mandag 24. desember 2012

JUL

Mellom snørrete ungar og pakkepapir
under laget med støv og eit brev i frå BIR
oppi posar med nøtter, bak klementinskal
i pakka på loftet som er kolossal...

...der heldt nokon pusten, og nett slik som lova
så snik den seg opp og fyller snart stova
med yrande latter og vitande smil
og lysande auge som heilt utan tvil...

...forkynner at NO er den meir enn i emning
for huset er proppfullt av JULESTEMNING!

Vil ynskja alle som er innom ei flott jul! 

Vekene etter at me vart fem i familien har naturleg nok vore hektiske, også på grunn av at jula har nærma seg med stormskritt, og at me har vore sjuke etter tur. Men no er den her, og no er huset så godt som ryddig, julepynta nok, og julefreden kan siga inn over oss også. 

Har ikkje hatt tid å vanka så  mykje i bloggverda, då hadde eg uansett berre blitt stressa over alle som var ferdige med julepakker og julemas for lenge sidan, som berre kosa seg med baking og juleverkstad med borna og slikt. Me har gjort litt me også, men blir aldri så mykje som eg har tenkt.

Uansett kjem jula over oss no. Heldigvis!

Juleklem frå meg! 
(som satsar på å invadera bloggverda igjen etter jul...)