onsdag 31. august 2011

ubesluttsom



å velja eller ikkje
er aldri spørsmålet 
for eg må

veljer eg det
synest han
det er flott

men gjer eg det
veit eg om nokon
som blir glade

kanskje eg skulle
vurdert litt nærare
å gjera det slik

frå ei anna side
kan jo dette
vera lurt

det er berre
kjekkast
for meg

så det gjer eg
i alle fall
ikkje

no veit eg
kva eg gjer
ja!

forresten

denne kvalmen
når eg eigentleg
har bestemt meg

gjer at eg må 
tenkja gjennom alt
på nytt

Eg burde sikkert levd for ca 100 år sidan, då livet og framtida di var settla frå fødselen av, alt etter kva familie du var født inn i. Ingen val, berre til å fylgja strøymen av forgjengarar, forfedre og andre for-ar... Eller? Har i alle fall store problem med å forhalda meg til alle valmoglegheitene som ein må ta stilling til i dag. Av både smått og stort... Så mange hensyn å ta. Og når eg fyrst har bestemt meg, kan eg angra i neste minutt... Må nok jobba med å klara å stå for det eg har vald!

Vart litt ekstra stressa idag, har skrive under og sendt inn kontrakt til forlaget som skal gje ut diktsamlinga mi, og så byrja eg å tenkja: Kva trur eg at eg er? DIKT? Selja? Bok? Blogg? Bygdeprat? Innbilsk?  Det er jo ikkje nett så mange på min alder som skriv dikt, og i ALLE FALL gjer dei ikkje ut diktsamlingar. Tenkte eg.  Har jo forplikta meg til å selja 125 eksemplar, og brått syntest eg det hørtes ut som eit uhorveleg digert tal.

Det gjekk jo også litt "fort i svingane" då: eg byrja å skriva dikt i januar, og no er eg på trappene med diktsamling til jul. Det er jo i beste fall dristig. Altså, i forhold til at den faktisk skal seljast. Har lest litt for mange anmeldingar av andre diktsamlingar til å tru at eg kan hevda meg. Boka blir sikkert ikkje omtalt i avisene ein gong. Og om den blir det: "Ikke noe nytenkende, men banale dikt blottet for poesi. Hvor er surrealismen? Hvor er det abstrakte? Hvor er det særegne? Hvor er det som får leseren til å gruble hele natta fordi han ikke skjønner en dritt av det som står der???".

Så fekk eg ein mail frå redaktøren min som roa meg litt ned, han trur det skal gå veldig bra. Og så tenkjer eg på at det er jo dette eg har lyst til. Skriva. Gje ut bok. At andre les og likar noko eg har skrive. Om det er 101 eller 45 eller 5789 personar som likar boka, har det i grunn ikkje så mykje å seia, om tekstane verkeleg treff dei som treng det. Tenkjer eg. Eller tenkte eg nett i stad. No tenkjer eg at eg sikkert burde kanskje ikkje muligens, eller.... Nei. Gjort er gjort.

Forresten 1 (og heilt tilfeldig): Vil du førehandsbestilla boka? Send meg mail med namn og postadressa di på diktfordagen@hotmail.com, og du får ho i posten med ein gong ho er ferdig trykt (om ca to månadar - i god tid før jul!). Boka kostar 198,-, og porto 40,-. (same porto uansett kor mange bøker du bestiller). Faktura kjem med boka.

Forresten 2: Velkomen til fylgjar nr. 100!! Og alle før det;) Kjekt de er innom, og har lyst å koma att!

Forresten 3: No har eg nye kjøleskapmagnetar for sal i "poesibutikken" min!

tirsdag 30. august 2011

sjokospor



eg høyrer nokon tuslar stilt
frå rom til rom på leit
ikkje etter mor, ånei!
eg trur nok at eg veit...

...at søtsakene minkar
i frå skåla på vårt bord
men det DU ikkje veit
er at du set att klare spor!

trur du at eg kjeftar?
ikkje no, eg kjenner litt
på at eg likar både deg
og sjokosporet ditt!


mandag 29. august 2011

Junkmail



Eg har visst mange kjende,
no er mailen full igjen,
men kjære dr. Rehab
eg er slett ikkje din venn!

Du Regencia Mañana,
kvifor ynskja meg til lukke?
For den "disken" til herr Zaki,
får meg berre til å sukke...

Mr. William E Smith,
eg vil ei ha din billett,
både eg og du me veit,
at den har aldri dagslys sett...

Western Union, Yahoo,
melder her at eg har vunne,
om eg krevde premien,
ville den nok snart forsvunne...

Likevel så må eg lesa
grundig som eg les avis,
fascinert av navna dykkar,
spesielt du " Mr.Mudi Feez"...

Sidan de vart så imponerte over at eg greidde å dikta om post-it-lappar, måtte eg laga eit flåsedikt om junkmail i kveld... Vart med andre ord ingen djupdykk i arkivet;)

søndag 28. august 2011

einvegskommunikasjon


du
gjer aldri noko
ut av deg
er alltid klar

utrøytteleg
absorberer du
alt eg måtte
ha på hjartet

ukompliserte
daglegdagse
ting, eller meir
påtrengjande

og deretter
let du meg
skrella av deg
eit nytt lag

no òg
gnir eg
hjartet mitt
ut over deg

du tek
som alltid
mjukhuda
imot

mi
kjære 
post-it
blokk

lørdag 27. august 2011

det står ikkje på viljen





eg ville så gjerne vore ei av dei flotte
dei spesielle med så god veremåte at
eg får lyst til å endra meg sjølv til det betre
berre av å sjå korleis dei opptrer

kanskje ei stille framtoning
som behandlar dei rundt seg
med stor respekt og merksemd
og spør fordi ho verkeleg bryr seg

eller ei roleg mamma som
utan å heva stemma men med
konsekvent og mild veremåte
oppdreg borna sine

eller ei gjestfri ei som
opnar det ryddige huset sitt
bakar bollar i ein fei og
tek imot med godt handtrrykk.

eg ville så gjerne...
men eg får det ikkje til
kanskje er eg for dårleg
til å invitera folk

har for stort temperament
er for redd for å tråkka
over grenser eller
er for utålmodig

eller moglegvis
er eg for lat
men eg prøver
å bli flinkare

og så tenkjer eg det
kanskje det er slik
at eg er ei av dei normale som
gjer dei flotte ekstra spesielle?

Eg beundrar dei damene som ser ut til å ha all verdas tålmod. Dei som på merkjeleg vis alltid klarar å få fokus vekk frå seg sjølv, og over på dei dei pratar med. Dei kan godt ha sterke meiningar, men dei bankar dei ikkje inn i hovudet på andre, berre lar dei koma til syne i gjerningar og kanskje nokre velvalde ord ved rett anledningDei snakkar ikkje stygt om andre, og finn heller gode ting å påpeika der andre ser feil og manglar.

To slike damer som eg har kjend ganske godt, døydde forrige halvår. Ei døydde på tragisk vis i ei ulukke, ei av kreft. Når slikt skjer, blir ein ekstra klar over kor flotte desse damene var. I gravferdene kom mange, og dei hadde så mykje fine ting og gode opplevingar å fortelja om, som dei hadde delt med dei som var vekke.

Trur eg i ettertid har prøvd å vera meir obs på korleis eg sjølv er mot andre. Men synest det er vanskeleg å alltid gjere tankar om til handling. Så av og til trøystar eg meg med at me kan ikkje vera like alle. Det har jo ein del med personlegdom å gjera også, og den er me vel født med? Og så håpar eg at kanskje noko av klokskapen er noko som kjem med åra. Kanskje viss eg blir veldig gamal, blir eg slik til slutt eg også?

fredag 26. august 2011

stranda



eit lite skjær
ei skjelsandstrand
med nakne tær
og hand i hand

to søte små
når sol står høgt
mens to vi gå
når sol blir sløkt
Eg tviheld på sommaren! Og hiv innpå eit sommardikt og ein sommarsong mens eg ser regnet kjem over fjella... Jenta under er frå bygda eg bur i. Kjenner ho ikkje personleg, men har ei venninne som er i slekt i ho, og ei dotter i klasse med systera hennar. Med andre ord er me nesten bestevenninner;) Lenkje om du ikkje ser videoen: http://youtu.be/eI9jo4aVRsE


torsdag 25. august 2011

vink og vemod



med auge som
eg veit er raudkanta

står to skikkelsar
halvvegs utydelege

i eit tun
som er trygt

og vinkar med
rynkete hender

mens eg som alltid
kjenner klumpen lura

for kanskje dette er
siste gongen?

onsdag 24. august 2011

To spegeldikt



spegeldikt 1

eg likar ikkje spegla meg

når eg nermar meg
rynkar eg panna
skjær ei grimase

og forberedar meg
på å sjå det uskjønne
vesenet eg er

det slår aldri feil


spegeldikt 2

av og til er det
like greitt å ikkje
sjå seg i spegelen
før ein går ut

om du absolutt må
spegl deg i
tindrande barneauge
dei lyg aldri


Skulle skriva eit spegeldikt, og så vart det visst to. Kunne eg ha hive dei saman til eitt trur de, eller er dei ok slik dei er?

Og så må eg gratulera min kjære bror "Knut" med dagen! Burde vel hatt eit bursdagsdikt til han, men er ikkje så lenge sidan forrige Knut-dikt, så bør kanskje ligga litt lavt i terrenget;) (Single damer i tjueåra: Sjekk Knut-diktet!!!) Den kjære Bondekona (som nett har lært meg kva ein forklekjole er) hadde bursdag i går, så gratulerer til ho også!

Til slutt må eg takka for all god respons på forrige innlegg! Og ser de etter, har eg no ordna adressa www.diktfordagen.com (teke vekk blogspot innimellom). Kosta ein femtilapp, så tenkte det var ok å fiksa før eg blir forfattarkjendis og folk får lyst til å utnytta statusen min. Haha.

Trur dette er grunnen til at "umiddelbar respons"-boksane nulla seg ut i natt. Syns det var veldig dumt, men lite å gjera med no. De får ta nokon rundar ein dag de kjedar dykk og trykkja i veg, reknar med de hugsar kva de har trykt på før;)

tirsdag 23. august 2011

no pokerface

held du korta
for tett til brystet

kan du få
pustebesvær

Eg er ikkje så glad i løyndomar. Kva er vitsen, om ikkje det kan snakkast om, likevel? Mykje kjekkare å prata med folk om det eg tenkjer på, og få respons frå andre. Det er ikkje det same som å ikkje tørre å ta avgjersler sjølv og stå på eigne bein. Men å lufta idèar og fortelja om hendingar til andre kan gjera sitt til at nye tankar dukkar opp!

Difor må eg dela med dykk noko som hende to timar før me reiste på vår andre campingvognferietur for ein liten månad sidan. Posten måtte nemleg inn for siste gong før me for, og der låg det eit brev. Frå eit forlag. Eg opna og forventa å finna det same avslaget som eg hadde fått frå to andre forlag, men der låg det...(fanfare)..... eit tilbod! Dei likte dei ca 30 dikta eg hadde sendt inn (ei natt eg fekk over meg at det sikkert var ein kjempegod idè..), og ville trykkja diktsamlinga mi! Gjett om eg sat og var halvkvalm og i lykkerus heile bilturen mens eg skumma gjennom brevet igjen og igjen..;)

Dei framhevar jo at det sannsynegvis er vanskeleg å få seld i stort opplag sidan eg er debutant, og sidan det er ei diktsamling (som er vanskelege å selja). Eg legg til for eiga rekning at det sikkert ikkje hjelper noko særleg at eg skriv på nynorsk. Difor er tilbodet på eit opplag på 500 bøker, og eg som forfattar må førehandsselja 125 bøker (198,- stk). Veit ikkje heilt korleis det skal føregå, men kanskje eg må laga ei liste med folk som vil ha, og så ordnar me sjølve salet når boka er trykt.

Eg svarte forlaget ganske kjapt, med ein del spørsmål blant anna når det gjaldt om eg får ha eigne bilete med i boka, og kor mykje eg får vera med i prosessen før ferdig trykt bok. Svaret kom igår; eg kan ha bilete med, men dei blir i svart/kvitt. Og prosessen blir fyrst skriving av kontrakt, så språkvask/bearbeiding av tekstane saman med språkkonsulent, og etterpå arbeid med design/layout, før boka får i trykken.

No hadde eg jo eigentleg leika med tanken på å trykkja opp ein del eksemplar av Dikt for dagen-boka  som eg har laga sjølv via FotoKnudsen, og selja fyrst og fremst her i bloggen. I så fall hadde eg tent mykje meir pr bok enn eg gjer med avtalen over. Men så er det noko med det å ha andre auge og hjernar med i prosessen som er positivt, og det at forlaget vil jobba mot å få seld boka til bokhandlarar, bibliotek og slikt. Det er vel ikkje negativt at eg slepp "punga ut" med noko sjølv for trykking og slikt, forlaget står for det.

Det blir vel sannsynlegvis seld fleire av boka som forlaget gjer ut. Og det er jo ikkje slik at eg "sel sjela mi" ved å skriva under på kontrakt med dei, har jo over 200 dikt innpå her, så skulle vere material til å laga ei eiga FotoKnudsen-bok seinare om ikkje den fyrste boka slår an;)

Så kva seier de folkens, eg satsar vel på "forlagsboka", sjølv om bileta blir i svart-kvitt? Den inneheld dikt med varierande form og tema frå heile bloggeperioden min, og ikkje alle dikt har tilhøyrande bilete. Eg må bestemma meg raskt om den skal vere ferdig trykt til jul, og det er jo ein fordel;)

mandag 22. august 2011

om det var du



om det var du

ville du eg skulle leggja meg ned
la mørket ta meg og sakte mista
forstanden?

om det var du

ville du eg skulle stengja verda ute
bli gamal på eit år og aldri smila
smilet du elska?

om det var du

ville du eg skulle leva resten av livet
fortapt i gamle minne, i staden for
å skapa nye?

om det var du

ville du visst det ikkje er fælt
men veldig godt her eg er no
så lev du, for meg


Det er tøft å sjå pårørande i mørk sorg over å mista sin kjære. Og eg veit det er vanskeleg å sjå meining i noko, den fyrste perioden. Alle ting blir trivielle, uviktige, uvesentlege. Men så trur eg det kan hjelpa litt om ein klarar å tenkja på kva den som døydde hadde villa. 

Eg veit at om eg døyr, vil eg at familie og venar skal ha det så bra som dei kan, og ikkje la livet stoppa opp på grunn av at eg ikkje er der. Det er sjølvsagt ikkje mogleg å tenkja sånn heilt i starten, men etter kvart er det viktig å koma i gong med livet igjen.

Burde strengt tatt vore eit skulestartdikt i dag, men Whitebite hadde så godt innlegg om det, at eg trur ikkje eg klarar å toppa det i kveld i alle fall.... :)

søndag 21. august 2011

stjerneskotet



du som ser ned
med mørkt blikk
og sparkar stein
på leit etter håpet
som forsvann

prøv å lyft andletet
mot himmelen
ein augneblunk

klarar du det
berre to sekund
er det likevel nok
til å få auga på

stjerneskotet

lørdag 20. august 2011

gratulerer, kondolerer


i hjartet mitt er
himmelvarm glede
og svartdjup sorg

samansmelta
i ei kolmørk natt
som aldri verkar enda

men midt i mørket
blenkjer varme lanterner
i ørsmå auge

varslar at verda går vidare
og lovar å finna vegen
for meg òg


For litt over eitt og eitt halvt år sidan, fekk me vesleguten vår. Den finaste i verda. I to dagar levde me i ei lys boble, storesyster var stolt og me kjende gleda over å ha to friske fine born. Den tredje dagen døydde eit nært familiemedlem heilt plutseleg og tragisk, alt for tidleg.

Eg vil ikkje gå inn på meir om kven det var/kva som skjedde, men det er klart det vart veldig tøft å koma heim frå sjukehuset med den flotte guten vår, til ein storfamilie i djup sorg. Eg var den som måtte prøva å halda hovudet over vatnet. Dei fleste andre var langt nede, men eg måtte tenka fyrst og fremst på guten som var heilt avhengig av at eg holdt meg oppegåande..

Ja, eg sørgde eg også, sjølvsagt. Men eg var også utruleg glad for og stolt av sonen min. Eg hugsar eg såg han inn i dei fine augene den fyrste dagen etter dødsfallet, og lovte han at eg SKULLE vera glad, for han, uansett. Han kunne jo ikkje noko for det som var skjedd, og fortente å få det så godt som mogleg. Veldig spesielt å ha så motstridande kjensler samtidig.

Då eg etter kvart byrja å bevega meg litt rundt i bygda, var det så trist at for kvart "gratulerer", fylgde det eit "...og kondolerer". Men samtidig hadde det vore endå tristare med berre "kondolerer".  Og som dagane gjekk og ting sank inn, var babyen med og leidde oss på den lange vegen mot det tilnærma normale livet igjen.

Eg har ikkje fortalt om dette i bloggen før, men har skrive eit dikt som handlar om det, her. Ein del andre dikt her inne har nok også kome som eit resultat av det me opplevde. Det kom litt ekstra opp att for meg no når eg høyrde om han som døydde i fallskjermulykka for nokon dagar sidan, og etterlot seg kone og eit spedbarn. Sjølv om det blir annleis, veit eg i alle fall ein del om korleis sorga og gleda kan oppstå og verka på same tid.

fredag 19. august 2011

tel til ti, eg har fobi!!


Dette er eit som eg kjem til å hiva i ei rame og ha på veggen i gongen min trur eg... ;) For slik er tilstanden her i huset.... Kanskje eg hiv det inn på butikksida mi etter kvart, viss eg finn nokre ramer som passar godt.

Og så verkar det som innlegga mine ikkje dukkar opp på bloggrullen til andre bloggar før lenge etter dei er publisert. Litt kjedeleg, eg likar jo å få besøk, men håpar det ikkje varar så lenge. Er vel ikkje så mykje eg kan gjera med det. Andre som har hatt det slik?

torsdag 18. august 2011

hei du


du ja
ikkje sjå
rundt deg
det er deg
eg meinar

eg ser deg

korleis du
lutar bittelitt
bøyer hovudet
framover
gjer deg
liten

når du
snakkar
er det med
lav stemme
nesten som
du seier

unnskyld
at eg
er til
eg skal
ikkje
forstyrra

det eg
ville seia
er at
du er
heilt
unik

det du
tenkjer
og dine
behov
er like
viktige

som
behova
til kvar
konge
president
og kjendis

og du
kan
utretta
mykje
om du
vil

for du
er vakker
viktig og
uendeleg
verdifull
slik du er
På ingen måte noko original tekst dette.
Men kanskje viktig likevel, for den det måtte treffa?

Forresten har eg eit "butikkprosjekt" på gong no, for den som måtte vera interessert i å kjøpa ein kjøleskapsmagnet med dikt på? Blir fleire ting etter kvart, om de er interesserte. Prøver å finna ut korleis eg kan få litt inntekt av denne hobbyen min. Brukar mykje tid på diktskriving og bloggen, så det er litt lettare å forsvara i forhold til manglande husarbeid når eg kan visa til at eg faktisk tener på det også ;) Hadde vore kjekt å hatt skriving som eit levebrød i framtida ein gong. Siktar sikkert for høgt, men treng å "prøva noko nytt". Tapar ikkje så mykje på å satsa, håpar eg:)

onsdag 17. august 2011

augene


Bilete henta frå vg.no

desse augene
fylgjer meg

ikkje anklagande
ikkje krevjande
men resignerte blikk
nesten utan håp

stirar rett inn
i sjela mi
og svir små hol
i hjartet mitt

ikkje meir no
ropar eg stumt
eg orkar ikkje
tenkje på deg

sa DU "ikkje meir"?
svarar augene

desse augene
som har sett det meste
og som snart blir lukka
viss ikkje eg ser
Det har vore vanskeleg å ta inn over seg svoltkatastrofen på Afrikas Horn. Eg har kjend litt på at tragedien på Utøya har vore nok å fordøya, og prøvd å skyva svoltkatastrofen litt vekk. Men no har eg  byrja å lesa meir og sjå bilete, og då er det ikkje så lett å vri seg unna lenger. Bileta fylgjer meg, og spesielt blikka frå dei ramma heng sterkt i. I kveld skal eg gje pengar. Det kan du også, for eksempel her.

tirsdag 16. august 2011

Fjellmorgonstund ein sumardag



Lukk augene du vesle, og ver tålmodig stille,
så tel me høgfjellydar, dei ville og dei milde..

Det klunkar litt der borte, noko går på fire bein,
for sauesinglebjøller er fjellyd nummer ein.

Den andre kjem frå lufta, og stilnar brått heilt av,
ein kvitrefugl fauk fort forbi, i flaksefyketrav.

Så blir me var den tredje lyd som berre er her støtt,
for elva renn frå osen utan stopp, den er heilt nødt!

Då høyrer me ei sår og vakker brekting lenger syd
det vesle lammet ropar «mor», det er den fjerde lyd.

Den susinga og raslinga, kva er den femte tru?
Jo, vinden riv i veggen til vår høgfjellshyttebu...

Og etterpå tek vinden tak i håret til oss to,
og viftar det frå øyrene, den sjette var kje` god...

Så høyrer du at mamma klør febrilsk på huda si,
for fjellyd nummer sju det er jo myggstikkmora di!

Den åttande den dukkar opp når du ser at eg klør,
ein jentefniselatter som eg heilt klart har høyrt før....

Så summar det ei fluge fort, lagar fjellyd nummer ni,
den tiande er møllen der som dovnar seg forbi...

Lyd elleve me høyrer om me lyttar ekstra godt,
for fjellvatnet det leikar seg, og skvulpar vått og blått.

Men du, kva er den duren, fortel meg om du orkar!
Den tolvte er ein ulyd: han onkel «Jens» som snorkar!

mandag 15. august 2011

Flytt fokus



Handhelsar du
på ein mann
med ni fingrar,
kvifor kommenterer du
den som er vekke?

På besøk til naboen
med alle dei
flotte blomane,
kvifor stoggar du
ved den eine visne?

Og under innflyttingsfesten,
må du nemna
det stygge rommet
i staden for å
kommentera alle dei fine?

Kanskje du prøver
å skjula din eigne
manglande finger,
visne blom, eller
det stygge rommet ditt?

Flytt fokus
neste gong,
så ser andre
det flotte
hjå deg òg.
Dette er noko eg kan ta meg sjølv i av og til. Det er så lett å kommentera den taklista som heilt openbart er skeiv. Medan dei rette taklistene får mindre merksemd. Kvifor leitar ein etter feil? Det er jo så mykje betre for alle om ein fokuserer på det som er fint/fungerer... 

Prøver å verta flinkare til å rosa menneske for det som er bra. Og det gjeld sjølvsagt alt ein gjer også. Ofte er det tabbane/dei få feila ein gjer som blir kommentert, mens alt det ein faktisk får til, blir snakka mindre om. Eller er det berre eg som føler det slik? 

(Og i dag er ein ny slik dag. Dessverre.)

søndag 14. august 2011

firkløverhell

eg finn alltid
firkløver eg

ser eg ei kløvereng
zoomar augene sikkert

til det finn
rette sorten

men i år laut
eg venta lenge


 
kløver var
det nok av


 
trekløver med
innskrumpa blad


 
trekløver med
auger


 
jamvel ein tokløver
nesten

men i ferien fekk
eg endeleg firkløverhell


 
i mengder sto dei
og venta


 
nokon strekte seg
mot sola



tilogmed ein femkløver
rakk eg avbilda



 
før den forsvann
for godt


 
har du
firkløverhell?