tirsdag 29. november 2011

Gravsteinen

merkjesteinen som
syner det tunge skiljet
mellom varmt og kaldt
konkret    og   abstrakt
det gode og det triste
tida med og utan deg

For mange er gravsteinen god å besøka, ein kjenner seg nærare dei som er vekke der. For andre kan det nesten vera motsett, ein berre hugsar betre akkurat dei vonde hendingane som utgjorde skiljet mellom før og no. Eg besøker ikkje ofte gravsteinane til dei me har mista. Men det betyr ikkje at eg ikkje tenkjer på dei ofte likevel.

Eg meiner ikkje at alt etterpå berre er trist. Men særleg i starten etter eit dødsfall er det jo ofte ei vond tid ein må gjennom. Så klarar ein etter kvart å fungera og ha det bra igjen, men det blir jo alltid eit skilje der...

 (Litt redigert i etterkant av publisering)

søndag 27. november 2011

Stjerna


lys
kjære
stjerne, lys
tenn fredsvon og glede på
jorda, for dei borna
som svelt eller
frys, hjelp oss dela
dei varmande orda
lys, kjære
stjerne
lys

Som de veit, har eg laga fire julekort som eg sel no før jul. Har lurt på om eg skulle publisera dikta her også, og fann ut at eg brukar eit julekort-dikt for kvar sundag i advent. Stjernediktet er det fyrste:) Det ser litt annleis ut med denne skrifttypen enn det gjer på julekortet, men de ser vel stjerna? Ynskjer dykk ein lys sundag fylt med glede!

lørdag 26. november 2011

Grunn nok til å vera sur:

det er
ein menneskerett
å vera
litt sur innimellom

då set
alle ekstra godt pris på
smilet ditt
når du er blid att
Jepp, stor kontrast til forrige innlegg, men det er jo på ein måte bittelitt irriterande med folk som er blide heile tida. Blir nesten sur av å vere med slike i lengden, berre for å vega litt opp for positiviteten...  Ikkje sant? Eg seier dette generelt altså, og mest for å forsvara dagens humør. Ingen treng gå inn i seg sjølv og spørja om dei smilte litt for mykje til meg sist dei såg meg!

Her ein dag var det ein som presterte å seia at han trudde eg aldri var sur, men eg synest svogeren min lo litt for fort av den påstanden... Sorry om eg øydelegg nokon illusjonar her, men idag er det like greitt eg har halde meg heime ;) Så satsar me på smilet er på plass til 1. sundag i advent!

torsdag 24. november 2011

Glede


ikkje planlagt
men brått til stades

skjør, boblande
lengst innifrå

breier seg utover
sitrar i huda

og sprekk i munnen
som eit forløysande smil

Kjenner på at eg har mykje å vera glad for for tida. Likevel er det ikkje så ofte eg "har tid" til å bli var gledekjensla. Men brått er ho her likevel:) 

Får dagleg gode ord om boka mi, noko som varmar veldig! (Sjølv om det er litt vanskeleg å tru på, men eg jobbar med saka...) Her ein kveld ringte ei koseleg eldre dame og ville bestilla nokre eksemplar til julepresangar. Ho las boka frå perm til perm kvar dag, sa ho. Men det var eit dikt ho ikkje forstod. Eg tenkte det var eit av dei metaforiske... Men så kom spørsmålet: "Kva er PMS??"  Hihi, eg driv visst folkeopplysning eg;) Her er PMS-diktet mitt, om du lurar du også...

 I dei neste dagane skal eg gjera noko eg har kvidd meg litt til: Ta meg ein runde til bokhandlarar i nærleiken og dela ut nokon leseeksemplar og fortelja litt om boka mi. Forlaget tek også kontakt med desse, men dei seier at det er smart å oppsøkja dei sjølv, med eksemplar av boka.

Om nokon av dykk veit om bokhandlarar i dykkar nærområde som kanskje kunne vere interessert i diktboka mi, eller firma som kunne vere interessert i å gje boka som julegåve til dei ansatte, er det berre til å ta kontakt, så kan eg prøva å fiksa leseeksemplar til dei:) (Eg forventar ingenting, men dumt å la vera å spørja viss nokon har tips rundt dette..)

Sorry bokmas, no er eg snart over i adventsmodus, så då satsar eg på meir skriveinspirasjon også. Men er boka og det rundt som er framtredande i tankane nett no.

tirsdag 22. november 2011

eit faktum


er du både lite impulsiv
og dårleg til å planleggja
sit du mykje inne


Hadde ein periode der eg verken var det eine eller andre, så dette er nok eit erfaringsbasert dikt... Men er blitt flinkare til å planleggja no, heldigvis:)

(Tok vekk dei to nederste versa eg hadde med fyrst, synest det sto like greitt åleine. Bortsett frå at biletet ikkje heilt passar lenger. Jaja...)

søndag 20. november 2011

Prøvetankar

eg las meg opp, eg las meg inn
eg las mitt hovud rundt i spinn

eg las dei andre heilt i senk
eg las i stol, ved bord, på benk

eg kjende bråten med bokstava`
gjennom hjernebarken trava

eg las mitt auge raudt og vått
ja, eg las, men las eg godt?

på prøven sit eg mest til stas
og prøver hugsa kva eg las

Mange som les no, til prøvar og eksamenar. Har ein mann som driv å les også. Og ein del venninner og systrer og slikt noko, som ikkje er ferdig utdanna endå. (Haha!) Så folkens: dette er til dykk. Lukke til;)

(Har hatt litt problem med å leggja frå meg kommentarar i andre bloggar, men håpar det er i orden no!)

fredag 18. november 2011

Audmjuk

Bilete lånt hjå Janne Tove
 
å selja sjela si
kan vera ganske fint
så lenge det er 
dei rette som kjøper

Eg har som sagt endeleg fått boka i hendene mine no. Og det skumle er at det har mange andre gjort også. Men så var det ikkje skummelt likevel. Eg har fått gode ord både munnleg og skriftleg, på sms, facebook og hjå andre bloggar. Og eg blir så GLAD! For som eg har tenkt litt på i det siste, dette er vel det næraste eg kjem å "selja sjela mi". Eg har lagt mykje arbeid og kjensler inn i desse tekstane, og då blir ein ekstra sårbar i forhold til tilbakemeldingar. Ekstra godt då, når til dømes snille damer som Janne Tove, Siv Anita og Ingunn deler tankar om boka mi på bloggen sin. Takk igjen, alle saman! 

(Har funne ut at det har blitt litt mykje tenkjedikt i det siste, lovar eit muntert i næraste framtid!)

onsdag 16. november 2011

det rette

å verkeleg bry seg
spørja med omsorg
svara med varme

røska opp i gamalt grums
ha vilje til å gjera noko nytt
om det kan hjelpa andre

er aldri feil

det vitnar om
eit hjarte med
god plass 

stødige hender
som er trygge
å vera i

Håpar dette treff den det skal...og gjerne fleire i same slengen. :) 

Det er ofte vanskeleg å ta det fyrste steget for å hjelpa andre. Ein er redd for å trengja seg på. Eller kanskje for å plumpa oppi noko som blir vanskeleg å koma seg ut av. Dei som tør, og dei som også tør å gå gjennom eigne og andre sine vanar og uvanar for å sjå om det er noko ein kan endra på, for å gjera ting betre, er tøffe.

Elles er boka mi kome fram til mange no! Eg også fekk ho i postkassa og heldt den i handa for fyrste gong i dag. Faktisk er eg fornøgd, og har ikkje funne mykje eg ville ha retta på, noko som er uvanleg til meg å vera. Veldig kjekt :)

tirsdag 15. november 2011

veslesyster nr. to

veslesyster tullemor
har ein vaksen storebror
og to systrer som er stor`
ein lærarfar, ei lærarmor

likevel så held ho ut
toler ert og vatnsprut
ler når me spør etter gut,
smilar blidt, har inga sut

ho tek dagen som den kjem
sjølv med søvnmangel ekstrem
taklar alle småproblem
med ekte smil, er ei fornem...

så no vil eg berre sei
takk for at du ei blir lei
sjeldan får me høyra "nei"
takk for at du er så grei!

..og så var det minstesystera sin tur til å ha bursdag. 16 - faktisk! Like snill som den andre veslesystera, og har nok måtta tola litt terging oppover... Det er kanskje ikkje sant at ho ikkje blir lei, men ho blir lei på ein morsom måte, så vanskeleg å la vera å erta litt;) Heldigvis er ho sjeldan sur lenge! Lov å vera litt stolt av familien sin, vel? No har eg skrive ei lita oppdatering i firmabloggen min, forresten!

søndag 13. november 2011

Takk

lyft
av trygge
hender

stødd
av gode
ord

tør ein
stå
åleine


 Idag og i går har eg stått på julemessa og "profilert meg". Det var ganske skremmande i starten, men gjekk greitt etter kvart. Var nesten like overraska kvar gong nokon ville kjøpa noko;) Har mange produkt igjen, for eg hadde jo laga ein god del sidan eg ikkje ante kva folk var interessert i .. Ikkje så lett når det eg har laga baserer seg på at folk faktisk må ta seg tid til å stå ei stund og lesa på ulike ting. Lettare å gå rett til sokkane, det treng ein jo alltid ;)  No har eg uansett vist litt kva eg held på med, så kanskje fleire stoppar om eg prøver att ein annan gong?

Dette var visst ei julemesse der dei fleste selde dårlegare enn året før, så det er jo godt å vita for meg som er fersk. Men eg er godt fornøgd, og tente inn det eg hadde brukt, og vel så det! Alt i alt ei positiv oppleving, mykje takka vere dei snille folka (de blogglesarar også!) som hjalp meg før og under julemessa, anten med praktiske ting eller med gode ord! Takk :)

fredag 11. november 2011

vil eg?

å gjera noko
ein eigentleg
ikkje vil

trengs
av og til

fordi ein
kanskje
innerst inne

vil det
likevel?

Skummelt med denne julemessa. Redd folk trur eg står der og sel bilete og magnetar og drops med dikt på fordi eg vil visa meg fram. Når det eigentleg er den der "vise-meg-fram"-biten som skremmer meg mest. Så kvifor gjer eg det? Nett no bit eg neglar og veit ikkje. Kanskje eg veit det på sundag? Eller kanskje eg går i hi? Time will show ;)

torsdag 10. november 2011

nyforelska

øyre
å syngja i
hender
å dansa med
auge
å gynga i
fingrar
å sansa med

Neidå, inga nyforelsking her. Var berre nokon ord som dukka opp og passa så godt saman ;) Her går det i søtsaker... I går laga eg og nokon gode medhjelparar drops til å selja på julemessa. Sjølvsagt skal eg selja dei med medfylgjande dikt...

tirsdag 8. november 2011

I det store perspektivet

er alle tankar
tenkte

alle ord
oppbrukt

alle songar
sunge?

har nokon
på eit heilt anna språk

skrive dine
tankar, ord og songar?

eller kanskje
det du nett tenkte

er heilt
unikt?


Dette tenkjer eg på av og til. Kanskje (sannsynlegvis) sit det heilt ukjende menneske ein annan stad i verda og tenkjer på det same som meg. Rart. Tenkjer du på det same som meg, forresten? ;)

Merkar at eg i lengda ikkje klarar å halda meg vekke frå bloggen meir enn et par dagar;) Så vil prøva å publisera dikt ca annakvar dag, og sjå om det funkar! Det blir jo nesten som før, vel? Dei dagane eg hadde pause, fekk eg litt inspirasjon, og har allereie nokon dikt på lager til neste veke. Difor trur eg også skrivepresset letnar litt, og eg klarar å kosa meg med å skriva dikt, fordi eg ligg på forskot med skrivinga.

 Blir nok ikkje så mykje tid som før til å leita etter og redigera bilete som passar med dikta, men tenkjer at det er greitt å lata orda tala for seg sjølv, når eg ikkje har bilete som passar? Dette biletet er teke på Runde, og me ser ned på gardane der delar av den fine NRKSuper-serien basert på boka "Vaffelhjarte" av Maria Parr blir filma.

søndag 6. november 2011

Allehelgenskveld


himmelljos og skoddefjell
ramar inn ein minnekveld

her er ingenting forvilla
kjenna på den trygge stilla

minnast dei som no får kvila
sjå for seg dei gode smila

gløyma alt ein ikkje rakk
senda opp vår varme takk

takk for det me fekk ilag
til me ser dykk att ein dag


Allehelgensdag er  for meg ikkje ein kveld for vonde tankar, men for å tenkja med takksemd på det gode ein fekk oppleva saman med dei ein no saknar. I kveld tenner eg lys for svoger, svigerfar og farfar. Takk!

fredag 4. november 2011

å vera i seg sjølv

å vera i seg sjølv
fylla hovudet opp
med gode tankar
 
kjenna det er heilt
 greitt å vera i
denne kroppen
 
møta dagen trygt
for eg veit at
den er min
Som regel er det mange tankar som herjar i hovudet samtidig. Organisering og arbeid på heimefronten og jobbfronten, pluss mykje anna. Då treng ein av og til å setja seg ned og kjenna på at det er godt å vera til! Å vera trygg på seg sjølv er ein kunst eg ikkje er så god til. Alltid er det noko eg kunne gjort annleis. Men i går fekk eg hjelp av ei dame som var opptatt av at eg måtte bli trygg. På meg sjølv og det eg gjer. Så no skal eg prøva å fokusera på det som er bra, og det eg får til. Er det kanskje fleire som treng snu tankane i positiv retning? Veit at til dømes unike Whitebite har trekt dette fram fleire gongar. Me får vera flinke til å minna kvarandre på det :)

Det tok visst lenger tid enn eg trudde å returnera med dikt, men var godt å ta ein liten bloggpause. I mellomtida har eg jobba med firmatankar  og det å setja meg inn i lærarjobben eg skal ha fram til sumaren.  Kanskje burde eg vore tøff og satsa berre på firma, men då eg fekk telefon med tilbod om stillinga, verka den spanande. Og sidan forrige lærarerfaring var "delt", for å sei det slik, treng eg vel eit forsøk til, for å sjå om eg får det til litt betre denne gongen.