lørdag 31. desember 2011

Nyttårstankar



snart er det morgon
på trappene står
eit vakkert, unikt
og nysprunge år

kanskje det rommar
lovande smil
 hender som leier
og blikk utan tvil

du som før tapte
kan endeleg vinna
du som har mista
må du atter finna

kjærleik og latter
som boblar inst inne
skapa dei nye
og finaste minne
Då skriv me snart 2012, etter eit år som inneheldt både stor glede og djup sorg. Heile landet fekk kjenna på sorga denne gongen. Og heile landet synte at me står saman mot vondskap, og at me er flinke til å ta vare på kvarandre. Den kjensla av å stå saman håpar eg blir endå sterkare til neste år. At me klarar å snakka til kvarandre, ikkje om kvarandre. Bry oss. Sjå.

Ynskjer dykk ei god nyttårsaftan, og eit spennande år i vente, med mykje glede!

Varm klem frå meg til vener, bloggevener, og lesarar:)

onsdag 28. desember 2011

8 minutt på lufta

i fritt fall
eller luftige svev?
eg landa no
til slutt
med eit smil
Jepp, då fekk eg mine tilmålte 8 minutt på lufta i føremiddagssendinga til NRK-Hordaland. Du kan høyra det her, berre trykk fram til ca seks minutt ut i opptaket. Eg har ikkje turt å høyra det endå, synest stemma mi høyrest så rar ut, og så er eg redd eg fnisar for mykje;) Fekk sjølvsagt ikkje sagt alle dei fint formulerte tinga eg hadde tenkt ut på førehand. Men det gjorde ikkje noko, sikkert like greitt;)

Hadde ein fin og uanstrengt samtale med NRK-dama Lene Granli, som var avslappande og behageleg å prata med. Fekk sagt litt om tankane mine rundt blogg og bok, og om dikt generelt. Til og med litt nynorsk-reklame håpar eg at eg fekk inn, sjølv om eg sa at eg prøvde å unngå dei mest vanskelege nynorske orda, for at ikkje tekstane skal kommunisera dårleg...

Burde vel sagt meir om kor viktig det har vore heile vegen med dei gode bloggefolka eg har møtt, og tilbakemeldingane frå dei og vener og slektningar, men håpar de veit det uansett:) No skal eg prøva å pusta ut og lada opp til nyttårsafta, då neste dikt kjem! Ha ei fin julefeiring vidare folkens. Husk å slapp av!

tirsdag 27. desember 2011

Smileglitter



valne hender, våte vottar
neglebit på tomeltottar
store auge, nase raud
veneklem og snøballsjau

smileglitter, iskrystallar
bleikgul sol som sakte kallar
fram den varme juletid
nyt den, før den er forbi!
Dette dikta eg ei stund før jul, og eg ser jo at det kanskje ikkje nett stemmer heilt for denne jula. Maken til ruskevêr som har vore i denne romjula skal ein visst leita lenge etter! Sjølv om ikkje heimstaden min har vorte råka noko voldsomt, har me vore utan straum i periodar, og me måtte køyra under eit tre som hang over vegen for å koma oss heim att etter julefeiring hjå foreldra mine. Spanande nok for oss, vil eg seia! 

Eg skreiv i grunn at eg tok bloggepause fram til nyttår, men i kveld fekk eg ein telefon som utløyste umiddelbar bloggetrong. Det var faktisk ei dame frå NRK Hordaland som ville ha meg i studio og intervjua meg om boka og bloggen, i morgon! Hjelp! Eg måtte jo berre seia ja til ein slik sjanse, sjølv om eg syntest det var litt rart. Det er jo berre meg, liksom?? Uansett veldig kjekt, og no sit eg og tenkjer på kva eg skal seia...

 
Noko om kor viktig det er at folk tør å snakka med kvarandre om det meste. At ikkje alle går rundt og trur dei er dei einaste som ikkje har det bra, og at resten sikkert har det perfekt, når det på langt nær er slik det føregår... Jamfør dette diktet. Og noko om at eg med dikta mine håpar å treffa dei som trur dei ikkje likar dikt. At mange dikt kan vere vanskelege å forstå, og at difor mange tek avstand frå sjangeren. Men at eg prøver å skriva dikt som treff menneske, uansett kven dei er. Dikt som handlar om kvardagslege ting, og dikt om både glede og sorg. Viktige ting.

Det som gjenstår er å finna ut kva dikt eg skal lesa der. Bør vere to-tre ulike dikt, tenkjer eg. Berre sei frå viss de kjem på eit eller fleire dikt de meinar bør vere med! Elles høyrer de lokale folk meg (forhåpentlegvis) på NRK Hordaland i morgon klokka 12.10. For eg tør vel?

lørdag 24. desember 2011

Julaftan 2011



etter styret, etter stresset
etter julepakkepresset
inni pepperkakene
under pynta juletre
syng den gode julestemning
stilt om kva som er i emning

hjartet finn si varme ro
innerst er ei lita glo
brenn takknemleg for alt kjært
takkar for alt eg har lært
og funklar for dei gode ord
som gjer at nøstet gror og gror

så må eg også tenkja på
det barnet som låg trygt på strå
kika rundt med auge milde
menneske seg samla stille
rundt det vesle underet
som kom med evig himmelfred
Så kom Dagen. For nokon fylt med smil og latter. Forventning. Ettertanke. Spenning. Glede. For andre med vemod. Nokon manglar i stova. Då er det godt å tenkja på at akkurat denne dagen også er dagen for Håp. Håp om at me ein gong kan treffa alle våre kjære i himmelen. Utan noko vondt. Og det er denne dagen som gjorde det mogleg. Jesus kom til jorda, for å døy for vår skuld. Slik at me kan koma til himmelen uansett kva me tidlegare har gjort. Berre me trur.

Mange trur nok ikkje. Nett no. Og det skal eg ikkje leggja meg opp i i det heile. De må gjera det som kjennest rett for dykk. Men kanskje de ein gong finn ut at de vil tru. At det hadde vore godt om det stemte, det med himmelen. Og opnar hjartene for at det kan stemma. Kanskje de då opplever noko fint?

Uansett ynskjer eg dykk ei vakker julehøgtid! Håpar de får tid til å gjere det som gjev dykk julefred. Og den gode kjensla. Eg vil takka slekt og vener og bloggvener for eit fint år saman! Eg vil også takka alle de som har kome med gode ord om dikta mine og boka mi, det varmar veldig, og eg set stor pris på det, sjølv om eg ikkje alltid heilt klarar å takka skikkeleg. Blir liksom litt fortumla kvar gong;)

Prøver meg på ein bloggepause fram til nyttår, men skal vere nok lesnad likevel nedover her, for de som er innom;) God juleklem frå meg!

torsdag 22. desember 2011

kjærleik og pakker


kjærleik vert ikkje målt
i storleiken på ei pakke
innnhaldet sin pengeverdi
eller mengda pakker

kjærleiken syner seg i
varmen frå hendene som gjev
augene som spente og trygge fylgjer med
og den gode klemmen etterpå
Eg har ikkje så lyst til å gje borna mine så mange og dyre pakker kvar jul. Ikkje fordi eg ikkje har råd. Ikkje fordi eg ikkje er glad i dei. Men fordi eg er glad nok i dei til å villa at dei blir takknemlege for det dei får. Eg vil ikkje at dei forventar å få alt dei peikar på. Eg vil at det skal vere noko dei ikkje får, sjølv om dei ynskjer det, berre fordi dei lærer noko av det. Eg vil at borna mine skal læra at det er heilt greitt at nokon gjev større ting, og nokon gjer mindre ting, og at det ikkje nødvendigvis er einsbetydande med kor glade ein er i borna...



Heldigvis har storejenta forstått dette,
ho blir som regel like glad for alt ho får, og gjev like varme klemmar uansett om ho får ei pakke hårstrikk eller større ting. Eg seier ikkje at det er gale å gje store pakker altså. Men det er heller ikkje noko gale i å gje mindre pakker. Det er tanken bak som tel. Og så kan ein gje så mykje meir enn pakker også. Julestemning, eit fang å sitja i, ein julesong som nokon tek seg tid til å læra bort. Alt har verdi, for både små og store. Synest eg:)


Eit apropos slengt inn litt i ettertid: Sjekk ut siste gåvedryss i Emmeline sin adventskalendar! Det er berre til å skriva inn kva julenisse ein stemmer på, så er ein med i trekninga av fleire fine premiar. Sjå litt ekstra på den siste premien;)  Ho har lenkja til at boka mi kan kjøpast her på bloggen, og det stemmer jo at eg kan senda dykk eksemplar (ta kontakt på diktfordagen@hotmail.com), men er sikkert like enkelt å kjøpa hjå  til dømes Haugen bok!

tirsdag 20. desember 2011

dagens kloke ord om mat

får du noko under foten

spelar det inga rolle
om det er ris eller makaroni

det må vekk

Utfordring til dykk: Kan dette tolkast som noko anna enn eit dikt om at det er ekkelt å trakka på matrestar??  Eg berre spør, har ingen fasit sjølv. ;)

søndag 18. desember 2011

Juleengelen


varm
lysvakker
skinande
sterk
kjem
eg til dykk
ber bod om det
store underet som
ventar i ei lita krubbe
der stjerna lyser sterkast
der husdyr stilnar i undring
der himmelen syng for jorda
der hamstråa husar det heilage
der gutebarnet opnar auga og ler
 Her er det siste julekort-diktet mitt. Teksten viste dårleg på biletet, så måtte skriva den inn her også. Men de skjønar eg måtte visa med biletet korleis det såg ut, i berre tekstform vart engelen sørgjeleg vengjelaus...

Håpar de alle har ein fin 4. sundag i advent! Me har vore ute i snøen og leika oss, og minstemann har øvd seg på å seia sitt og storesystera sitt namn, noko han endeleg får til ganske bra! Han lærte òg eit nytt, viktig ord: BESTEVENN! Og kvar gong han seier ordet, klemmer han ein av oss. Så han skjønar nok litt kva som ligg i det:)

Sidan fleire har spurt, her er meir info om juekorta mine. Eg har nokre firpakningar igjen, og bestiller de no, kan eg senda i morgon, så de har dei til julaftan. Men spørs om dei fleste har skrive julekorta sine allereie, er vel berre eg som sit og skriv i kveld;)

fredag 16. desember 2011

i dag tenkte eg:



no er det
så mange fine folk
i himmelen

at eg i grunn ikkje
lenger treng vere
redd for å døy
I dag var det gravferd for Johan. Det var sagt mange fine ord om han. Rette ord. Kollegaer av Johan las opp diktet eg skreiv til han. Det var godt å kunna bidra med noko konkret i sorga. Og så var det godt å endeleg få ut desse tårene som har lagt og pressa på den siste veka.

På veg heimover, skein det brått opp utover fjorden. Det var nett som ei lita helsing frå Johan, eit lyst og varmt signal om at han har det bra. Eg tok biletet over, som i alle fall viser litt korleis det var.

Og så tenkte eg litt på det som står i diktet over. Eg har alltid vore bekymra, og litt redd for å døy. Meir eller mindre, sjølvsagt. Trur ikkje eg er åleine om det. Eit dikt om det her.  Men i dag slo det meg at det er i grunn ingenting å vera redd for lenger. I alle fall ikkje om eg kjem dit eg håpar... Då blir eg møtt med fleire trygge hender og varme smil. Godt å tenkja på, uansett:)

Heilt på tampen, ein fin Odd-song, som eg har hatt på hjernen dei siste dagane. Då eg høyrde på den igjen no, slo det meg at teksten passa veldig godt til denne dagen, og til biletet... Spesielt nokre linjer mot slutten: "For bortom fjorden, bortom alt det ein kan sjå, finst ei heilag hamn å finne, som ein dag eg sku` nå... "  

torsdag 15. desember 2011

å hausta


med smil
haustar ein
glede

med gråt
haustar ein
styrke

med ord
haustar ein
vener
For ei veke sidan gjorde eg noko eg aldri hadde trudd eg turte. Eg traff ei "venninne", som eg har blitt kjend med her i bloggverda:) Venninne står i hermeteikn, for det er rart å kalla ho for venninne etter berre å ha prata med ho "irl" i ein halvtime. Men eg føler i grunn eg kjenner ho godt (som eg også føler med fleire andre her inne), gjennom orda ho deler på bloggen sin, og gjennom nokre mailar me har sendt.

Veldig kjekt å prata med ho, og sjølvsagt litt rart i starten, sidan me på ein måte veit mykje om kvarandre, utan nokon gong å ha truffe kvarandre før. Men praten gjekk lett, me tenkjer likt om mykje, og eg opplevde ho som ei ekte venninne!  Håpar eg kan treffa ho fleire gongar, og kan anbefala eit besøk til bloggen til Anne Severine:)

tirsdag 13. desember 2011

Forstå meg

ikkje prøv å overtolk meg
ikkje kom med ord og dolk meg
ikkje peik og kritiser meg
ikkje stå der og vurder meg
 
 
ver så snill å ikkje slå meg
prøv for ein gongs skuld å sjå meg
opn ditt øyre, høyr litt på meg
gjer no ditt for å forstå meg!
Dette byrja i grunn som eit dikt som handla om å bli overtolka å misforstått. Som dikt, altså. Kvifor skal ein dissekera dikt med nye ord, og prøva å tolka dei mest mogleg? Kan ein ikkje berre lytta til dei, og kjenna om orda treff? Og om ikkje orda treff, kan ein heller lesa noko anna... Og om dei treff, så er jo det bra? Ein treng vel ikkje finna ut grunnen til at dei treff? 

Så ser eg at det kan sikkert handla om menneske også. Men det får de kjenna litt på sjølv:)


Som de ser, har eg endeleg fiksa meg ny signatur. Måtte ta denne av-anonymiseringa gradvis, så no var eg klar til å ta steget og setje namnet mitt under dikta... Men copyright-hjartet vil eg framleis ha;) Lurar på om eg skal ta vekk Røsslyng som profilnamn, kva seier de andre bloggefolk? Skjønar de kven det er som er innom, viss Kristin kommenterer, eller skal eg behalda Røsslyng-namnet når eg er innom andre bloggar? Evt. skal eg kalla meg Kristin - Dikt for dagen? 

Og så oppfordrar eg dykk til å stikka innom Emmelines dagleg. Ho har ein julekalender der ho deler ut fine premiar kvar dag, det einaste ein treng gjere er å skrive kva julenisse ein stemmer på. Det dukkar moglegvis opp ei bok skrive av ein meget berømt kvardagspoet som premie der ein eller annan dag...;)

Ta gjerne ein tur innom Ege si heilt uformelle bloggkåring også. Der finn de mange fine bloggar, og heilt nederst på sida i høgre hjørne, kan de jo stemma på kva lyrikkblogg de likar best:)

søndag 11. desember 2011

Julehjartet


Ynskjer dykk ein god kveld, 3. sundag i advent! Det tredje julekort-diktet mitt er eit julehjarte, og eg syntest det viste best på sjølve kortet, så legg det ut slik. Håpar de klarar å lesa det:)

Gårsdagens kom ganske seint, de finn det her om de ikkje har fått det med dykk. Ha ei fin veke i vente!

lørdag 10. desember 2011

Gjennom


om målet ditt er
på andre sida
av fjellet

lønar det seg
ikkje alltid
å fylgja

den
lange vegen
rundt

eller den
strabasiøse stigen
over

nokon fjell
må ein berre
gjennom

Dette kan vel tolkast på fleire måtar, og får vere litt opp til dykk. Eg synest Pia sa det fint i kommentarfeltet under her... Nokon ting må ein berre gjennom, uansett kor klaustrofobisk og mørkt det kan kjennast undervegs. Og så er det alltid lysare når ein nermar seg slutten på tunnellen, og til slutt anar målet sitt. Som kanskje ikkje alltid er heilt slik ein trudde. Men kanskje det for nokon kan vere endå betre?

Elles takkar eg for fine kommentarar på forrige dikt, om Johan. Godt at det kan treffa både de som kjende Johan og de som ikkje veit kven han var. Trur det blir formidla til familien hans også, og håpar dei kan kjenna han att i orda.

God laurdagskveld vidare!

torsdag 8. desember 2011

Til Johan

det glimtar i to auger
under barten veks eit smil
at du ser borna rundt deg
ja det veit dei utan tvil

med lune ord du ordnar opp
når noko har gått gale
med sterke hender trøystar du
når noko kjennest bale

du dreg i rette trådar
og du gjer det lurt og lett
det er så tydeleg
at du bryr deg, rett og slett!

kollegaer, elevar
set stor pris på den du er
eg trur nok at du veit det
sjølv om du ikkje er her

for nett i dag så vart det stilt
i senga di for godt
og dagen som var kvit og lys
den endra seg visst brått

no dryp det i frå hustak
og frå auge små og store
mange går og tenkjer på
alt gode som du gjorde

men bak grå skyer
lyser det ei stjerne som er klår
ho veit at du fann vegen
som lovar ein ny vår

du har gjort ditt, ja meir enn nok
du kan få kvila no
mens me minnast smilet ditt
og korleis du lo

tusen takk, Johan, for
at du oss med tryggleik møtte
og var for dei som trong det mest
ei sterk og stødig støtte

Johan var assistenten som fulgte klassen min i seks år på barneskulen. Ein varm og raus person som hadde hatt sitt å stri med, og burde sluppe unna den øydeleggjande kreften. Men dei snille slepp ikkje unna, og i dag kom den triste meldinga om at han er død. Det er så mykje ein har lyst til å seia, men ikkje så lett å finna orda, så eg heidrar han med dette diktet.

Var eigentleg tenkt å skriva dikt om noko anna denne dagen, men tankane går til Johan og familien hans i kveld, og då vart det naturleg å skriva om det.

tirsdag 6. desember 2011

mammastemma

ei mammastemme er jo ofte
 koseleg og snill
men av og til kan stemma
ropa høgt og vera vill

eg likar stemma best når ho
 er varmande og mild
og stille kviskrar at ho er
så glad at eg er til 

Av og til høyrer eg at mammastemma mi ikkje er slik eg vil ho skal vera. Det skjer som regel når det er mykje i hovudet på ein gong, og gjerne når eg i tillegg er trøytt. Eg likar det ikkje. Prøver å få nok søvn og å sortera tankar før det blir for mykje, men ikkje alltid det går. Då er det godt at det finst eit ord som heiter unnskyld. Og ei stemme inni der som klarar å seia dei rette orda, på den rette måten.

søndag 4. desember 2011

Juletreet

å
vera
eit grantre
er greitt nok det
men
tenk å få
skina som juletre
lysa opp
krokar i hus og sinn
lytta når klokkene ringjer inn
til glede
og fest, erindring og fred
små strekkjer seg opp, store  bøyer seg ned
det beste med jula: at folk ser kvarandre
dei rekkjer ut handa og vil
hjelpa
andre
Eit nytt julekortdikt frå meg. Håpar de alle har hatt ein god 2. sundag i advent!

Eg har hatt fine dagar med borna hjå foreldra mine, godt å koma "heim" att av og til, glad me får låna seng der når me vil:) Det har gått i sauar, kyr og traktor for minstemann. Alt sjølvsagt saman med  dei høgt elska "bess" eller "besso". Og storesystera har leika med tantene. Mammo blir overflødig der. Heldigvis;)

torsdag 1. desember 2011

Ventetid


bakkane kvitnar
og frostnatta vitnar
om det som me veit snart skal skje

augene  glitrar
og magane kitlar
mens munnane berre vil le

dompapen kvitrar
før peisveden knitrar
nokon bøyer i takksemd seg ned

det vonde forvitrar
når stjernene sitrar
frå ytterst til innerst er fred
1. desember! Det er noko med denne datoen som er aksepterande. Eg byrjar å akseptera julegater, julebrus, julesongar og pepperkakebaking (synest det er litt tidleg i november). Og så gler eg meg til juleroen, som kjem etter det (koselege?) julestresset. Skuldre som senkar seg, og tankar som fokuserer på det viktigaste... Snart!

No har eg forresten oppdatert sida om boka mi, og skrive inn nokon av utsalgsstadane ho får:)

Eg ser i etterkant at dette diktet med bilete passa perfekt til vekas tema hjå jentene i Øyeblikk, og hiv det med i konkurransen deira:)