søndag 13. januar 2013

Dette året



Dette året skal eg gje litt blaffen
og bry meg meir

gje litt blaffen i rotet
og bry meg meir om dei som stikk innom

gje litt blaffen i mobilen og dataen
og bry meg meir om å leika med borna mine

gje litt blaffen i dårleg samvit
og bry meg meir om det eg faktisk har fått til

gje litt blaffen i alle bekymringar
og gle meg meir over alt som faktisk er bra

Om eg klarar det

trur eg dette året
blir godt
Eigentleg eit rart uttrykk når ein smakar på det. Gje blaffen. Og det er absolutt ikkje noko eg er så flink til frå før. Eg er, som de kanskje veit, ein tenkjar. Eg er mykje flinkare til å sitja heime og ha dårleg samvit for alle eg ikkje har invitert eller besøkt, i staden for å berre invitera eller besøka. Grublar på alt eg ikkje får til, eller alt eg skulle gjort men ikkje byrja på, men klarar ikkje alltid å ta meg sjølv i nakken og faktisk gjera det. Tenkjer ut smarte tiltak for å gjera kvardagen litt lettare, men så får eg ikkje til å gjennomføra det. Og når eg gong på gong skuffar meg sjølv med å ikkje innfri mine eigne krav, blir det berre til at eg utset ting endå meir og heller grev meg ned i ei bok eller surfar på nettaviser. Eller byrjar å bekymra meg for alt som kan gå galt på ulike område.

Har eit stort ynskje om å få til å gje litt meir blaffen i det eg ikkje kan gjera så mykje med, og heller bry meg om det som betyr noko. Eit halv- eller heilrotete hus må eg sannsynlegvis leva med så lenge det er born i huset og verken me store eller dei små er så flinke til å plukka ting opp etter kvart. Men det å tora å invitera folk inn likevel, utan å vera redd for at dei aldri kjem att, er noko eg faktisk kan bli flinkare til. Og det å ha kontakt med andre er jo mykje viktigare enn å ha eit prikkfritt hus, vel?

Lurar på korleis eg skal snu tankegongen min på desse områda, men vil i alle fall prøva å jobba med det. Blir sikkert fleire slike sjølvransakande dikt litt framover (dessverre...?), for januar og februar er slike månadar i alle fall eg tenkjer ekstra mykje. Om nokon veit om ein knapp for å skru av hjernen av og til, hadde eg vore veldig takknemleg om de delte informasjonen ;) Irriterande også, fordi eg burde heller ha grubla over korleis eg kunne gjera verda til ein betre stad og slike ting. I staden tenkjer eg på korleis eg kan gjera meg sjølv betre. Men det er vel ei byrjing kanskje?