søndag 29. september 2013

Dikt til dagens dåpsbarn

Kjære vesle guten min
skjør og varm og mjuk og fin
stille ligg du der og kikkar
vakent opp, mens klokka tikkar
veivar med di veike hand
du vil både opp og fram!
 
Og eg veit du snart er stor
trippar lett frå far og mor
difor lyfter eg deg stille
voggar deg til tonar milde
kjenner auget mitt bli vått
takksam for eg har forstått
 
Det var Gud som skapte deg
gjorde deg så nydeleg
han som laga jord og stjerner
sender englar som deg verner
også eg vil passa på
så du på rett veg vil gå
I dag fekk eg lov til å vera i ein kjekk dåp, og fadder til ein flott, liten gut! Presangane eg hadde kjøpt verka litt upersonlege, så eg fekk kreativiteten over meg i natt, og dikta dette diktet til dåpsbarnet. Det er vel eigentleg eit dikt frå ei mor til eit born, men det er jo lett for meg å leva meg inn i slike kjensler, som har tre eigne ;) Mogleg eg pussar litt på dette etter kvart, sneik seg inn eit nødrim og litt sånt, men elles formidlar det vel ekte kjensler?
 
Elles tusen takk for fine tilbakemeldingar og gode ord om mormordiktet! Eg har framleis eit mål om å svara alle, men veit også at det eg fyrst byrjar å utsetja, kan bli utsett ganske lenge. Så eg vil de skal veta at eg set pris på det i alle fall! Ha ei god veke i vente!

tirsdag 10. september 2013

Mormordiktet




mormordiktet skulle vera så fint
enkelt og reint og fylt av godheit
nett som mormor

det skulle handla om eit stort og sterkt hjarte
som banka for små og store
unge og gamle, kjende og framande

 

det skulle handla om auge som aldri var sinte
men smilte og lo og viste medkjensle og interesse
og verkeleg såg personane dei møtte

det skulle handla om ein munn som aldri
snakka for å hevda seg sjølv, men fortalde
om gamle dagar og ting som stod i avisene
og song salmar med den mest kjærlege
og inderlege røysta ein kan tenkja seg



det skulle handla om sterke hender
alltid i arbeid, med å så og hausta grøde frå jorda
foredla desse til sylter og saft eller gode middagar
eller kanskje med handarbeid som skulle loddast ut
til inntekt for dei som trong det

det skulle handla om eit stille vesen, eit kløktig hovud
pågangsmot, ironi, livskraft, sorg og sakn, leseglede
misjon, mange bøner, te med mykje honning i, israelsvatn
ølgjær, bringebær, kyr, mjølkespann, bærspann, ein spark
ei utømeleg skuffe med sjokolade, strikkelabbar med noko inni
ein oransje sykkel, eit par selskinnssko, ei brun jakke
eit rom fylt med aviser og blad og frukt og klede
og gevinstar og lefser og saft og syltetøy og loddbøker



mormordiktet skulle vera så godt og romma så mykje

men så sit eg berre og tenkjer på potetåkeren som ligg brakk
kjenner dufta av nysteikte vafler og smørfeite pannekaker
lurar på  kven som skal gå med loddbøkene no
og om du ber for oss i kveld frå himmelen
slik du gjorde kvar kveld på jorda

du sa me ikkje skulle grina mormor
men det er vanskeleg å lata vera
takk for alt du var!

I går måtte me ta farvel med mormora mi. Det var sterkt å vera der då ho trakk pusten for siste gong her på jorda, men også ei fin stund. Ho var klar til å reisa vidare. Lev vel, sa ho til meg då eg kom. Så me får prøva å halda fram med det. Men eg synest at verda kjennest litt annleis ut uten mormor her.
 
Ho hadde nok kanskje ikkje likt at eg hylla ho med eit dikt her, ho ville helst ikkje vera i sentrum eller ha fokus på seg sjølv. Men eg er så stolt av mormor, og så veldig glad i ho at eg har lyst at andre skal få vita kor flott ho var! Mange i bygda kjenner ho som "basardama" trur eg, men ho var så mykje meir enn det...