søndag 31. juli 2011

freista ikkje fanga meg




freista ikkje fanga meg
med tvingetau eller
farlege feller

med kniven på strupen
er dei einaste orda
verken fine eller mine

men strø støkirsebær
på stigen min og legg
det siste i fanget ditt

ta imot meg med trygge auge
klø meg bak venstre øyre
og vent

kanskje du lokkar orda ut
mogleg du må venta
til tredje gongen

men du angrar ikkje
når du stryk sjela mi
utover krøllete lappar

og kjenner blodet
strøyma fort
fordi du veit

at vi saman kan gjera
ein skilnad for nokon
du og eg
Eg skreiv i natt eit innlegg om at eg lurar på å starta meg eit enkeltpersonsføretak og prøva å tena litt pengar på denne hobbyen min. Ta ulike skriveoppdrag, og selja til dømes kjøleskapmagnetar og bilete med dikt på. Trykkja opp diktboka mi i fleire eksemplar og selja ho. For eg grublar felt...

Men synest innlegget verka litt for "fiskete", og det var ikkje meininga. Meininga var å lufta tanken med de som les bloggen min. Mannen er lei av å høyra om det, og han likar ikkje dikt heller...

Så no presenterer eg tanken på ein litt annan måte, med dette diktet som for meg skildrar det å skriva dikt. Ein kan ikkje tvinga dikta fram, men lokka dei fram og skriva dei ned nett når dei er der. Og så håpar ein at det kan gje andre noko. Men eg klarar ikkje alltid å tru at dei faktisk kan det.

Kva tenkjer de, er det noko marked for meg og dikta mine der ute?

(Eg stikk til fjells til i morgon, så ikkje bli fornærma om eg ikkje svarar i kveld.... Set pris på konstruktive kommentarar, du treng ikkje føla at du må vera positiv!)

fredag 29. juli 2011

Ding dong!


Ånei, den lyden vil eg ikkje
høyra her og no!
Tusen ting på golvet,
og så sit eg her på do...

Eg slengjer boka frå meg,
vaskar hender, spring ut fort,
adrenalinet pumpar mens
eg ser alt eg sku` gjort.

Hysterisk hiv eg leikar
oppi kassar, inni kott.
I bosset fer reklameblad,
kvar gamal epleskrott...

Reine kle` og brukte
til mitt rom, bak lukka dør,
på vegen tørkar eg sølt saft
(eg sku ha gjort det før!).

Eg høyrer lyden atter,
frysebyger på min rygg.
Ikkje ein gong heime
kan ein stakkar vera trygg!

Stovebordet feia,
under sofaen med resten,
mens eg ber ei bøn om
at den uanmeldte gjesten....

...ikkje opnar skapdører
og ikkje må på do,
men går rett bort til sofaen
og sit der heilt i ro!

For tredje gong kling dørklokka,
eg rettar litt på buksa,
og håpar gjesten ikkje skjønar
at eg ryddejuksa.

Der står ei ukjend jente
med eit velkjend seljarglis,
og spør om eg vil kjøpa
dagens heilt ferske avis...

Eg ser på overskrifta:
"Gode tips: Få rotet vekk!"
og gaular: denne treng kje` eg,
du er no jammen frekk!!.......
No har det vore mykje alvor her, så når endeleg eg skulle prøva meg på eit kvardagsdikt igjen, måtte det bli eit heilt overfladisk eit... Medan eg skreiv på dette her, kom eg (med gru) på at eg er med i ei facebook-gruppe som heiter "spontanbesøk". Dei som er med i gruppa gjev visst uttrykk for at dei vil ha folk på uanmeldt besøk... Misforstå meg rett, eg likar tanken. Og for all del: eg vil ha besøk! Men ver så snill, gje beskjed minst ein liten time før då, så eg ikkje besvimer av ding-dong-sjokket....;)

(Og om du lurar på kvifor eg brått har fått så mange lesarar, har eg hatt mitt vesle døgn på lesernes VG med forrige dikt... Kjekt med mykje besøk, men reknar ikkje med å sjå så mange att, dikt + nynorsk er vel ikkje det som fengar flest;) Gøy så lenge det varar, uansett.. )

mandag 25. juli 2011

fordi eg bryr meg



På høgfjellet ein stad i Norge, dagen etter det verste skjedde.
Heile Norge kjenner seg berørt av tragedien.

 det er fordi eg bryr meg

at eg byter kanal
koplar av med ei bok
eller fjelltur med familien

det er fordi eg bryr meg

at eg ler av noko artig
går på kino med ein ven
og kosar meg med god mat

det er fordi eg bryr meg

at eg smilar for det gode
og eg set pris på 
dei og det eg har

det er fordi eg bryr meg

og prøver å halda
meg sjølv flytande
så eg kan dra deg opp

det er fordi eg bryr meg

og ikkje vil la drapsmannen
øydeleggja fleire sekund
av dei dyrebare liva våre

og så kjem kvelden
og eg tenner lys og ber 
for dei som er ein betre stad

fordi eg bryr meg
Ein kjenner seg nesten litt ubarmhjertig når ein prøver å få tinga i Oslo litt på avstand. Fyrste dagen sat eg klistra og tok inn over meg alt, og prøvde å forstå. Andre dagen, då eg vakna til det rystande talet på omkomne, skreiv eg inn eit trøystedikt her på bloggen, og gjekk ein lang fjelltur med familien. Eg klemte borna mine ekstra mykje når dei kom bort til meg. Mannen min også.

Eg trur ikkje det er meininga at me skal la tragedien overmanna oss heilt. Eg trur me gjer lurt i å vera snille med oss sjølv, og spara seg litt for alle bilete og alle artiklar. Ein veit kva det går i. Ein veit at det kjem til å kverna i hovudet. Lenge. Og vera i bakhovudet for alltid.

Det er mange nok som er slått ut av det grufulle. Dei treng at me rundt heldt oss oppe. Heldt drivhjula i gong for dei, medan dei brukar tida dei treng til å fordøya, gråta, gravleggja sine kjære, og byrja på vegen mot å leva igjen. For dei døde, må me visa at me kan leva. Og leva godt. Me legg oss ikkje ned, i frykt og fortviling, som drapsmannen vil.

Blir litt store ord frå meg no, men eg trur det trengs i slike situasjonar som me no er oppe i. Dette vert siste sorg-diktet for ei lita stund, no skal eg prøva å kopla det ut litt her på bloggen i alle fall, og skriva om andre ting, etter fire dikt om tragedien. 

Vil til slutt lenkja til nokre gode innlegg hjå andre bloggarar. Elisabeth sa det så godt fyrste dagen tragedien ramma. Lammelåret har reflekterte tankar om omtanke for etterlatte. Amèlie78 har fleire innlegg om korleis ein kan hjelpa dei som er i sorg, knytta til at ho sjølv er inne i ein sorgprosess. Det mest konkrete finn du her. 

du som var på Utøya




du som var
på Utøya
og overlevde

heile verda
tenkjer på deg
gret for deg

frykta du opplevde
drapa du såg
den verste timen

vil endra deg
prega deg
og styrka deg

på vegen mot
eit normalt liv
vil me vera der

dei næraste vil
bera deg på
hendene

og heile Norge
vil omslutta deg
med varme

du som var
på Utøya
og fall

på grunn av deg
vil samfunnet vårt
bli endra

me vil ta ekstra
godt vare
på kvarandre

me vil ikkje la
nokon skremma
oss tause

og me vil aldri
gløyma
deg
Eg får så lyst til å hjelpa. Til å gjera noko.
Men eg kjenner ingen av dei som er ramma, såvidt eg veit.
Så eg skriv. Og håpar at det i alle fall hjelper nokon.
Andre dikt eg har skrive om tragedien finn du her.
Fleire dikt om sorg finn du nedover her.

søndag 24. juli 2011

Utøya

knugande stilla broten
av smell og
skrik

skremte auge
ser nokon
falla

redsla jagar
kroppen 
ut

fornufta fangar
spranget
såvidt

lysår går i eit
stummande
mørke

så endeleg trygg
men aldri meir
den du var

barnsleg naivitet
trekkjer ned
 i jorda

saman med dammane
rundt dei som
ligg att

Har prøvd å tenkja litt på korleis det kan ha vore å vera på Utøya. Og skildra det i diktform. Vanskeleg å skriva om noko anna nett no. I går prøvde eg meg på eit trøystedikt. I dag vart det mørkare. Trur det kjem eitt til i morgon, om livet som må gå vidare, men så skal eg prøva å skriva om andre ting.

lørdag 23. juli 2011

Ramma, ikkje lamma!



på bordet ser eg lyset flamma,
mens eg tenkjer på
dei hundrevis som no er ramma,
prøver å forstå

kor vond ein mann kan vera
kjenner det i halsen stramma
men ikkje tru at han kan gjera
landet handlingslamma

for sjølv om ingenting igjen
blir akkurat som før
og mange tårer renn
og verda kjennest veik og skjør

så let me ei oss knekka
eller munnane bli stengde
men vil mange hender rekka
mot den stad der dei er trengde

mot dei som såg det verste skje,
og dei som mista sine kjære
me ber for dykk og håpar
de har hjelp og venar nære

forvirringa og sjokket
vil bli dump, fortvila smerte
men ikkje legg på lokket,
få ut det du har på hjertet

og gøym dei gode minna
husk at sjølv om du må streva,
vil du freden atter finna,
for dei sakna må du leva!
De som fylgjer meg, veit at eg skriv dikt om det som opptek meg. Dikt som eg håpar kan hjelpa folk. Som alle andre har tankane vore i Oslo sidan eg høyrde om dei eksplosjonen og Utøya-skytinga. I natt skreiv eg dette diktet, men reknar i grunn ikkje med at det kan vera til så mykje hjelp endå, sjokket er for stort. Kanskje etter kvart det kan hjelpa nokon?

Vakna i dag og les kor mange som er drept. Rein massakre! Eg er glad dei har teke mannen. Det kjem til å bli mange som ropar på dødsstraff no, men det fortener han ikkje. Om han fortener å sitja i eit norsk fengsel, er eit anna spørsmål. Men dei som mista livet, fortener at han må stå til rette for det han har gjort.

Om eg kan trekkja fram noko som helst godt i forhold til det som har hendt, er det at i kjølvannet av noko så forferdeleg, skjer det noko med folk. Ein set meir pris på det ein har. Ein kjenner på omtanken for andre, og prøver å hjelpa der ein kan. Folk stimlar saman, klemmer kvarandre, trøystar, og uttrykkjer igjen og igjen kor glade dei er i kvarandre. Det er noko me her i landet ikkje er så flinke til elles. Kanskje desse grufulle episodane kan gjera slik at me klarar å verta flinkare til å visa andre at me bryr oss om dei?

Lat oss no slå ring rundt dei som har overlevd dei grusomme hendingane, og dei som har mista nokon som fylgje av dei. Lat dei kjenna omsorga frå heile landet, gjennom ord, bøn og gode gjerningar. Me skal stå det over, og me skal ikkje la dette øydeleggja kjensla  av at landet vårt er eit trygt og fritt land. For dei mange som mista livet, skal me overleva dette.

Her hjå meg kan du finna ein god del dikt om sorg. Her er eit dikt om kor hjelpelaus dei rundt kjenner seg når nokon blir ramma av tøffe ting, med tips til kva ein kan gjera for å hjelpa. Eg veit at mange ikkje klarar å setja ord på vanskelege ting, så kanskje mine ord kan hjelpa litt?

Feriedikt 4/4

Ulsteinvik, Hareid og Flø, vitja me!
Hanne og Sigrid, Janne Tove og Beate visste det.



Finn du mannen i biletet?


På Flø me sov to netter, godt, tok livet heilt med ro.
På handletur til senteret med fargenamn, så slo...
eg til og gjor eit knallkjøp, handla kunstbilder i fleng,
"Da e jo fela avslag!", var mitt blide salgsrefreng.

Til slutt så bar det ned att, tek Ålesund eit anna år,
me tok ein annan veg, sku innom mørevenninna vår!
Kom til ferjekai med navn som starta på eit ord
som er noko du kan drikka av, står ofte på eit stovebord.

Den ferja gjekk rett før me kom, ein time att til neste....
Så mannen min og jenta ville fiskelukka teste.
Dei kom fornøgde att med ein pitteliten sei.
(Som vart liggjande i vogna til eg vart av lukta lei...)

Over fjorden kjørte me rett fram og så opp ein veg,
og traff ein glad familie som var så koseleg.
Derifrå ein halvtime og til ein annan stad
der me fekk sjå på dyr som gjorde borna mine glad!


Ein gamal gard med mange dyr, som seljer kunst og ting og kle`,
Fargerik og artig, garden heiter: ......................
Me bada også på ei strand som også har det same namn,
og dagen etter kom me heim att til vår trygge hamn.

Dette er også frå garden altså, det er ikkje her me bur;)

Eg kunne sikkert utbrodert meir, fortalt at me besøkte eit kjekt vennepar i Førde på vegen heim, og delt fleire bilete. Men som alle andre har eg hatt tankane i Oslo i ettermiddag og kveld. Uverkelege bilete og inntrykk som strøymer ut av tv-ruta og frå nettavisene. Det blir nok dikt om dette når eg har sortert litt tankar, men måtte få ut dette av systemet fyrst.

 Lammelåret (også dama bak bloggen Oppsummert), har delt viktige tankar om korleis ein kan ta temaet opp med borna, som garantert får med seg at noko har skjedd i Oslo.

torsdag 21. juli 2011

Ferietur 3/4

Det var visst mange som traff endå meir enn nokolunde,
for på turen vår så hamna me jo ytterst ut på Runde
Guri, Hanne, Shy B, Beate, Elisabeth og Sonja hadde rett,
(sei det fort nok, så stemmer jo rytmen...)
men Janne Tove visste også veien, rett og slett! 


Frå Runde reiste me litt seint, det var så mangt å sjå,
men til slutt så fekk me hekta retrocampingvogna på.
Tilbake over bruene, og oppover det bar,
forbi tett i tett med vannliljer, og under himmel klar!


Me kjørte rett forbi ein stad som byrjar på eit ord
som minna meg om strikking, sauebreking langt ein fjord.
Litt lenger opp, så kom me til ei bygd for patriotar.
(Eit trenaretternamn, er hint for fotballidiotar)

Eg kjenner nemleg to herfrå, dei skraut jo slik av bygda
at ein sku` tru at dei fekk krav på "bygdeskrytetrygda".
I nærleiken ei strand så flott, og ein stad der nokon sloss,
ikkje nyleg neidå, dei var vikingar "førståss"...
(ikkje eit ord eg brukar ofte, men det rimte i alle fall)

Me stilte oss på ferjekai, og ville mot ein by,
som to bloggedamer bur i (trur eg, eller har dei lurt meg opp i stry?)
Og ferja kom, og bilar av, men me sto like still,
for to servicebilar køyrde inn, og ferja ankra til...

Då køyrde ferjekøen vekk, me sto åleine att,
og lurte på om me sku` stå der heilt til seine natt.
Me spurde då ein hjelpsam kar, han måtte håve` klø,
så sa han "treng de campingplass, de finn ein fin i ......"

Og me fann nummer, ringde fort, sa: "har du plass til fleir`?",
Han svarte: "Sjølvsagt! Kom! Det e so spøkje fine vejr..."
(dei siste tre orda vart eit lite mantra for oss resten av turen...)
Me køyrde litt tilbake, forbi staden nemnt litt før,
og tenkte: "ikkje dumt, kanskje varmt litt meir mot sør?"


Men kva skjer no, me nermar oss jo havgapet, og vind!
Til venstre var ei øy så kjend, eg såg på mannen min...
Han trakk så lett på skuldrene: "Eg syns plassen her er fin!
Sjå der er fin ei strand, og sjå kor sola skin!"



Og klokka den var mykje, så eg bukka stille av,
og hutra litt i vinden, men så trakk mitt blikk mot hav.
Ein solnedgong så vakker ramma inn i vått og blått,
og eg skjøna fort at nettopp her var campinglivet godt!



Her var ein diger molo som tok av for bølgjer, hav,
og elles møtte campingplassen alle våre krav...
Litt borti vegen var ein traktor med ein artig vri,
og ein kjend butikk med norske merkevarer i!


Ja, anar de kor me har vore? Eg veit ikkje namn på alle stadar, nokon som veit kva det heiter der det var vannliljer, for eksempel?

onsdag 20. juli 2011

Feriedikt 2/4

Førde er kalla Norges styggaste by,
dei som bur der er kanskje nett ikkje så kry?
Me for vidare til Jølster, og campa jo der
og reiste frå Jølstraholmen i nydeleg vær.

Både Shy B, Hanne, Sonja og Ragnhild visste mykje av dette,
dei bur vel kanskje ikkje så langt frå, kanskje? 


Me stansa ein stad der me klappa på kyr,
eg vassa i breelv og fraus som ein lyr.
(eller kanskje litt meir)
Så tok me ei ferje, og kjørte litt til,
under ein sjø, før me kjørte oss vill.


Det tok ikkje lenge før me fekk snudd nasa
mot staden me ville, mens ungane masa:
Ho eine sa "er me kje framme snart no??",
han andre sa "brom, bæ og buhu", og lo...



Me for over bruer, minst femhundre vel?
Og kom fram før det var blitt alt for sein kveld.
På ytterste øya me fekk siste plassen,
og skviste inn vogna rett bak utedassen..

Nei, no tullar eg felt, siste plassen var FIN,
me stod heilt tett ved havet, i vakkert solskin.
Då henta min mann ut eit brunt retrobord,
i frå retrovogna (den vart ei bygd i fjor..)



(Her må eg innskyta, det er ikkje min stil
å drassa på retro i hus og bil.
Men låner ein, må ein jo ta det ein får,
og det var nostalgi nok der i vogna "vår".)



Så laga han mat, kjære husbonden min,
og lot seg kje` stoppa av den friske vind!
Spaghetti på boks det høyrer jo med
og alt for frå fata, og alt vart svelgt ned...


Me såg solnedgongen, og den var jo flott!
Ei andemor passa på sine så godt.
Neste dag tok me ein lur, og gjekk tur
i annleis og flott nordvestlandsk natur.


Me såg fuglar i fleng, men ikkje sånn "lunde",
og det var litt rart, for me var jo på...........