søndag 28. oktober 2012

Dagens tørre

har du mange
jern i elden

kan du lett få
eld i hjernen

Dei seier liksom at damer er så flinke til å multitaska,  men i så fall er ikkje eg noko vanleg dame... Eller, det vil seie, eg kan godt setja i gong med mange ting. Men å gjera alt ferdig er ein annan ting... Og så byrjar hjernen å koka over av tanken på alt eg har tenkt å gjera, eller starta uten å fullføra, så eg må rett og slett ta meg ein timeout i staden for å gjera noko. 

Jaja, soverommet har me endeleg fått fiksa opp litt, nymalt seng og veggar og greier, og babyseng med sengklede er på plass. Sjukehusbagen pakka eg endeleg i går, så er vel klar med det viktigaste :) No skal det "berre" ryddast og vaskast heilt skikkeleg i gongen og stova, så føler eg at me er ganske i mål for å ta imot ein ny krabat. 

Men sjølvsagt fekk toåringen feber igjen dag (er ny runde annakvar veke for tida, bale!), så eg bestiller nokon dagar til med stor mage, til han blir bra att... Tre dagar til termin no, snart ferdig med ventetida! Ha ei fin veke i vente godtfolk:)

søndag 14. oktober 2012

Hei du inni der

Kan ikkje fordra magebilder, så dette får vere illustrasjon god nok;)
 
det er fint
å vita at
du er der
 
at du lever
og har det
heilt bra
 
men kan du
vere så snill
å visa det
 
til nokon
andre enn
blæra mi?
Ei lita oppdatering frå meg er vel på tide. Fullt av liv i magen endå, for de som lurte på om det var stille fordi eg hadde nevane fulle! Synest det går litt for ofte ut over blæra mi, byrjar å bli lei av å springa på do... Samtidig har me ein del å fiksa før barn nr. tre gjer sitt inntog (ca i månadsskiftet), så lyt vel springa på do ofte ei stund til. No er eg forresten offisielt i permisjon og ikkje arbeidsledig, og det er heilt greitt kjenner eg;)
 
Er lite sosial for tida, og ikkje flink til å svara på meldingar på mobilen eller facebook eller på kommentarar her og der heller. Går liksom i mi eiga boble føler eg, passeleg slapp, giddalaus og uverksam. Samtidig får eg mange gode (meiner eg, ikkje alltid mannen...) idèar til ting eg vil ha ordna i huset, både til babyen og når det gjeld oppussing generelt. Men det passar dårleg med at eg er såpass redusert sjølv, og mannen nesten er like redusert, inne i tredje månaden med kyssesjuka no.
 
Men me har no babysenga på soverommet, og snart vert den vel tom for klede også, har endeleg fått meg nytt og stort klesskap! Og sjukehusbagen skal eg pakka snart. Babyklede driv eg å vaskar på, i ujamne periodar alt etter kortid vaskemaskina finn det for godt å virka. Blir vel ny snart ja! Jentenamn har eg klart (må berre overbevisa mannen), men gutenamn har eg ikkje peiling på. Så det blir sikkert ein gut...

Håpar de som er innom har fine haustdagar, og like fint ver som me har hatt dei siste dagane. Har vore herleg med sol, sjølv om det ikkje fylgjer så mykje varme med den!
 
Klem frå meg og magen:)

torsdag 4. oktober 2012

Got you?

Lett å henga ut
dei som har
 openbare problem

så ingen merkar
eins eigne

Berre ein liten kommentar til debatten som går no om dagen angåande overvektige menneske, og korvidt det er "deira eigen feil", og dermed noko andre kan rakka ned på dei for. Det er mange grunnar til at menneske er/blir overvektige, og mykje har vel med genar og forbrenning å gjera, ofte meir enn psykiske ting. Uansett er det klart at det å vere overvektig ikkje er noko som ein aktivt vel! Og at dei som er sjukeleg overvektige, sikkert har plagar nok i forhold til vekta, om ikkje dei skal vere ei enkel skyteskive for dei som treng nokon å skyta på.

Det følest forresten feil å snakka om "overvektige" som ei gruppe, for menneske med overvekt er jo ikkje ein "mennesketype", og vekta seier jo ingenting om korleis ein er som person. Så det å tru at ein veit noko om menneske fordi dei er overvektige blir både feil og veldig stigmatiserande. Og ein kan samtidig gå glipp av mange gode bekjentskap! 

Om vaksne har lov til å seia om overvektige at dei er late, at det er noko dei har valgt sjølv, og så vidare, er dette noko også born plukkar opp og kan bruka som argument for å kunna erta og plaga ovevektige born og vaksne. Alle har jo sine problem, men problema til dei som er veldig overvektige blir jo ganske synlege, utan at bakgrunnen for det kjem fram. Difor kan dei bli veldig sårbare for hogg. 

Eg tenkjer at dei som rakkar ned på menneske fordi dei er overvektige, har eigne problem som dei vil fjerna fokus frå. Om alle berre kunne klara å vere fornøgd med seg sjølv slik ein er.... Og evt. jobba med det ein vil ha betre med seg sjølv, utan å henga seg opp i korleis andre har det.... Sjølvsagt ein utopi, men altså, dei som er trygge på seg sjølv, og har forsona seg med det ein er, har vel ikkje så behov for å rakka ned på andre. 


Fekk visst litt skrivesperre eg (pluss sjuke ungar), to veker sidan sist innlegg no... Hadde eit par viktige tema eg hadde lyst til å skriva noko skikkeleg om, men klarte aldri å koma i gong, og då kom eg ikkje vidare med noko anna heller. Føler eg masar litt om dei same tinga på bloggen, har trass alt over 400 innlegg/dikt her, så er vanskeleg å ikkje gjenta seg sjølv. Men er veldig takknemleg for dei som er inne og les likevel!  

Skal forresten prøva å gjera noko med bloggen så det blir lettare å finna fram til tidlegare dikt. Det er veldig mange ord i den lista nede til høgre no... Skal også prøva å gjera det lettare å finna fram til andre bloggar via meg. Kjem nok til å ta litt tid, men kanskje det er ein grei ting å styra med når dikta let venta på seg. Heldigvis har eg mange bloggefolk og ein del kjentsfolk på instagram no, så fylgjer litt med der, og der kan de fylgja litt med meg også, om de vil :)