tirsdag 29. mai 2012

Overgong

6.mai
27.mai

får så lyst til å seia
bestem deg no då
maimånad

med snjo på knoppane
og sydenvarme
i bakhand

kaldt eller varmt?
vinter eller sumar?
rim eller dogg?

men eg veit
du hadde
svara:

"du veit jo alt om
korleis det går
opp og ned

medan ein ventar på
det gode som er
i emning"

og det
gjer eg
jo


Deilige dagar har det vore, og i grunn er det jo fint ver endå, men varmen forsvann...  Samtidig er det berre tre veker sidan det var snø på bakken. Det er vel ofte slik med mai. Ein får ein god forsmak på sommaren, men samtidig kjenner me vinteren sin kalde ettersmak.

Og eg er jo sjølv inni ein overgongsfase no, frå tobarnsmor til trebarnsmor. Merkar at det går opp og ned her også, humøret svingar veldig. Gler meg over å endeleg kjenna litt livsteikn frå magen (er i veke 18 no, så det var på tide!), men kvir meg litt til å bli "diger", og få desse plagene som fylgjer med. Likevel veit eg at resultatet er veldig verdt det, så då får me tola at det går litt opp og ned vel? Slik er det jo med sommaren også, me VEIT jo at den kjem. Heldigvis!

Har visst forsømt bloggen litt i fineveret, men kunne rett og slett ikkje forsvara å sitja inne og trykkja når det var så fint ute. Så det vart ein heilt naturleg og god pause. Ser at lesartalet synk drastisk, og det tek eg som eit positivt teikn på at eg ikkje er den einaste som har vekkprioritert dataen denne veka;)

søndag 20. mai 2012

Under bordet

video


Sigurd ligg under bordet
og tenkjer på det beste som finst.
Sigurd ligg under bordet
og synest det er greitt å vere heilt minst.

Storesyster ho klemmer godt
og finn på alt mulig rart
Mamma tullar og kitlar litt
og pappen kjem heim snart!

Sigurd ligg under bordet
og drøymer at han køyrer bil
Sigurd ligg under bordet
med krøllar og sitt aller finaste smil...

Han skal nok bli ein god sjåfør
når berre han får bli stor
Men nett no er det heilt ok
å drøyme under eit bord

Sigurd ligg under bordet
og kjenner at han er litt trøytt
Sigurd ligg under bordet
og kjenner at teppet er varmt og litt bløtt

Kanskje dørklokka ringjer høgt
og pappen kjem heimatt no?
Då kan du vere sikker på
at Sigurd ikkje ligg i ro!

Sigurd ligg under bordet
og tygg på ein oransje tvist.
Sigurd ligg under bordet
men no har han sovna visst
Ein liten song eg laga ein dag eg låg under stovebordet saman med sonen min. Og fann ut at der var det heilt greitt å vere;) Melodien kom fort, medan teksten tok lenger tid. Men i går skreiv eg den heilt ferdig, og då spelte eg inn melodien, for at det skulle passa nokolunne med teksten. Høyrest ikkje så bra ut, hadde ingen notar, så vart litt snublete, og innimellom kom eg på at eg måtte spela sterkt, pga dårleg lyd, men så gløymte eg det igjen... Uansett får de vel eit visst inntrykk av melodien. Nokon som kjenner seg att? Eller borna sine att?

Sonen min heiter ikkje Sigurd, men eg brukar det namnet her, blant anna fordi eg likar det;)

torsdag 17. mai 2012

Gratulerer med dagen!

 
Gratulerer med dagen!! Her har toåringen tjuvstarta 17.mai toget på eige vis... Men om ein halvtime brakar det laus heilt på skikkeleg. Me vaksne er i 17.mai-komitèen, så blir nok ein travel dag, men håpar me kjem vel i havn. Og de håpar eg de også gjer! Her kjem eit nyskrive 17.mai dikt for anledningen.

Ha ein flott dag :)

17.mai 1814
I 1814 sat dei nok
i eit ærverdig hus,
innandørs på 17. mai
heilt utan is og brus.

Mange var dei samla,
heile eitthundreogtolv
som ville verna folk og land
forutan sverd og skjold.

Makta låg i orda,
og dei var ganske klare:
menneska og landet vårt
skal me ilag bevare

Kanskje ein av mennene
i Eidsvoll kikka ut
fekk auge på ein løvetann
i handa på ein gut?

Bjørkestien lyste kvit og grønn
der guten gjekk
mot ei lita jente
som den gule blomen fekk.

Det er for DEI me gjer det
tenkte mannen i sitt sinn.
Slik at dei kvar natt
kan sovna trygt og roleg inn.

tirsdag 15. mai 2012

Pausedikt

det er mykje ein kan gjera
når programmet tar ein pause
kanskje nokon syr i
alle knappar som var lause?
andre finn seg mat og drikke
eller spring på do
nokon sit "på staden kvil"
spesielt om dei er to!
mange sjekkar facebook,
kva gjer andre på mon tru?
eg skreiv visst eit lite dikt
men du, kva gjorde du?
Innrømmer at eg er hekta på desse husmorseriane. Greys og frustrerte. Ikkje sånn hysterisk fanatisk hekta. Men synest det er ein grei måte å kopla av hjernen av og til. Og heller leva seg litt inn i andre si verd. Men rakk no nett å skriva eit lite dikt i pausen då, så eg ikkje forsømer bloggen heilt...

Takk for fine ord på forrige innlegg! Var litt usikker på om eg skulle "sprekka nyheita" på bloggen, men var faktisk meir fristande å skriva det her enn på facebook;)

søndag 13. mai 2012

Bursdag

       vel vore                 men er framleis like          likevel
skulle          litt                                rotete       seier eg
                 klokare                     vimsete og        jo ikkje
            strukturert                 ubesluttsom        akkurat
      velformulert                som eg var                 neitakk
 ryddig og                      for eitt år
sjølvsikker i dag         sidan                                til kake!
Og sidan eg ikkje likar så godt å vera i fokus sjølv, kan eg i staden feira at eg et kake for to:)

(Dette figurdiktet funkar nok best om du ser det med skrifttypen Schoolbell, som skal vere på bloggen. Men nokon nettlesarar har ikkje den typen, og då ser det kanskje rart ut...)

onsdag 9. mai 2012

Noko

når du søkjer etter noko
og finn noko anna
ta vare på det
kanskje det likevel
fører til noko
Dette kan nok også tolkast både hit og dit, og eg skal innrømma at eg skreiv det i ørska rett før eg sovna i går, og då eg las det i dag, huska eg ikkje heilt kva eg hadde tenkt på.

Men kom til å tenkja på dette med søkjing på nettet no. For eg har ei viss oversikt over kva søkjeord som gjer at folk dumpar innom bloggen min. Blir sjølvsagt glad når folk har søkt etter "koselige dikt" eller "vakre dikt", eller til og med "utrolig gode dikt", og hamnar her. Sjølv om eg då blir litt usikker på om dei føler dei finn det dei leitar etter;)

Det at dei kjem innom når det søkjer etter "dikt om mat", "dikt om tante", "nynorske vårdikt" eller "bonde dikt", er nok ikkje så rart. Har dikt om alle temaa. Litt rarare at det faktisk sit folk og leitar etter dikt om bønder, lurar litt på i kva samanheng dei treng dei...

Broren min veit at eg fylgjer med på desse søkjeorda, så ei stund sende han meldingar til med ved å søkja etter til dømes "dikt for dagen takk for gode bollar", og trykkja på sida mi om det kom som eit alternativ då han søkte.

Det kjekke er at "Dikt for dagen" hamnar ganske langt opp på lista når folk berre søkjer etter "dikt" på google. Så er det også mange som leitar etter kondolansedikt og kjem innom her. Dei finn nok ikkje reine kondolansedikt, men mange dikt om sorg, som kanskje likevel kan vere gode for andre å lesa. Fint om dikta mine kan brukast til noko i alle fall!


søndag 6. mai 2012

Jaja


eg sit og ser på kjendisar og slikt
i blada som eg aldri heilt har likt

dei har som regel kropp som er perfekt
nett slik som meg, sku` tru me var i slekt!

(du skjønar vel at det var ironi
for kroppen min den sei kje` nettopp ti...)
(ikkje seks heller, så det er sagt...)

hadde eg no endå vore "pen"
eller i alle fall ein smule fotogen

men den gong ei, på bilder blir eg rar
og liknar på jan eggum eller far

heilt eigentleg så gjer det ingenting
eg har då hus og ungar, mann og ring!

og smilar av ei teikning der det står:
 "me er så glade i deg, mammo vår!"
Har vore i konfirmasjon i dag, så burde i grunn ha runda dagen av med eit konfirmasjonsdikt, eller kanskje eit dåpsdikt til den fine guten som vart døypt i dag! Men då eg sette meg ned for å sjå gjennom bileta frå konfirmasjonen, var det ein annan ting som slo meg. (Sjølv om eg eigentleg visste det frå før) Eg funkar ikkje på bilete! Ser som regel berre rar ut. Ikkje naturleg i alle fall. Trur det kan vere fordi eg knyter meg eller lagar ei grimase så snart det er eit kamera i nærleiken. Fordi eg veit det er dømt til å bli eit dårleg bilete. Evt. kan det vere motivet i utgangspunktet det er noko gale med, men det vel eg i så fall å oversjå;)

Så då måtte eg laga eit dikt for å overbevisa meg sjølv om at det ikkje er så viktig å likna på dei kjendisane og sjå så flott ut. Finst viktigare ting i livet! Og eg trur ikkje dei ALLTID ser like fine ut på bilete dei heller. Så det så. Biletet under teksten er forresten det einaste biletet frå kvelden som var nokolunne ok av meg. Og mannen min tok MANGE bilete. Hadde laga ein kollasj av dei verste, men mannen min meinte det ville skremma vekk alle lesarane mine, så eg droppar å publisera det... (Men heiv no eit døgn på etterskot ut nokon blinkskot for å illustrera litt av poenget mitt!)

(Det er forresten heilt sant at ei grandtante ein gong såg eit bilete av meg, og meinte eg var prikklik Jan Eggum. Då gjekk eg på ungdomsskulen og var ikkje nett overmåte begeistra over den samanlikninga. Heldigvis ingen andre som har nemnt på det same, så eg satsar på det berre var grandtanta mi som hadde dårleg syn!)

fredag 4. mai 2012

Tre bokstavar

kva gjer du den dagen
du innser at under gode og
dårlege unnskyldningar
sørgjande samvit
og utsette saker

ligg tre bokstavar
du eigentleg kanskje
har visst om
men vore for flau
til å lesa?

då stokkar du litt på dei
mannar deg opp og
overbeviser deg sjølv
om at du greier
ALT
Tog de an`? Eller treng de forklaring? ;)

onsdag 2. mai 2012

Uverkeleg

Send en siste hilsen til Alexander Dale Oen her
 
 
det gjev så lite meining
er heilt utruleg trist
du hadde også gråte
om du berre hadde visst
 
kor mange som no sørgjer
på rekkje og på rad
men kanskje du òg ser det
i frå ein betre stad?
 
du burde framleis pusta
du hadde meir å gje
i staden er du stille
og kroppen din har fred
 
men sjølv om du er borte
vil alt som du har gjort
bli ståande og lysa
for det var godt og stort!
For ti år sidan gjekk eg på vidaregåande i klasse med ein gut frå Øygarden. Ein dag viste han meg ein reportasje i ei nettavis om ein ung og lovande symjar, og forkynte stolt at det var syskenbarnet hans. Han garanterte meg at eg kom til å høyra meir om han. Eg tenkte nok ikkje meir på dette før eg nokon år seinare skjøna at klassekameraten min hadde hatt rett. Alexander Dale Oen byrja å hevda seg i verdseliten i symjing, og imponerte både nordmenn og sportsinteresserte verda rundt med prestasjonane sine.

Etter kvart vart dei som fylgde litt med, også kjend med personen Alexander. Han framstod som ein ekte, jordnær og artig fyr, meir oppteken av å vere eit medmenneske enn å framheva eigne prestasjonar. Difor var me mange som vart glade i karen. Og mange som reagerte med sjokk og sorg i går, og haddde vanskeleg for å tru overskriftene i nettavisene som forkynte at førebiletet for så mange, var død, berre 26 år gamal.

Har lest meg til at Alexander var 8 dagar yngre enn meg. Har også lest meg til at han har oppnådd utruleg mykje i løpet av livet sitt. Både av idrettsprestasjonar og i eigenskap av at han var eit medmenneske med omsorg for både kjende og ukjende. Sjølv om ein seier at livet hans var kort, så er det likevel eit heilt liv, frå byrjing til slutt. Eit rikt og godt liv, fylt av draumar som vart oppfylt, utrulege opplevingar, og med gode menneske rundt seg. Eg er sikker på at mange blir gamle utan å ha fått opplevd i nærleiken av så mykje som Alexander.

Likevel er det urettferdig. Og meiningslaust. For han kunne fått opplevd så mykje meir. Burde fått opplevd meir. Men sidan han var den han var, vil han likevel veksa i folk sine auge, etter som me får høyra om gode ting som han gjorde, og forstår kor bra han eigentleg var. Han vil halda fram med å inspirera unge menneske.

Tenkjer på kjærasten og familien hans, og veit dei har ein tung veg foran seg. Men veit også at den blir lettare å gå etter kvart. Og at det er mange som vil fylgja dei gjennom sorga. Sjølv om eg ikkje kjende Alexander, er det vanskeleg å ikkje la dette gå innpå seg, og difor var det han eg tenkte på då eg sette meg ned for å skriva i kveld.