torsdag 18. april 2013

Fjelltankar

att og fram
fram og att
att og fram

dei små vesena
yrer som maurar
med fargerike skal

fram skal dei
alltid
veg sku` dei ha

hakka og sprengde meg
endåtil bora hol 
gjennom meg

verdsmeistrar
liksom
eg ser på dei og ler

ved neste regnskyll
skal eg rista meg litt ekstra
så noko dett ned

då får dei seg nok ein støkk
og kanskje dei skjønar
kven som er sjefen

Bygda mi, Vaksdal, var isolert av steinras på begge sider idag.

Me menneske likar å ha kontroll. Men naturen er vanskeleg å temja! Dei siste dagane har det gått fleire ras i kommunen min. Etter dette raset for halvanna veke sidan, kom bror min som bil nr. to, medan det framleis rauk i fjellsida. Få minutt etter at denne kollossen datt ned i vegbana i går, kom far min køyrande, som bil nr. tre som måtte stogga foran steinen. Då dette raset gjekk i går, hadde ei venninne nett køyrt forbi. Og ei anna kom køyrande rett etterpå, og måtte snu og ta toget heim.  I dag tidleg var bygda mi isolert av ras på begge sider av vegen, etter eit nytt ras i natt. Som faren min sa: om dette er ein konkurranse om å vera den som kjem nærast raset, håpar eg ikkje at eg vinn....

Eg synest i grunn me har fått nok støkkar no. Dei fleste rasa har gått på E16, der det dundrar mykje trafikk gjennom, sidan det er hovudfartsåra mellom Bergen og Voss. Eg tvilar ikkje på at det vil gå fleire ras i tida som kjem. Me må berre be om at det ikkje må skje alvorlege ulykker knytt til rasa, for at det skal bli fortgang i å få gjort noko med rassikring her. Det beste hadde nok vore å bygd mykje av den rasutsatte vegen i tunnell, noko som også er føreslege. Håpar det skjer, og ikkje om så alt for lenge! 

søndag 14. april 2013

Kjærleik, nærleik


kjærleik, nærleik
det er oss

saman har me
kasta loss

uansett kvar 
vegen fører

lette eller
 tunge bører

ber me ei
åleine meir

me er to som
byggjer reir

flettar kjærleg
greiner, strå

mjukt og varmt
til våre små
I går var eg i bryllaupsfest som forlovar til ei god venninne og mannen hennar! Eller, dei gifta seg før jul, samtidig med at jenta deira vart døpt. Men igår vart sjølve festen halden, sidan kyrkjebryllaupet kom overraskande på dei fleste dåpsgjestane! Ein kjekk fest, og eg ynskjer 
brudeparet mange fine år saman :)

I tillegg har foreldra mine 29 års bryllaupsdag idag, så gratulerer til både dei og det forholdvis nybakte ekteparet! Om ti dagar feirar eg og mannen ni års bryllaupsdag, så det lyt jo bli kjærleiksdikt i slike tider... 

(Og tusen takk for alltid fine kommentarar på innlegga mine! Eg les og blir takknemleg, men er for tida ikkje så flink til å svara. Men ein dag.... ;)

søndag 7. april 2013

Mammatankar



om eg kunne spart deg for 
såre tårer, vonde draumar
salte skrubbsår

ville eg gjort det

men eg kan ikkje
det er berre delar
av livet

så i staden klemmer eg deg hardt
syng songar som 
gjer oss varme

og lovar meg sjølv å visa deg 
så snart du er betre
dei gode delane

I haust og heilt fram til vinterferien var det nesten konstant nokon i huset vårt som var sjuke. Det tærer på eit mammahjarte å trøysta igjen og igjen born som har vondt her og der, eller skjelv fordi feberen stig, eller drøymer ilt fordi dei søv dårleg. Det er vondt å vita at det ikkje alltid er så mykje ein kan gjera for at ting skal bli betre nett der og då. Avleiing er eg god på, men det er ikkje alltid nok å sjå på fuglar i hagen om ein har vondt i magen. (Fekk de med dykk rimet?)

Så når ting endeleg stort sett har snudd no, kjenner eg at eg set ekstra pris på latteren og herjinga til borna. Sjølv om det av og til kan eskalera litt fort... Her ein dag hoppa treåringen i sofaen med liv og lyst, og endå eg visste at eg som mor burde ha stoppa det umiddelbart, var det litt artig å sjå på han. Og då skjedde det; minstejenta lo skikkeleg for fyrste gong! Kvar gong han hoppa, skrattlo ho. Sjeldan har vel ei mor oppfordra guten sin til å hoppa i sofaen, men det skjedde mange gongar nett då. Ei kjekk stund der me lo alle saman. 

Slike stunder er gode å hugsa på når vårforkjølingane med påfylgjande feber har dukka opp i desse dagar...