torsdag 30. august 2012

Oss to


eg ser deg storesyster
eg fylgjer bakom deg

kan me gå vegen saman
sjølv om eg er litt treg?

det er så godt å halda i
den trygge handa di

ja, tenk så bra at nettopp du
er storesystra mi

så veit eg det er av og til
at du må springa fort

du har så mange vener
og så mykje å få gjort

men heldigvis så kjem du 
ganske snart igjen til meg

då ler eg høgt og klemmer hardt
for eg er glad i deg



Det er seks år mellom borna mine. Dei har likevel eit veldig godt forhold. Veslebroren nærast forgudar storesystera (ja det er ho du skimtar i horisonten på det øverste biletet). Ho er den fyrste han ropar på når han vaknar, og når ho kjem, lyser han opp. Ho er like glad i han, og elskar å få han til å le. Ganske tålmodig er ho også, men sjølvsagt er det jo ofte ho spring avgarde med venninner litt lenger enn han får lov til å vere. Då grin han etter ho, men har etter kvart forstått at ho kjem tilbake til han til slutt:) 

Litt spent på korleis det blir når tredjemann dukkar opp, men håpar og trur han/ho også blir tatt imot med glede! (Jadå, dei kranglar av og til, ingen fare... Men sjeldnare enn eg hadde trudd! Hadde nok blitt meir krangling om det var mindre aldersskilnad tenkjer eg...)

søndag 26. august 2012

Eg gjev opp!



pratar støtt om nye planar
men eg veit at gamle vanar
dukkar opp att litt for fort
det eg vil blir ikkje gjort
difor kan eg fyrst som sist
setja meg og ta ein twist...
Likar best fruktnøtt i grunn, men det rimte ikkje så godt.. Elles er dette diktet dessverre litt for sant. Eg kan ha mange idèar og flotte visjonar om både alle viktige og morsomme tema eg skal skriva om, alle bloggar eg skal innom og lesa før eg legg meg, alt godt eg skal gjera for andre folk, alt husarbeid eg skal få unna, alt deilig eg skal baka, all kvalitetstid eg skal tilbringa med borna... 

De har vel høyrt leksa før? For medan eg planlegg og tenkjer ut dette, og gjerne snakkar om det, går dagane og blir fylt opp med andre ting som dukkar opp og krev å bli gjort med ein gong. Eller tv-program som krev å bli sett. Eller ein sjuk mann som aldri ser ut til å bli frisk att...(han blir det altså, det tek berre slik tiiiid)....

Eg har skrive dikt før om dette, men det er altså eit tema som gjer seg gjeldande litt for ofte. Evna mi til å utsetja ting som skulle vore gjort. Eller tidsklemma om ein vil. Evt. "giddaløysa", for dei som ikkje trur på tidsklemma. Eg har så lyst til å få strategiar og struktur for å få gjort litt meir enn berre det eg må. 

Men så ser eg jo at eg får jo kvalitetstid med borna likevel, berre eg nyttar sjansen når den er der. Det treng jo ikkje planleggjast. Og husarbeidet heldt eg jo nokolunne unna. Bloggar les eg og kommenterer i periodar, kan ikkje gjera det kvar kveld har eg funne ut. Eg byrjar å ana eit anna tema eg ofte tek opp, som er ganske nært knytt til utsetjingsproblematikken... Nemleg det å vere fornøgd med det ein er og har, og gjere det beste ut av det. 

Så håpar eg jo at stukturen kjem etter kvart. Var det nokon som sa den kjem med alderen?

(Dette handlar vel også ein god del om dårleg samvit for alle eg har lyst til å besøkja og ha kontakt med men litt for sjeldan gjer det, både av slekt og vener og her i bloggeland. Men nett no er eg vel unnskyldt, i alle fall hjå dei som har hatt sjuke mannfolk sjølv? Tek gjerne imot gode råd!)


søndag 19. august 2012

Frå ein vinkel



frå ein vinkel
i eit utsnitt
frå eit perspektiv

ser du aldri det heile

så gå anten rundt
og bli kjend med
heilskapen

eller lat vere

men let du vere
så ikkje lat som
om du veit

Ingen "nye" tankar dette, men trur dei er ganske aktuelle likevel. Me menneske har alt for lett for å dømma folk utan å kjenna dei godt nok. Det seier seg sjølv at me ikkje kan kjenna alle like godt, men då treng ein heller ikkje lata som ein veit meir om dei enn ein gjer, og dra kjappe slutningar som ein deler vidare med andre. Det er noko som kan provosera meg ganske mykje, folk som uttalar seg om ting dei ikkje veit. (Ikkje noko som har skjedd no altså, men noko eg ofte tenkjer på..)

Har tenkt litt på dette også i forhold til dei ulike nettverka ein kan treffast i på nettet. For eksempel er eg no aktiv på instagram, her i bloggverda, og på facebook. Med varierande frekvens... Nokon "kjenner meg" berre via bloggen. Nokon berre via instagram. På facebook har eg mest vener og bekjente som kjenner meg frå den verkelege verda, men ein del der har eg hatt ganske sporadisk kontakt med dei siste ti åra, så ein kan jo seie at det inntrykket dei får av meg på facebook tel ganske mykje. 

Lurar i grunn på kva inntrykk folk får av meg gjennom dei mediuma. Og om det stemmer. På bloggen er eg ganske ærleg trur eg, passe sjølvironisk og funderande, slik ein del av meg er. Men så "velformulert og klok" som ein del meiner eg framstår skrifleg, er eg nok ikkje sånn om du møter meg til dømes på butikken. Dragande på eit par ungar og ein stor mage, passe halvstressa og så upedagogisk som pedagogar blir i forhold til eigne ungar... Likevel, det "stressa monsteret" eg føler meg som på butikken, er jo ikkje berre meg det heller vel?

På instagram trur eg at eg viser mest det fine eg ser. Det er eit program der ein berre deler bilete, og det er vel måte på kor interessant det hadde vore å sett klesvasken og dei rotete soveromma som eg går og ergrar meg over no om dagane. For ikkje å snakka om den sjuke mannen (og no sjuke sonen) som gjer at det blir endå meir arbeid på meg. (Det er synd på dei, ja. Eg dullar med dei når eg orkar. Men ikkje heile tida.)

På facebook er eg ikkje noko særleg aktiv, men det blir vel litt ei blanding trur eg. Bileta eg deler, er bilete eg er fornøgd med. Medan statusane kan nok vere meir av den sjølvironiske arten. Blir sjeldan så veldig filosofisk på facebook, det sparar eg til bloggen. Trur at dei som kjenner meg via alle desse mediuma får eit meir "ekte" inntrykk av meg enn dei som berre kjenner meg via det eine, eller berre som ein nabo.

Så har eg tider der eg lurar på om folk trur ein berre er aktiv på desse ulike mediuma for å "visa seg fram" og "skryta". Men det trur eg ikkje stemmer med meg i alle fall. Det handlar vel om eit behov for å ha kontakt med omverda litt meir enn ved korte venninnebesøk det blir altfor sjeldan av (min feil!), eller heseblesande samtalar på butikken. Eit behov for å bruka fleire sider av meg sjølv enn dei (heller dårlege) husmorsidene eg har. 

For nokre dagar kom det ei dame eg berre kjenner såvidt, bort til meg for å seia at ho fulgte med på både instagram og bloggen min og likte å lesa dikta mine, fordi ho kjende seg slik att i dei. Eg vart jo sjølvsagt litt flau, men veldig glad. For det betyr at det er vits å gjera dette, og at eg ikkje berre gjer det for meg sjølv!

Ein kjempepluss er at ein blir kjend med så mange fine folk både her og der, som ein aldri ville blitt kjend med elles. Det gjer at eg ikkje kvir meg til å vere heime eit heilt år, sjølv om eg ikkje er så flink til å treffa venninnene mine så ofte, for eg har fleire nettverk berre nokre tastetrykk unna.

Vart kanskje litt lite samanheng i denne alt for lange teksten, men håpar de fekk noko ut av den likevel. Og om ikkje, står vel diktet godt åleine også?

onsdag 15. august 2012

Bakken



akebakke
rakebakke

beitebakke
teitebakke

kvilebakke
smilebakke

kløverbakke
snøvèrbakke

blemmebakke
klemmebakke

finnebakke
minnebakke
Sidan eg vaks opp på gard, har eg vore vant til å ha ein del bakkar rundt meg. Bakkar å leika i, gjennom ulike årstider. Bakkar å jobba i. Bratte bakkar ein trakkar opp og ned med små og etter kvart store føter. I snø og i slått gras. (Når graset er høgt, veit me som kjem frå gard at bonden ikkje likar at det blir trakka for mykje i...) Bakkane verkar kanskje ikkje så viktige, men når ein tenkjer på det, er det dei som er grunnlaget for at ein får noko ut av ein gard. Utan jord, ingen mat til verken dyr eller folk.

Dette diktet trur eg har lagt på gamlemobilen min sidan sommaren i fjor, då eg skreiv ned mange ulike ord som eg assosierte med bakkane "mine", og fann ut at eg kunne få dei til å rima. Ein bakke kan romma løyndomar også. I bakkane rundt huset som bror min no eig, kan det for eksempel liggja ein giftering som faren min mista for mange år sidan, då han var ute og spreidde kunstgjødsel... ;)

søndag 12. august 2012

Ver raus


bratte nakkar
knekk lettast
 

Har alltid vore oppmerksom på og tenkt over korleis me menneske er mot kvarandre. Nokon mennesketypar funkar sjeldan saman. Medan andre mennesketypar kan fungera fint saman med dei fleste andre. Stikkord er vel for eksempel omsorg, auge for andre, rausheit, gjestfridom, evne til å tilgje og evne til kommunikasjon. Nokon verkar som dei har desse gode eigenskapane frå fødselen av, andre tileignar dei seg gjennom erfaring, medan nokon kanskje aldri får dei. Eg ser at eg ikkje skårar like bra når det gjeld alle, kanskje fordi eg heng meg opp i meg sjølv og feila mine i staden for å gjera det beste ut av det eg kan... 

Men ein ting eg trur er ekstra viktig, er det at ein ikkje blir så "brattnakka" at ein ikkje klarar å tilgje andre menneske når dei gjer feil, og som ei fylgje av dette vel å ikkje ha noko å gjera med menneska som dei meiner har feila. Då står ein veldig ope for hogg den dagen ein sjølv gjer noko dumt. Og kan til og med få store problem med å tilgje seg sjølv. 

Eg trur ein vinn veldig på å vere raus med tilgje andre (og seg sjølv!) og med å sjå det som er bra hjå andre menneske. 

Nokre funderande visdomsord funkar vel fint på ein søndagskveld? Lurte litt på korleis eg skulle forsvara å ha dette svanebiletet med, men ho har i alle fall ikkje for bratt nakke til at ho kan bøya den;)

tirsdag 7. august 2012

Snufs

Nasa renn og halsen brenn
no er det jammen gjort igjen!

Og det, min venn, er bale men
ta vare på forkjølelsen!

Den gjev deg ro til å få glo
på ditt og datt og han og ho

Og stressa ned i ro og fred
til kroppen atter fylgjer med
Dette fann eg då eg rydda på mobilen min, sikkert skrive i eit snufsete svakt øyeblikk. For tida er det magen som er grunnen til at eg held sofaen;) Men det er jo eit poeng at det ikkje er lurt å stressa med å bli frisk igjen når ein har eitt eller anna virus i kroppen, men slappa av framfor tv-en eller ei bok og kvila mykje, til ein får herket vekk. Av og til trur eg ein blir sjuk fordi ein er så stressa, og det er kroppen som seier frå at ein treng nokon sofadagar...

lørdag 4. august 2012

Eit lite kjærleiksdikt





Idag har eg vore i kyrkja og sett ei venninne gifta seg med mannen ho er så glad i:) Det var eit nydeleg brudepar som skunda seg ut av kyrkja, klare til å ta fatt på vegen saman. 

Dei får pengar i gåve, men eg ville også ha noko litt personleg frå meg, så eg laga eit lite enkelt hjartedikt til dei som eg sette i ramme. Tenkte på kva eg følte sjølv då eg gifta meg for over 8 (!) år sidan. Vart vel litt klisjè, men er jo slik livslang kjærleik er? Ein håpar på gode dagar saman, men møter nok også nokon vonde, på ein eller annan måte. Då er det godt å ha kvarandre å støtta seg til! 

No kvilar eg litt på sofaen før me skal til kaffi. Har lakka neglane for fyrste gong på fleire år, i motefargen mintgrøn (må jo visa litt når eg endeleg pyntar meg!), og førebur meg på ein kjekk kveld med gode vener og eit lukkeleg brudepar! 

torsdag 2. august 2012

På avstand



av og til
er eg observatøren


let borna utfalda seg
medan eg sitt i eit hjørne
på ei skorv
eller ein sandbanke
og fylgjer med


melder meg ut?
nei.
studerer
tenkjer
og kjenner på  kjærleiken


mamma
på avstand

Har blitt ein del mamma på avstand i det siste, sidan eg er byrja å bala med bekkenet og litt andre gravideplagar. Men trur det er sunt å la borna få utfalda seg litt utan ei mamma som held dei i handa heile tida. Og så kjenner ein av og til litt ekstra kor glad ein er i dei når dei plutseleg kjem springande og vil ha klem :)