mandag 30. januar 2012

Varmen etterpå

Kalde, men vakre dagar for tida!

det er greitt
å frysa litt
av og til

så du set
ekstra pris på
varmen etterpå
Dette diktet kan sikkert overførast til andre område av livet også, men var i utgangpunktet meint bokstaveleg.Var på NM på Voss i går, og mangla kontakt med tærne store delar av dagen. Ein kjekk dag elles altså! Det var berre det at eg hadde gløymt kor vondt det er å vera så kald. På vegen til parkeringsplassen, byrja varmen å koma, og det var i grunn endå vondare. Men då eg endeleg vart varm att, var det ekstra godt. Og den gode kjensla av å vera varm frå ytterst til innerst sat i resten av dagen :)

lørdag 28. januar 2012

elev-lærar-kommunikasjon

du trur eg står her berre for at
eg vil kommandera
eg veit eg står her for eg ynskjer
hjelpa deg å læra

du trur at eg er streng fordi
eg ikkje likar deg
eg veit at eg er streng fordi
eg engasjerer meg

du trur eg ikkje bryr meg
om du gjer det heilt elendig
men eg vil gjera mitt
for at du skal bli meir sjølvstendig

og når du ser at eg blir sint
så er det kje` fordi
at eg blir desperat av
maset ditt om å få fri

det er fordi eg blir så skuffa
når du ei forstår:
det er for deg eg står her
 for dine framtidsår

 
Dette har ikkje bakgrunn i noko spesiell hending eller erfaring, men føler sånn generelt at lærarar slit med å få elevane til å skjøna at dei er der for elevane sin del. Det er ikkje for seg sjølv dei står ved tavla og deler av kunnskapen sin. Lærarane brukar mykje tid på for- og etterarbeid, men kan likevel oppleva at dei ikkje får gjennomført ting som dei har tenkt, for dei har ikkje elevane med på laget.

Har tenkt litt på dette, at undervisning/læringsarbeid eigentleg er lagarbeid. Målet er at elevane skal læra noko. Få kunnskapen dei treng for å bli sjølvstendige og dyktige i yrka dei vel. Om både lærar og elevar jobbar saman for å nå desse måla, vil det nok fungera betre.

Misforstå meg rett, eg veit det finst mange motiverte elevar. Men det er diverre også mange som ikkje er det. Eg forstår det jo. Spesielt på ungdomsskulen hender det mykje på ein gong, både i hovudet og kroppen elles, og på det sosiale planet. Men likevel, eg trur alle ville tjent på, og fått mykje kjekkare timar, om elevane klarte å engasjera seg litt meir i eigen læring. Eller?

torsdag 26. januar 2012

Minnebakken

 
 
det er ikkje gitt
at bakken hugsar best
dei som trampa
hardast og fortast
 
kanskje den lagrar
lengst minnet av dei
som stillferdig og stødig
sette føtene sine på jorda
 
og let det veksa fram
vakre blomar i spora
så andre fylgjer
dei same stigane
Eit tenkjedikt. Igjen. For sjølv om me nett feira toårsdag, er dette ei tid fylt av kontrastar for oss. I går var ein minnedag.

tirsdag 24. januar 2012

2 år



i fjeset eit smil
i handa ein bil
du har krøllar i fleng
og gjev klem når me treng


du tek stilt handa vår
og dreg til me går
du er nett blitt to år
men eg trur du forstår


om det ute er kaldt
og me er lei av alt
når du seier "venn"
må me smila igjen!

Godguten vår blei to år i går! Hadde ei fin feiring med familien på søndag, og han koste seg veldig. Er jo begrensa kor mykje han skjønar av dette "bursdagsstyret", men det med pakkene skjønar han godt... Og han er Gut med stor G, det viste både på pakkene og reaksjonen;) Bilar og traktorar og ting med bilar påtrykt var stor suksess!

søndag 22. januar 2012

Greitt nok

det vil alltid vera noko
som du ikkje heilt får til
det du ikkje klarar godt
sjølv kor sterkt du vil
 
ikkje grav deg ned i mørke
tankar, men husk på
at av og til er "greitt nok"
eit mål som er ok!
Har lest fleire stadar om at det å vere småbarnsforeldre og i jobb, er krevande, og fører til ganske mange utbrente foreldre. Ikkje rart i heile tatt, når mange helst vil meistra alt samtidig, og helst perfekt. Det går berre ikkje. Ein må vel tåla at nokon gongar er "greitt nok" heilt ok.  Det har i alle fall eg prøvd å seia til meg sjølv når eg ser på alt eg ikkje får til så godt som eg ville.

fredag 20. januar 2012

når far er sjuk

når far er sjuk
skjønar til og med
dei minste i familien
alvoret
 
listar seg
stille på sokkelesten
med trøysteklem klar
nåt det trengs
 
men mor?
ho skjønar visst lite
 
Slik kan det i alle fall arta seg, vel? Som kone, byrjar eg alltid med mild stemme og trøystande vesen når mannen er sjuk. Men så er det nok eitt eller anna med det å brått ha eineansvar for hus og born, PLUSS ein stor krevande unge til, som gjer at tålmodet forsvinn ;) I dag har eg klart meg ganske bra då, men håpar det ikkje varar lenger...

Ps: Slit med å koma inn på bloggane til ein del medbloggarar, har vel noko med omlegginga av kommentarfelt og sånt (svar-funksjon og det der), men håpar det kjem seg snart!

onsdag 18. januar 2012

Riktig feilsteg

av og til
kan eit lite feilsteg
vera det
beste som har hendt deg

det gjeldt berre
å ta dei riktige feilstega
I desse ski-på-tv-tider (jepp, eg fylgjer med!), tenkjer eg tilbake på turen vår til VM i Oslo i fjor, julegåva frå meg til mannen og eldstedottera. Eg var ikkje med inn på sjølve stadion, men mannen og dottera var der og heia ein dag. Ei stor oppleving for jenta! Den største opplevinga for meg, var i midlertid noko heilt anna.

Eg hadde bestilt eit familierom via Coop Hotellkupp. Trudde eg. Men då me kom til hotellet ein stad i Oslo og skulle sjekka inn, viste det seg at eg hadde gløymt å presisera då eg bestilte, at me hadde to born med oss. På rommet dei hadde booka til oss, var det ikkje plass til barnesenger, og alle andre rom var fulle, sa dei. Gjett om eg blei stressa då!

Etter ei lita stund, viste det seg at dei hadde eit rom likevel. Der skulle det vere plass, sa dei med glimt i auget, og håpte me blei fornøgde. Det glimtet skjøna eg ikkje heilt før me låste oss inn på den største suita på heile hotellet... Ei stor stove med sofagruppe og spisestove var det fyrste me såg. Og deretter to soverom og eit digert bad, og eit soverom til... Og innom soverom nr. 3 var det jammen endå eit bad!

Me holdt på å le oss skakk forderva då me opna dør på dør og fann ut kva ordet "suite" betyr;) I stova og på to av soveromma var det tv, og det var minst to minibarar der, pluss ekspressomaskin. Det toppa seg nesten då me opna eit skap, og fann eit lite innebygd kjøkken...! Me fann også ein eigen stor safe, og gjorde oss nokre tankar om kven som kunne ha budd der før.

Ei veldig artig og nesten surrealistisk oppleving, til under to tusen kroner! Så av og til kan små tabbar føra til gode ting:)





(Jadå, rotekoppen meg, klarte sjølvsagt å rota på det innebygde kjøkkenet med ein gong;) Kva gjer ein ikkje for å kjenna seg heime? )

mandag 16. januar 2012

Glad

den er ekstra fin 
 kjensla av å vera
fullt ut glad
på andre sine vegne

fordi dei fortener
så godt det gode 
Fleire gode bloggevener har kome på Foreldremanualen si nominasjonsliste i kåringa av dei beste mammabloggane. Det er berre til å gå inn og stemma her!

Det artige er at ei lokal bloggedame også er på eine lista. Eg kjenner ho ikkje så godt, men me er på hels..;) Ho skriv morsomt og sjølvironisk om livet som mamma, eg er ofte innom og les og ler!

Eg ventar spent på den nasjonale kåringa av årets diktblogg :P Men her passar det jo fint å visa til Ege si uformelle og humoristiske bloggkåring frå ei tid tilbake, der ho faktisk hadde med nemnde kategori, og eg vann! Jippi!

Men idag var det altså gleda på andre sine vegne som er i fokus. Og den er god:)

lørdag 14. januar 2012

Meistring (og bloggejubileum)

Gjenbruk av bilete passar vel i eit jubileumsinnlegg?


Alle treng noko dei kan
det kjekke dei veit dei får til.
Og det trur eg alle kan klara
om berre dei øver og VIL.

Nokon kan mekka på bilar
mens andre vil helst stå på ski
ei dame eg kjenner syr huer
med kjærleik og garnduskar i.

Kanskje du veit om ein som kan syngja 
eller nokon som byggjer ei bru.
Nokon lagar dei lekraste rettar
medan nokon kan alt (var det du?).

Ei elskar å rydda og ordna
ein målar og teikner og slikt.
Eg kan slettes meg ikkje så mykje
men eg likar å skriva på dikt.
Alle treng noko dei kan. Og alle HAR noko dei kan. Problemet er vel at ikkje alle heilt har funne ut kva dei kan endå. :)

I dag er det akkurat eitt år sidan eg fann ut at eg skulle laga blogg. Og gjorde det. Ganske spontant. Då eg skulle oppretta bloggen, tenkte eg kjapt gjennom kva type blogg eg ville ha. Den måtte i alle fall skrivast på ein måte som opna for å få ut diverse tankar, samtidig som eg øvde meg litt på "kreativ skriving". Difor blei det blogg i diktform.

Det tok ei stund å få lesarar. Eg ana jo ikkje heilt korleis det funka. Men så tok eg meg nokon rundar til andre bloggar, og når eg fann nokon interessante som eg følte litt "kjennskap med", og ville halda fram med å lesa, la eg att kommentarar. Slik kom folk innom meg også, og fann faktisk ut at dei ville koma att. Og så fortalte eg etter kvart til slekt og vener kva eg heldt på med, og fekk litt meir direkte tilbakemeldingar hjå dei, om at dette ikkje var så dumt.

Sidan dess har eg hatt fleire og fleire innom. Eg har skrive dikt om det som har falle meg inn. Om lag 300 dikt har det blitt. Ofte dikt om kvardagen som mamma og husmor, tenkjedikt, eller dikt om folk som betyr eller har betydd noko for meg. Muntre dikt og alvorlege dikt. Og helst dikt med håp i seg. Eg har gitt ut ei bok, med dikta (og motivasjonen) frå bloggen som grunnlag, kome i lokalavisene, og vore intervjua på NRK Hordaland. Eg har også starta eige firma, som eg jobbar med å utvikla, utan å ha kome så langt endå.

Det med PR-en er forresten ikkje nett det viktigaste for meg, meir eit "nødvendig onde" (eg likar ikkje nett å framheva meg sjølv...) for å få fokus på det eg vil ha fram. Desto viktigare er kommentarar og mailar frå folk som har vore inne og lese, og kjent seg truffe av orda. Det er ikkje lenge sidan eg fekk mail av ei dame som hadde opplevd sorg på ulike måtar, og som hadde vore innom her og lest ein del av dikta mine om sorg. Ho syntest dei traff så godt, og lurte på om ho kunne få dela dei med andre. Det er jo akkurat det som er eit av dei store poenga mine med bloggen, å kunna gjera noko for andre.

Så eg trur, etter denne vesle oppsummeringa, at eg absolutt vil halda fram med å skriva. For å ha ein stad å vere heilt meg sjølv, og uttrykkje små og store opplevingar og meiningar, og med eit håp om å framleis treffa andre. Takk for at de har støtta meg på ulike måtar, med kommentarar, bokkjøp og gode ord elles!

Fekk forresten tlf med spørsmål om eg ville vere "månadens lyrikar" her i kommunen, og snakka litt om dikta mine på biblioteket ein kveld i juni. Lyrikar. Eg? Rotekopp, ja. Distrè husmor. Men lyrikar? Eg sa visst ja eg. Så då er eg visst lyrikar. Men rotekopp vil eg nok alltid vere, likevel. ;)

torsdag 12. januar 2012

Bjørnetenester

veldig mange
gjer det dei trur
er det beste for andre

spørsmålet er
når det ikkje stemmer
kven tør seie frå?
Berre noko eg tenkjer litt på av og til. Ikkje NOKON eg tenkjer på altså! Eller kanskje litt meg sjølv?


Gjennom samhandling og kommunikasjon med andre, opplever ein vel ofte situasjonar som blir feiltolka, og personar som gjer ting i beste meining, og blir misforstått. Eller foreldre som gjer dei dei trur er best for borna sine, når andre meiner ein kanskje burde tenkt meir på lang sikt, og gjort det motsette.

Eg har ikkje vore så flink i forhold til leggerutiner med borna mine. Har litt for ofte teke dei opp frå eigen seng, og lagt dei i vår når dei er urolege. Det har gått ut over nattesøvnen til både små og store, sjølv om det på kort sikt gjorde situasjonen betre, ved at borna sovna i staden for å grina... Jobbar med å bli betre på dette, men jammen ikkje lett.

Skulle av og til ynskja at nokon kunne sagt frå når ein såg folk som gjorde andre ei bjørneteneste. Men det er klart tøft, og ein er vel redd for å gjera folk lei seg og ting verre. Trur eg kunne blitt såra sjølv, om nokon påpeikte ting eg gjorde galt. Men håpar eg kunne vore takknemleg etter kvart, viss eg klarte å sjå det sjølv, og gjera noko med det, om eg var einig då...


Ikkje noko kosetema i dag, så då kan de i staden nyta denne splitter nye, nydelege songen frå ei jente frå same bygd som eg bur i:)  

tirsdag 10. januar 2012

Same veg


Tumblr_lxhh5oac6j1r38lhgo1_500_large
Av mangel på høvande bilete, har eg henta frå weheartit.


når ein er i konstant
rørsle medan
kroppen kvilar

vil tankane ein ikkje
elles rekk tenkja
bobla fram

og saman med fleire
som skal same veg
oppstår samtalen

den gode djupe
viktige praten om
det som betyr 

medan augene
søkjer ut mot stadig 
nytt landskap

søkjer tankane innover
og leitar etter nye svar
på gamle spørsmål

saman med andre
kan ein prøva 
løysa dei fleste

berre reisa
er lang
nok
Eg har ikkje lappen. Bilsertifikatet, for å vere heilt nøyaktig. Det har visst aldri heilt passa å ta det, og eg har ikkje vore så motivert heller, sjølv om det absolutt har vore periodar der eg hadde trengt det. Så det har vorte mykje kollektivtransport og haiking med vener og bekjente. Nokon av dei finaste og mest spanande samtalane eg har hatt, har hendt nettopp på reiser.

Ein eg sat på med ei stund, hadde ein teori om at det å reise saman med andre, gav rom for den verkeleg gode samtalen. Det har eg ofte tenkt på i ettertid, og kome fram til at det langt på veg stemmer med det eg har opplevd.

Tek eg toget, kan eg hamna på sete med sambygdingar eg ikkje snakkar med så ofte elles. Kanskje praten går litt trått i starten, men etter kvart kan ein koma inn i ganske djupe tema, sjølv om berre reisa varar ein halvtimes tid. Det er jo helst om vogna er ganske tom at det går an då, prøver å snakka litt meir overfladisk om det er stappfullt med folk på toget...

 Sit eg på med nokon, er det også veldig lett å halda praten i gong, og kanskje tora spørja litt meir direkte om det ein ikkje rekk snakka om elles. I dag har eg hatt tre fine bilturar med gode samtalar og kjekke folk. Ikkje lange. Men likevel kjekt å få litt tid der ein ikkje kan gjera noko anna enn å prata, og ingen andre trengjer seg på. Spesielt kjekt er det at folk faktisk tilbyr skyss, og sjølv om eg ikkje likar å vere til bry for andre, opplever eg at dei meiner det, og tør å slengja meg på :)

Eg trur det kan ha noko med at ein får ein kvilepause. Tankane kan fara, og ein kan prata uanstrengt, utan å måtta sjå kvarandre inni augene. Eg i alle fall, synest det er lettast å prata med folk og halda fokus på samtalen når ein slepp føla at ein må halda augekontakt heile tida...

Fleire som har opplevd gode samtalar på reis?

søndag 8. januar 2012

Grått




om alt er så grått
at du slit med å skilja
fjord og himmel frå skodda

er det framleis håp
du treng berre litt hjelp
til å finna kontrastane


I dag var ein grå dag, skoddeskyene skjulte fjella og spegla seg i fjorden, og alt verka gå i eitt. Så eg tok eit bilete for å visa det. Og trudde faktisk ikkje redigeringsprogrammet mitt skulle klara å få noko anna enn grått ut av det. Men den gong ei, så snart eg fann rette knappen, openberra det seg både himmel, skodde og fjord.

Og eg tenkte litt på at av og til er det vanskeleg å få auge på det ein vil. Men kanskje ein eigentleg berre treng nokon som veit kva knapp ein skal trykkja på, for å få eit skikkeleg overblikk? Metaforisk på ein sundag dette, men det passar kanskje? Redigerer kanskje meir på dette seinare, for veit ikkje heilt om eg fekk fram det eg tenkte.

Var ikkje noko særleg kreativ i dag, men las nett eit godt innlegg hjå Spirea med bloggen "Hjertespor". Så gå gjerne inn der i staden:)

fredag 6. januar 2012

Sofatankar

tenkjer på alt som
eg burde og skulle
alt som eg ville
og alt det der tullet

om rydding og oppvask
og klesvask og slikt
tenk å ha sluppe
kvar einaste plikt!

alle dei gode eg
skulle ha møtt
så må eg gjespa
eg vart visst litt trøtt

av tankar som surrar
konstant som ei mare
i magen det ulmar
eit varsel om fare

då kjem det ei hand som
rundt nakken min klemmer
eg kjenner i magen
at allting brått stemmer

til ein lyslugga liten
eg smiler igjen
for uansett er eg
hans bestevenn



Odd får nok ein gong sagt det. Det er godt å ha ein bestevenn!
Det er ikkje til å stikka under ein stol at eg ikkje er den mest strukturerte i verda... Det er alltid noko eg tenkjer at eg skulle gjort. Både kjedelege oppgåver i heimen, ting å setja seg inn i på jobb, og alt anna eg skulle gjort som eigentleg er kjekt, men som eg ikkje føler eg kan gjera før eg har gjort det eg "må". Som eg av og til utsett fordi eg blir trøytt av å tenka på alt eg skal gjera...  Og slik har me det gåande.

Har eit mål om å bli meir strukturert i løpet av dette året. Planleggja ting betre. Eg er nødt til det viss eg skal koma skikkeleg i gong med firmaet mitt i tillegg til jobb og familieliv. Men om eg ikkje får det til, i år heller, har eg nokon som er glad i meg likevel. Heldigvis :) Minstemann er ekspert på å få fram dei gode kjenslene, han ser på oss til han får augekontakt, kjem bort og klemmer, og seier "bestevenn!". 

onsdag 4. januar 2012

To dikt og eit langt innlegg om alkohol. Ikkje les om du tek andre sine meiningar personleg...

når du har eit problem
vil du då innta ei gift som anten...

får deg til å fortelja om det til alt og alle?
får deg til å stengja det inne og heller dansa på bordet?
eller i verste fall
får deg til å løysa det med vald?

eller vil du løysa det

klartenkt
konsentrert
gjennom samtalar med nokon som kan hjelpa?

Rar?

sjanglande, ustø
med blankt blikk

spør du kvifor
eg ikkje drikk

som om det er
eg som er rar
Eg likar best å skriva dikt som er gode for andre å lesa. Og eg forstår at dette kan svi hjå mange. Ikkje ta det personleg, folkens! Eg er glad i deko alle:) Likevel føler eg at eg skyldar ein som eg kjende, å ta det opp. Dette må forresten vera det fjerde innlegget eg skriv om temaet. Dei forrige turte eg aldri publisera. Har berre eit par venninner som eg veit er avhalds, og reknar med statistikken er mot meg elles også, dei aller aller fleste drikk alkohol...

Men hjernen min er litt for logisk til at eg finn gode grunnar til å drikka. Det med at alle andre gjer det, er ikkje noko haldbart argument, men irriterande nok, det veit de som er foreldre. Og så har ein det sikkert kjekt. Om ein hugsar det dagen etter, er ikkje så nøye? Og raudvin skal visst vera godt for hjartet? Men eg har aldri drukke alkohol, og har hatt det kjekt likevel. Og hjartet mitt funkar fint. Trur eg;) Argumentet om at det smakar godt, synest eg det nesten er det beste. Men likevel, det finst mykje anna som også smakar godt. Eg heldt ein knapp på cola eg...

Så er det alle grunnane til å ikkje drikka. Eg tenkjer på pengane ein drikk opp, eg tenkjer at alkohol er gift for kroppen, eg tenkjer på alle personar og familiar som er øydelagde av alkohol, eg tenkjer på fyllekøyring som har enda fatalt, eg tenkjer på personar eg kjenner som døyvde problema sine med alkohol så lenge at då dei endeleg møtte problema i edru tilstand, var det for seint. For ikkje å snakka om det faktum at ca 70-80 prosent av alle oppdaga valdsepisodar i landet, har hendt medan gjerningsmann eller offeret var i alkoholrus. Eg veit ikkje om dette gjeld valdtekter også, men i fylgje denne artikkelen var i alle fall to av tre jenter som vart valdtekne i Oslo i 2010, påverka av alkohol. (Og, hald dykk fast folkens, for eit heilt ferskt forskningsresultat: alkohol aukar faren for å ha ubeskytta sex!)

No tenkjer du kanskje at dette gjeld dei andre som drikk. Du køyrer ikkje i fylla, og er anstendig nok til å stoppa ved tredje glaset medan du har nokolunne grensene i behald. Eller kanskje du synest det er greitt utan grenser;) Men eg synest i grunn det i alle fall er ein fin tanke, om ein kan la vere å drikka, eller i alle fall begrensa seg, i solidaritet med dei mange som faktisk ikkje bør innta alkohol. Dei som blir aggresive i fylla. Dei som lett blir avhengige. For borna som blir utrygge når dei ser foreldra endra seg etter nokon glas med alkoholdrikkar. Eller dei som har mista sine kjære på grunn av alkohol. Det er vanskeleg å vita kva ein skal gjera for dei som slit på grunn av alkohol, men det ein kan gjera, er jo å visa at det går an å leva eit fint liv utan?

Så kan ein jo seia: skal ein slutta å eta snop i solidaritet med dei som overspis og har lav forbrenning, eller dei med diabetes? Eg har i grunn ikkje lyst å svara på det spørsmålet. For eg er så glad i snop... Så ikkje ta meg då, eg latar ikkje som eg er moralens vaktar eller noko slikt (har sikkert mine svin på skogen eg også, men dei er i alle fall edru), berre luftar noko eg har tenkt på lenge. Ikkje for å plaga nokon, men kanskje for å finna ut om det berre er eg som er rar og tenkjer slik?

I staden for at det å vere med vener og ha det kjekt er synonymt med å drikka, kan ikkje ein finna på kjekke ting saman som ein faktisk kan gjennomføra i ståande tilstand og som ein hugsar etterpå som fine minne? Ein fjelltur, eit brettspel-kveld, eit gjørmebad, ein fisketur, ein tapaskveld? Det kan vel ikkje vere slik at ein er avhengig av den der evindelege flaska for å "vere seg sjølv og ha det kjekt" vel? Det er sikkert ikkje slik heller, det berre verkar litt slik av og til for kjedelege avhaldsfolk som meg. ;)

Veit i grunn ikkje heilt kvar eg vil med dette innlegget. For å ha det heilt klart, for siste gong: eg meiner ikkje å stilla meg over nokon andre, eller koma med peikefingeren. Men av og til føler eg meg unormal som er avhalds, og då får eg etter kvart litt behov for å forklara kvifor eg har vald dette. Dette var vel noko som berre "måtte ut". Kanskje det eg vil mest, er å treffa dei som eigentleg synest det er like greitt å vere edru, men som drikk på fest fordi det er vanleg "festkode". Og ein vil jo ikkje bli stempla som festbrems, gravid, eller (skrekk og gru!) kristen... (Det siste har i grunn ingenting å seia for om ein drikk eller ikkje, men mange har oppfatning av at det har ein samanheng.)

 

Om du ikkje vil drikka, men manglar argumenta, finn du mange (gode!) over. Og treng du ein god svarreplikk når nokon masar om at du skal drikka, får du eit lite utval her:

To muntre:

- Eg treng ikkje alkohol, eg klarar fint å dumma meg ut utan.
- Sorry, eg treng dei hjernecellene eg har.
(Alkoholbruk gjer at ein mistar hjerneceller. I alle fall over tid.)

To bankers:
(som kanskje bør vere sanne, elles kan du få forklaringsproblem i ettertid...)


- Eg er gravid.
- Eg køyrer.

To kvalitetsreplikkar på rim:

- Kven treng rus når ein har brus??
- Sprit? Det er jo arsenikk! Eg klarar meg med colakick...

To litt særiøse:

- Eg likar å ha kontroll over både hjernen og kroppen min sjølv...
-Eg likar å huska det eg gjer. Spesielt det som er kjekt.

Den lange

- Du, eg er faktisk eit fritt tenkjande menneske som har teke mitt eige val basert på fornuft og logikk. Kan du gje meg nokon tungtvegande argument for at eg skal innta alkoholhaldig drikke, kan eg kanskje revurdera beslutninga. Du har eitt minutt på deg.

Den barnslege:

- Fordi vel!

Den sinte:

- Det har ikkje du noko med!!!!!!!????!!

Lukke til:)

( Evt. SKÅL, om du har lest, ledd, og vil halda fram med ditt deilige drikkeliv...;) No har eg sagt mitt om saka, og skal ikkje masa meir om dette. Og inviter meg gjerne på ein fyllefest altså, har ikkje problem med det. Berre ikkje rekn med at de får sjå meg sjangla... )

mandag 2. januar 2012

Jammen Jan då..?!

Men kjære Jan, min gode venn,
går dette an? No får du skjenn!!
Ikkje nok med at du flytta
heimstad, skule, vener bytta.
I tillegg er (du slette tid!)
min kjære Jan snart høggravid!

Eg ville jo besøka deg
klappa deg på magen eg.
Men fire timars reise
det blir nok litt for heise
for ei sliten poetinne
sjølv om ho er di aller aller aller beste venninne.

Forresten, for ein digresjon
dette diktet sin misjon
var å senda skriftleg klage
på denne julas største plage:

Du må ha rota deg heilt bort
då du skreiv årets julekort.
Kva var det no du tenkte med
då du på BOKMÅL skreiv det ned???!!!
Ja, eg veit at venn er ven på nynorsk, men det passa ikkje med rimet. Og desse Jan-dikta mine SKAL innehalda feil og manglar. Slik at dei står i stil med mottakaren. ;)  Som forresten sjølvsagt ikkje er ein mann, men som har eit alter-ego som heiter Jan... Og eg er Lars, om nokon lurar!

Ventar på svar, helst i diktform. Og helst raskt. Og ABSOLUTT helst på nynorsk....!

(Eg er i grunn ikkje så nøye på det med nynorsk eller bokmål hjå andre, men denne dama snakkar ganske likt som meg, bur framleis i ein nynorsk-kommune og burde vita betre enn å kasta loss på hovudmålet sitt....HALLO??)
Den her er forresten til deg, Jan;)