mandag 27. juni 2011

Livet ved E16

Eit sting i magen
  ved den fyrste
            nettavisoverskrifta.
               Ser nokon triste
                 ord på facebook
                    og uroa veks.
                     Det dunkar hardt
                i kroppen når
            bileta dukkar opp.
   Fingrane kvitnar
av nervøs kulde.
Kven sin bil er det
denne gongen?        
Kven sat inni?             
   Bilen verkar både              
kjend og ukjend.         
Ein sms roar ned.   
Ingen kjende. 
        Denne gongen.     
    Men den neste?
Og den etterpå?
Det har skjedd før.
For nokon skjedde
    det verste idag.   
        Og så lenge denne  
           tungtrafikken går,
                 og vegane ikkje blir
                    forbetra, skjer det
                                                             igjen.
Altfor ofte trafikkulykker/dødsulykker på vegane me køyrer på dagleg! Blir like stressa kvar gong. Og dei gongane eg blir litt letta av å høyra at det ikkje er folk eg kjenner, er det andre som får sjokkbeskjeden om at deira nære og kjære er ramma av ei trafikkulykke. Varme tankar til dei som opplever å mista nokon på denne måten. To triste dødsulykker på to dagar, denne og denne ulykka, visar at det bør skje noko med denne vegen.

Har prøvd å visa med utforminga korleis E16 ser ut somme stadar, og der teksten er feit, såg eg for meg at det var tunnellar... Kva som skjer med siste ordet kan de tolka som de vil...

lørdag 25. juni 2011

To tenkjedikt

avslørt?

når eg høyrer
kva du fortel meg
om dei andre

tek eg meg i å lura på
kva du fortel dei andre
om meg


omvendt

men eg kom jo hit
for å trøysta deg

det var ikkje eg
som skulle grina
To små tenkjedikt i dag. Elles vil eg berre melda at eg og bloggen går i sommarmodus til ut juli! Det vil seia at det godt kan koma dikt kvar dag i periodar, men eg lovar det ikkje, og det kan bli ein del dagar på rad med diktpausar også, alt etter kvar eg er og kva eg styrer med. Er det ferie, så er det ferie :)

fredag 24. juni 2011

Limerick-mimring

Eg har innbilt meg at det fyrst er i år eg verkeleg har funne ut at eg likar å skriva dikt. Men så kom eg på (ja, eg hadde faktisk gløymt det!) at eg hadde jo ei karriere som konkurransediktar tidleg i tenåra! Dei som høyrde på NRK Hordaland om sommaren for litt over ti år sidan, vil kanskje skjøna dette litt betre enn resten... Og altså, jamaldringane mine må no ha sagt sitt om at eg dreiv å dikta, men dei vart kanskje litt stillare då hobbyen min gjorde at eg fekk arbeidsveka mi på NRK? ;)

Mimre-limerick

Kanskje du av og til høyrde på
konkurransen der på NRK?
Tenkte:" Driva med slikt,
laga limerick-dikt??"
Men EG skreiv jo limericks som få...

Eg vann faktisk ein gong eller to,
og var stolt då eg mammo mi slo!
Visste kva eg sku` gjera
for å imponera:
eg sat jo å dikta på do...

Og så måtte eg laga ein "ekte" limerick då, som oftast er ei lita munter historie med eit stadnamn i fyrste linje.

Svidd sjarme
Ein ungkar han skulle til Gol,
sjå på damer og slikka litt sol!
Men han svei seg visst raud
og fekk magasjau...
Moralen? Drikk ei alkohol!

torsdag 23. juni 2011

ei jonsoknatt kan alt mogleg henda


bålet
flammar

pilen
rammar

mannen
stammar

kjærleik
 lammar

...og det kunne ha enda med både svettedammar og ei bukse som strammar men dette er tross alt ein særiøs blogg, så resten kan de tenkja dykk sjølv!

onsdag 22. juni 2011

God tur til Syden, eg stikk til fjells!


Om du er åleine, med to eller ti,
på fjelltur så kjenner du deg lett og fri!
Skuldrene senkar seg, kroppen blir brukt
til noko den likar, sit ikkje til tukt.

Nokon går føre, mens andre ligg etter,
ein vandrar tidleg, to likar best netter.
I regn eller sol, på veg eller sti,
gjev lydar og lukter deg fjellharmoni.

Det singlar i bjøller og duftar av lyng,
og kanskje du høyrer ei granmeis som syng?
I bekken det sirlar eit vatn så klårt,
forfriskar ditt sinn når du treng det så sårt!

Men kva enn du gjer, står ein ting fram klart,
som ikkje bør mangla, det har eg erfart:
kvar fjellvandrar, både dei korte og lange,
finn roen med bål og ei pølse, helst mange!

Klisjè kanskje, men fjellet er ikkje oppskrytt! Og jippi: tjuven leverte nettet tilbake:)

mandag 20. juni 2011

Bordvers for ein edderkopp


Eg ligg på vakt og lurar
til nokon kjem forbi.
Då tek eg jakteturar
i mitt nett med noko i!
Ver ikkje redd, det går så fort,
på ein-to-tre så er det gjort!
Og du ligg der og sturar,
ferdig surra, nista mi!

Eg svinsar heim litt trøtt og lat,
det dirrar svakt i knea,
og gler meg til å eta mat
som ingen bein kan lea!
Og lurar du på korleis eg
så effektivt flatpakka deg?
Du skjønar vel eg sat
og såg teknikken på IKEA!

søndag 19. juni 2011

utsetja ting? har eg aldri hørt om

veit eg burde betalt den hersens rekninga
men får så vondt i magen av tanken
at eg et litt i staden

veit eg burde svart på det der brevet
men har i grunn heilt gløymt
kor eg la det

veit eg burde tatt den viktige telefonsamtalen
men no er det uheldigvis
litt seint

veit eg eigentleg burde lagt i senga mi no
men kva skulle du lese på då?
telefonkatalogen?

PS: bilete kjem seinare.......

lørdag 18. juni 2011

sikksakk

 

syklar sikksakk
let gummien erta
sliten asfalt

lurar den til å
tenkja "typisk!"
"tenåringsfakter!"

eg fnisar høgt
før asfalten nesten
lurar meg

men berre nesten
eg er ikkje 26
for ingenting

fredag 17. juni 2011

prat

det er nesten vondast
å vita kva
folk seier

når du innerst inne
lurar på om
dei har rett
Nei, ingenting har skjedd. Berre slikt som eg tenkjer på.

torsdag 16. juni 2011

Tantetid




tenk å ha
ei tante
som har tid

ei tante
som mest alltid
er blid

ho smilar ned
og trykkjer
handa mi

mens me
trallar høgt
vår eigen melodi

ja, tenk å ha
ei tante som
har tid

slik ei tante
vil eg også
ein gong bli

onsdag 15. juni 2011

Huskevise for tidlege morgonar!

(mel: Når en pepperkakebaker...)

Når du tidleg fer på dør
og helst sku` kome deg ut før,
må du ikkje gløyma ungar,
sekkar, niste, klede, sko!
Har du sjekka huskelappar?
Har du kneppa alle knappar?
Og til sist, men ikkje minst:
har alle huska gå på do?

Og tenk, når står på trappa:
har du katten mata, klappa?
Er di lomme fylt av bilnøklar,
ei lommebok, mobil?
Husk å låsa ytterdøra,
belter på, så kan de kjøra!
Og få alle til rett stad,
før du på jobb kan ta ein kvil!

tirsdag 14. juni 2011

kjære familien min

Bilete publisert med godkjenning frå Amèlie78.

 eg veit de tenkjer på meg heile tida

på fingrar som skulle gripa
tær som skulle bitast i
ein munn som skulle le
og auge som skulle opna seg
og sjå verda for fyrste gong

eg ville så gjerne opplevd det

men huda mi får aldri skrubbsår
øyrene vil aldri høyra vonde ord
hendene mine blir ikkje rynkete
og augene VIL opna seg
og sjå det beste av alt

hjå Han som skapte alt godt
Det er umogleg å ikkje bli rørt av å lesa dei siste innlegga i bloggen til Amèlie78. Ho opplevde nylig alle gravide sitt mareritt: å få beskjed om at den fullborne jenta ho bar i magen, brått ikkje levde lenger. 

Før helga vart jenta gravlagt, og innlegget om dette (og dei andre innlegga) er så utruleg godt, ekte, ærleg og hjarteskjærande skrive av ei mor som har sagt farvel til si etterlengta dotter, utan ein gong å få sett ho inn i augene. 

Eg hadde lyst til å skriva eit dikt til denne familien, og i helga dukka det opp. Håpar og veit at det vert lysare for dykk etter kvart, endå så svart det nok kjennest nett no! 

Vil oppfordra dei som klarar, til å gå inn på bloggen og skriva nokon ord frå hjartet. Veit av erfaring kor spesielt godt det er å kjenna omsorg og omtanke frå medmenneske i vanskelege periodar. Og de som ber: ta gjerne familien med i bønene framover.  

fredag 10. juni 2011

Forventningar


Eg trivs best
når andre har
null forventningar
til meg.

Då skal det
så lite til
for å
imponera!
Tusen takk for mange fine ord på forrige innlegg! Eg nøstar eg :) Kjenner elles at eg treng ein skrivepause, orda set seg fast ein stad mellom hovudet mitt og fingrane som trykkjer tastar... Syns de greie lesarar fortener meir enn halvferdige dikt, så eg tek ein pause til over pinsehelga. Saknar du eit dikt for dagen, kan du lese nokon av mine tidlegare dikt! Eg leita gjennom mine aller fyrste for dykk, og fann eit for laurdag, eit for sundag, eit for måndag, god helg;)

torsdag 9. juni 2011

Takk, FotoKnudsen!




I bosset ligg
brevet frå
Samlaget.


Burde jo skjønt at det var nyttelaust å stila mot det største nynorskforlaget som finst... Ikkje at eg trudde eg skulle fått gitt ut nokon dikt, men hadde vore kjekt å fått tilbakemelding frå eit forlag! Men her var det nei takk og ingenting meir, så lite hjelp i det. Heldigvis finst FotoKnudsen, som gav meg sjansen til å laga akkurat den boka eg ville;) Kjekt å ha som gåve til slekt og vener som faktisk likar dikta mine!

onsdag 8. juni 2011

Oldemødre


Eg er veldig takksam, stolt, 
men mest av alt så glad,
for at mine born får 
fire oldemødre ha!

Damer med humør og
mjuke hend` å halda i.
omsorgsfulle, gode fang
og bein i nasa si!

Med kvar si livsforteljing
som er spennande å høyra,
om barndom som var annleis,
tenk dei kunne ikkje køyra!

Å samla alle, kosa seg ilag, 
generasjonar,
kan skapa varige verdiar,
verdt minst mange millionar!

Kvifor berre tre ilag
på biletet?, spør du..
Den fjerde var der også,
men du skulle ikkje tru..

at dama du ser under her
er heile åttifira,
ho har ganske barnslig humor,
likar å få folk te` flira!


tirsdag 7. juni 2011

Samvit

smyg seg snedig
oppover beina

stansar ved magen
stampar i veg
til den verker

snor seg vidare
til hjartet

søkjer etter
fleire bører 
å plaga hjernen med

bører som gneg og trykkjer
og gneg litt meir

heilt til du får gjort
det du skulle 
for lenge sidan

eller til børene 
gneg seg til botn

der det berre er 
likesæle, vørdlause
vondskap

men ikkje vent
så lenge då?

 
Redigerer nok meir på dette, men tenkte å få ut litt tidlegare enn i går..;) Gje gjerne tilbakemeldingar om kva de ikkje forstår/opplever ikkje fungerer. Var denne utviklinga då...

mandag 6. juni 2011

Oppsummering


Frå hyttetur i helga,
eg kan fortelja mangt.
Men at det interesserer,
er nok mykje forlangt.

Men kortversjonen får du
med bilete og alt,
så kan du lura på
kva eg ikkje har fortalt.

Du ler nok litt av sko i do,
men det gjor ikkje eg!
Ja, takk og pris for antibac,
men det var vemmeleg.


Ei nase som var søt 
fekk ein souvenir som svei
medan storesyster samla stein
(ho vart jo aldri lei!).


På turen heimatt rakk me nett
sjå ferja då ho for.
Men neste kom til slutt,
og då var gleda atter stor!

Og lurte me på retning heim
(det hende smått om senn),
me trengde kje` vår GPS,
men såg på himmelen!


Mariekjeks dei smula felt,
men jammen var det godt,
helst tre om gongen, 
framme lo ei storesyster rått.

Mor speida etter reinsdyr,
og jammen var dei der!
Ja, synet mitt er ikkje dårleg,
berre sjå på bildet her!



Og ser du berre snø og skog,
og trur eg var i koma,
då må du bita i deg det,
det gjeld berre å zooma!!


Hmm, vart visst mest om heimturen dette. Men hytteturen var også for å koma oss i gravferd til dama eg skreiv eit dikt om tidlegare, og me brukte mykje tid saman med slekt og kjenningar der. Fin gravferd, men tenkte eg skulle fokusera på den muntre sida av turen no. Kjem muligens fleire dikt inspirert av turen seinare, men dette får halda i kveld:)

søndag 5. juni 2011

Kvar har du det?

Nokon har det i kjeften.
Andre har det i knolten.
Somme har det i beina,
og ein har det når han er svolten.

Kva har dei?
Ja no kan du lura...
Men eg veit kor EG har det,
sa brura...

Eit av desse som berre dukka opp. Eg anar ikkje kor i frå... Ikkje be meg tyda det, er de greie. Vart ikkje noko djupdykk i hjernearkivet i kveld, for å sei det slik. Og eg beklagar at eg ikkje har vore tilstades her sidan onsdag kveld. Det har vore ein smule frustrerande utan data og sjans til å sjekka bloggar eller svara på kommentarar, men skal prøva å ta det att litt no, og reknar med at dataen min er på beina att i løpet av neste veke. Dikt skal det no bli uansett på ein eller annan måte, men hadde jo vore greitt å hatt sjans til å fylgja opp bloggen litt meir og...

lørdag 4. juni 2011

fredag 3. juni 2011

spørsmåla

saman med sorga
sym spørsmåla
i salt vatn

kvifor oss?
kvifor no?
kvifor ho?

syg seg fast
som sugekoppar
og svir utan svar

torsdag 2. juni 2011

Naboar



Ein nabo har eg, to og tre,
ja faktisk endå fleire med!

Nokon ser kvar steg eg går,
tek nummer på kvar bil som står
i vegen for at dei får sjå
mitt ugras som i fred får stå.
Men heilt ok og greitt for meg,
ein tjuv ville nok angra seg!

Ein nabo har ein utestamp,
ein annan har ein liten ramp...
Så er det ein som vaskar bil,
mens andre heller tek ein kvil
og gløymer setja fram sitt boss,
nei oops, det var visst jammen oss..

Og ned ei trapp og inn ei dør
sitt naboar med godt humør,
som me er veldig glade i,
dei stiller opp når dei har tid!
Trass varsel kort, dei sjeldan grin,
så: kan de passa vår kanin???
Det fyrste av tre innlegg som eg har laga på førehand. Skal vekk med familien, på ein stad utan data. Grøss og gru? Nei, trur i grunn det blir fint;) Eg kjem meg sannsynlegvis ikkje inn for å fiksa på noko eller svara på kommentarar/sjekka andre bloggar før søndag, men kjem nok til å lesa kommentarar av og til via mobilen... Så kjekt om de seier kva de synest uansett :)