om tre bloggar fine:
For villkatta: eg likar orda dine!
C`est la vie setjer søkjelys på integrering,
medan Tove er god på si kvardagsfundering!

Som sagt tidlegare, de er ikkje nødt til å ta imot eller svara på awarden, men har lyst å tipsa lesarane mine om bloggane dykkar:)

mandag 11. april 2011

Det var den poesien då... (to versjonar)


utanfor streken
bortafor kråa
der sit poesien
og bit seg i tåa

for månesong, dropedans
natt som er dag
frimodige frimerke
sansebedrag

let venta på seg
i dei strekar som står
her finst berre latter
og halvhelte sår

Fann, med erkepoeten si hjelp på Diktkammeret, ut at det gjekk an å få fram meininga mi med litt færre ord. Når eg fyrst skriv om poesi, kan eg like godt gjera det så poetisk som mogleg;)
"Gamal" versjon under:

utanfor streken
og bortafor kråa
der sit poesien
og bit seg i tåa

for når eg skal dikta
eller laga ein song
så vil eg at alle
forstår med ein gong

men sei meg no ærleg
-er det poesi?
for DET ordet forpliktar
ein løyndom, helst ti?

om månesong, dropedans
natt som er dag
frimodige frimerker
sansebedrag?

men eg held fram
ja, no skriv eg igjen..
og håpar at dikta
gjer godt for ein venn!

søndag 10. april 2011

Til dåpsbarnet




Beklagar målføret, men dette er dåpsgåva mi til ei lita jente som blir døypt idag. Tenkte på dei kjekke foreldra hennar då eg skreiv det, og prøvde å få det litt i "deira ånd", og då var det naturleg med eit sukkersøtt bokmålsdikt;) (Dessutan var det lettare å finna ord som rima på "knopp" på bokmål! )

lørdag 9. april 2011

Noko nytt!


Ein dag tenkte eg: det må skje noko nytt!
Inviterte til kvelds ei heilt ny venninna.
For at stemninga ikkje sku` bli forknytt,
ville eg ei heilt ny matoppskrift finna.

Eg leita i Espelid Hovigs spesial,
"Frå bollar til burritos", "Famliens store",
Men fann ut at det vart for mykje bal,
eg prøver ut noko sjølv, og jammen eg gjorde..

Eg laga ein deig (det kunne eg visst),
og kjevla den ut då den var ferdig heva.
Forresten eg er ikkje perfeksjonist,
så den "firkanten" minna vel mest om ei skjeva...

 Eg hakka opp paprika, pølser og løk,
tok ketchup i botnen, på utkjevla deig.
Då ringte det på, og inn kom mitt besøk,
mens eg strødde på grønsaker, kvitost (litt seig).

No når den nye venninna kom inn,
var pulsen min høg (hugs: eg må imponera!).
Eg byrja å rulla, men deigen var stinn
av alt mogleg, og sprakk litt, slik må det vel vera...

Til slutt var den rulla, og ferdig med det,
eg skulle vel eigentleg fletta ei kringla,
men deigen, den rulla, var tjukk som eit tre,
og kunne ei flettast av meg, husmorpingla...

Litt heving, og så rett i ovn, endeleg,
så kunne me sitta i stova og prata.
Me venta på baksten for ovnen var treg,
eg håpte vårt måltid vart DET ultimata`!

Så peip det, eg skunda meg ut for å sjå,
og stokk til, det var ikkje slik den sku` vera!
Eg rødma og pønska meg gul og blå,
er det mogleg, dette kan eg vel ikkje servera????


Moralen i visa? Prøv gjerne litt nytt,
men kanskje test ut for deg sjølv aller fyst`.
For elles kan gjesten lett kjenna seg snytt 
når ei "fenalår-klubbe" tek vekk all matlyst.

 

fredag 8. april 2011

Kven er du?


Bak buska
ved muren
blømer du
brått.

Kvit
kraftig
kuar du
kulda.

Står
saman
med
spinkle
naboar.

Kven er du?

torsdag 7. april 2011

Framleis i live!

Med verken eg vaknar,
og veit den vil vara.
Litt selskap eg saknar,
 men lat meg forklara!

Eg har nokre år
måtta støtt meg til NAV.
Og eg veit praten går,
ja, tar stundom heilt av:

Sjå på ho der,
ho er ikkje heilt god
 ho blir millionær
av å ta det med ro.

Millionar, javisst,
eg er glad om eg får
nok til kaffi og twist,
kanskje tv i år?

Og ein sjelden dag
der eg kjenner meg bra,
gjer eg ikkje det slag,
for eg veit kva dei sa:

Sjå no, ja der borte,
ho går seg ein tur!
Med smil og ny skjorte,
kva er DET for kultur?

Om berre de visste
kva smerter eg har.
Som om kroppen vil briste,
ingen tanke er klar.

Men no er det slutt,
eg har nok med mitt.
Berre høyr eit minutt,
og så er me kvitt.

Eg vil ropa til bygda
og sladder fordrive:
Eg er uføretrygda,
men framleis i live!

Neidå, eg er ikkje uføretrygda.. Men temaet har dukka opp både i bloggar og samtalar i det siste, og eg kjenner det òg via familien. Vil oppfordra folk til å la vera å døma menneske før dei kjenner situasjonen deira!  Eit engasjert innlegg i dag...