fredag 9. november 2012

Oppå magen min ligg du

klissete kanskje
og raudblå
full av rynker
og skrikande

likevel
er denne skapnaden
det nydelegaste 
eg veit

me har venta
gledd oss
og tenk så kom
akkurat du!



Ja, då var familien vår endeleg ei nydeleg stor/lita jente rikare! Med smilehol! Ho vart fødd natt til 6. november, 3940 gram og 51 cm. Veka i forkant veksla eg og mannen på å vera med eldstejenta på Barneklinikken (ikkje noko alvorleg, men ho måtte vere innlagt for å få medisin), og det var der eg var då eg kjende fyrste teikn på at fødselen var i gong. I grunn heilt ok på eit vis, nært KK om det (mot all formodning) skulle gå fort. Men litt rart å gå rundt der med mange folk ein ikkje kjenner og vere i gong med fødsel. 

Uansett dukka ho opp til slutt (fødselen hoppar me fort over, jordmora kalte det ein drøymefødsel, men eg, som den fødande part som verkeleg skulle ha noko å seie om saka, meiner det er eit sjølvmotseiande ord...), og det var så godt å sjå at ho var frisk og fin (og vår!) og å gje seg sjølv lov til å kjenna på gleda over at alt gjekk fint! 

I går kom me heim. Uendeleg godt å samla heile familien igjen, vart jo over ei veke sidan sist (og då var me berre fire..). Ser at det kjem til å ta litt tid spesielt for mammadalt-toåringen, som brått opplever at mamma ikkje kan koma med ein gong han ropar lenger. Er jo mykje amming det går i nett no, og då er eg liksom låst. Men det går seg til. Og babyen er han like stolt av som oss andre. Heldigvis :) Så no berre nyt me!