torsdag 21. februar 2013

Namnet ditt

 
namnet ditt er finast
når storebror din seier det
 
når han legg den
lubne handa si
på mjuke kjaken din
 
ser deg djupt inn i augene
med sine smilande
 
og seier det
namnet ditt
igjen og igjen
 
når augene
igjen møter mine
ser eg framleis dei glimtar
 
av ekte
syskenkjærleik
 
Me var jo spente på korleis han skulle reagera, toåringen (no treåringen) som vart storebror. Han er jo i det stadiet der det framleis ikkje er så lett å setja ord på kjenslene sine, og lettare å slå eller knipa om han er sint eller fornærma. Det skjer heldigvis ikkje så ofte, og me jobbar sjølvsagt med saka, men det tek tid. Så ville noko av dette gå ut over veslesyster som brått var der og krevde så mykje merksemd frå oss foreldre?
 
Heldigvis er det nett som om han skjønar at veslesyster er skjør. Og i staden for å slå, auser han over ho med klemmar og kyss. Dette også kan jo bli litt voldsomt, og me må fylgja med, men som regel forstår han også at ho må behandlast varsamt. Det er så fint å sjå syskenkjærleiken veksa fram, som om dei forstår at dei har eit spesielt band. Veslesyster smiler stort når storebror (og storesyster på 8) kjem! 

mandag 11. februar 2013

Straumbrot



så stille
så kaldt

til omnen 
brenn

så varmt
så stille

til svolten 
kjem

Me har hatt eit par straumbrot siste vekene, og det kjennest i grunn velsigna godt... Alle lydar forsvinn. Kjøleskapduring, varmepumpeblåsing, akvariepumpeskvulping, datasusing, tv-masing. Det er nett som om hjernen koplar seg av litt også. I alle fall den delen som tar seg av alle ting ein burde gjort som ein ikkje har gjort endå. Eller alt ein ikkje har oppdatert seg på endå. For når straumen er vekke, er det jo ikkje så lett å støvsuga. Eller lesa nettaviser og sjekka facebook og mailar. Eller av-isa frysen. (Forresten, det kan ein vel gjera.. men det er jo litt mørkt i kjellaren då...) Det er ganske koseleg å sitja med tente lys og fyr i omnen. Og berre prata. Eller spela kort eller gitar. Heilt til ein merkar at ein er svolten, men ikkje kan laga seg den maten ein har lyst på... 

Trur me har godt av ei slik avkopling innimellom (burde vore oftare!), og det er vel det mange får når dei reiser til hytter eller i båt eller går på fjellet når helga kjem. Me har også hytter me kunne brukt, men er ikkje så lett å koma seg avgarde, ikkje berre å hiva seg i bilen når me har tre små/halvstore som skal vere med. Så får berre håpa på nokon straumbrot innimellom. Eller kanskje ein skal ta seg ein tur i sikringsskapet og slå av straumen når ein kjenner det surrar for mykje både inni og utanfor hjernen? 

søndag 3. februar 2013

Folk ein ikkje kjenner




eg veit om mange kjekke folk
eg ikkje kjenner så godt

synd i grunn

at ein ikkje er meir saman med 
dei ein ikkje kjenner så godt

tenk på alt ein går glipp av

samstundes er det vanskeleg å vere ofte 
saman med folk ein ikkje kjenner

då blir ein jo kjend med dei
Dette vart litt todelt på ein måte. For eg tenkte det skulle handla om at det er mange fine folk eg godt kunne tenkt meg å vore meir saman med, men så kjenner eg dei ikkje så godt at det er naturleg å invitera dei på besøk eller berre stikka innom. I alle fall ikkje naturleg for meg, eg brukar ei stund på å tora slike ting. For eg tenkjer dei sikkert ikkje vil vera med meg. Berre dumt sikkert, men det var denne sjølvtilliten som eg må jobba med ja... Dessuten inviterer eg knapt dei eg kjenner på besøk, det er jo alltid eit eller anna born som blir sjukt, eller eit hus som "berre nett" må ryddast fyrst.

Uansett så tok diktet litt sin eigen veg. Men poenget var altså ikkje at eg ikkje vil bli kjend med folk. Berre at det er litt skummelt. Og tek tid. Og sånn språkleg sett: kan ein vera ofte saman med "folk ein ikkje kjenner"? I alle fall ikkje om det er dei same folka då... 

Litt surrete i hovudet i dag, men håpar de hang med på dette. To dikt på tre dagar er vel ikkje verst etter denne tørkeperioden? 

fredag 1. februar 2013

Speilet

om eg vil at borna skal
lika seg sjølv slik dei er
bør eg vel kanskje prøva 
å lika meg sjølv eg også
Noko av det viktigaste ein vil ( i alle fall bør villa...) for borna sine, er at dei skal vere fornøgde med seg sjølv. Sjølvsagt er det fint om dei har mål og ambisjonar, men i botnen bør det liggja ein tryggleik som gjer at dei tolar å ikkje nå alle måla sine, og likevel ikkje straffar seg sjølv for hardt eller kjenner seg mislykka. For dei er gode nett slik dei er, uansett kva dei oppnår! 

Og så tek eg meg i at eg ikkje sjølv er fornøgd med meg, slik eg er. Det er jo ikkje noko eg går og masar høgt om slik direkte (bortsett frå nett no då..), men det kjem vel til uttrykk på ulike måtar. Når eg ser meg i speilet om morgonen og skjer grimasar av synet. Når eg har laga mat og borna seier den er god, og eg seier at den burde vel vore litt mindre slik, og litt meire slik... Når eg sit i sofaen og pratar om alt eg skulle rydda og ordna men som eg ikkje orkar. Så skin det vel i gjennom eit sjølvbilete som ikkje er heilt sunt. Eit sjølvbilete eg ikkje vil at nokon skal "arva". Så kanskje eg bør gjera noko med det. Ikkje berre for min eigen del, men for borna mine sin del. 

Det heng vel saman med forrige dikt dette. Kunsten å gje blaffen i det eg ikkje kan gjera noko med, og vere fornøgd med ting slik dei er. Og heller jobba litt med det eg kan endra på, litt på langs. 

Her har det vore fleire veker med ein sjuk gut, som måtte gjennom to antibiotikakurar for å bli frisk att. Innimellom har han feira treårsdagen sin. Og me har døypt veslejenta vår! Eigentleg mykje å skriva om, men det hjelper ikkje når ikkje eg har hatt tid eller ork til det ;)