lørdag 25. mai 2013

Ekko

eg rydda soverommet hin dagen

reinska det for skitne og reine klede
og barneleikar og tøflar og hybelhestar

om natta var det ekko 
då mannen snorka

neste dag rota eg att

Det finst faktisk negative sider ved å ha det ryddig også. Det er dei eg fokuserer på slike laurdagskveldar eg eigentleg skulle ha hatt eit nyvaska hus, men i staden sit i rotet mitt og byssar på eit par-tre hostande born etter tur. 

onsdag 8. mai 2013

Fri





 fri

eit ord ein ikkje 
fullt ut               forstår
     eller set                nok pris på
    før ein                har prøvd 
det motsette
Eit aktuelt dikt idag, på frigjeringsdagen! Trur nok ikkje min generasjon heilt veit kor glade me skal vere for akkurat denne dagen. Me er vande til å kunna gå kvar me vil, og seia kva me vil. 

Diktet er ytterlegare aktualisert av historia om dei tre kvinnene som vart sett fri i USA på mandag. På ein måte eit mirakel og ei gladhistorie. På ein annan måte ei historie om ti grufulle år for desse kvinnene. Prøver å ikkje tenkja på kor lange desse åra må ha kjendest, med sannsynlegvis dagleg tortur. 

Det siste som gjer at eg tenkte på dette ordet idag, var at me såg ein del sauar med lam som spratt glade og fornøgde på bakkane. Riktignok innom eit gjerde, men likevel på gras, og i friluft, ute av den mørke floren dei har stått inne i sidan i haust. Lamma har jo ikkje sett sol ein gong, slik mødrene har. Kjekt å sjå! Og biletet er jo av døra inn til lamma, sjølvsagt. 

(Diktet var liksom eit figurdikt men veit ikkje om de skjøna poenget...)