onsdag 10. juli 2013

Grusvegen


 
 
 
spring mellom husa
småsteinar krasar
sauene ser kje opp ein gong
 
dei drit vel langt i
om eg ikkje er ti lenger
og strengt tatt burde gått
 
men det så herleg å springa
ikkje for å trena
men for å koma seg dit ein skal
 
 
Har alltid vore vant til å springa når eg skal noko. Men no når eg liksom er vaksen og skal oppføra meg deretter, har eg måtta prøvd å leggja det litt av meg. Så tenkjer eg at kvifor kan eg ikkje springa når eg skal noko, medan mange folk spring og joggar rundt utan at dei eigentleg skal noko spesielt?
 
Greitt nok at lengre springeturar ikkje er det smartaste rett før ein skal noko viktig. Men ein liten springetur i ny og ne når det ein likevel skal forflytta seg frå eit punkt til eit anna, må vel vera ok? Om svaret er nei, latar eg som at eg ikkje høyrer...;)