mandag 30. april 2012

To sider


det nokon
synest er
ein uting

kan skapa
fryd og glede 
hjå ein luring

I ettermiddag fekk plenen seg ein omgong med ei eller anna elektrisk maskin som riv opp all mosen... Løye at det er gras igjen, når me ser haugane med mose som låg att etter at maskina hadde gjort jobben sin. Skal innrømma at det såg ganske fristande ut å "hoppa uti" for oss store også, men me turde ikkje heilt å gjere det, har trass alt naboar... Men minstemann kosa seg i mosen ;) Nydelege og ganske varme dagar på vestlandet for tida, og det er jammen på tide!

torsdag 26. april 2012

Frå sidelinja

det er heilt greitt å sitja og sjå
på alt dumme folk kan finna på

her ein dag så skubba nokon ein
ropa stygge ting, så guten grein

han låg der i ein skiten søledam
men ingen hjelpte han, å for ei skam!

ungar no til dags har ei forstand
no går det utfor med vårt flotte land

eg flaksar snart min veg, eg har sett nok
er glad eg har min eigen trygge flokk
Fekk ikkje heilt til rytmen i dette, og ikkje fornøgd elles, men heiv det visst ut likevel. Dette handlar for meg om to uting. Om mobbing, som er forferdeleg trasig for dei som opplever det. Og om  folk som lett uttalar seg om det andre gjer gale, men ikkje gjer ei mine for å gjere noko med det... 

No kan det jo lesast som at det er ein fugl som uttalar seg då, spesielt pga illustrasjonen, og då er det jo begrensa kva han kan utretta. Men eg tenkte i grunn at det var ein liten flokk vaksne menneske (type sladrehøner) som sat og såg på ungar som ikkje var greie med kvarandre, utan å gripa inn.

Men om de vil tolka det på ein annan måte, er det sjølvsagt heilt greii. Kjekt om de seier kva de får ut av det:)

tirsdag 24. april 2012

Tysdagsmantra

ingen andre treng å kreva
korleis du skal rettast leva
stå for det du høglytt seier
sei det heilt til andre teier
bryt opp dører, murar riv
for det gjeld ditt eige liv
 
Eg tek meg litt for ofte i å ikkje tora seia meininga mi, eller setja i gong med noko heilt på eiga hand. Eg trur gjerne at andre har betre idèar og måtar å gjera ting på. Difor har eg ein tendens til alltid å sjekka med andre og forhøyra meg om kva dei ville gjort før eg gjer noko. Men eg innser jo etter kvart at dette blir bale både for meg og dei som eg masar på...

Og kanskje eg av og til tenkjer litt rett sjølv også? Det er jo noko med det at ting kan gjerast på mange måtar, og ein måte er ikkje nødvendigvis meir rett enn noko anna. Ha tru på seg sjølv og slikt. Så må ein sjølvsagt ikkje stola blindt på at ein sjølv har rett heller. Men ein balansegong må vere mogleg å finna... :)

søndag 22. april 2012

Gamle?

Kva er meir naturleg enn at ein halvvegs ufokusert barnefot i eit tre, illustrerer eit dikt om dagar som har gått? (Fann i alle fall ingen betre...) 

det veks ikkje mose på dei
ikkje har dei rynker heller
eller skjelvande stemmer

i hovudet mitt har dei fargar
er klåre og sterke
så kvifor kalla dei gamle?
Dottera mi vil ha mobil. Ho er sju år. Eg har sagt at ho kan få tidlegast når ho er ti, men ho nemner det likevel med jamne mellomrom, sidan det sjølvsagt er mange i klassen som har allereie. Sist me snakka om det rundt middagsbordet, sa eg at eg ikkje fekk mobil før til konfirmasjonen. Det var då ho presterte det. Å sei "Ja, mamma, men da va jo i GAMLE DAGA da....."!!! Hallo då, eg var konfirmant i 2000, ikkje nett det eg forbind med gamle dagar. Men må jo innsjå at den tida aldri kjem att. Uansett, eg er vel ikkje den einaste som ikkje føler at ungdomstida mi ikkje (evt. aldri) kan karakteriserast som "gamle dagar" ??

Så tenkte eg litt på dette omgrepet. Og kom til at det ikkje er noko klart definert. For det er vel ganske individuelt kva ein opplever som gamle dagar? Eg trur nok ikkje eg vil oppleva at dagar som eg sjølv har opplevd, vil kjennast "gamle". Men gjerne dagar som gjekk ei stund før eg vart til, kan koma under den definisjonen? Kva definerer de som gamle dagar? 


fredag 20. april 2012

det han tok

liva han tok var det verste
framtida deira fjerna
for alltid

utan å spørja
bombesikker i si sak:
det grusomme var nødvendig


så kjem
all redsel, alt sakn
grunnvollar som rakna for mange

men eg tenkjer også på dei
som treng si sak
på dagsorden

kreftpasientar
eldre på sjukeheimar
ungar med utrygg skuleveg

også dei vart straffa
av drapmannen
utan hjarte
Er vel ikkje så mykje meir å seie? Blir provosert av all plassen han tek. Både fysisk plass (rettsalen vart vel bygd for mange millionar, til nettopp denne saka?), og psykisk plass i mange hovud. Han tek plassen til nokon som hadde fortent det så mykje meir. Orkar nesten ikkje lese nettavisene for tida, og synest de er bra at db.no har teke konsekvensane av dette, og gjort det mogleg å velja vekk artiklane om ABB på fyrstesida. Me gløymer aldri det han gjorde uansett. No vil eg vidare. Men forstår dei pårørande og berørte av åtaka treng delta i rettsaka som ein del av prosessen vidare.

onsdag 18. april 2012

I går

i går
fann eg ut
meininga med alt
berre så synd at eg
gløymte det
igjen
 
Ein sjeldan gong føler eg at eg får litt klarsyn. Ikkje at eg innbiller meg at eg er klarsynt altså. Men det dukkar opp nokon kloke stunder der eg føler eg tenkjer litt originalt. Og kanskje til og med ville imponert nokon eller forandra liva til nokon med det eg kom på. Noko viktig om livet og korleis me oppfører oss. Men så glepp det igjen, før eg rekk setja ord på det.

Kanskje eg ein gong greier å fanga ein slik tanke? Eller det er tanken om at eg tenkjer originalt eg bør gløyma? Huff, vart innvikla dette. I går var eg på skrivekurs igjen, spanande! Og etterpå var me og høyrde på fleire etablerte poetar som las dikt. Det er då eg av og til lurar på om eg kan ha noko å koma med sjølv. (Og av og til lurar på om eg er rar som ikkje skjønar alt.) Men men. Satsar på kvardagspoesi framleis trur eg. Er liksom mi greie det.

Og det er vel poenget vel? At ein finn si greie? Og gjer det?

søndag 15. april 2012

Nettene



somme
stunder

kan dei
mørke nettene

vere vakrare
enn dagane
Dette biletet tok eg i påska, då det såg heilt stummande mørkt ut utanfor hytta ( i alle fall med ein gong ein kom ut). Men med månelys og lang lukkartid, viste det seg at bileta såg ut som dei kunne vore teke i dagslys. Om du ser vekk frå stjernene då... Ei vakker natt.

For nokon dagar sidan var eg på eit arrangement i heimbygda mi (ikkje her eg bur, men der eg kjem frå), og las dikt. Litt skummelt, men gjekk greitt då eg var i gong. Og etterpå fekk eg mange fine ord som eg skal ta vare på! Og så fekk eg skrivelysta litt tilbake. Sjølv om dette ikkje nett er noko mesterverk, så er eg no liksom litt i gong igjen. Eg har også eit par halvferdige på mobilen, så dette lovar bra:)

mandag 9. april 2012

Himmelsyn og vinnardikt

Ja, skia er mine. Eg brukte dei til å koma meg opp til hytta. Og som bildemotiv medan eg sat i sola og dei andre gjekk på ski;) 


ein kan vera
langsynt
og nærsynt

og dei fleste
har ulike
syn på ting

nokon har
dessverre
mista synet

men går det
an å mangla
himmelsyn?
Har aldri tenkt over dette ordet før eg. Ordet me brukar når me skal beskriva noko som ein ser rett mot himmelen. Kanskje eit tre på toppen av eit fjell, til dømes, kan me seia står i himmelsynet. Men i går, på veg heim frå hytta, peika eg på ei hytte og sa: sjå den hytta i himmelsynet! Og så prata eg og mannen litt vidare. Etter nokon minutt kom det frå jenta på sju år , som tydelegvis ikkje hadde sett hytta eg peikte på: "Eg trur ikkje eg har himmelsyn eg...."

Dette førte til spontan latter i bilen, og ho lo heldigvis med... Men når eg byrja å tenkja over ordet, og sjå andre tydingsmåtar, så kanskje det likevel går an å mangla himmelsyn? Det er vanskeleg å vere kristen, ein må liksom opna opp for at ikkje alt som hender, har ein rasjonell grunn. Spirea skreiv eit flott innlegg om bøn før påske, og det anbefalar eg å lesa. Eg har ikkje svaret på alle spørsmål rundt kristendommen, og har opplevd vonde ting som gjer at ein tvilar på at Gud finst. Men eg trur ikkje det er han som får dei vonde tinga til å skje. Eg trur likevel han er med oss, og hjelper oss å sjå lyset igjen, og komme oss på føt.


Og så skal eg kåra eit vinnardikt frå diktkonkurransen min som pågjekk no i påska! Hadde vel ei kjensle av at me var mange som var skrivelei for tida, og det viste seg å stemma. Men om det ikkje kom så mange dikt, var dei dikta som dukka opp, til gjengjeld veldig fine:) Så tusen takk for bidraga til de som klarte å vri noko ut av hjernen!!

Eg slit litt med å velja kva dikt som eg likar best, for dei er ulike, og samtidig bra på kvar sine måtar! Så i staden for å kåra ein vinnar som eg meinar er "best", vel eg å trekkja ein vinnar, som kan velja å anten få boka mi eller ein annan premie i posten. Eg brukte random.org til å trekkja, og vinnaren vart Anne Britt, som attpåtil klarte å få alle påskeorda mine med i dette fine diktet:

påskevers
knoppene brister i varmen fra sola
jeg nyter min dag med en flaske cola
selv om det daler hvit snø i fra skyen
vet jeg at våren er kommet til byen
med hvite påskelam pynter jeg badet
og priser påsken med mørk sjokolade

Så gratulerer til Anne Britt! Eg tek kontakt med deg på e-post, om kva du kan velja mellom. Håpar de alle har hatt ei god påske, og ikkje får det alt for travelt denne månaden. Eg har ein del å gjera, men var flink å sa frå meg noko som hadde teke ein del tid, så då vart det litt lettare å pusta. :)

torsdag 5. april 2012

Påskehelsing 2012

God påske til alle som ein
som er heime, på fjell og ved strand
til deg som i løypa er sein
og til dei som går stilt hand i hand

Appelsinrund og lysande gul
har ei usjenert, fin påskesol 
varma oss, men no er ho i skjul
likevel kan ho vera symbol

Og minna oss om Han som hang
 på krossen, tok allting på seg
dødstimen hans var så lang
men til slutt enda også hans veg

Men alt var ikkje slutt, han kom att
og fortalde til små og til store
at døden han knebla og batt
fordi alt var godt, som han gjorde

Nyt påskestilla, men hugs på
når sola kjem fram att på ny
at om den er aldri så grå
er det varme og von bak kvar sky


Påskebodkapen har så lett å forsvinna bak kyllingar, egg, påskeharar og eit gult dekke av filt... Men me feirar altså påske på grunn av det viktigaste Jesus gjorde her på jorda, han tok syndene våre på seg, og gjekk i døden for oss. Fordi han aldri hadde gjort noko gale, vart han fridd frå døden, og slik fridde han oss også. Slik at når me ber om tilgjeving for det gale me har gjort, får me det. Enkelt og greitt, på ein måte. Samtidig ganske komplisert.

No tek eg ganske datafri, så de får nyta dei gode, stille påskedagane slik de har tradisjon for:) Om de får skrivelysta over dykk, kan de jo slengja deko med på min heilt uformelle diktkonkurranse, innan søndag. Eg skjønar veldig godt at mange (som meg) slit med å produsera noko skriftleg for tida, men idag sat heldigvis orda litt lausare her..:)  

GOD PÅSKE!

søndag 1. april 2012

Skrivetørke, påskeferie og diktkonkurranse


eg vrir og vrir
men ut så ploppar
berre tomme ord

klisjèar på klisjèar
om kjærleik
luft og jord

no hengjer eg
min hjerne stilt
til tørk og går på ski
(noko eg framleis ikkje likar, men av og til må ein visst berre...)

og håpar den
på ny blir fylt
av ord med meining i
...og medan me alle har påskeferie, og eg skrivetørke, kan kanskje de få lov å skriva litt? Hadde diktkonkurranse i påska i fjor, og fekk inn ein håndfull (ti trur eg?) flotte, nyskrivne dikt. Prøver igjen med ny diktkonkurranse i år, og kjem det inn ein del bidrag i år også, skal eg kåra ein vinnar som får boka mi, og trekkja ein vilkårleg diktar som får ein liten ekstrapremie:)

Vil gje nokon stikkord i år, så kanskje det blir lettare å koma i gong med å skriva? Dikta må innehalda minst to av desse fem orda: varme, cola, snø, lam og knoppar. Det er nemleg ting som eg reknar med påska mi vil innehalda. Varme er vel kanskje ynskjetenkning men...

Ditt diktbidrag leverer du i kommentarfeltet under, eller til meg på mailadressa diktfordagen@hotmail.com. Vinnaren blir kåra neste søndag, av meg og ein foreløpig anonym meddommar (fordi eg ikkje har spurt ho endå). Kreativitet, humor, dybde, originalitet og lengde er jo sjølvsagt flott, men eg likar også dei korte, enkle, som seier mykje (eller lite) med få ord.

Kanskje du berre kan skriva eit lite med ein gong, og hiva innpå, så er du med? Men ikkje føl du må, dette er berre eit forsøk på å få andre til å skriva noko og kanskje inspirera meg litt. Gjer ingenting om det ikkje blir nok dikt til at eg lagar noko premiering, berre kjekt med det som kjem! Uansett om de diktar eller ikkje, ynskjer eg alle lesarar, vener og medbloggarar ei god påske :)

(Ingen aprilspøk frå meg i år, men laga eit aprilspøk-dikt i fjor, som kan vere like gjeldande i år også...)