tirsdag 28. februar 2012

Det er vår

lat sola få sleika dei sår
som vinteren laga i går

mens bekken den klukkar så klår
og hjartet litt fortare slår

varm jorda fram så alle forstår
at endeleg er det blitt vår
Eit lite vårdikt. Mens me ventar. Snøklokker og gåsungar/pusekattar er allereie på bordet, så våren må vel vera rett rundt hjørnet? Sjølv om det ikkje ser slik ut når eg kikkar ut vindauget i dag.. Fleire som er klar for vår?

(Jepp, har planar om å mala tapeten på kjøkkenet. Men hjå oss tek ting tid...)

søndag 26. februar 2012

Vinterlukke?

vinter og snø
idyllen er total
sprakande peisglør
i hytta i ein dal

straum har me ikkje
men Å for ei lukke
eg kokar på primus
heilt utan å sukke

vatnet det må me visst
smelta frå snø
eg kokar og smeltar
men blir aldri sprø

så kjem det store
det me gledde oss til
som gjer borna så glade
og mamma heilt vill

smurninga stryk me
oppå den gamle
i sekken med te og
den frukt eg kan samle

jenta glir lett, fremst,
og minsten i pulken
mannen han dreg
visar musklar som Hulken

mor syng og trallar
og speidar så glad
etter familien som går
der så sirleg på rad

ingen som dett
og ingen som klagar
ingen som kjenner
på verkande magar

vel inn att i hytta
kjem middag på bordet
poteter og kjøtmat
og gulrøtter store

alt går ned på høgkant
dei er jo på fjellet!
ja her kan dei små
alle grønsaker svelge

men no er det nok
kven er det eg lurar?
eg kan kje` fordra
slike ski-hytte-turar!
Overdriv vel muligens ein smule her, hytta me var på i helga hadde straum. Men ikkje innlagt vatn, altså! Det snødde og blas stort sett heile tida, så me heldt oss inne. Eg diska opp med spaghetti og kjøttdeig. Ungane kosa seg, men eg vart surare og surare. Likar eigentleg hytteturar, men ikkje om vinteren. Er så mykje STYR! Sorry ski-/hytteNorge, men dette ligg rett og slett ikkje for meg. Surmulinga hadde muligens noko å gjera med denne faktoren då. Men det forsterka vel berre det eg kjende på inni meg, og gjorde at det kom til overflata...

Nokon vil nok meina at det har med trening å gjera, og at om eg blir vant til dette, vil eg gle meg over det. Og det kan jo vere koseleg. Som laurdag då me skulle ned att, og det vart fint ver, og ting gjekk ganske på skinner. Men så er det så ofte det ikkje gjer det, og så er det så mykje dilldall å planleggja på førehand, og pikkpakk å ta med seg, at det skal ein del til for å vega opp. Er alle nordmenn nødt til å lika å gå på ski og vere på hytte om vinteren?? I så fall flyttar eg...

onsdag 22. februar 2012

Feriekrav

Nokon stikk avgårde med fly når dei har ferie, andre går turar og ser på tre;)
Jippi, endeleg ferie
og den skal utnyttast maks!
Eg skal glo på kvar einaste serie
og kosa meg som ein glad laks!

Unna meg snop og litt sofatid
og med borna alt gøy finna på
vera avslappa, roleg og alltid blid
og rydda alt rot eg kan sjå.

Gå turar og trimma, og gå på ski 
og treffa kvar gode venninne
skriva og lesa i boka mi
og sjelero inni meg finne.

Eg har også noko på jobb å ta att
det får eg nok sikkert òg gjort.
Eg skal leggja meg tidleg og sova kvar natt
dette her, gode ven, det blir STORT!

Kva seier du, kjære? Slå alarmen din av!
Har me kje` ferie vel?
Ferdig sa du? Kva med feriekrav?
Jaja, det er tanken som tel...

Det kjennest ofte som ferien nesten krev like mykje som jobben... I alle fall tenkjer eg ofte når den startar, at eg må utnytta den godt. Men så har eg ofte lyst til å ikkje gjera nokon ting heller. Det er ofte då det kjennest som den varar lengst, samtidig som det etterpå følest irriterande at ein ikkje har gjort nokon ting ut av ferien. Men om ein stressar seg rundt til vener og slekt og hytter, eller bruker ferien på å rydda og vaska og gjera alt ein har utsett før, blir ein gjerne meir utslitt av ferie enn av jobb?

Prøver ein miks i år, nokon late dagar, nokon sosiale dagar, og nokon dagar på hytta med kvalitetstid med familien. Det siste på slutten av ferien, og håpar det blir meir gjevande enn krevande, for å sei det slik:) Tek bloggepause til sundag, trur eg. Ha ei fin veke vidare folkens, og hugs å slapp litt av også, anten de har ferie denne veka eller neste!

mandag 20. februar 2012

Orda



dei dansar
rundt

orda

andre sine
og mine

prøver eg
å gripa dei
endrar dei form

stundom
bit dei

andre gongar
luskar dei
i skuggane

får eg
ein sjeldan gong
tak i eit

veit eg ikkje
kva eg skal
gjera med det

eg trur det
var tida
som tok dei

orda

kanskje eg
får dei att
til slutt?
For nokon dagar sidan ville farfaren min fylt 85 år, om han framleis hadde levd. Men han døydde i fjor, ei lita stund etter at han blei 84. Då hadde han hatt demens ei stund, og etter kvart verka verda forvirrande og skremande på han. Han fekk ikkje demens på ein "snill" måte, men opplevde mykje redsel når han ikkje forstod kva som skjedde med han og rundt han.

Likevel hadde han sine klare augneblunkar, og då veit eg han snakka litt
 om korleis det var å ikkje forstå, og ikkje kunne ordleggja seg skikkeleg. Eg hugsar då han fekk datamaskin då eg var lita. Han trudde det av og til sat ein liten mann inni der og tulla med han, trykte på feil knappar og rota det til på skjermen. Og då han vart dement, verka det som han lurte på om nokon budde i hovudet hans og rota det til.

Han snakka også om tid. Og kjensla av at tida gjekk på kryss og tvers. Må vere veldig frustrerande å oppleva at ein mistar grepet om tida, og ikkje klarar skilja gårsdagen frå dagar som var forbi for lenge sidan. Likevel er det kanskje ikkje så rart, når ein tenkjer på kor mykje han, og andre på same alder, har opplevd. At det til slutt blir så fullt av minne der, at det ikkje er plass til så mange fleire, og dei som er, stokkar seg om ein annan.

 Dikta om farfar er med i boka mi, og like før jul fekk eg ein telefon frå ei på omsorgssenteret der farfar budde siste året av livet sitt. Ho hadde lest dikta om farfar for dei som jobba på demensavdelinga, og dikta blei visst så sterke for dei at dei ville ha dei på veggen på avdelinga. Så dagen før bursdagen til farfar, var eg innom med dikta i innramma format. Var godt å kunna gjera noko fint for dei som gjorde sitt beste for at farfar skulle ha det godt!

lørdag 18. februar 2012

Viktig jobb

Alle veit at doktoren
sin jobb er ytterst viktig
utan han så ville mange døy
det er heilt riktig

Men alle me som har
ein annan jobb, må hugsa på
at utan oss så ville ikkje
samfunnshjula gå

 
Ingeniøren, for eksempel
planla brua der
så den sku` halda mange år
og bera alle som fer der

Læraren sin jobb er verdt
minst mange millionar
for han gjev tryggleik, kunnskap
til fleire generasjonar

Men frisøren då, me klarar oss
vel sikkert utan ho?
Kanskje, men ho gjer oss
sikt og sjølvtillit så god

Ein som kjører rundt og
tømer fulle septiktankar
sparar oss for lukt og drit
når me ute vankar...

At jobben din er unyttig
det må du aldri tru
for samfunnet er komplisert
og der du er, trengs du!
Byrja å tenkja på dette ein dag me køyrde forbi nokon som dreiv å laga ein ny veg. På at det er ganske få jobbar ein eigentleg kan slaura seg gjennom, sjølv om nokon kanskje meiner det motsette. Dei som lagar ein veg, er nødt til å vere nøyaktige. Elles kan det skje fatale feil som får store konsekvensar ein eller annan gong. Og slik er det med dei fleste jobbar.

Problem kan oppstå når folk byrjar å tru at det dei gjer ikkje er så viktig i den store heilskapen, og ikkje gjer jobben sin nøye. Som lastebilsjåføren som ikkje tok jobben sin alvorleg nok, ein februardag i fjor, og lot vere å fylgja reglane då han køyrde avgarde. I ein sving skjena tilhengjaren ut til sida, og traff ein bil i motgåande køyrefelt. Der sat ei dame som berre var snill og god, og viktig for mange. Der døydde denne dama. 

Det finst sikkert mange eksempel på menneske som ikkje har teke jobben sin alvorleg nok, utan at det har fått så store konsekvensar. Men det KAN få det. Ikkje alltid direkte konsekvensar, men kanskje det startar ei hendingsrekkje som fører til noko gale likevel? Vart kanskje litt tankar i kryss og tvers dette, men de er vel litt med på det eg seier? Kjenner de at jobben dykkar er viktig?

torsdag 16. februar 2012

Uten stil? (på dialekt)

andre kler seg stili
dille seg litt te
pynte seg med skjerf
og har so fine kle

mens eg går bort te skapet
hiv på meg da eg finn
gensar og ei buksa
før eg spring ut so ein vind

andre går og stryk litt på
ein stilig smartmobil
eg trykke på ein skyvedings
so sikkert mangle stil

eg ha visst ikkje skjønt
korleis eg ska bli populær
for e da TING da handle om
so eg eg nok litt sær

eg håpe likavel at folk
kan sjå meg so eg e
ei ganske vanlig jenta
so like godt å le

Av og til slår det meg at eg kanskje burde vore flinkare å kledd meg "stilig", eller hatt litt meir oppdatert tilbehør. Men kan ikkje noko for at det ikkje er noko eg føler er verdt å bruka tid på. Klarar ikkje heilt å forstå kvifor bloggane som gjer eit stort nummer ut av "dagens outfits" (visa kva klede dei har på seg den aktuelle dagen), er så populære... Det gjer meg absolutt ingenting. Er det berre meg eller?


tirsdag 14. februar 2012

God venninne

ein ting er at du hjelper til
når me veldig ofte treng det
og alltid med eit smil

eller at du er ein god lyttar
som verkeleg bryr deg
og kjem med lure råd

men tenk at du faktisk slepp inn
utan at eg kjenner eg må unnskylda
alt rotet i stova mi

og at eg ikkje får dårleg samvit
når eg gløymer svara på meldinga di
for eg veit du ikkje blir sur

då 
er me gode venniner
Feirar valentinsdagen med dikt til ei god og snill venninne som nett hadde bursdag! Ei eg slappar heilt av med, og som eg kan vera meg sjølv saman med. Har faktisk ein del slike gode venninner, men ikkje alle eg ser så ofte, diverre. Men ho her er flink til å invitera seg sjølv, og det likar eg veldig godt, for eg er superdårleg til å invitera folk... Så, gratulera med overstått M:)

(Når ein er gift, og har vore det ei stund, er det begrensa kor mykje ein bryr seg om slike valentinsdagar... Det er då ein byrjar å snakka om at det berre er kommers...;) Eller? Om de absolutt vil lesa eit kjærleiksdikt, finn de blant anna eit her.)

søndag 12. februar 2012

Mamma


nokon kjem med spisse naser
nokon har ein munn som maser
nokon dreg på rumper store
nokon veit om alt du gjorde

nokon ler med tenn på tørk
ei er lys, ei anna mørk
gjer det nokon stor forskjel?
nei, ingenting av dette tel

det viktige er klemmane
varme ord som roar ned
omsorg synt i gjerningar
ei som ser kvart steg du tar

nesten aldri handlingslamma
kjem så snart ein ropar "mamma"
eg likar mi best når ho syng
 og luktar fjell og blåbærlyng

Gratulerer med dagen til alle mødre! Og sidan det er min blogg, kan eg gratulera mammo mi litt ekstra her;) På biletet lærer ho jenta mi å spikke seljefløyte, er godt å ha nokon som tek seg av å læra vekk "dei få tinga" som ikkje eg beherskar så godt;)  Glad i deg!

lørdag 11. februar 2012

Min

ein rosa snute
kitlar litt
når den rører
kinnet mitt

dei søteste føtene
eg har sett
svinsar grasiøst
og lett

runde auge
ser på meg
han er heime
endeleg

ein veldig tøff
og liten fyr
mitt eige
kosekjæledyr!
Ja, så var hamsteren i boks! Valt, kjøpt og betalt av eigaren sjølv, sjuåringen i huset. Gjett om augene hennar glitra då, med ein liten pappboks på fanget i bilen på veg heim. Dyrebart innhald!

 Skjønn liten sak, gler meg litt til å kosa med den eg også, har alltid vore glad i dyr. Men glad ikkje eg har ansvar for reingjering av bur og slikt dritarbeid;) 

No har eg offisielt unnvike odelsretten min, og broren min har kjøpt garden heime. Litt trist, men unnar han det, og veit han passar best til slikt arbeid, som allereie står opp klokka seks...

 Men sidan det blir lite sauar og kyr på oss, måtte me i alle fall unna oss eit hamster på loftet!

onsdag 8. februar 2012

Trø inn

eg trør inn
i nye landskap
framande dufter
på ukjende vegar
 
smyg meg inn i
tankar og kroppar
opplever alt 
nært og sterkt
 
så trør eg ut att
set på tevatn
smørjer ei skive
snart klar for neste tur
I dag har eg vore heime med ein sjuk gut, og brukt ein del tid på å lesa. Det er ikkje så ofte eg har tid til det, men når eg fyrst byrjar på ei bok, klarar eg ikkje å leggja ho heilt frå meg før eg er ferdig. Verken fysisk eller psykisk. Det er spanande å oppleva nye ting, leva seg inn i kjensler, ta del i alt som skjer. Og likevel sitja trygt i sofaen og ha sjans til å trø ut av bokverda om det blir for sterk lesnad. I kveld er eg sjuk sjølv, og litt irritert for at eg las boka ferdig før i dag...

mandag 6. februar 2012

Sparepengar, brukepengar

på madrassa blinkar det
eg sit og tel opp pengane
alt som eg har spart og fått
myntar, lappar, gult og blått

åtte nye gensarar
hundre rosa tyggisar
kanskje nye uteklede
eller minst ein barne-CD

men eg drøymer om, og trur
at eg vil ha eit hamsterbur
då blir dagen suveren
for inni er min nye ven
                                                                                                                           

Jenta mi har hatt oppteljing i sparepengane i dag. Og det var jubel og glede då ho fann ut at ho har meir enn nok til det ho (for tida!) ynskjer seg mest, eit hamster... Så då spørs det då, om me lyt ein tur på dyrebutikken snart;)

lørdag 4. februar 2012

Ny

Bilete henta her.
to brune auge flakkar lett
eit lite flyktig smil
ditt blikk er halvvegs spørjande
men eg har mine tvil

så altfor lett å tenkja
det er kje` opp til meg
det er vel nokon andre
som tar seg godt av deg?

du vil nok ikkje heilt at eg
skal trengja meg slik på
kan hende du treng hjelp
men det må vel andre sjå?

eg har jo hendene fylt opp
av born og handlenett
og overskotet til å sjå deg
manglar rett og slett

idet eg smilar fort igjen
skal til å gå forbi
så spør du stille: kjære deg
treng du hjelpa mi?
Me har siste åra fått ein del flyktningar til kommunen. Dei har blitt "plassert" i kommunale og leigde hus rundt omkring i kommunen. Eg las om dei i avisa, smilte til dei på butikken, men rekna med at dei vart tekne vare på av kommunen og naboar, og at det vart oppretta eit nettverk for dei.  Så flytta det tre jenter frå Eritrea inn i eit hus i nabolaget, og to venninner av meg besøkte dei, og inviterte dei også til seg av og til. Eg må innrømma at eg ikkje var flink å fylgja deira eksempel i starten, hadde liksom nok med mitt. Men via venninnene mine vart eg kjend med "dei nye" litt etter litt.

Har aldri sett på meg sjølv som ein person med fordommar, så eg er flau for å seia at eg vart overraska då eg fann ut kor lik humor me hadde. Dei tok både mine tørre og ironiske kommentarar på strak arm, og tulla med. (Det er det diverre ikkje alle andre som gjer...) Samtidig er dei engasjerte i mange tema, og har mykje kunnskap som eg ikkje har. Men det eg trur me nordmenn spesielt bør læra av dei nye venene mine, er kunsten å inkludera. Ein kan stikka innom nesten kortid som helst, og dei diskar opp med gode rettar. Skal dei ha barnedåp, inviterer dei alle dei treff. Dei ser verdien av å ha menneske rundt seg.

Skal ikkje prøva å framstå som "flink", eg har besøkt dei alt for lite. Men det som er litt skremmande, som me fann ut etter kvart, er at venegjengen vår er dei einaste i bygda som har hatt kontakt med desse jentene. Eg veit at andre flyktningar i bygda har kontakt med bygdefolk, men det er jo tydeleg at mange tenkjer som eg gjorde i starten: dei har vel nokon som tek seg av dei? Det viser seg også at kommunen gjer mykje mindre for dei enn eg trudde. Veit at Frivilligsentralen som er stabla på beina i kommunen jobbar for å inkludera flyktningane meir, og det er bra. Men likevel verkar det som dei manglar nokon som hjelper dei med dei ganske grunnleggjande tinga. Som til dømes korleis ein søkjer barnehage.

Kvar person/familie burde i grunn hatt kvar sin kontaktperson/kontaktfamilie som dei kunne vere sosialt saman med av og til, og spørje om ting ein lurar på. Kanskje det kan vere eit forslag til nokon som styrer med dette? Og eg trur ikkje dette berre hadde vore positivt for flyktningane, me "innfødte" kan også få mykje att for dette, både i form av viktige verdiar, gode venskap og hjelp tilbake når ein treng det. Då guten min hadde hatt bursdag, låg det brått ei pakke på trappa, frå mi eritreiske venninne. Fine klede inni, og eit koseleg kort. Eit symbol for nytt venskap. Eg er glad eg turte involvera meg. Tør du?


onsdag 1. februar 2012

Trapp

lukka er å sitja i ei trapp
sitja og studera alle hine
som skundar seg og rasar rundt om kapp
og leitar etter augneblunkar fine

eg leitar ikkje eg, eg berre sit
og kjenner meg litt salig, glad og slapp
er glad for at eg ei rek hit og dit
for lukka er å sitja i ei trapp
Det er noko med trapper som er fascinerande for born.

Eg skjønar jo at det er spanande å sjå kvar dei fører. Men ikkje alle bryr seg om å finna ut det heller. Berre det å få sitja roleg i trappa er nok for enkelte. Slik er guten min av og til, i alle fall.

Og så tenkjer eg: kor godt det må vera å ikkje ha større mål enn å få lov å sitja litt i ei trapp! Ikkje bli skuffa om ein ikkje rekk rydda alt, eller besøka alle ein skulle besøkt. Men gleda seg over det ein får til. Og le litt av dei andre som aldri blir fornøgd... ;)