mandag 14. oktober 2013

Perspektiv

 
Medan eg ligg her og
lyttar til nattestilla
 
Tenkjer
Off, eg fekk ikkje rydda heile stova i dag heller
eller
Å nei, eg gløymde dei der rekningane eg skulle betala
eller
Søren, det var den der klesvasken i maskina då...
 
Medan eg tenkjer alt dette
visvaset
og synest litt synd på meg sjølv
 
ligg det folk og døyr
 
Born
ungdommar
vaksne
 
Avmargra av matmangel
Skjelvande av kulde
Infisert med sjukdommar
 
Kanskje dei aldri har fått
ein skikkeleg klem ein gong
 
Vedkjem det meg?
tenkjer eg
 
og etterpå
Ja.
Ingen nye tankar, men greitt å minna seg sjølv på dette av og til. Me har det godt. Så godt at me har tid til å hengja oss opp i trivielle ting. Og sjølvsagt kan me ikkje gå heile tida og tenkja på alt vondt som foregår i verda. Men me bør ikkje gløyma det heller, slik det kanskje er lett for.
 
Håpar de har fine haustdagar. Nyt dei, og set pris på det gode de har!