søndag 29. juli 2012

Segen

kvar gong eg legg meg
kjem eg på kor godt det er

å leggja seg altså

berre synd eg aldri
kjem på det før
Treng vel ikkje sei meire?

onsdag 25. juli 2012

Familiekøye

tre innpust
tre utpust
synkronsøvn
Eg har bytt mobil i løpet av siste veka, og dermed måtte eg tømma den gamle for ubrukte dikt som låg der... Dette er nok eit lite som har dukka opp på overnatting hjå foreldra mine, der me ofte ligg i familiekøye. Men det kan også passa i desse ferietider når familiar ofte ligg meir samla i t.d. telt, campingvogn eller på hotellrom.

Litt fint å ligga og høyra på pusten til resten som søv, og høyra at alle som har sovna pustar ganske samtidig. Kanskje det er noko som skjer når ein søv saman? At ein tilpassar seg dei andre sine søvnige andedrag?

Nokon av dykk har nok merka at det er smarttelefon eg har kjøpt meg, for no har eg byrja å gjera meg kjend i instagramverda! Spanande å prøva ut, merkar at det er lett å bli hekta. (Er mest i sofa-form for tida, kroppen og hovudet spelar ikkje heilt på lag, og då er det lettare å forhalda meg til den vesle verda der enn til å lesa og kommentera innlegg i den store bloggeverda.) Prøvde alle moglege namn utan at det gjekk då eg logga meg på instagram, til slutt skreiv eg i desperasjon "tullekopp", og det namnet gjekk sjølvsagt gjennom... I etterkant har eg endra namnet mitt der inne til "berrekristin", men ser at tullekopp-namnet dukkar opp av og til likevel. Jaja. De som har IG får sjå om de finn meg! Eg har funne ein del bloggarar, men ikkje alle har dei vanlege bloggenamna sine der inne, og då blir eg litt lost!

søndag 22. juli 2012

Tida



tida
leger ikkje
trøystar ikkje
hjelper ikkje å forstå

tida
gjev ikkje mot
gjev ikkje styrke
gjev ingenting tilbake

 men

tida
 gjer det mogleg
å finna tilbake
kjærleiken
I dag vakna me til ein plen overstrødd av roseblad. Vinden hadde laga ei fin rame for denne dagen til ettertanke. Får litt flashback til 22. juli for eitt år sidan, med sendingar på tv heile tida. Samtidig er det noko vesentleg annleis med sendingane idag. Dei er planlagte. Ingen blir overrumpla av ein røyndom ein ikkje trudde var mogleg. 

Menneska snakkar om kjærleik, tilgjeving, samhold og styrke. Og sjølvsagt om saknet. Som ikkje forsvinn. Det gjer det nok aldri. Men det verkar som mange er kome styrka ut av å oppleva noko av det verste som kan gå an. Dei er flinke til å ta vare på det gode, og til å smile, trass alt. 

Styrken kjem nok både innanfrå, og frå all omsorg som dei har opplevd frå menneska rundt dei. Den kjem ikkje av seg sjølv, og treng jo tid for å koma fram, men samtidig er det ikkje tida som får den fram. Det er den hjelpa ein tek i mot, og den kjærleiken ein let andre omslutta seg med, som gjer at ein kjem seg opp att etter noko slikt, trur eg. 

torsdag 19. juli 2012

Ferievise



Med fugleskit på gensaren
og popcornrusk i håret
og tråkkevondt i korsryggen
og køkrampe i låret

...så lyttar eg til ungeskrik
og apeskrål med meire
og ser på pengane som fyk
 og snart fer endå fleire

 Middag må me ha
og den er jammen ikkje billig
og nokon vil ha is
men tru om mora er heilt villig?

For faren mista lommeboka
kven skal då betale?
Så bit eg i det sure
har visst ikkje anna valet

Ja der for juliløna mi
det var i grunn den siste
men nett no når eg kjenner
at ei tåre fram vil briste

...så ser eg nokre auge
lysa vilt i rein begeistring
full av nye inntrykk
og på grunn av eiga meistring

Eg hugsar på at borna har
fått mange gode minne
i motsetnad til pengar
vil jo minna ei forsvinne!

De skjønar kanskje kvar me var i ferien? Og at me ikkje har råd til så mykje meir ferie? Likar i grunn ikkje slike parkar den ein føler ein går oppå folk, og det hender ting overalt. Men såg at borna koste seg veldig, og då var det verdt det! Sjølv hugsar eg best at eg stifta nærkontakt med parkens farligaste dyr..ein diger flått!

Me har vore ein rundtur i Norge med retro-campingvogna til svogeren min. Shabby-cabby som me kallar den. (Ikkje svogeren min altså, men vogna!) Den ser heldigvis mykje betre ut inni enn utanpå ;) (Framleis vogna!)

Vil nok bruka litt bilete frå turen etter kvart, der ein del sikkert kjenner seg att. Kjørte forbi mange stadar som eg forbind med ulike bloggarar, og mannen min vart kanskje litt lei av å høyra at her bur Whitebite og frk. Virrum, og her ein stad bur Bondekona, og her bur Heidi og her bur Liv Hege... Kanskje nokon skjønar ein del av ruta vår no?

Godt å koma heim i alle fall! No skal eg berre prøva å bli kvitt hovudpina som heng igjen etter all fartinga..

lørdag 7. juli 2012

Heller det



kvifor vassa åleine i fjæra 
i kaldt vatn
når ein kan fyka til vers 
i trygge hender?



Guten vår likar godt å bada inne i badekaret og i plaskebasseng i hagen. Men han skjønar ikkje heilt kvifor me absolutt må dra han med ned til den kalde fjorden... Og me har i grunn ikkje noko behov for å tvinga han uti heller, kjekkare å vera med på ein fyketur over vannflata enn å hyla og frysa på tærne;) Herdinga får me ta seinare... 

I dag har me vore til frisøren med han for fyrste gong. Det var eit kapittel for seg sjølv, og inneheld mykje av dei same ansiktsuttrykka og lydane som kaldt vatn medfører... Fekk no stussa luggen og klipt litt opp i nakken, med god hjelp av brannmann Sam på dvd og eit mammafang å sitja på. Etterpå sendte eg mannen rett av garde for å kjøpa sånn klebrig klesrulle, for den frisørkappa var jo litt skummel.. Jaja, ei erfaring rikare, og litt hår fattigare er me jo ;)

onsdag 4. juli 2012

Sommarstien

 
 
eg veit om ein sti
med smilehol i
og blømande fregner
og kitlande bregner
 
 trør du forsiktig
og går ganske riktig
så trur eg den rommar
ein nydeleg sommar
 
 
Nokon har spesielle stadar dei må reisa til for å verkeleg føla at sommaren er komen. Eg har fleire stadar der eg får litt ekstra sommarkjensle. Men eg tenkjer også at ein ikkje alltid må ein bestemt stad, men at det å vere på veg til eit anna område, på ein ny eller kjend sti, også kan gje sommarkjensle. Sommaren kan opplevast like sterkt på stien, som på staden stien fører til. Eller kva?