søndag 31. mars 2013

Påsketid

tid for 
å vera 
saman
tid for å leggja ting bak seg
tid for å gå inn i seg sjølv
tid for
å sjå
fram
mot 
lyset
tid for
å takka


For oss kristne er påska ei veldig viktig høgtid. Me markerer at Jesus tok på seg syndene våre, døydde på krossen og stod opp igjen. Enkelt sagt, men garantert ikkje enkelt gjort. Han er oppstanden! Me har mykje å takka for!  

Uansett kva ein trur på, håpar eg dei fleste brukar og har brukt påska til å vera saman med familien og fokusere på familiehygge og kos. Her er familien endeleg samla etter ei påskehelg der mannen tok dei eldste med på hytta, medan eg tok minstejenta med til foreldra mine. Fine dagar for alle, i nydeleg ver! Og godt å komma heim med heile gjengen...

mandag 25. mars 2013

Den beste tida



hast ikkje berre vidare
sjølv om tida med småborn er travel
sa ei eldre dame til meg
med vemod og klokskap i blikket

midt mellom bleieskift, amming
snåttetørk og trassgrining
opplever ein 
Augneblunkane

dei som mange år etter
gjev oss tårer i augene
og mammadunking i hjartet
av sakn og kjærleik

dei harde klemmane
som gjer oss mjuke
dei tillitsfulle spørsmåla
som gjev oss ny innsikt

den trillande latteren
som jagar sinterynkene vekk
dei små hendene som grip
og gjer våre eigne store og trygge

så hast ikkje vidare
sjå og nyt Augneblunkane
for den beste tida 
er no


Tida fyk når ein er mange små og store i huset. Det er mykje som skal gjerast, noko ein gjer mange gongar om dagen, noko ein har planlagt, noko som brått dukkar opp. Men det er viktig å ta eit steg tilbake så ein ikkje går glipp av dei viktige augneblunkane. Dei må nytast der og då! 

Det er lett å avfeia det som eldre menneske seier som sentimentalt prat, og tenkja at dei har gløymd korleis det eigentleg var. Men det er fleire eldre damer som har mint meg på dette i det siste, etter at eg har fortalt kor travelt det er med tre små/halvstore i huset. Ja, det er travelt. Men du er likevel oppe i den beste tida i livet ditt, seier dei. Og eg ser at dei seier det fordi dei veit. 

tirsdag 19. mars 2013

Behov

somme behov er kunstige

me treng ikkje store tv-ar 
 klesskap fulle av moteklede
strigla stover med designmøblar
eller ein diger SUV

andre behov er ekte

me treng sunn mat
regelmessig rørsle 
ein heim med ei seng å sova i
nokon å vera glad i
og nokon som er glad i oss
nett slik me er


Blir litt irritert av og til av at eg føler me burde ha oppdatert kjøkkenet og stova. Altså, me burde nok det. Men når me ikkje har tid eller midlar nett for øyeblikket (i alle fall ikkje til noko storarbeid), bør eg klara å vera fornøgd med det me har. Me har jo det viktigaste! Ein heim og nokon å vera glad i! 

Så kvifor skal media og ukeblad og slikt masa så mykje om kva som er in og flott, så me som ikkje har sjansen til å pussa opp så ofte, føler me heng etter? Eg skjønar at det er ein fin hobby med oppussing og interiør, og at det er kjekt å få det fint rundt seg. Men å bruka mykje pengar på det, igjen og igjen, ser eg ikkje poenget med. Er det meg det er noko gale med då, eller har folk det rett og slett litt for godt? (Ikkje ta dette ille opp interiørbloggarar, berre eit lite hjartesukk...)

mandag 11. mars 2013

Velkomen inn i stova mi

tykkjer du rotet er skrikande?
du får lytta til kva det
seier då

kleshaugen i stolen
fortel at her bur små og store  
som har aktive kvardagar
 
tomme fat på spisebordet
fortel om nok mat
og glede i fellesskap

leikane på golvet
fortel at her finst liv
og fantasi og latter

to bein på stovebordet
fortel om ei husmor
som veit når ho treng kopla av 
Ok, kanskje eg koplar litt vel mykje av, av og til. Og får dårleg samvit for det. Men då skriv eg eit slikt dikt og prøver å sjå kor bra me eigentleg har det. Det gjeld å fokusera på dei rette tinga! Har vore lite søvn nokre dagar, og då er det ikkje vits å slita seg heilt ut for å få stova prikkfri, når det berre tek ei lita stund før legoen er på golvet igjen ;)  Skulle hatt eit bilete her, men beina ligg så godt på bordet at eg ikkje orkar gå og henta kameraet. Men de ser det vel for dykk?

fredag 8. mars 2013

Det fyrste steget

det er vanskeleg 
å sparka seg sjølv
i ræva

å ta seg sjølv i nakken
er litt lettare men ganske
ubehageleg

så eg får visst berre
liggja her eg
ligg

AU
Når ting berre er opp til meg sjølv, er eg ikkje så flink til å gjera det. Litt lettare å gjera noko som også påverkar andre, og om eg er treg med dette, får eg gjerne nokon velmeinte "spark" som får meg i gong... For over eit år sidan byrja eg eit prosjekt med å laga meg eit firma og prøva å tena litt pengar på denne skrivehobbyen min. Men det har gått litt trått.

Det eg slit med er å koma i gong. Idèar kan eg godt ha, og eg trur (innbiller meg) faktisk at eg kunne ha laga nokon produkt som kunne seld litt om eg kom inn på rette marknaden. Eller teke nokon skriveoppdrag. Men det der med å setja idèane ut i live og satsa skikkeleg, vågar eg ikkje. I alle fall ikkje når eg manglar eit team å jobba med, og nokon som backar meg opp fagleg og økonomisk. Å driva PR for seg sjølv er det skumlaste, eg har ikkje trua nok på meg sjølv, slik er det berre.

Dessutan var det ikkje så skummelt å vera lærar som eg forestilte meg. 

Så det siste AU-et i diktet, som signaliserer at ein kanskje fekk eit spark likevel, manglar i grunn her. Men om idèane ligg på is nokre år, kan det jo hende eg finn dei att ein dag og får motivasjon til å gjera noko med dei? Evt. trur eg at eg prøver å skriva eitt eller anna og levera inn til eit forlag for moro skuld. For å skriva er jo alltid kjekt:)

(PS: Det har ikkje mangla på folk som har heia på meg, noko eg er veldig takknemleg for! Men det er ikkje alltid så lett å setja idèar ut i praksis likevel, mykje arbeid og sikkert ikkje så mykje ein får att økonomisk dei fyrste åra. Må nok ha ein skikkeleg indre motivasjon for å få det til, og den har nok ikkje vore sterk nok endå... Men har no fødselspermisjon ei stund til, så får sjå kva som skjer!)