tirsdag 31. mai 2011

Angst og fornuft

Har alltid vore redd
for at alt mogleg skulle skje.
Bilulykker, fall frå fjell,
ein kreftsvulst (sikkert tre).
Statistikk, det bryr meg ikkje,
 og sannsyn kva er det?
Eg har sett dei beste falla,
det er kje` alltid nok å be.

Og eg håpar at eg hamnar
der det alltid er heilt godt,
likevel, litt meir tid her,
det hadde vore flott...
Men kanskje blir eg førti,
kanskje endå sekstini?
Tenk om eg fyller åttiseks,
og rundar hundreogti?

Om eg sovnar stille inn
i 2096,
då er det jo for gale
at eg ikkje sporenstreks
tok vare på dei stundene
av perler, kvardagsgull,
men i staden brukte tida
på bekymringar og tull.

Det kan jo henda at i morgon
blir min siste dag,
men om ikkje vil eg smila breidt
og kosa meg ilag
med dei som eg er glad i,
vera glad at eg er til!
Eg skal i all` fall prøva,
du kan også, om du vil:)

mandag 30. mai 2011

Rosa regn


I rosa regn eg dansar,
sarte perler i mitt hår.
Nei aldri om eg stansar,
men ler høgt i lufta klår!

Det kriblar litt i nakken,
mjuke kronblad på mitt kinn.
Rosa tepper dekkjer bakken,
ikkje spør om eg vil inn!

Løyndomen og lukka er
ei sterk og modig mamma,
som barbeint står heilt nær
og ristar veldig hardt på stamma!


søndag 29. mai 2011

hjartet mitt

dreg ned                     glidelåsen
i hjartet mitt                  romsterer litt
så smilestøvet fyk           gamle hjartesaker
må vika for dei nye         som treng betre plass
eg smilar til dei gode      som har bustad her inne
dei som har budd der lenge, og dei som nett kom
vener og slektningar eg pratar med elles også
og dei som eg berre treff i draumane
dreg att glidelåsen.  kvar du er?
eg ler og legg hjartet
mitt tilbake der det
høyrer heime
i hendene
dine



lørdag 28. mai 2011

Ikkje berre meg, vel?


 Eg vil gjerne vera snill,
oppmuntra og hjelpa til!
Men nokon dagar heldt det hardt,
eit gale ord og eg ser svart!

Rasar gjennom stova vår,
ropar til min hals blir sår,
så eit hulk, og tårer sprett.
Dramaqueen? Ja, rett og slett!

Eg grin for alt eg ikkje kan,
ja slik ein dag kan mann og barn
få sigla på sin eigen sjø.
Eg vil ingen ryggar klø!

Men brått vert det for tårer stilt,
så ler eg høgt og fnisar vilt...
Psykolog? Nei, ikkje stress!
Diagnose: PMS!
Her hang det to bilete. Godt glaset er sterkt, for dei datt visst tilfeldigvis ned då eg gjekk gjennom ei dør. Må vera noko gale med spikrane...


Tileigna eit par fnisete venninner som eg kjenner godt...;) Og alle andre som måtte føla seg truffe. Kan nokon prøva å overbevisa mannen om at dette er ein reell ting? Og at det går over? Eller er det berre meg?

fredag 27. mai 2011

endå ei

endå 
ei 

ei av dei
trygge, trauste
tvers gjennom gode

ei som ikkje gjorde
mykje ut av seg
men fekk det beste
fram hjå andre

ei av dei sjeldne
som dekka bord
med kvit linduk
uansett kven som kom
og kva tid på døgnet

ei som baka alle brød sjølv
sylta og safta bæra sine
stod på frå morgon til kveld
for andre, utan å klaga

ei som alltid var der for alle
er aldri meir her
 kvil deg no

og du?
takk

Fekk vita at ei eldre dame eg kjenner, måtte bukka under for kreften. Eg traff ho ikkje så ofte, men når eg gjorde, var eg alltid imponert over gjestfridomen hennar, og det lune vesenet. Folk utanfrå kunne nok skildra ho som sjølvutslettande, og det er jo ikkje berre positivt. Men eg kjende ho som ei dame med enorm omsorg for dei rundt seg, og som viste det blant anna med å opna heimen sin og by på det beste ho hadde, på det alltid like fint dekka bordet. Eg kjem nok aldri til å klara å dekka så fint, men har eit mål om å verta flinkare å opna heimen for dei som måtte ynskja å koma på besøk, etter blant anna å ha opplevd gjestfridomen til denne dama (som ikkje bur her i området, om de som kjenner meg, lurar  på det).

torsdag 26. mai 2011

Kjendis for ein dag?

Då eg var lita spirrevipp,
sku` eg og pappen ta ein tripp
og sjå ein ny veg "opna seg"
med tauklypping, høgtideleg.

Folk stimla til i hundretal
men vegen var i grunn litt smal,
dei stod i grøft og bakketopp
og syns han var ein somlekopp,
han som sku` klippa snora der,
han prat mest om vind og vær..

Men SÅ kom saksa fram, og sjå!
Ti kamera dei knipsa på,
og folk stod tett, men kvar var eg?
Eg syntest talen var litt treg,
og hadde rusla stille vekk,
med kameraet i min sekk.

Bak mann og snor, mi sikt var fri
eg knipsa stolt frå sida mi!
Du kan vel tru eg var i slag
då avisene kom den neste dag.

På framsida, ei saks, ein mann,
men der, lett synleg rett bak han
ei lita jente glisar stort,
slik vart eg kjendis ganske fort;)
Dette har lagt og venta litt, ikkje heilt nøgd med det, men pga datatrøbbel, sjuke born og ferdigstilling av oppussingsprosjekt, får det bli slik i kveld:) Tusen takk for gode kommentarar! Eg har ikkje sjans til å besøka så mange bloggar i kveld, sidan eg berre lånar data, men kjem sterkare tilbake snart, håpar eg! :)

onsdag 25. mai 2011

Oskelat?

Ikkje skispor i skiten snø,
men eit lite stykke Island på altanstolen min...

No har det skjedd igjen,
alt mitt arbeid rett i dass!
Du anar ikkje kor eg sleit
men no seier eg på trass:
dei vindauga eg vaska nett,
altanstolar eg bona,
som no er dekka av små korn
minst fire milliona',
får stå i fred og venta på
det neste fenomen,
i mellomtida kvilar eg
her på min grøne plen!


tirsdag 24. mai 2011

nøstet mitt


Bilete henta frå weheartit.com

eg har eit nøste av gode ord
då eg byrja å nøsta
var det lite

alt for lenge fekk orda gli
mellom fingrane
falla

for ho kan ikkje meina det?
han overdriv vel litt?
vil berre trøysta

eg såg i bakken då orda kom
mumla noko og rista
på hovudet

men ein dag fanga eg eitt
tok vare på det
smilte tilbake

og oppdaga at bakom orda
var trygge auge
som meinte

no samlar eg alle mjukt i hendene
kardar dei og spinn
sterk smiletråd

inntil hjartet ber eg eit stort nøste
vaktar det varsamt
mens det veks

ikkje kom med sladdersaksa
eller det glefsande
bygdedyret

eg hiv kniven som skar gamle mønster
for eg treng dette nøstet
av sjølvtillit

lag deg ditt eige nøste då vel?
du kan få dei fyrste orda
hjå meg
Tileigna ikkje berre ei snill mamma, men to! Den eine er riktig nok ikkje mi;) Begge har påpeikt til meg i det siste at det er viktig å ta imot skryt. Ikkje vera flau, men stolt når nokon kjem med positive kommentarar! Eg synest framleis det er vanskeleg, men har no byrja å nøsta litt då...:)

mandag 23. mai 2011

Synd, Ingolf!

Bilete henta frå wenn.com

Ingen veit dagen og ingen veit timen
det stend so i bokji, så kva er den stimen
av folk som forventar å stiga til vers?
Her luktar det fisk, men han må snart til pers...

For ein laurdag i mai skulle bli dommedag,
men veit du, det skjedde jo ikkje det slag!
I staden så ramma eit slag denne kar
som heilt utan pengar, sto ribba og klar...

Jaja, kjære fyr, du får ta deg ein fox,
og et det du sparte i din fryseboks!
Det spørs om du vil bytta namn i frå Robert,
gå i eitt med tapeten og kalla deg Skybert...
Seint dikt i går, og tidleg i dag, vart så inspirert av denne her fyren...
(Var eg litt frekk? Jaja, han forstår sikkert ikkje nynorsk likevel...)
Vart dette for fjasete for deg, likar du nok betre gårsdagens.
Greitt å få ut dagens, for i kveld har eg planar, faktisk :)

søndag 22. mai 2011

einsemd


ein ting er å vere
einsam, åleine
heime i si eiga stove

men i store forsamlingar
der praten går overalt
og alle ser ut til å ha nokon

er einsemda påtrengjande
for den som står stilt
utan fjes å festa blikket på

du kjende deg usynleg?
eg såg deg eg
men tørde ikkje gå bort

unnskyld
neste gong
kjem eg

lørdag 21. mai 2011

Hjernevaska?

dempa, masete
radiostemmer
bakgrunnsstøy

tre ord
trengjer gjennom
øyregongen

"den aller siste..."

resten forsvinn
 hjernen min
lagar sin eigen slutt

ikkje "...timen"
"...krona"
kunne det vore

men nei
ordet sprett fram
naturleg etter resten

"den aller
siste...
kokosnøtta"!

og eg skjønar
eg treng pause frå
ein viss tvkanal

skjønte du?
rettare sagt:
er du òg koko?


Bilete henta frå trimtips.no

fredag 20. mai 2011

To knekkebrøddikt. Nokon betre?

Knekkeknirk
Det knakar og det brest,
kva er det no som skjer?
Ein tjuv på sokkelest?
Eg reiser meg og ser.

Nei, no for lyden vekk,
men stilla blir snart broten
og eg kjenner noko sprekk
då eg set meg ned på vante måten.

For grunnvollane ristar
på jordkloden idag
og eit knekkebrød det mistar
både form og velbehag...

Eg ser i ettertid at det siste verset kan mistolkast litt. Og eg kjenner mange som likar å mistolka slike ting. Altså, det einaste som skjedde var at knekkebrødet knakk! ;)


Kom fram!
Kven har smula i senga mi??
Kom fram til eg har telt til ti!
Og fjern kvart tørre rusk litt fort,
eg søv ikkje før det er gjort!

Sju, ått, ni, ti kven må stå?
Obs, det demrar, eg kjem på
kven som fekk meg til å klø:
mor sjølv som knaska knekkebrød...

Mykje rart som kan dukka opp ein sein kveld. Og no har eg vel bevist at ein kan laga dikt om alt mogleg. Nokon betre?

Trøystedikt for stakkars eksamensfolk!

Eg veit at mange balar med
eksamensstyr, skal ikkje le!
Det er ei høgst alvorleg sak,
men sjå no opp, hald ryggen rak!

Og les kje` meire enn du orkar,
du lærer faktisk mens du snorkar...
Ver snill med deg og ta ein kvil
spander på meg eit lite smil!

Om kunnskapen har store hol,
så kan du i allfall ha som mål
det eine store som eg pleidde:
BLI FERDIG, og ver ikkje redde!

Du når målet før du anar
og det held i lange banar
om du gjer så godt du kan,
og et og drikk så kroppen held stand!

Til slutt må eg sei` lykke te`,
og husk at VIPS, på ein-to-tre
så er eksamen overstått
og du kan atter ha det godt :)
Kjem kanskje eit i kveld også, men veit mange styrar med eksamen på desse tider, så måtte hiva ut dette no før alle er ferdige;) Eg har forresten problem med internett, så ofte når eg prøver å gå innpå andre bloggar, klikkar heile vindauget. Så får ikkje så lett kommentert hjå andre eller besøkt så mange mens det pågår. Kjem sterkt tilbake når ting er i orden! Andre som har same problem?

torsdag 19. mai 2011

Spørsmål, men helst ikkje svar...

Lurar på kva folk tenkjer når dei ser meg for fyrste gong?

Så kjedeleg sveis!
eller
Har eg sett ho der før nokon stad?
eller
Å, usminka du ja, nok ei innbilt naturleg skjønnheit?
eller
Ho der smilte fint, og såg ikkje vekk, ho er sikkert grei!


Lurar på kva folk tenkjer når dei snakkar med meg for fyrste gong?

Det var ei ny dialekt!
eller
Kvifor bannar ho ikkje?
eller
Snakk om å babla i veg då...
eller
For ei reflektert dame, verkeleg moden for alderen!


Lurar på kva folk tenkjer når dei besøkjer meg for fyrste gong?

Ok utsikt.
eller
Jaja, tek det hjå meg neste gong?
eller
Du kunne i det minste ha brøytt veg til sofaen!
eller
Her bur det folk som fokuserer på dei viktige tinga i livet!


Du som les veit kanskje svaret.
Men heilt greitt for meg om du held det for deg sjølv.

Veit ikkje om eg kjenner meg heilt ferdig med dette, men følte eit visst press for å få det ut no;) Får heller fiksa litt på det seinare...

onsdag 18. mai 2011

I Bloggeland...

Bilete henta frå howtoblog.org

mel: I Bakvendtland, sjølvsagt!

I Bloggeland der pratar ein med fingrar på ei fjøl
om ungar, hus, familie, og tankar, ting og mjøl.
Du kan trygt seia at det finst ein blogg for kvar ein smak,
men ein ting er jo sikkert, at flest kvinner står nok bak?

Ja i Bloggeland, her kan alle mann
utlevera seg og skryta av alt det dei kan...

Og hiv du inn ein kommentar så får du gjerne svar,
i allfall om den er litt morsom, sakleg, ikkje rar...
Så er det ein som kjem og kommenterer stadig vekk,
han heiter Anonym, kan vera snill, men også frekk!

Ja i Bloggeland, her kan alle mann
utlevera seg og skryta av alt det dei kan...

Det finst òg noko omstridt, som florerer overalt,
me kallar det "award", det er litt bloggskryt, kort fortalt!
Eg fekk faktisk ein rosa ein av kjekke tante B,
av koselege Whitebite fekk eg jammen meg ein te`!

Ja i Bloggeland, her kan alle mann
utlevera seg og skryta av alt det dei kan...

Men tru kje` dette er ein klagesong, eg kan forstå
at folk må skriva om seg sjølv, og ting dei tenkjer på!
Det er jo nettopp det eg gjer i denne bloggen min,
og her i dette landet får ein lette for sitt sinn!

Ja i Bloggeland, her kan alle mann
utlevera seg og skryta av alt det dei kan...

Til sist må eg jo nemna nokon bloggar som er bra:
Elisabeth med fine dikt, og SurreSilje, ja!
Men aller beste bloggen som finst her i Bloggeland,
er bloggen "Dikt for dagen", for ho dama er kje` sann!

Ja i Bloggeland, her kan alle mann
utlevera seg og skryta av alt det dei kan...

tirsdag 17. mai 2011

Vårt eige land


I Norge, 1814, ville folket vårt bli fritt,
dei ynskte seg demokrati, eit land å kalla sitt!
Menn samla seg på Eidsvoll og grunnlova vår laga
og sjølv om Sverige støtta, skulle dei nok snart oppdaga:

at midt i mai, den søttende,
vårt land sto støtt på føttene.
Ja, me er stolt av røttene!

På eigen konge måtte Norge framleis venta litt.
men lova den la grunnlag for at eg kan kalla mitt
eit land som har det meste, både strand og fjell og fjord,
og min heimstad som nett no er aller finast her på jord.

For midt i mai, den søttende,
vårt land sto støtt på føttene.
Ja, me er stolt av røttene!

 Så feirar me med tog og flagg, og bunad, brus og is,
og jublar høgt for fridom, slik me gjer på born sitt vis.
Og kunne me, så ville me kvar mann på Eidsvoll klemma,
fordi at også me ein dag kan vera med, bestemma.

Og midt i mai, den søttende,
vårt land står støtt på føttene.
Ja, me er stolt av røttene!
Skreiv dette for ein barneskule til opplesing på 17. mai. Eit ekte tingingsverk med andre ord:)  Gratulerer med dagen!! Håpar du er ein av dei som får fint ver;) Og ikkje let hunden stjela heile showet, som kronprinsfamilien...

mandag 16. mai 2011

punktum, komma


her ei lummer natt
slo det meg brått
du er borte

pustar ikkje meir
blir aldri varm igjen
eg fraus

dagen etter såg eg sollys
midt i skuggeskogen
og blomane

kjende at eg framleis
pusta i ein kropp
som var varm

men eg gløymer deg ikkje

søndag 15. mai 2011

ettertankar


minn meg på
neste gongen eg har bursdag
at det er verdt
alt ryddestress, vasking, matlaging
når stova er full
av gruppelatter og smittande smil

tvilar eg framleis
kan du be meg hugsa alle dei store
pakkene

lørdag 14. mai 2011

Haha, haha....

Bilete henta frå Wikipedia.

(Melodien sei seg vel sjølv?)

Det er kje` det, eg vil jo Stella alt godt,
og eg syns dama har ein sjarm som er flott!
Ho kan òg syngja, ja det ingen tvil,
at her til lands så tok ho folket med stil.

Ja litt og litt,
så vart me kvitt,
alt kvirevitt
om han med eventyret sitt...

Og mange tenkte
at Stella skjenkte
oss nye tonar,
nokon fekk vinnarvonar!

Haba Haba, mange dei jubla glad!
Haba Haba, dansen var kjempebra!
Haba Haba, ekspertar sto og sa,
Haba Haba, denne kan vinna ja!

Så slo visst Stella både store og små,
jubla, direktesendt i frå NRK.
Tilbake sto det eit kjend fjes eller tre,
så himmelfalne, men dei skulle snart le..

For i Europa
sku`Stella sopa
inn alle stemmer,
men det vart trøysteklemmer...

Og alle måpa
då vinnarhåpa
dei brast i to,
men Helene Bøksle ho lo....

Haha haha, det gjekk jo rett i dass!
Haha haha, tårer i store lass...
Haha haha, Stella ringte rett til SAS,
Haha haha, fly heim, ingen fyrsteplass...
Huff, håpar ikkje pappen les dette, han likar Stella så godt. Har sansen eg òg altså, men kunne ikkje dy meg... Skal innrømma at eg kikka no bort på  innspurten av og til, mest for å sjå kostymar og le litt;) Det har visst vist seg at Europa ikkje var heilt imponert over songen "vår".  Ikkje meininga å kritisera Stella med dette innlegget, men gje ein liten dult til desse ekspertane som spådde at me skulle vinna heile greiene, og alt mediaoppstyr rundt det heile...