torsdag 20. september 2012

Ei natt

vaknar du ei natt 
av at senga er full
av små føter som kitlar

mjuke ryggar som rullar
og får ikkje sova
fordi senga er for trong

hiv du dei sjølvsagt
ikkje tilbake
der dei kom frå

du reiser jo neste dag
til IKEA
og kjøper ny seng?

Er ikkje så god på samsoving eigentleg, får litt klaus når senga blir full. Men så er det jo koseleg også... Og er ikkje borna heilt friske, er det trygt å ha dei i nærleiken, både for dei og oss. Så kanskje kluet er ei større seng? Har ikkje kjøpt endå, men har det til vurdering no når nr. tre er på veg;) Er i alle fall ikkje så god på slike omdiskuterte skrikekurar, og syntest det er greitt no når det har vore diskutert, å vita at det ikkje berre er eg  som vegrar meg for det. 

søndag 16. september 2012

Eg


kunne godt tenkja meg
å vera som ho
eller han

 i alle fall ville eg 
ikkje vore
som dei der

men når eg tenkjer
meg om 
ein gong til

har eg i grunn 
nok med
å vera meg sjølv


Såg eit lite intervju med rapparen 50 cent ein dag, der han uttalte noko slikt som at det å få born var "ei moglegheit til å laga ein betre versjon av seg sjølv". Eg skjønar på ein måte kva han meinar, men synest det blir heilt feil å seia likevel. For borna skal ikkje vera versjonar av nokon andre. Eg vil heller seia at ein skal hjelpa borna med å bli gode versjonar av seg sjølv.  

Dei fleste menneske har vel både gode og dårlege sider, og då må ein som foreldre hjelpa borna å stimulera og utvikla dei gode sidene, medan dei dårlege sidene bør få lite merksemd. Trur nemleg ikkje at det er lurt å heile tida masa om alt borna gjer feil, men heller framheva det dei gjer bra. Velkjend innanfor pedagogikken som ein må læra seg om ein vil jobba med born, men ikkje alltid så lett å gjennomføra som mor eller far. 

Å tvinga borna til å gjera noko som foreldra alltid har drøymt om men aldri klart å gjennomføra, blir også feil. Eller å nekta borna ting som ein sjølv har dårleg erfaring med, fordi ein trur borna heller ikkje vil takla det. Borna må få gjera sine eigne feil. Og finna ut kva dei likar og ikkje likar. Sjølvsagt innanfor trygge rammer.

Det er vel også eit poeng at borna ikkje berre blir rosa for noko dei gjer, men også for den dei er. At dei forstår at dei er gode uansett om dei ikkje hoppar lengst eller skårar flest mål. Dei er unike i seg sjølv. Eg trur at dei fleste kan nå måla sine, berre dei har tru nok på seg sjølv, og ikkje minst har menneske rundt som trur på dei. 

Eg kom over denne videoen frå X-faktor i USA, og klarte ikkje å halda tårene tilbake, sjølv om den vart flagga som "tåredryppende", og eg ikkje alltid er den som grin når det er "varsla tårer". Sterkt om mobbeofferet som slår tilbake mot mobbarane ved å stå på scena og røra både publikum og dommarar med å vere seg sjølv. 




fredag 14. september 2012

8 år



Eit år er gått
du veks, blir stor
men du når aldri
att di mor!

og når eg fyrst no
nemner ho
så vil ho takka 
nettopp no

for at du er
den som du er
ei godjente 
frå hår til tær

ditt smil sår håp
og nye smil
for det er faktisk 
ingen tvil

om at du er 
den beste som
på denne dag
frå magen kom
Hadde planar om å laga ein bursdagssong til jenta vår denne gongen, men det gjekk i vasken saman med grønsåpevatnet ;) I alle fall fylte ho åtte år i dag, og det har me feira i to dagar no! No er me godt fornøgde med pakker og kaker og feiring alle saman, på fleire måtar;) Men var veldig kjekke besøk, og eg er takknemleg for at ho har så mange fine folk rundt seg, både når det gjeld klassevenninner og familiemedlemmar.

mandag 10. september 2012

Veksesmerter



 du vil ikkje veksa
det gjer jo vondt

og tenk viss du blir
ein slik skummel ungdom

eller verre

ein slik modig vaksen som 
jaktar på bjørnar og ulvar

du er så redd for bjørnar du

du vert nok ein snill ungdom
tenkjer eg

og modig vaksen
på rette måten

men eg seier det ikkje

berre stryk jamt over beina dine
som veks og verkjer

og syng
til du sovnar
Jenta mi vaknar av og til med sterke veksesmerter i beina. Det er så vondt at ho grin, og vekkjer oss. Då pleier eg massera beina hennar forsiktig, og det brukar å hjelpa. I alle fall viss me snakkar litt i tillegg. Eller syng. Her ei natt sa ho at ho helst ikkje ville veksa så fort. Ho var litt redd for at ho skulle bli ein sånn vaksen som gjorde ting som ho eigentleg var redd for. Som å jakta på bjørnar, det hørtes så skummelt ut. 

Det er mykje ei mor kan gjera for borna sine, men hindra dei frå å veksa, kan ho ikkje. Eg prøvde å forklara at sjølv om ho blir stor, så blir ho faktisk heilt seg sjølv likevel. Ikkje lett å forstå når du aldri har opplevd det. Og eg skjønar jo kva ho meiner, huskar eg tenkte på liknande ting sjølv. Uansett fint å kunna filosofera litt på sengekanten. For sjølv om me vaksne også kunne tenkt oss at borna var små litt lenger, veit me jo at dei veks heile tida. Det gjeld å bruka tid med dei når ein kan!

torsdag 6. september 2012

Borte

borte
men aldri gløymd
minna 
for alltid gøymd

åra 
du skulle fått
mista
all livsgnist brått

sorga
er tung fordi
me 
ville hatt meir tid

saman
med smilet ditt
latter 
som runga fritt

likevel
må me tru
framleis
så smilar du

kikkar
her til oss ned
og 
kvilar i stille fred


Den siste tida har mange hatt den bortkomne Oslojenta Sigrid i tankane, og det var ein trist beskjed å få då ho vart funnen død, sjølv om det nok på ein måte var godt for dei som sakna ho å sleppa å leva i uvissa. No tenkjer me på familien og venene hennar, og håpar dei har gode folk rundt seg som hjelper dei å halda hovudet over vatnet.

Forrige veke vart også bygda eg vaks opp i råka av eit dødsfall som kom så altfor tidleg. Det er noko som er så ekstra tragisk når born, ungdommar og unge vaksne døyr. Det blir liksom feil rekkjefylgje. Og så tenkjer ein på alt dei skulle fått opplevd som dei aldri får sjansen til.

Eg er kristen, og trur ikkje at døden er slutten. Eg trur det ventar noko mykje betre på oss enn me kan ana, når me døyr. Likevel veit eg noko om kor tungt det er å mista nokon. Dyrekjøpt erfaring, men etter kvart ei erfaring som kan gjera at ein forstår andre i litt same situasjon. Og veit kor viktig det er å ha menneske rundt seg som bryr seg. Det trur eg heldigvis dei fleste som mistar nokon, har. 

Fleire dikt om sorg kan du blant anna finna her

søndag 2. september 2012

Du er

 
der skjøna
 eg det
brått
 
kanskje det var 
det tydelege
sparket
 
kanskje det var 
bror din sin
mageklem
 
kanskje det berre
var tida som
var inne
 
for at eg skulle
skjøna at du
er
 
du er ein bitteliten
lys levande
person
 
snart klar til å
festa blikket
i oss
 
gripa tak i
fingrane
våre
 
og vera vår
men også
deg
 
eg kjenner
ei sterk
glede
Det har teke tid denne gongen, å skjøna at me faktisk snart er fem i familien. Eg har jo sjølvsagt visst det. Kjent sparka. Snakka om utstyr og planlagt litt. Førebudt syskena på at eg snart er litt mindre tilgjengeleg for dei, for det kjem nokon som treng meg ekstra mykje. Eg er ikkje mindre mamma likevel. Dei forstår, trur eg. Og gler seg. Men eg har ikkje heilt kjent etter sjølv. Det har vore så mykje som har teke fokus.
 
Men no dei siste dagane har eg gått og smilt for meg sjølv, endeleg. For eg skjønar at me snart har ein liten sprellande bylt i fanget vårt. Som ikkje har bedt om å få koma. Men som me er så heldige å få lov til å møta og ta vare på. Veileda og fylgja på livsvegen. Eg kjenner med glede at morskjærleiken veks, saman med personen som veks inni meg.
 
PS: Eg set veldig pris på kommentarar sjølv om eg for tida ikkje har vore flink til å svara på dei! Blir litt slik "alle eller ingen", for eg får så dårleg samvittigheit når eg berre svarar på eit par stk. Så ei stund no har det blitt "ingen", fordi eg ikkje har hatt energi/ork til å svara "alle". Om de forstår... Men satsar på snarleg betring no:)