mandag 19. august 2013

Heim

 
 
sjølv om ein kan slå røter fleire stadar
er det noko eige med å koma Heim
 
ein pustar litt lettare mellom sine eigne fjell
vegane eg ein gong sette små spor bortover
 har også sett spor i meg
 
 markblomane i grøftene stammar frå
dei eg plukka med kortare fingrar
 
sola kikkar opp over furuskogen
 på same måte som for tjue år sidan 
og blåbæra smakar minst like godt
 
når eg er Heime lurar eg ofte på kvifor eg flytte
men er glad eg alltid kan koma att
Sommaren har vore fin. (Eg vel å gløyma frustrerte pakkedagar, sukkerville born, trøytte foreldre og slikt...) Me har i samla flokk vore ein rundtur i vårt vakre land som vanleg, med ei ikkje så vakker campingvogn (populært kalla Shabbycabby). Nokre av oss har til og med vore til Utlandet. Og eg har fått vore Heime. Ikkje berre heime hjå meg sjølv, men heimeheime, der eg vaks opp. På Straume i Stamnes i Vaksdal Kommune i Hordaland Fylke for å vera pinleg korrekt.
 
Sånn heilt objektivt sett er sjølvsagt Straume den finaste plassen i verda. Her er fjord og fjell i skjønn nasjonalromantisk foreining. Sauane beitar på bakkane og vossolaksen slår med sporden når han sym forbi. Ein smal stabbesteinsveg slyngjer seg innåt fjella og forbind små og store bygder. Bak haugen bortom der, kvelvar ein stor heller seg over eit sanddekt golv. Der budde det steinalderfolk for 7000 år sidan. I skogen hekkar gråtrasta og på steinen i vatnet bur måsen. Eg kunne nok halde på ganske mykje lenger, men det var vel eigentleg ikkje ei turistbrosjyre eg skulle skriva.
 
Poenget mitt var at sjølv om ein har flytt ut, er det alltid godt å koma heim, og kjenna at røtene framleis heng fast der også. På biletet skuar mine små lovande utover Straume. For dei er det bygda Vaksdal som er Heime. Men eg håpar og trur at Straume alltid vil vera ein fin stad for dei også å vera.
 
Håpar de som framleis kikkar innom her har hatt ein flott sommar også, og ynskjer deko ein vakker haust!