fredag 30. september 2011

etablert?



ein idè
iver og tru
motivasjon

 engasjement
utvikling
refleksjon

grunnlaget
er på
plass

det som
trengs
no

er mot

Det var spanande på etablerarkurs, ja! Eg hadde fyrst ein individuell samtale med ho eine kursleiaren min, og fortalde litt om skrivinga mi, bloggen og dikta. Ho vart faktisk ganske gira (men kanskje det er jobben hennar?), og kom med ulike forslag/produkt som ho meinte eg kunne utvikla og tilby både privatpersonar og bedrifter. Kjempegøy at nokon såg potensial i meg, men også skummelt. Kjende nesten forventningspresset koma med ein gong, eg;)

For eg hadde jo sett for meg mest privatpersonar, som kanskje ville kjøpa dikt til å ha på veggen, og ikkje tenkt så mykje på at eg faktisk har noko å tilby bedrifter også. No meinte ho jo også at eg ikkje burde leggja ut dikt her, utan å få noko igjen for det. Men eg kjenner litt på meg at det er bloggen som gjer at eg tør dette, og har funne ut at andre likar det eg skriv. Og eg får jo verkeleg mykje att for dikta eg legg ut her. Gode tilbakemeldingar, støttande ord, og motivasjon til vidare skriving. Takk!

 På kurset var me fleire som heitte Kristin, og eg vart dermed "SkriveKristin". Spanande å høyra om heilt andre sine prosjekt, men dei kan eg sjølvsagt ikkje fortelja om til dykk. Alle skreiv under skjema for taushetsplikt (kva heiter det på nynorsk? løyndomsplikt?), fordi dette blir eit lukka forum der me kan drøfta forretningsidèar utan å vera redd for at dei blir stjelt eller spreidd vidare.

Fekk også ein til indivuell samtale med den andre kursleiaren, som også var engasjert på mine vegne. Me jobba litt med å finna min "visjon" - kva vil eg med bedrifta mi? Og tre konkrete "produkt/tenester" som eg skal utvikla vidare. Fortel nok meir om dette seinare, men kurset er ikkje ferdig, så får ta det litt i bolkar etter som eg lærer meir og utviklar idèane vidare.

Det som var litt rart, var at når eg såg at dei andre trudde på meg og såg potensiale, vart eg sjølvsagt veldig glad, men også ganske stressa. Kanskje det er fordi eg får forventningar til meg, og blir redd for å skuffa dei? No må eg berre klara å samla opp motet som skal til, gjennomføra heile kurset, og så prøva å få til eit halvt års starthjelp av nav, "under oppstart av bedrift". Framhald fylgjer, håpar eg;)

(Om de ikkje synest biletet passa bra, handlar det om mot for meg, altså! Me var på Runde, og eg var kjempestressa for å gå ut på kanten. Ganske redd for høgder, spesielt etter at eg vart mamma. Litt for mykje som står på spel, synest eg... Men eg turte no ganske nermt då!  )

torsdag 29. september 2011

kjærleiksdikt frå datanerden




utan deg

er livet
like grått
som ein dataskjerm
i tryggleiksmodus

tomt for spontane innfall
tømt for tomme truslar
fargelaust
kjedeleg

men med deg,
mi kjære, er livet meir lik ei
PCStyling Edge Fighter 2011 NT4 SLI
med Cooler Master 690 II Advanced-kabinett
og Core i7 2600K

eg får heller tola
uforståelege meldingar
uberegnelege program
og nokre virus
i ny og ne

berre eg har
deg
Litt redigert dagen derpå:)
(Eg skal fortelja dykk litt om korleis det gjekk på etablerarkurset, må berre sortera litt tankar fyrst! Spennande!)

onsdag 28. september 2011

mammajente



 er alle
mammaer
like snille
som deg?

spurde du

eg kjende
mammahjarta
ta eit
dobbeltslag

og tenkte

er alle
born like
gode som
deg?

tirsdag 27. september 2011

hjelp!


                       må eg?      
                eg?            tør eg?
           kan                        vil eg
                                          sånn
                                              heilt
                                            eigentleg
                                            gjera
                                         det?
                                      heilt
                               sikker?
                             nei
                           vel
                        men
                        no
                       gjeld
                        det!

                    hjelp
                    meg!

Eit nytt ubesluttsomt dikt. Mykje som kvernar i hovudet no, når mannen snart skal ut i pappapermisjon - endeleg (så snart??), og eg må byrja å jobba igjen. Vikariatet eg hadde, gjekk ut underveis i fødselspermisjonen min, og no har eg vore heime ei stund med sonen min med status "arbeidsledig". (Hopp ned til slutten om du ikkje gidd lesa så mykje babl frå meg...)  

Skjønt, det siste ordet føler eg ikkje skildrar heimetilværet mitt så godt. Ingen kan seia at det ikkje er krevande å vera heime og passa born og hus! Men det er jo krevande på ein heilt annan måte enn arbeidslivet. Det er ikkje alltid minien stiller så høge krav til hjernekapasitet, me pleier til dømes å bruka minst ein halvtime om dagen til å kikka i same boka på nytt og på nytt, leitande etter "papegøyen Nico". Treng eg nemna at boka er utan tekst? ;)

Uansett, no er eg jobbsøkjar. Type lærar-jobb-søkjar. Men så har eg jo også lurt veldig på om det hadde gått an å i alle fall eit par dagar i veka ha jobba med skriving i staden, berre fordi eg synest det er så kjekt å skriva! Og fordi ein 100% lærarjobb er ganske hektisk. Har jo nemnt på dette før. Ta skriveoppdrag og evt. selja dikt til å hengja på veggen og sånt. Så medan eg ventar på svar frå jobbane eg søkjer på, skal eg i morgon byrja på eit etablerarkurs. (Hjelp!)

I tillegg til kurset, skal eg fyrste dagen på ein individuell samtale. Reknar med det inneber at eg skal forklara kva forretningsidèen min går ut på. (Hjelp^2!) Jepp, no treng eg hjelp igjen. Eg skal vera ganske konkret for at de lett skal kunna gje tilbakemeldingar. Blir glad om de svarar i kommentarfeltet viss de har tid:) Om de skulle ha kjøpt eit dikt til å ha på veggen. Ville de:

A: Hatt det på lerret? 
B: I rame? 
C: Med høvande bilete til?
D: Utan bilete, berre tekst, oppstilt på ein stilig måte?
E: I stort format? (type 30*40 eller større)
F: I lite format? (a4-storleik eller mindre)

Det er meininga at de kan svara fleire alternativ, og de kan for så vidt velja alle, om de er interessert i dikt på litt ulike måtar. Eg tør vel ikkje heilt tru at nokon vil kjøpa, men må jo sondera terrenget litt. Hadde jo vore gøy å kunna brukt dikta til noko;)  

mandag 26. september 2011

utsnitt og fokus

er omverda  f or vi rr   a  nde                     

full av forstyrrande
                                                                l       t

svimlande  fargerik
                           
 detaljar og  heilheit  kontrastfylte

er det einaste 
som fungerer

å velja seg eit
    utsnitt  

og
fokusera
rett

 Her har eg berre leika meg litt med teksten, prøvde få formen til å samsvara med innholdet, men vart i grunn meir forvirrande enn eg hadde tenkt...;) Kanskje dette kan vera eit døme på korleis det ikkje skal gjerast?? Skal prøva å finna bilete til seinare.

søndag 25. september 2011

Takkar til ein bursdagsMann



Takk for borna våre,
og for at du er den
snillaste, finaste faren
dei kunne hatt.

Takk for at du er ein
tålmodig mann som
toler humørsvingingar
og 123-kaker...

Og ikkje minst
tusen takk for
viktige ting du
har lært meg.

Bretta klede
sy gardiner
laga brun saus
og drikka cola.

Veit ikkje korleis
eg skulle klart
meg utan

colaen.



Jepp, mannen har bursdag idag. Den beste mannen i verda, sjølvsagt. For meg:)

lørdag 24. september 2011

Levande?



Eg er ikkje eit par briller.
Ikkje ein lubben kropp.
Ikkje stygge klede.

Eg er ikkje løklukt,
ein munn som stammar,
eller foreldre som slit.

Eg er meg.
Tenkjande.
Pustande.

Like levande som deg.

Men ser du berre brillene
eller munnen som stammar
eller foreldra mine

blir eg sakte
litt mindre
levande.

Og er det framleis
ingen som
ser meg

trur eg kanskje
at eg døyr
til slutt.
Eg sa jo at eg hadde det bra, og det har eg framleis. Eg. Men høyrde i går noko som gjekk sterkt innpå meg. Om ein tolvåring som hengde seg på ein barneskule. Det var visst ein tredjeklassing som fann han/ho, som hadde vorte mobba, ikkje orka meir.  Eg veit ikkje kvar det hende, men høyrde det av ei venninne som kjende nokon i nærområdet til skulen som opplever dette tragiske. Så eg går ikkje heilt god for detaljar, men uansett er det verkeleg  (og uverkeleg!) nok at eit ungt menneske er død på grunn av mobbing.

Jodå, det har vore mykje fokus på mobbing. Mange skriv gode ord om det. Og alle politiske planar og skulane sine "mobbeprosjekt" høyrest jo flotte ut. Men om ikkje det finst enkeltmenneske på skulane eller i bygda som klarar å sjå, og ta tak der det er nødvendig, får me ikkje slutt på mobbinga. Kjenner at eg nesten blir provosert av at det som ofte skjer er at mobbeoffera byter skule. Skjønar jo at det kanskje er det beste, men tenkjer at ein då ikkje tek tak i rota til problemet. Og mobbarane finn seg ganske raskt nye offer. 

Villkatta er ei bloggvenninne som har opplevd mobbing. Ho skriv om det blant anna her, der ho seier at mobbinga faktisk ikkje tek slutt sjølv om mobbarane stoppar. Eit mobbeoffer kan slita med dårleg sjølvbilete og negative tankar lenge etterpå.

Vil berre oppfordra alle til å sjå seg rundt. Og ser du nokon som ikkje ser ut til å ha det bra, ikkje berre spør "Korleis går det?", som er litt for lett å berre svara "Bra" på.. Spør: "Eg ser du ikkje har det så lett, vil du snakka litt om det?" Den siste oppfordringa høyrde eg frå ein mann for ei veke sidan, og den traff meg. Så no utfordrar eg dykk til også vera observante, og tørra å spørja! Det kan faktisk stå om liv.

fredag 23. september 2011

godvêrsskyer


myrull plukka
ein varm dag
florlett stroke over
kinn med fjellglød

så kasta oppover
med sterke hender

festar seg mjukt
til himmelteppet
som sønnavinden
ristar på stundom

då flyttar dei seg
men berre litt
Det er i grunn ein god ting at eg ikkje kjem på så mykje å skriva om for tida. Det betyr at eg har det ganske bra, trur eg, og få vanskelege tankar som kvernar nett no:) Lett å ty til veret som tema då...

Kom gjerne med tips til kva eg kan skriva dikt om no i skrivetørkeperioden! Og sjekk for all del ut svogerdiktet mitt frå i går, om ikkje du har lest det før... 

torsdag 22. september 2011

Svogersvada

Kjenner du min svoger, "Jens"?
Han er ein artig kar...
No skal du bli litt kjend med han,
så spenn smilet på, ver klar!

Det er mykje å fortelja,
men alt kan eg ikkje seia,
som svigerinne er eg
nok forplikta til å teia...

Det er vel ikkje hemmeleg
at Jens er bra distrè,
men han er så jovial og grei,
at folk må berre le...

Eg har nok ikkje tal på
alle gongar Jens har sagt
"Kvar er no desse nøklane?,
Kvar er lommeboka lagt?!"

Du kan jo sjå han for deg
der han køyrer i sin bil,
og merkar at han blir forfulgt,
vil sno seg vekk med stil...

Den andre heng visst på,
så Jens han stoppar og går bak,
får vita at hans lommebok
har dotte av hans tak...

Ein gong så var mobilen
til han Jens heilt borte vekk.
Han var på shopping, trudde den
var stjelt, å gru og skrekk!

Den dukka sjølvsagt opp igjen
(han vart både flau og glad),
i ein klesbutikk i lomma på
den buksa han prøvde i stad...

Då kjære Jens med venar
skulle feira dagen sin,
han fann ein utestad som
visst var nyopna og fin!

Dei syntest det var rart
at ikkje fleire vanka der,
heilt til dei såg at mannfolka
gjekk rundt i lakk og lær....
(De skjønar vel resten?? Trur dei bytte stad rimeleg kjapt då ein i fylgjet vart sjekka opp av ein kar...)

Trur eg stoppar like her,
no veit de kanskje nok?
At der min kjære svoger er,
kan du få lattersjokk...

Eg bør vel også skyta inn
at Jens er god å laga mat,
er veldig sosial, og kan
med alle ta ein prat.

Han kan også vera praktisk,
når det gjeld, og viss han gidd;)
Hjelpsam er han ofte,
og han er vidkjend for sitt vidd!
(Det siste skreiv eg mest fordi det rimte. Men han er no lærar, så trur ikkje det står så heilt gale til...)

Du skjønar kanskje at eg snart
gjer opp min broder Knut,
og satsar heller på at 
svoger Jens får fingen ut!
(For dame har han sjølvsagt ikkje fiksa seg. Neidå. Eg ser framleis langt etter tanteborn....)

Her skulle nemnde svoger hjelpa eg å få eit "kult bilete med vatn"... Jaja.
Dette var vel kanskje ei litt dårleg "kontaktannonse"  om målet mitt var å skaffa meg ei svigerinne, men då eg laga dikt om bror min Knut for å prøva å få dame til han, gjekk det heller dårleg. Kanskje problemet var at eg skraut slik av han at dei ikkje trur det stemmer?? ;) (Men det gjer det jo sjølvsagt). Difor prøver eg ein litt annan variant for å få ei svigerinne på kroken, her;)

onsdag 21. september 2011

for du treng meg


utskjelt
og hata
er eg

likevel kjem
eg til dykk
igjen og igjen

nokon tunger
turkar i lengt
etter meg

medan du
trekkjer deg
unna når eg kjem

utan meg
ville landet ditt
vore eit audeland

så takk meg heller

for grøne bakkar
blømande hagar
og skogkledde lier

og sjå opp
neste gong
eg er på veg

lat meg dekkja
smilet ditt med 
mjuke dropar

for du treng meg

 Har tenkt litt på at det ofte er ei klaging når regnet kjem. I media og blant folk flest. Og sei frå viss eg tek feil, men er det ikkje mykje på grunn av regnet at me har det så godt og frodig her i landet? Me får straum frå vasskraft, mykje reint drikkevatn på grunn av all nedbøren og ikkje minst vakker natur.

I desse dagar veit ein jo at "tenk på borna i Afrika" langt frå er ein oppbrukt og utdatert  frase. Og det er vel fyrst og fremst vatn som er mangelvare for dei som svelt? Reint drikkevatn, samt vatn som får dyrebare matplantar til å veksa. Jadå, nokon får vatn i overdose, som i Pakistan. Og det er ikkje kjekt det heller. Men flom som tek liv har me lite av her, så me treng ikkje klaga på nedbøren av den grunn.

Dette var vel berre ei lita påminning om at me bør setja pris på regnet også, og hugs at ein etterpå blir ekstra glad når sola tittar fram att, slik som eg skreiv om i går. Ein siste ting som er bra med regnet, er jo at ein får ekstra fine bilete utandørs når blomar og gras er dekka av dropeperler...





tirsdag 20. september 2011

solglimtet



har det vore
overskya
lenge

er berre eit lite
solglimt
nok
Redigerer kanskje meir på dette i løpet av kvelden. Syns det kanskje blei litt for "rett fram og opplagt". Sei gjerne kva de synest.

mandag 19. september 2011

predator vs. stankelbein


når rovdyra
jagar i sola

skjular eg meg
bak skuggeblad

pyse, seier du?
i live, seier eg

Fann dette artige motivet ein dag, lurar på om stankelbeinet visste kor nært det var edderkoppen;) Minna meg om dei der animasjonsfilmane om insekter som er av og til på barne-tv. Med hjelp frå Bondekona, fann eg ut at dei heiter Minuscule, og her har de ein smakebit!


No prøver eg forresten å oppdatera kvar dag kor mange eksemplar eg har fått seld av boka mi, etter førespurnad frå ei venninne ;)

søndag 18. september 2011

til venninnene mine



eg blir nok aldri ei
slik venninne som 
tek kontakt kvar dag

eller veit kva du
heldt på med
til ei kvar tid

er du heldig
gjer eg lyd frå meg
ein gong i veka

men ikkje rekn med det
det kan ta månadar
og år

det er ikkje fordi
eg ikkje vil vera
venninna di!

men fordi eg også er
mamma, kone, husmor
og ikkje minst distrè

håpar likevel eg kan vera
ei venninne du ringjer til
berre fordi du fekk lyst

eller ei du kan prata med
når du har det ekstra tøft
eller ekstra bra

for avstand og år
tel vel ikkje for oss
som er venninner?

Har vel skrive om dette før. Har ofte dårleg samvit for venninner som eg har mista kontakten med, meir eller mindre. For det er jo ikkje det at eg ikkje vil! Men så skjer det noko heile tida, og så klarar eg ikkje å planlegga besøk, invitasjonar osv. Jaja, det er aldri for seint, vel?
(Veit at eg har brukt biletet før, men det er jo så fint!)

lørdag 17. september 2011

pakkepost



nokon brune
nokon grå
mjuke, harde
store, små

ber med seg
usynleg last
under papp
og bobleplast

varsamt flytt
frå stad til stad
mellom brev
og vekeblad

dei aller beste
dumpar ned
heilt utan at
du anar det

ligg smilande
i postkassen
med skrifta til
ein bestevenn

I løpet av dei siste vekene har eg faktisk fått tre pakker i posten! Og det er ikkje kvardagskost for meg... To av dei visste eg ikkje noko om, ei venta eg spend på.



Den fyrste måtte eg henta på postkontoret, og eg lurte fælt på kva det var som var så stort at det måtte hentast der. Viste seg at eg fekk ei gåve frå forlaget Publica som skal gje ut boka mi. Innhaldet var ca femten andre bøker som forlaget har gjeve ut, pluss kopp, hals, sitteunderlag osv... Kjekt å bli sett pris på på ein slik måte, og få nok lesestoff til å halda meg i ande til jul..;)

Har me fin utsikt, eller?
Den andre venta eg på. Eg bestilte nemleg to fine lilla hjarter av flinke Sonja. Eg har alltid sagt at eg ikkje er overbegeistra for retro, men desse var faktisk i retrostoff, og eg likte dei likevel;) Dei kom så fint innpakka at eg nesten ikkje ville opna, men gløymde sjølvsagt å ta bilete av pakka. Her ser du kvar dei heng, og litt betre korleis dei ser ut. Sonja har finare bilete av dei, men eg fekk ikkje til betre no, var litt for mørkt i stova.


Den siste pakka kom i dag, og gjorde meg ekstra glad! Ei god venninne flytte tidlig i år, og eg ser ho mykje sjeldnare enn før. Difor (og litt fordi ho er blitt like treig som meg!) tok det si tid med bursdagspresangen min, men i dag var det faktisk den veldig forseinka presangen som dukka opp! Ho syntest det var for gale at eg måtte skriva dikt på kaffifilter (som eg gjer av og til når dei brått dukkar opp), og gav meg ei heilt eigen dikt-skrivebok. Og det fyrste diktet (til meg!) hadde ho skrive sjølv:) Gjett om eg vart glad! (Sjekk forresten tittelen ho har gjeve meg...) Tusen takk:)