fredag 29. juni 2012

Vaktaren

eg er vaktaren av
den fallande 
stein


han fall ikkje i dag
han fell kanskje ikkje i morgon
men ein dag fell han


då vil klageropet mitt
vera det fyrste som rungar
om liv går tapt


rundt meg blømer epletrea
under meg spring vakre tulipanar opp frå jorda
over meg byggjer syngjande fuglar reir


men eg 
ensar det 
ikkje


for rørte ikkje steinen seg
eit ørlite hakk
akkurat no?


om mange år kjem eg til å reisa meg
forundra over dei rynkete føtene under meg
og over steinen som framleis ligg stille


kanskje eg 
nett då eg byrjar å ana dufta av liljekonvallar
glir på eit rote eple


og dett hardt mot steinen
som møter meg støtt
og klemmer farvel
Eit metaforisk eit, kanskje ganske rart og uforståeleg for de som pleier lesa dikta mine. Men forklaring fylgjer... 

Dette ramla nesten bokstaveleg talt ned i hovudet mitt ein kveld eg låg og bekymra meg. Bekymringar har eg jo skrive om før. Men ikkje på denne måten. For er det verkeleg vits i å bekymra seg for alt mogleg som KAN henda, og mista sjansen til å gle seg over alt det gode som hender i mellomtida? 

Og er det ikkje slik at uansett kor mykje ein bekymrar seg for, er det vonde som av og til skjer, ofte noko ein ikkje har kome på at ein skal bekymra seg for ein gong? Så kva er poenget? 

Dette er altså minst like mykje til meg som til nokon andre... :) Forstod de det, eller?

søndag 24. juni 2012

Tomt

ingen planar
ingen vanar
sit no berre her
og glanar

på ein serie
utan materie
koplar av, fordi 
eg har FERIE
Endeleg ferie folkens!! I alle fall her:) Fredag var eg på jobbfest med kjekke kollegaer, og i går var eg på eit artig utdrikningslag med fine folk, og ei nydeleg komande brur! Etter all denne festinga, hadde eg i dag huset for meg sjølv. Kan ikkje huska sist det skjedde. Ein heil dag! Burde nok ha rydda og vaska klede, eller gått meg ein tur. I staden sov eg lenge, laga meg noko kjapp mat, og har sett mange episodar av ein såpeserie... Godt å kopla av hjernen litt! Håpar de også har ein avslappande søndag:)

onsdag 20. juni 2012

På veg vidare

Der løsna bandet 
som batt oss saman
frå skulen spring me
men nokon går

Dei minnast latter
 samt bitre tårer
og ord framleis 
med sprittusj står

Eit ord er breiddfullt 
av håp og lengsel
andre er skrive 
i hastig hat

Nokre er krydra
med søte hjarte
og nokre minnast 
dei som der sat

Og sjølv om tida
var full av kjensler
og sjølv om vegen
 var stundom tung

Så var ein knytt til
ei rekkje andre
som også sleit med
å vera ung

Det var jo dagar
der kroppen sitra
og hjartet bevra
i høglytt fryd

Eit blikk var nok
til at dette skjedde
og endå fekk du `kje
fram ein lyd

Det kan nok aldri
bli heilt det same
når klassa treffest
ein annan gong

Sjølv om ein prøver
å vekkja minner
med dans og talar
eller ein song

Kanskje dei svake
er vorte sterke
og dei med musklar
er spakna no

Og han du tenkte
på seint og tidleg
er blitt usynleg
og luktar do

Nokon har ungar
eit par har mange
og ein er kjendis
og høgt på strå

To-tre er homo
(ja, dei du trudde)
og ei er rik blitt
(kan du forstå??)

Men likevel vil de 
aldri gløyma
den tida som 
aldri kjem igjen

Då mange lærte
om sorg og glede
og om kor mykje
ein treng ein venn
No er tida for mange klasseavslutningar, og eg hugsar det var spesielt rart då 10. klasse på ungdomsskulen brått var eit avslutta kapittel i livet mitt, for elleve år sidan. Me har framleis ikkje klart å samlast att heile gjengen (spørs om me nokon gong får det til), men eg innbiller meg at slike klassefestar alltid byr på litt overraskingar. Eller kanskje mange er heilt som dei var på ungdomsskulen? Skal i alle fall treffa gjengen frå vidaregåande att snart, det blir spanande!

 I kveld er det avslutning for årets 10. klasse på ungdomsskulen eg har jobba ved i år, og det er ein flott gjeng som no går vidare i livet. Mykje skjer i løpet av desse tre åra, og (som oftast?) er det ein mykje meir moden og ansvarsfull gjeng som går stødig vekk frå skulen, enn den gjengen som kom trippande nervøse og kanskje litt bråkjekke for tre år sidan. Blir spanande å sjå kvar ein treff desse om nokon år:) 



mandag 18. juni 2012

Venskapet

ein ven
å vere stille med
utan at
ein merkar det

treng kje
bruka store ord
ikkje ha
ein plan på jord

kanskje
prata saman litt
ikkje
prøva halda tritt

skiljast
att med lette steg
utan
å bekymra seg

for me
 veit jo du og eg
at
venskapet er endeleg
Hadde ei kjekk helg på ei hytte ved Sognefjorden saman med eit venepar. Sjølv om me ikkje ser dei ofte, er det alltid like god og avslappande stemning når me er saman. Me treng ikkje ha så store planar, berre godt å slappa av ilag, eta god mat og gjere kjekke ting med borna. Ingen av oss er flinke til å ta ofte iniativ til å gjere ting ilag, noko som også blir avgrensa av avstanden mellom heimbygdene våre. Men når me til slutt klarar å få til eit treff, er det godt å sjå at me "er der" med ein gong, og slepp å bli kjend på nytt:) Ekte venskap! Også slik med borna våre, som umiddelbart starta å leika. Heldigvis.

fredag 15. juni 2012

Nytt liv



instinktivt gapande
slukar inn lufta
lukta av liv

aldri mett
får ikkje nok 
svolten på verda



Fann eit fint linerlereir sist me var på ein liten tur i skogen. Fugleungane var heilt nyklekte, og nokon var tydelegvis ikkje komme ut endå. Likevel gapa dei med nesten heile kroppen. Spennande å sjå korleis instinkta verkar. Og desse er verkeleg svoltne på å leva! Det er vel slik dei kan overleva. 

Har ikkje turt å gått innpå bloggen siste veka, når eg skal logga på google, opnar den seg på bulgarsk, så eg er redd det er noko virusgreier... Men no fann eg ein omveg, så håpar eg ikkje gjorde noko dumt ;) 

Har vore ganske sliten dei siste dagane, så no ser eg fram til ei roleg helg med gode vener! Håpar de også får ei fin helg!

lørdag 9. juni 2012

Bra!

i grunn ganske rart
når du har planlagt noko
og tenkt det kan bli bra
at det faktisk
blir det

I dag las eg dikt for eit tjuetals folk som hadde betalt 50 kroner berre for å høyra på meg! Var litt rart, men på ein måte veldig kjekt også:) Overraska over oppmøtet, som var bra til å vere på ein lørdag føremiddag med fint ver og mykje anna som hender i bygda på same tid. 

Eg fortalde ganske opent om blogg og dikt og prosessen min mot det å gje ut bok og kalla meg "lyrikar". Klarte å vera meg sjølv trur eg, og folk både lo og snufsa litt, så føler eg kom godt frå det. Det sa dei eg snakka med etterpå i alle fall:) 

Tusen takk til alle som støtta meg med meldingar, kommentarar og gode ord, så eg tørte gjennomføra!

No senkar skuldrane seg veldig, og me er klare til å gjennomføra dei to vekene med siste innspurt på jobb og i heimen, før den gode lærarsommarferien byrjar! Godt me er lærarar begge to;) Etter sommarferien har eg ikkje jobb, vikariatet mitt går ut i slutten av denne månaden. Satsar på eg får vere litt ringevikar på skulane rundtom før eg går ut i permisjon i løpet av oktober. 

Stressar sikkert litt for lite med desse jobbgreiene, men erfaringa mi er at ting alltid ordnar seg på eit vis, og eg skal klara å jobba nok til å få foreldrepengar når eg er heime. Reknar med eg held fram med bloggen framover også, med vekslande grad av intensitet... 

Ha ein finfin laurdagskveld folkens! Her er rekene til tinings (ja, nokon seier at gravide ikkje skal eta det, men eg har ikkje funne det på dei særiøse sidene eg tråla gjennom), og colaen til kjølings:))

onsdag 6. juni 2012

Lyrikar, eg?



drøymande romantikar
gryande astmatikar
ivrig hobbymusikar
skamfull coca-colikar
redd-for-alt-nevrotikar
skrivefeilfanatikar
ja eg e jo alt da dar,
men kan eg vera lyrikar?

Eg er, som de ser, hyra inn som "månadens lyrikar" her i kommunen, og skal lesa dikt og prata i ein liten time på laurdag. Ganske spent, fyrste gong eg står heilt åleine som einaste "innslag", og attpåtil må folk betala for å høyra på! Har eigentleg ikkje heilt tru på at så mange vil koma berre for å høyra meg, men eg vart jo veldig glad og stolt for at dei spurte, og får ta det som ei utfordring! Satsar på familie og vener stiller opp, så ikkje den vesle salen blir tom;)

Har vel skrive før om at eg ikkje kjenner meg som nokon "lyrikar", føler det berre er eit ord som kan brukast om etablerte og populære forfattarar av lyrikk. Men så tenkte eg litt på forrige dikt, og fann ut at "ein liten lyrikar er også ein lyrikar"... Fekk forresten ein liten støkk i meg då eg las på plakaten at det stod "den svært populære bloggen...", det er i alle fall ikkje mine ord, for eg ligg no ikkje nett øverst på topplistene;) Men eg kan innrømma at eg trur den er svært populær innanfor visse kretsar (les: venninnegjengen min + mammo...). 

Har lurt ein del på kva eg skal seia, har i alle fall ikkje berre lyst til å lesa dikt, uten å seia noko rundt det. Planen min så langt er å prata litt om kva som gjer at eg skriv dikt, litt om det å publisera dikt på blogg, noko om boka eg har gitt ut, og så lesa dikt som handlar om ulike ting. Nokre dikt om sorg, nokre om glede, nokre om samfunnsaktuelle ting, og ein god del kvardagsdikt, sidan det er dei siste det er mest av. 

Høyrest det heilt dumt ut? Kjem de på nokon av dikta mine som er gode nok og kan fungera i ei slik setting, så sei det gjerne her. Og elles tek eg imot alle oppbyggelege kommentarar eg kan få, så skal eg lesa dei om morgonen før eg fer avgarde. For då veit eg at eg kjem til å vere ganske så nervøs ;)

søndag 3. juni 2012

Lite tre

 
 
eit lite tre
er like fullt
eit tre
 
sterkt i trua
klorofyllt
av håp
 
strekkjer det
seg stødig
alltid oppover
 
så ver snill å
 ikkje trakk
det ned
 
studer det heller
stille når det
veks
 
og lytt varsamt
når det syng om
draumane sine
 
Tja, litt metaforisk dette, og kan vel tolkast på fleire plan, blant anna det at ein ikkje må oversjå borna. Ein del meiner at born ikkje skal sjåast eller høyrast, og aksepterer dei ikkje som "tenkjande individ" før dei er nesten vaksne. Dette var heldigis mykje meir vanleg før enn no, men eg trur det finst menneske med denne oppfatninga endå, dessverre.

Diktet kan også tolkast bokstaveleg. Ein skal ferdast varsamt i naturen. Sjølvsagt trakkar ein ned busker og plantar innimellom. Men unødvendig skade treng ein ikkje gjere.

Slit litt med nettet mitt. Det dett ut heile tida, og spesielt ofte når eg prøver å kommentera hjå andre bloggar. Kjedeleg, men håpar det kjem seg snart. Noko positivt på datafronten er at me har fått oss ny skrivar. Epson eitt eller anna, som visstnok skriv ut veldig gode bildeutskrifter. Gler meg til å leika med den når eg har betre tid:)

fredag 1. juni 2012

Anger

revnande likegyldig
til om det verkeleg
hadde vorte betre

banar den seg veg
langt innifrå og
gneg tålmodig

vil at det skal verkja
fordi du aldri finn ut
kva som kunne hendt
Eg har tidlegare snakka om kor ubesluttsom eg er. Brukar evig lang tid på å bestemma meg for enkelte ting. Prøver å ta hensyn til alle partar, om det er fleire involvert. Men problem blir det også når eg har bestemt meg for noko, og gjort det. Då angrar eg som regel litt på det, og går og lurar på om eit anna val ville gagna meg og folka rundt meg betre.

Kunsten er vel å gjera det beste ut av dei vala ein tek, og på denne måten sjølv gjera dei til dei beste vala? Hjelper i alle fall ingen at eg går rundt og surmular på grunn av at me "kanskje ville fått det betre" om me hadde gjort noko annleis. Har ein liten alvorsprat med meg sjølv her, som de skjønar. For er så lei av denne angringa, som sjeldan fører noko godt med seg. Håpar de som les, er flinke til å stå for vala de gjer. (Dei store vala mine står eg som regel for, men det er alle desse daglegdagse vala som gjer meg størst problem....)