søndag 30. juni 2013

Morsmjølk


berre ta for deg mi vesle søte
drikk deg stor og smart og vakker

eg overfører alt mitt beste til deg
og prøver å behalda det verste sjølv

 om du ein dag likevel endar opp som ein 
ubesluttsom rotekopp

så sorry
eg prøvde i alle fall
Eg tok uttrykkjet "å få det inn med morsmjølka" litt bokstaveleg, men de skjønar jo kva eg meinar. Når ein får born, håpar ein jo på at dei får dei beste sidene til foreldra, og helst overgår dei. Men eg er redd at nokon av dei mindre bra sidene er med på kjøpet... Og då gjeld det at me foreldre har ei viss forståing for det, og ikkje kjeftar så mykje på borna når dei gjer dei same feila som me sjølve gjer! 

Håpar alle har ein fin ferie :)

søndag 16. juni 2013

Sprek?

kjøpte meg treningsbukse
kjøpte meg fotballsko
kjøpte meg til og med
SPORTS BH!

tok på meg alt saman
sette meg i sofaen 
åt chips og såg tv
og følte meg likevel sprek

tok det på meg att neste dag
sykla på fotballtrening 
peste rundt, raud i toppen
og følte meg særs lite sprek

moralen?

kjøp gjerne treningsutstyr
ta dei på også, for all del
men vil du føla deg sprek
bør du lata det bli med det



Dette skreiv eg for nokre veker sidan, då eg hadde vore på mi fyrste fotballtrening på mange år. Er nokre damer som treffest og spelar mest for gøy, og for treninga si del, ikkje noko proffgreier. Men herlighet, jammen blei eg trøytt nok. Sidan har eg vore sett ut av ei langvarig forkjøling, så veit ikkje om eg hadde heilt godt av den der treninga. Har likevel planar om å joina dei igjen når eg blir betre, treng det tydelegvis... (Ventar framleis på at dei gamle buksene frå før graviditeten skal passa, sju månadar etter at eg fødte... Bør vel ta det som eit hint snart.)

torsdag 6. juni 2013

Mammafrykta



eg merkar ikkje alltid
at den klemmer til
med dei spisse kalde fingrane sine

då er eg oppteken

med å byssa og trøysta
tørka snørr eller spy eller tårer
ofte tårer

men når små andlet igjen smilar
og frykta sine fingrar slepp taket
då kjenner eg det banka trygt igjen

i mammahjartet
Det er ikkje sjeldan eg uroar meg for noko som har med borna å gjera. Spesielt mellomstemann er i periodar ofte sjuk. Og sjølv om eg veit det sannsynlegvis berre er ei vanleg forkjøling, og ikkje alltid merkar at eg blir redd, så blir eg det nok likevel. Eg merkar det ofte fyrst når ting roar seg igjen. Når han vaknar etter ei natt med over 40 i feber, og endeleg er feberfri (enn så lenge), er det nett som noko slepp taket inni meg. Og då skjønar eg at eg har vore bekymra og stressa.

Desse bekymringane er berre ein del av det å vere mamma. Og i posten i går fekk eg ei lita, nydeleg bok om akkurat det. Den er skrive av Heidi Gellein med den fine bloggen beautiful. Boka heiter "Mammahjerte", er utgitt på Luther Forlag og kan kjøpast i alle nettbutikkar. Med ein gong eg fann boka i postkassen, opna eg pakka og sette meg på trappa og las. På ein halvtime hadde eg lese heile boka. Eg hadde humra, smilt gjenkjennande, nikka medfølande, og kost meg veldig med boka den halvtimen. 



Boka er perfekt som barselgåve, sidan ho handlar ein del om å vere gravid, og om dei fyrste opplevingane som mor. Men ho handlar også om det å vere småbarnsmor, og alle mødre vil garantert kjenna seg att i mykje av det Heidi skriv. Tekstane er korte og på ein måte avsluttande på kvar side. Difor er ho lett å leggja frå seg når babyar vaknar eller middagen kokar over. Men eg trur nok de vil leita ho fort fram att. 

Dessutan trur eg boka er fin å lesa ein dag ein kjenner på dårleg samvit for alt ein ikkje får til. Heidi er open og ærleg i sine tankar, og innrømmer at ho ofte har dei same kjenslene. Ho klarar likevel å peika på det viktigste oppi alt: Dei flotte borna som me får lov til å vera saman med, og som gjer oss ubetinga av klemmar og kjærleik! Og Han, som har gitt oss sjansen til å få oppleva dette. 

søndag 2. juni 2013

Forelsking. Samelsking. Etterelsking.



Forelsking

augene nesten 
brennmerkar 
kvarandre

hendene varmt fletta
heile verda
står for føtene våre

men verda kan
snurra som den vil
berre me er saman

Samelsking

 augene møtest
over barnekrøllar 
i begeistring eller frustrasjon

store hender leier små
presenterer dei for
verda

og midt i heimen
ei lita verd i miniatyr
vår eiga 

Etterelsking

augene kjenner
kvarandre
no

 hendene hugsar
framleis korleis
dei flettar seg

verda opnar
seg endå
byr på meir

Beklagar litt klissete, heavy og kanskje flaut stuff på ein søndagskveld (innlegget vert kanskje fjerna viss eg blir for flau i etterkant), men eg las altså eit stykke i Foreldre og Barn, der dei tok for seg uttrykket "etterelsking", fyrst lansert av prest og forfattar Per Anders Nordengen. Han brukar det om kjærleiken mellom eit par etter den stormande forelskinga, når kvardagen kjem. I stykket var det også ei som meinte at etterelsking var den kjærleiken som ein fann etter den krevande småbarnstida, og ho sakna eit uttrykk for kjærleiken ein opplever med små born i hus, som tek store delar av tida og konsentrasjonen til foreldreparet. Eg tok det sjølvsagt som ei utfordring, sidan eg har tenkt ein del på dette sjølv. Eg er absolutt ikkje nokon terapeut eller psykolog, og ikkje noko døme på "den perfekte mor og kone" heller. Men eg har nokon tankar om parforhold og kjærleik som eg skal dela her (og allereie har delt i diktet). Interessert i kva de tenkjer om dette også, ikkje ver redd for å sei meg imot...

Eg og mannen er i alle fall ikkje flinke til å "date", borna er stort sett rundt oss frå morgon til kveld, og når dei søv, hamnar me ofte trøytte i sofaen framfor tv-en, (av og til kosar me oss med god mat og ein film, men ofte er me før trøytte...). Det er jo mykje som skjer om dagane, og er me trøytte og stressa, er nok ikkje humøret på topp. Men me gler oss over og saman med borna, og det er i slike stunder eg merkar kjærleiken best nett no. Kjærleiken vår er liksom "manifestert" ned i desse tre små/halvstore som tek så stor del av tida og hjartene våre.

 Og det er noko me har felles, kor glade me er i dei, og kor stolte me er av dei. Dette knyter oss foreldre sterkare saman, sjølv om den glødande, lidenskaplege kjærleiken er litt på vent. (Det må vel vera lov å innrømma det?) Difor tenkte eg at begrepet "samelsking" kanskje kan fungera? Ein elskar borna sine, og kvarandre, og borna elskar foreldra sine. Borna er eit samarbeidsprosjekt, som ein vel sjølv, og går inn i med heile hjarte og all kjærleiken ein har. 

Klart ein er kjærastar også, og treng litt åleinetid der ein kjenner seg litt forelska att, og bla bla bla. Men størstedelen av tida er det jo kjærleik i form av "samelsking" som dominerer. Eg trur ikkje ein skal føla at ein MÅ på kjempemange åleineturar, fordi det står i ulike blad og er sagt av ulike psykologar at det må til for å behalda parforholdet. Då blir ein jo berre stressa om ein ikkje får det til (det er alltid nokon som blir sjuke om ein planlegg slikt). Men det gjeld å vera oppmerksam på kvarandre i kvardagen saman med borna, la augene møtest og gle seg over småtinga ilag. Samelska. Det var vel ikkje så dumt ord det vel?

 Så trur eg at når borna er vaksne, og ein får meir åleinetid saman, dukkar etterelskinga opp. Mange reiser på turar ilag og "fornyar" kjærleiken slik. Kanskje den glødande kjærleiken dukkar opp att då? Eg kan ikkje sei så mykje om dette sidan eg framleis har småborn, men eg håpar det er slik i alle fall. Anyone, er eg på viddene med søndagsfabuleringane mine?