mandag 31. oktober 2011

på an` igjen

når ein byrjar å jobba igjen
etter nesten to år heime
er det nesten litt rart
å oppleva dette
at ein faktisk
får det
til


...og det andre som skjer er at ein brått har andre ting å gjera på kveldstid enn å skriva dikt;) Spørs om eg lyt trappa ned litt her, og ikkje publisera kvar dag, for at dikta (og jobben min) skal bli nokolunne kvalitet på. Dette var eit feminuttars, og blotta for poesi. Sorry.

søndag 30. oktober 2011

Magevisa

Dagbladet, framside torsdag 27. oktober.
Dette kan lesast som dikt, men kan òg syngjast på melodien som
Ylvis brukar på avslutningssongen sin i slutten av kvar sending...

Om du gjekk glipp av Dagbladet
sin treningsguide hin` dagen
så skal eg oppdatera deg
slik at du får vekk magen!

For er du slik som meg,
så står din mage liksom "ut",
sjølv om det er to år sidan
eg fekk min veslegut!



Me byrjar med dei folka
som har fettet samla nede
(på magen sjølvsagt) og eg veit
 at det er inga glede...

Har du det: tren musklar,
rett deg opp og gå ein tur,
kutt ut dei raske karboa,
då er du jammen lur!



Så kjem me rett til dei som
har ein stor og oppblåst mage
det kan visst skyldast stress
eller ein tarm litt i ulage...

Pust djupt, gjer rotasjonar,
og et ikkje mat "med luft",
test om du toler allslags mat,
tren passe, utan duft!




Nokon har visst fin figur
men haldninga er dårleg
og det må fiksast fort
eller så kan det bli alvorleg!

Tren styrke, strekk på ryggen
og få i deg protein
tren yoga og pilates
og så blir du atter FIN!



Den siste gruppa kallast:
dei med mage som er stor!
Dei et for mykje kaloriar,
eller arvar det frå mor... 
(eller far, sjølvsagt)

Pass treninga til vekta
og et ofte småmåltid
protein og seinkarbo
då blir du tynn og blid!

Til slutt så vil eg seia:
hugs at alt må skje med måte!
Det hjelper kje` å trena godt
viss ikkje du har "åte".
(dialekt for "ete", og heilt feil nynorsk...)

Ta tida godt til hjelp
og set deg små, men klare mål.
Du kjem nok aller lengst
viss viljen din den er av stål!

Eg kjøper ikkje ofte papiraviser, men overskrifta på Dagbladet fenga meg på torsdag. Eg er ikkje noko særleg lubben elles, difor verkar det for meg som magen min stikk ekstra langt ut... Føler den ser ut som sånn tre månadars-gravid mage Og det er for lenge sidan eg fekk 1,5-åringen til at eg kan skylda på han. Så eg har lese tipsa, og gjev dykk dei her i kortversjon. Reknar med de er i gong før de har sunge/lest ferdig? Om nokon vil ha utfyllande informasjon, får de heller ta kontakt;)

lørdag 29. oktober 2011

just in case....

 
du hugsar kva
som skjer i natt?
ikkje nordlys vel,
min skatt!
 
ikkje noko
skummelt heller
ikkje mas om
enten, eller...
 
det handlar om
å få litt tid
ein time meir
å kvila i!
....for me skrur vel tilbake sant?? ;) Har ein tendens til å gløyma dette, men reknar med de andre har stålkontroll?

fredag 28. oktober 2011

å tørra dela


det krev mot

å tørra dela
det innerste
vondaste
tøffaste

å sleppa ut
avskrella
nakne
tankar

så takk


Her i bloggverda, som i samfunnet elles, treff me på menneske som på ulike måtar slit. Nokon slit fysisk, andre psykisk og kanskje sosialt, og nokon slit med etterverknadar etter vonde ting dei har opplevd. Ofte heng fleire av desse momenta saman.

I grunn har me vel alle våre ting som me slit med. Men nokon har det nok tøffare enn andre. Det som er spesielt med ein del av dei som har det tøft her i bloggverda, er at dei brukar skrivne ord for å bearbeida det vonde. Og deler slik dei vonde tankane med oss som les.

Det er menneske, mest damer, i alle aldrar. Og med ulike vanskar. Som skriv på ulike måtar. Men felles for dei, er at dei gjev oss ein unik sjanse til å få innsikt i korleis det er å ha det vondt på ulike måtar, noko som opnar for større empati oss bloggarar/menneske imellom, og gjerne nye tankar om korleis ein kan hjelpa andre til å få det betre. Kanskje andre som har det vondt, sjølv tør å setja ord på det tøffe etter å ha lest tekstane til dei modige damene.

Eg skal her nemna nokon som eg beundrar for å tørra dela det vonde:

Janne Tove (Tankar i tida) er ei dame i sin beste alder, som har opplevd å få brystkreft. Ho har operert vekk svulsten og det eine brystet, og er no i gong me behandling og cellegiftkurar som skal vara ei stund. Tankane hennar rundt dette er såre, sterke og optimistiske.

Jenny bak bloggen Bokstavsuppe, er for tida innlagt (på lukka avdeling?) på grunn av sin manisk-depressive diagnose. Ho ser likevel framover og oppover, og laga blant anna denne lista om korleis ho ser for seg framtida si om to år.

Ellen med bloggen Villkatta, vart mobba som liten, og slit framleis med vonde tankar om seg sjølv på grunn av dette. Ho var modig nok til å stilla til intervju for Megafon/NRK Super, for å snakka om den tøffe mobbetida.

Elles er til dømes Amelie78 sin blogg sterk å lesa, ho miste den fullbårne jenta si i mors liv, og Maryathome deler såre og vakre tankar om blant anna det å vera menneske i dagens samfunn med stadige krav og forventningar.

Kanskje nemner eg fleire her seinare, og mange bloggarar tør stundom å publisera innlegg som handlar om det innerste. Det er tøft å stilla seg så sårbar! Trur dei fleste som tør, opplever at dei får mange gode ord tilbake, og at det hjelper dei litt å oppleva at andre også tør, på grunn av at dei sjølv har vore open om det vanskelege.


Dette diktet er også til nokon kjære venninner som har opna seg til meg og fortalt om ting dei slit med. Eg får så lyst til å hjelpa, men ikkje alltid så lett å vita korleis. Så ville berre seia at eg bryr meg. Og takk for at de deler. De er flotte!

torsdag 27. oktober 2011

Firmafjas

firmafjas og
etableringsmas
skal ta slutt
- det er vel stas?

om du ikkje
er blitt lei
stikk innom her,
og sei eit HEI ;)

Er redd de blir lei av dette maset mitt om etablering og slikt. Har også fått meg ein lærarjobb som tek litt tid, og har lurt på om firmaet var ein god idè likevel. Men så er eg jo litt i gong, og så har eg jo lyst til å treffa og hjelpa andre med dikta mine. Og då må eg nesten prøva meg litt fram, no når motivasjonen er der. Den går forresten veldig i bylgjedalar. Motivasjonen altså. Ein dag dreg eg meg i håret og lurar på kva eg har gjeve meg ut på. Men så tenkjer eg at det er ikkje noko stor risiko, det verste som kan skje er at eg ikkje tener noko.  Og det toler eg.

Så i det små har eg laga meg eit namn, ein logo, eit slagord og ein firmablogg. Denne bloggen vil også fungera som heimesida til firmaet, tenkjer eg. Der eg presenterer kva eg og firmaet står for og kan tilby av produkt og tenester. Meir om det finn de på bloggen til firmaet ved namn "Dikt for deg". Der vil eg frå no av skriva om korleis det er å starta opp bedrift. Utfordringar og prosessar,  og håpa å få litt tilbakemeldingar på produkt og slikt.

Om du synest det er interessant å fylgja utviklinga til firmaet mitt, og vil fylgja med, gå gjerne inn på firmabloggen. Eg blir glad for det. Du forpliktar deg sjølvsagt ikkje til kjøp eller noko som helst, men kjekt å vita at nokon synest det er litt spanande. Og godt å ha ein stad å få utløp for "firmatankar" når ekteskapet byrjar å hangla på grunn av dette firmamaset.


Frå no av (håpar eg), vil denne bloggen fokusera på tankar i diktform som dukkar opp gjennom kvardagane mine som mamma, kone, syster, dotter, ven, sambygding, husmor, og etter kvart som lærar. Eg håpar eg klarar å skriva dikt som kan vera gode å lesa, for nettopp deg!

Forresten: om du fylgjer meg via blogspot/blogger, kjem nok innlegga mine opp i bloggrullen din eit par-tre timar etter det er publisert. Så viss du vil ha beskjed kjappare, kan det vera lurt å abonnera på Dikt for dagen-sida på facebook, og få beskjed der om nye dikt. 

onsdag 26. oktober 2011

fjord av gull


 menneska
klarar nok
mykje dei

men kan dei
laga fargebruer
av lys og vatn

laga små frø
som spirar til
høge tre

eller på eit minutt
gjera ein heil fjord
om til flytande gull?


Biletet øverst er ikkje redigert i det heile. Slik var brått fjorden i kveld, då sola gjekk ned. Vakkert!

tirsdag 25. oktober 2011

Fjellet

Siste biletet eg vurderer å selja som lerret. Kva tenkjer de om tekst og oppsett?

mandag 24. oktober 2011

Liket

Bilete frå vg.no
Den mannen du sleper
rundt i gatene som lik
Det liket du poserer ved
som eit dyrebart trofè
Det trofèet du stiller ut
for folk, media og verda

Er nokon sin bestefar
nokon sin ektemann
eit menneske

Eg skal innrømma at eg ikkje har sett meg inn i heile situasjonen i Libya. Mannen kalla Gaddafi/Kadhafi (alt etter kva avis du les), har nok gjort mykje gale, og har mange menneskeliv på samvitet. Og eg forstår det med blodhemn. Men likar det ikkje.

Når det skjer på denne måten, øydelegg folket i Libya litt for seg sjølv. Dei hevdar seg retten til å herska over liv og død. Og slik stiller dei på lik linje med den drepne sjølv. Nei, ikkje angrip meg for å samanlikna eit menneskeliv med mange tusen (?), eg forstår at han har gjort verre ting mot andre enn det som skjedde mot han sjølv. Men likevel, kunne dei ikkje vist mannen korleis det skulle gjerast, og stilt han overfor ein rettferdig domstol?

Ein annan ting eg reagerer sterkt på, er media sin bildebruk. Ja, snakk gjerne om viktig samfunnsmessig dokumentasjon, symbolikk og så vidare. Eit lik er eit lik. Og eg vil ikkje sjå eit, med mindre eg er nødt. Har valgt å ikkje sjå slektningar etter dei er døde, fordi eg ikkje har lyst å få feil bilete i hovudet. Mange synest det er godt i sorgprossesen og bearbeidingsfasen, men eg har ikkje hatt det behovet.

Blant anna difor hadde det vore greitt å sluppe å fått nærbiletet av liket til diktatoren midt i fleisen når ein opnar nettavisene. Og då eg høyrde at det var bilete av liket på framsida av papiravisene også, vart eg provosert. Desse avisene står jo nett i riktig høgd for barneauge, som i alle fall bør skjermast for slike bilete. Dei kan nok føra til både mareritt og vonde tankar.

Det som skjedde i Libya er for seint å gjera noko med. Men eg håpar at media kan trappa ned på den verste biletbruken i denne saka. Og at dei tenkjer seg om ein gong til før dei publiserer slike bilete i eventuelle liknande saker. Gje oss sjansen til å velja dei vekk, i alle fall. Skjønar ikkje vitsen med å advara om sterke bilete i artikkelen, når dei likevel slengjer dei på framsida...

søndag 23. oktober 2011

haustdikt i to versjonar


det er haust

som skakar ved alt som er laust
og herjar frå vest og til aust

som knakar i gamle naust
og legg rimfrost på bakken så traust 

som deler ut fargane raust
 og i fjorden speglar seg taust



det er haust

som skakar ved alt som er laust
og herjar frå vest og til aust

som røskar i fjordspeglen raust
og etterlet storfjellet taust

men framleis står rekkja med naust
og knakar i vinden traust


Juksa litt med dette siste biletet, for det er teke på seinsumaren. Men eg framheva i alle fall haustfargen på nausta då...:) Har jo sagt eg ikkje likar så godt hausten, men jammen kan den vera fin også. Nett no er det mest ruskete. Då er deg godt å bli minna på dei klåre, fine haustdagane. Og noko om tid. Sei gjerne kva versjon/linjer de likar best.

lørdag 22. oktober 2011

Gal eller normal?


Ho har høyrt om eit ellevilt sal!
Og då har han far ingen val...
Han lyt passa på
sine lovande små,
ellers blir nok den kvelden fatal...

Slik utanpå er ho normal,
denne kona, ho er ikkje gal (?)
men nokon få timar
ho overalt stimar
blant folk og forvirring total.

Ho startar nok litt i det små,
veit at ho sjølv må bera rundt på
alle varer ho finn
så om posen blir stinn
er ho nødt til å gå derifrå...

Men der var det bøker i fleng
og der var eit sett til ei seng (sengesett -dah!)
ei bukse..nei TO!
 to små jentesko
mens eit visakort syng sitt refreng..

Det her var ein finfin presang
men no byrjar køen bli lang
eit kamerastativ
oppi posen ho hiv
og set seg med alt på sitt fang.

Då kjenner ho at ho må le,
ser på haugen på benk og på kne
må innrømma at
ho kanskje har tatt
litt hardt i, og handla for tre...

Ho har også ein sekk på sin rygg
den er faktisk ikkje så stygg
for når ho tok av
mellom varer og kav
ho trengde ein plass som var trygg...

Og sekken den kosta ho lite,
for å matcha det, då må du slite.
Ikkje nett millioner,
men kun FEMTEN kroner,
då trengde ho ikkje å gnite...

Moralen i visa må vera
at har kona di lite å gjera
og manglar du sekk,
så gje ho ein sjekk
og ho kjem heim med mykje å bera...
(Syns du rytmen gjekk på kryss og tvers?
Det ER ein rytme i alle vers,
du må berra lesa det rett...
Men det er kanskje ikkje så lett! )


Jepp, eg tok meg ut på shopping i går. Det er noko med dei tilboda som gjer at eg slår til litt kjappare enn eg gjer elles. Og så tenkjer eg at DET passar til han, og DET passar til ho... om eitt år kanskje;) Spesielt fine klede og gode bøker kjøper eg i mengder når det er sal. Har ein gjennomsiktig plastkasse som eg kallar "presangkasse", der slike ligg klare til det dukkar opp bursdagar. Og det gjer det jo stadig vekk, med 17 stk i klassen til jenta vår, og ein stor familie rundt oss elles.

Det er også ein fin stad å finna "premiar" om nokon i huset har vore ekstra flinke til eitt eller anna. Det gjeld forresten både store og små;) Biletet øverst viser berre ein tredjedel av det eg handla, for å seia det slik... Og så må eg visa under alle bøkene eg kjøpte. På Notabene (i Åsane) hadde dei altså halv pris av tilbodspris, dvs. mange bøker til 20-25-50 kroner! Kjøpte ei bok om papirbretting som me allereie har testa ut. Sommarfuglane me bretta i dag, ser de nederst. Endeleg noko kreativt med hendene som eg faktisk fekk til nokolunne bra:)




Ha ein fin laurdagskveld folkens! Her blir det pizza, viss mannen rakk butikken ;)

fredag 21. oktober 2011

mannfolk og mat


eg kan
skriva dikt
gje ut bok
starta firma
men vil eg
høyra at
eg er verdas
beste kone
må eg laga
dei der
forbaska
kjøtkakene

Jadå, eg seier det med glimt i auga. Men det er noko sant i det også. Kva er det med mannfolk og mat? Evt. kva er det med mitt mannfolk og mat? ;)  Han er støttande nok når det gjeld dikt altså, men det er noko med kjøtkaker og annan "god/tradisjonell mat", som får fram stjernene i blikket... Likevel har han nok gjeve meg opp, for i går laga han dei sjølv.... ;)

PS: Grunnen til at dagens kom så seint, kjem sannsynlegvis i neste dikt... De kan gle dykk;)

torsdag 20. oktober 2011

som spira

Eit nytt bilete/dikt eg vurderer som lerret, er ganske fornøgd med ordlyden på teksten, men det er igjen oppsettet eg lurar på. Og fargane. Glad om de seier kva de synest :) Dette liknar forresten veldig på det nye slagordet eg har laga for firmaet eg skal starta. Driv å lagar firmablogg no, så snart skal eg røpa kva eg skal kalla firmaet;) De kan jo gjerra om de vil?

Elles tusen takk for konstruktive tilbakemeldingar på forrige innlegg om blome-lerretbiletet! Spesielt takk til de som føreslo kvit tekst, eg såg jo at det vart mykje betre. Under ser de foreløpig versjon, i forhåndsvisning som lerret 30*40 cm. Syns det ser ganske greitt ut eg? Som Johanne sa, eg burde kanskje brukt ei skrift som ikkje var så firkanta. Men tenkjer at både firkanta skrift og firkanta form funkar som kontrast til den "ovale" blomen?


onsdag 19. oktober 2011

blomen


Jobbar med å laga produkt eg kan selja på julemessa. Lurar på å ha denne på lerret eller print, men er litt usikker på teksten, og plasseringa av den. Så då brukar eg det som dagens, og etterlyser meiningar;) Er dette noko ein kan ha på veggen? Blir teksten for banal? Likar jo å ha det enkelt og greitt eg, veit de :) (Det skal sjølvsagt ikkje stå diktfordagen.com tvers over, eller vera så dårleg kvalitet, men vil ho ikkje at nokon skal kopiera det sidan eg legg det ut her...)

tirsdag 18. oktober 2011

kva er det?

er det stemma di?
orda du brukar?
vesenet ditt eller
kanskje smilet?

 sjølv om eg aldri
har sett deg før

trur eg at eg veit
kva du ler av
kven du ville lika
kva som gjer deg rørt

er det kanskje fordi
eg kjenner att meg sjølv?
De veit kjensla? Ein treff nokon, og føler umiddelbart at ein kjenner personen. Rart. Det skjer forresten her i bloggverda også. Har funne fleire her inne som eg liksom berre "kjenner", utan nokon gong å ha truffe dei. Ei god kjensle.

Forresten: Trur det blir siste sjans til å skriva seg på lista mi over førehandsselde bøker i kveld/i morgon. No går boka i trykken om ein augneblunk, hjelp! Du finn meir om du trykkjer på lenkja til høgre her, eller lenkja "Boka mi" i toppmenyen.

søndag 16. oktober 2011

datoen

tenk
at det har gått
uendeleg lang tid?
alt
mogleg har jo skjedd
sidan
eg fyrst heldt deg i handa mi
det
kjennest som det var i går
eg
varsamt la deg ned
to
lange år har passert
men
du har ikkje endra deg så mykje
likevel
trur eg ikkje eg tek
sjansen
det er for seint
du
er gått ut
dato
Mykje som dukkar opp når ein leitar litt i fryseboksen. Desse fekk sleppa å frysa meir. Men dei vart ikkje varma heller, for å seia det slik;) Datoen var i slutten av 2009, og sjølv om den ikkje tel heilt sidan det var i fryseboksen, syns eg det var litt for lenge dette... Fleire som finn slikt i frysen?

Elles takk for støtta på forrige innlegg! Likar i grunn ikkje å masa så mykje om meg og mitt, men på den andre sida er det vel det me gjer når me har blogg? ;)

INFO TIL MINE FASTE PÅ MÅNDAG: Dette blir ståande som måndagsdiktet også, har ein travel kveld, mykje å ordna til til julemessa, og det må gjerast no, så det rekk å bli trykt før messa... :)

lørdag 15. oktober 2011

prisverdig

den som klarar like
godt å setja pris på
seg sjølv som på
 andre
bør
få ein pris
 
 
Kva dette biletet har å gjera med å setja pris, finn du ut lenger nede i teksten...

Her kjem oppdateringa mi om både bedrift og bok, teksten vart lang, men fann ut at det er betre å masa om det ein gong, enn å skriva litt i kvart innlegg.

Eg slår eit slag for sjølvkjensle i dag. Det å stola på seg sjølv, og ha tru på at det ein gjer er godt nok. Sjå kva ein meistrar bra, og utvikla det vidare. For eg trur alle har noko dei er flinke til! Eg er ikkje så flink til mange av tinga eg ser bloggfolk er gode på - strikka, hekla, sy, laga kaker, tapetsera - det meste av dette har eg knapt prøvd;)

Men eg har ein ting som eg føler eg får til - og likar godt! - og det er å skriva. Så når eg gjennom bloggen har fått utvikla dette, og fått respons og konstruktive tilbakemeldingar frå kjekke lesarar, har det hjulpe mykje på sjølvkjensla mi. Det som er spesielt viktig og godt for meg, er når eg får vita at orda mine kan gjera noko godt for andre!

Så har eg jo gått på etablerarkurs ei stund no, for å finna ut om eg kan gjera noko meir ut av skrivinga. Leiarane der hjalp meg å finna min visjon: "å hjelpa andre å uttrykkja sitt innarste". Det høyrest jo veldig flott og visjonært ut - det er trass alt ein visjon! Men de skjønar kanskje kva eg meinar likevel?

Anten kan eg nå denne ved å skriva dikt som treff lesaren slik at han kjenner seg att, og kanskje ler eller grin litt (uttrykkja sitt innarste), eller får ny innsikt i eigne tankar. Eller kanskje eg kan skriva dikt "på bestilling", for menneske eller firma som har ein bodskap (frå sitt innarste) eller noko dei vil kommunisera til andre, men kanskje ikkje greier å heilt formulera dei rette orda (uttrykkja det).

Å finna visjon er greitt nok, men å konkret finna ut korleis ein skal gjera det, er noko heilt anna. Det er har landa på i fyrste omgong, er at eg har laga fire ulike julekort (blant anna det som de ser over) som eit trykkjeri skal produsera for meg, og som eg sel i pakker (4 ulike i kvar pakke). For meg kan dagens dikt altså vera heilt konkret: korleis setja ein pris på noko ein har laga sjølv? Kva vil andre betala for noko eg har skrive?

Det skal jo visa at det er noko eg har jobba med, og difor ikkje vera for billeg. Samtidig skal det selja, så det må ikkje bli for dyrt. Vanskeleg for ei som i grunn ville gjeve vekk det meste! Eg landa til slutt på 100 kr pr. pakke. 25 kr pr kort er på linje med gratulasjons - og julekorta du får kjøpt i butikk. Og sidan det er så mange ulike på markedet, kan eg ikkje rekna med at folk vil kjøpa mine om dei blir mykje dyrare enn det.

Eg har også meldt meg på julemesse her i kommunen, og skal selja korta der, pluss at eg skal laga til nokon trykk av ulike dikt og setja i rammer.  Har nokon fleire idèar også til kva eg skal selja der, men får sjå kor langt eg kjem. Godt mogleg eg opnar for sal gjennom bloggen når produkta er klare, men er vel lettare å starta sin eigen epla-butikk etter kvart, som eg lenkjar til frå bloggen.

Så det var ei "lita" bedriftsoppdatering, har meir å skriva om, men får ta det i fleire porsjonar så de ikkje blir like lei av prosjektet som mannen min er... ;) 

Forresten har eg også jobba med manus til boka mi i ferien. Ho var endeleg ferdig korrekturlest, og me har teke nokon rundar att og fram for at både eg og korrekturlesaren skulle bli fornøgd. No trur eg tekstane er heilt i boks. Og så har eg gjort klar bileta som skal vera med i boka, og sendt dei inn. No skal  det gå ganske kjapt med "ombrekking"(?) -gjera boka klar for trykking, og så blir ho sendt til trykkeriet!

Samtidig med at det skjer, skal eg senda inn lista mi over førehandsselde bøker. Eg er kome opp i 104 selde eksemplar no, dvs at det er 21 bøker igjen før eg har nådd målet om 125 førehandsselde! Tusen takk til alle som har bestilt, eg blir både stolt og litt flau:) Svigermor har forresten ikkje lagt inn si bestilling endå, så eg satsar på at talet stig litt til før eg sender inn lista. Reknar med eg lyt kjøpa nokon eksemplar sjølv også, og heller ha dei på lager til det dukkar opp nokon på døra som brått har fått med seg at dei har fått ein kjend forfattar i nabolaget :P

torsdag 13. oktober 2011

haustsol


sol? sol!
ut og hopp!
rist litt på din
frosne kropp

skit no i den
klesvasken
dra alle opp
frå sofaen

ikkje sit og
vent på vår
ut og nyt ein
haustdag klår

Det er noko som skjer her på Vestlandet når sola ein sjeldan gong tittar fram. Ein kjem på alt ein skulle ha gjort. Inne og ute. Og alle ein skulle ha besøkt. Alle som skulle vore på besøk. Dei fine fjellturane ein skulle gått. Hyttene ein skulle brukt.

For min del, går gjerne formiddagen til å lura på kva eg eigentleg skal velja, og så endar det kanskje opp med frustrasjon over alt me ikkje rekk å gjera, i staden for at me skundar seg ut og nyt dagen, på eine eller andre måten. Dette heng vel saman med min tendens til å ikkje klara å bestemma meg, og er ganske irriterande når ein etterpå tenkjer på dei fine føremiddagstimane ein også kunne nytt sola i.

Så dette er eit dikt til meg sjølv, kanskje eg lyt hengja det på kjøleskapet så eg hugsar det til neste gong!?Idag var det ein vakker soldag, og me hamna til slutt i hagen, og grilla årets siste grillmiddag ute...kanskje?

Elles er det framsteg både når det gjeld bok og bedrift, skal fortelja meir i neste innlegg:)

tirsdag 11. oktober 2011

lukta av sakn

har du vore
heimefrå
nokon  dagar

luktar huset
alltid annleis
når du kjem att

er det kanskje 
lukta av
eit hus som
saknar menneske? 

Me har ein roleg haustferie foreløpig, men mogleg me tek oss ein todagars på ei hytte etter kvart. Dette er i alle fall noko eg tenkjer på kvar gong eg kjem heim etter å ha vore ute av huset nokon dagar, då er det nett som huset luktar annleis. De skjønar kanskje kva eg meinar? Mogleg eg puttar på fleire vers på dette, men klarte ikkje heilt å formulera dei nett no.
Elles har vesleguten det fint, han vart veldig prikkete i går, så me fann ut han sannsynlegvis har hatt "den fjerde barnesjukdomen". Høg feber nokon dagar, og så prikkar etterpå. Satsar på me er over det verste med andre ord:)

fredag 7. oktober 2011

strengane



morsstyrke
nedarva i tusen 
generasjonar

strøymer
 gjennom synlege
strengar

slitnar
når avleggjarane
er sterke nok

men dei
usynlege strengane
brest aldri

overalt
fyller dei lufta
med kjærleik
Denne jordbærurna har plass til ti plantar, men berre den øverste overlevde forrige vinter. No har den byrja å fylla opp urna igjen, med tre avleggjarar som kom i løpet av sumaren. Synest det var eit bra bilete på morsrolla. Sende styrke på ulike måtar, til borna kanskje sjølv slit av strengane og gjer seg klare til å blomstra og laga avleggjarar sjølv. (De skimtar forresten min eigen avleggjar oppe i biletet. Klarte ikkje klippa dei små føtene vekk, dei passa jo til bodskapen elles...)

Lov å vera litt metaforisk ein elles så sløv fredagskveld? Her står morsstyrken på prøve etter to døger med høg feber hjå minstemann. Til slutt fann me ut at han ikkje reagerer så godt på paracet, og må få smertestillande som ibux mikstur. Trudde liksom paracet var bankers eg... Men godt å kjenna han roa seg og sjå feberen endeleg gå ned.

Trur eg roar ned bloggen no i haustferien, og lovar ikkje dikt kvar dag. Kanskje det kjem mange likevel, kanskje få. Me får sjå;) Ynskjer ei god helg og ein god haustferie til alle de som er innom her! Klem frå meg.

torsdag 6. oktober 2011

min far - problemløysaren

når tenåringsdottera di
står hylande i senga si
med peikefingeren opp i tak
held fast eit lok, og rett der bak
er ein edderkopp fanga...
kva kan du forlanga?

kva finn faren på?
for hjelpa han må...
men fjernar han loket
blir det "lausa råke"...
ei "kreksa" i håret,
eller kanskje på låret?

han gjor da han kunne
og hadde snart funne...
(ja no er du spent!
åhå, berre vent...)
...ein rull med litt teip
-for far han er sleip!

ånei du, han teipa kje
munnen til jenta
for å sleppa skrika
då kreksa han henta...
han teipa fast loket i taket!
og så gjekk dei ned og åt kake...
Du kan jo gjetta kven tenåringsdottera var. Og loket hang der i nokon år. Det var eit gjennomsiktig Pringles-lok. Andre som har gode historiar om faren sin?

Min har forresten bursdag i dag. Jepp, systera mi i går, og faren min i dag. Han pleier alltid å få halv kake på bursdagen sin. Men no fekk han i alle fall eit heilt dikt. Om enn det var fjasete og i grunn meint å gjera han litt flau.

Men eg er ganske glad i han også, og han redda meg verkeleg den gongen. Lurar litt på kva eg tenkte på. Trudde kanskje at eg skulle kverka edderkoppen med loket. Men den sprang jo berre rundt som ein galning, og skremte meg endå meir...

"Kreksa" er, som de sikkert skjønar, eit lokalt namn på den frykta edderkoppen. ;)

onsdag 5. oktober 2011

veslesyster




veslesyster krabbar
storesyster berre ler
veslesyster stabbar
medan storesyster ser

så kan veslesyster hoppa
storesyster tek i mot
veslesyster kan ei stoppa
snart ho hinkar på ein fot!

storesyster stille smilar
ser to hender strekkja seg
kjenner dei rundt halsen kvilar
-systerklem frå deg til meg!

veslesyster veks visst til
les og skriv og reknar fort
og ho får til det ho vil
gløymer slettes ikkje bort

men så kjem det nokre kviser
kva var det for noko tull?
men som storesyster er ho
framleis glad i saueull

slik fyk timar, dagar, år
storesyster manglar ord
for no er veslesystra vår
 ikkje lita meir, men stor!
Gratulerer med dagen til veslesystera mi er myndig i dag! Heldigvis har eg ei veslesyster til som framleis er "lita" ;)

tirsdag 4. oktober 2011

Sauesankevise (på dialekt)

(Mel: Vi lister oss så stilt på tå...)



No ska min far og eg ein tur
og leita ette saua!
Får håpa at dei ikkje ligg i
myre og har daua...
Men sprett rundt på ein fjellgrasflekk
so ikkje heilt har visna vekk,
og dingle med bjøllo
so mykje dei kan
sånn at me snart kan ropa:
HØYR KA EG FANN!

Bæ Bæ Bæ Bæ
Ding dong Ding dong

Me kikke i ein gjørmepytt,
kan du sjå detta spore?
Da må vel vera hjortaspor,
dei va nok litt for store..
Men du må vera stille no,
 og ikkje bråk, stå heilt i ro
so ska me jo sjå, viss me høyre no godt,
om me snart kan gå heim med ein ulladott...

Gå! Kikk! Leit! Finn?
Gå! Kikk! Leit! Finn?

Me skulle helst ha komme oss
bort te den fine stølen,
men elva den tok stølsbrua,
og eg vil ei i hølen...
Dar va`kje saue uansett,
å finna dei va ikkje lett!
Eg trur at me pitle oss heimatt igjen,
og so sende me oppøve Eiriken!
(den komande bonden på garden...)

Gå! Kikk! Leit! Finn?
Gå! Kikk! Leit! Finn?

Du trudde kanskje at nett her
so slutta denna viso?
Men neidå, da so skjedde
sku ha havna i aviso!
For når eg legg meg seine kveld,
vert slutten god allikavel:
Då får eg ei melding frå far, dar da står:
"Alle sauena går visst på bakken vår..."

Pling, plong, pling, plong,
husk å tella neste gong...

Stølen "vår" slik den var i fjor, med bru. No må ein vassa over elva bort, og det torde me (les: eg) ikkje denne gongen....

Fjasete, men heilt reell vise, dette... Det var ein fin tur uansett, så takk for at du telte feil pappa;)