onsdag 28. mars 2012

Tett?


                                     det finst
                                     mange
                                     måtar
                                   å sjekka ut om
                                   støvlane dine lek
Denne metoden var då ganske effektiv? Og tydelegvis er den eine ikkje heilt til å stola på. Den andre derimot, kunne eg nok brukt. Hadde det ikkje vore for at den var full av vatn;)  Eit motiv som dukka opp heilt av seg sjølv sist sumar...

søndag 25. mars 2012

Søndagstankar

 
 
dei fleste ynskjer å bli likt
har behov for å bli sett
ein treng å få bekrefta
at ein gjer noko rett
 
om eine dagen bugnar
av ros og gode ord
kan neste dagen vera grå
og skummel, stum og stor
 
men når så dette mørkret kjem
så finn eit stykke jord
plant orda i frå gårsdagen
og sjå på at dei gror
 
når dei blir vene blomar
kan du plukka nokon med
i staden for å venta
på at noko godt skal skje
 
sjå deg rundt, og finn
ein ven som heilt åleine går
la han få godordblomane
og vis at du forstår
 
du skjøna vel poenget mitt?
når ingen ensar deg
sjå heller rundt på andre
og gled dei på din veg
 
Synest dette byrja betre enn det slutta, men klarar ikkje jobba meir med det no, er tungt å få orda ut for tida. Poenget var vel at det går opp og ned for alle sånn sjølvtillitmessig, og dei dagane ein kjenner seg åleine og usynleg, kan ein hugsa på dei godorda ein har fått før, og heller vere flink sjå andre.

Teorien høyrest nok lett ut, men trur dette er veldig vanskeleg praktisk. Hjelper kanskje litt å prøva likevel? Har jo skrive om det å spara på gode ord før, blant anna i dette diktet, som eg føler eg fekk betre til... Håpar de har hatt ei fin helg! Her byrjar me å kråna oss til igjen etter influensaen, så håpar det går rette vegen no :)

onsdag 21. mars 2012

Å dikta


du kan dikta deg til mot
du kan dikta deg til fant
du kan dikta om ditt rot
du kan dikta noko sant

dikt om ein som står deg nær
eller om ein hare
dikt om ei som du har kjær
og dagar som har fare

du skjønar vel poenget mitt?
set i gong og skriv
det hjelper på humøret ditt
å skriva ut ditt liv
Las i VG at det er verdas poesidag i dag, og den kan eg jo nesten ikkje la gå hus forbi, sjølv om dette huset er fullt av sjukdom nett no...  Har jo skrive dikt ei stund her på bloggen no, og noko av det som er mest gjevande med det, er at det enkelt og greitt hjelper meg å setja ord på det eg tenkjer på, til og med på det eg ikkje visste eg tenkte på. Når eg skriv dikt, pleier eg stort sett å konsentrera meg om eitt tema, og formulera nokon tankar om det. Men av og til skriv eg berre nokon ord fordi dei rimar, og jammen meg blir det ikkje dikt av det også. Kjekt å leika med ord :) 

Vil utfordra de medbloggarar til å lata dagens blogginnlegg innehalda eit dikt, anten det er sjølvskrive eller ikkje. Ein fin måte å markera poesidagen på, og for å få fleire til å lesa dikt!

mandag 19. mars 2012

19. mars

nett ute frå dvalen
litt urven og grå

for å holda den talen
so ei venta på

den blir ikkje lång
da trur eg du veit

da blir ikkje sång
men da e kanskje greitt?

fø da eg vil seia
e rett i frå hjerta

eg kan ikkje teia
eg sei da med smerta

da har gått for lang tid
heilt sio i fjor!

og du bestaste mi
e på nytt att blitt mor

eg vil sjå deg igjen
før du miste heilt magen

min kjæraste venn
gratulera med dagen
Ja, dette måtte ut, sjølv kor snufsen og tett i pappen eg er... ;)  Har ikkje sett bestevenninna mi sidan i haustferien, i grunn ganske skremmande å tenka på. I mellomtida har ho blitt tobarnsmor, som eg har skrive om litt tidlegare, og  i dag har ho bursdag! Eg gler meg veldig til å sjå både den nyfødte guten og resten av den kjekke familien. Så no bør de snart venda nasa "heimover" igjen folkens!

torsdag 15. mars 2012

Lei

det er ikkje alltid
så lurt å ver` grei

kjenner du at du
er frykteleg lei

bør du nok vera
ein smarting og sei:

eg orkar visst ikkje,
så: nei!
Me er vel mange som har ein tendens til å seia ja til litt for mange ting. Det som skjer med meg når eg overbookar meg sjølv, er at alt blir eit stress. For det meste er jo eigentleg kjekt, men når eg føler eg MÅ, og har lova det, blir det av og til som eit uromoment som ligg og lurar, spesielt når det er mange slike på ein gong. Og så gjer eg mindre ting berre "for gøy", for eg føler eg har nok å gjera elles.

Trikset er nok å seia nei. Sjølv om det ikkje er kjekt nett då, trur eg ein vinn på det i lengda, og klarar å gjera betre det ein seier ja til. Så får ein variera litt kva ein seier ja og nei til. Eg er ikkje i ein spesielt slitsam fase no altså, meir i ein litt slapp fase... Har hatt ei forkjøing som har hange i lenge, så føler eg hanglar og ikkje heilt kjem meg opp att. Pluss at sjuke ungar krev sitt.

Kjenner også at eg er litt skrive- og bloggelei. Så roar ned og publiserer berre når eg har noko å koma med, og er i form til det, i staden for å produsera "oppgulp" som eg ikkje er fornøgd med :) Ha ei fin helg når den kjem folkens, og nyt våren de som har fått den i nærområdet!

søndag 11. mars 2012

Slapp vs. sprek

Bilete lånt frå vg.no

når ikkje ein heilt
har styrken, motet
eller forma

til å koma
seg ut av
sofaen

er det godt å ha
nokon sprekingar
å skulda på
Ja, kva er vitsen med å gå fort på ski om ingen sit heime i sofaen og ser? ;) Eg likar som sagt ikkje så godt å gå på ski sjølv. Desto betre likar eg å sjå andre som går på nemnde framkomstmiddel! Spesielt langrenn og skiskyting engasjerer meg framfor tv-en. Kan jo kalla det trening når eg byrjar å reisa meg og trippa att og fram fordi eg er så spent når skiskytarane er på standplass då... Far min og bror min var til Holmenkollen i går, og eg var "ikkje" misunneleg.. ;)

I dag skuffa skiskytingsmannnfolka, men då var det kjekt å sjå at to damer tok ansvar for at sofa-Norge kunne få endå ein grunn til å spretta colaen! Tora Berger vann fellesstart i skiskyting-VM og Marit Bjørgen vann tremila i Holmenkollen. Kjekt å sjå dei få til det dei likar best!!

Må vere ei fantastisk meistringskjensle av noko slikt. Og, som eg har skrive før, har alle noko dei meistrar. Sjølv om kanskje ikkje meistringskjensla  blir så konsentrert som for idrettsutøvarar som når dei høge måla sine, er det viktig å jubla for det ein klarar, og ikkje detta i dass av tanken på alt ein ikkje får til... Dette var noko eg måtte minna meg sjølv på i dag, kanskje fleire som treng det?

fredag 9. mars 2012

Grepet ditt

brukte lang tid
for å koma meg
ut av grepet ditt
 
berre for å finna ut
at eg aller helst vil
smyga meg inn att
Dette kan nok tolkast til å vere eit dikt som handlar om det å skiljast frå nokon ein har eit ambivalent forhold til. Nokon ein ikkje fungerer saman med, men som ein samtidig er glad i.

Eg har heldigvis ikkje opplevd slike store oppbrot i livet. Så for meg handlar dette om ein dag eg skulle leggja sonen min. For han tviheldt på handa mi og ville ikkje sleppa, og sjølv om eg trudde han sov, og prøvde å smyga meg ut, huka han tak i handa mi igjen.

Eg var sikkert dum som lot han få lov. Men er eg trøytt nok, forsvinn dei der smarte grensene, og eg blir ettergivande for å få litt ro... Til slutt fekk eg meg ut. Det var ganske godt å ha handa fri. Men det tok faktisk ikkje så lenge før eg tenkte på kor glad eg er i desse borna mine, og at det  i grunn er ganske koseleg å kjenna at dei er så glad i meg at dei ikkje heilt vil gje slepp på meg;)

tirsdag 6. mars 2012

Skodda


famlande
i skodda

av ventande
gjeremål

motstridande
forventningar

treng ein stundom
ta ein pause

for å stikka
hovudet over

skoddehavet
mot sola

og hugsa det fine
som ventar

når skodda
lettnar
Litt hastverksdikt dette,  men var nødt til å formulera nokon velvalde ord til det stilige biletet;)

Føler eg har vore i det ettertenksame hjørnet lenge no, og det gjenspeglar seg i det som dukkar opp på skjermen når eg set meg ned for å skriva. Men håpar de ikkje blir lei likevel... :) Tusen takk for god respons på forrige dikt! Tydeleg at det er fleire enn jenta mi (og meg) som synest det er heilt greitt å vere litt åleine innimellom. Whitebite skreiv det så fint her.

søndag 4. mars 2012

Åleine


ikkje
syns så synd
på meg då

eg likar å
å vere litt åleine
inimellom eg

tenkja på det
tusen andre
har tenkt før

eller kanskje
berre
eg?

så lenge eg veit
nokon ventar på meg
etterpå

er det fint
å vere
åleine

Det er så lett å synast synd på dei som ser ut som dei går åleine. Og mange synest nok ikkje det er så kjekt om ein er mykje åleine i lengden. Men av og til trur eg nok dei fleste synest det er heilt greitt å vere åleine. Når sjuåringen stikk seg vekk og vil vere for seg sjølv litt, er det heilt greitt. For eg veit ho har venninner, og eg veit ho har det bra. Då er litt tenkjetid innimellom ganske nødvendig!

Har vore utan data siste månaden, og dermed vore avhengig av å låna mannen sin, noko som ikkje alltid passar... Difor har det blitt mindre sjans til bloggebesøk, men no har eg igjen fått eigen data i funksjon (den verka brått heilt fint den dagen me endeleg skulle levera ho til reperasjon, typisk??) . Så håpar eg får sjans til å vere litt meir aktiv her inne! Uansett takk for fine kommentarar, eg les alle og blir glad:)

fredag 2. mars 2012

Veslebror

verda var forvirrande
full av vanskelege val
så fall bitar brått på plass
og du vart heilt sentral

draumar, håp, forventningar
sparka, kitla innanfrå
storesyster strauk så lett
song til deg og venta på

ein ny ven, ein nydeleg
veslebror å leika med
pappa, mamma venta òg
me gleda oss jo alle tre

no ligg du her på fanget mitt
kikar på oss endeleg
kvil no kjære venen vår
me skal passa godt på deg
Gratulerer til veneparet vårt som fekk ein nydeleg gut i går! Og gratulerer til ei stolt storesyster:) To år sidan me opplevde å få ein veslebror i familien, men klarar likevel ganske lett å hugsa dei gode kjenslene som fulgte med!

Ofte er det slik at ein i kvardagslivet lett mistar fokus på det viktige, og stressar med jobb og husarbeid og alt ein skulle, ville, burde gjort som ein likevel ikkje rekk over. Eller orkar. (Trur dette gjeldt meg meir enn dei nybakte tobarnsforeldra.) Men når det dukkar opp eit born, tek det vekk fokuset frå trivielle ting, og får ein til å gleda seg over det som verkeleg betyr noko.