tirsdag 12. november 2013

Novemberjenta

 
 
Eitt år allereie
og du trippar rundt vårt bord
fingrane dei vinkar
mens du seier mange ord
ikkje at eg skjønar dei
men er no det så nøye?
det er mest sjarmerande
og ofte ganske løye!

Du tvinnar oss rundt fingeren,
ja både mor og far
også bror og syster
berre smilar når du tar
fjernkontroll, mobilar
alle leikar som du finn
me treng ikkje støvsugar
for smulane "forsvinn"!

Smilehola viser ofte
når du på oss ser
og dett storebroren ned
då sit du der og ler
så kjem det eit rampeblikk
du krabbar raskt av stad
 drar ut dvd-ane
og hiv dei rundt, så glad
 
Tenk at det var nettopp deg
som kom som nummer tre
me er så takknemlege
for at det kunne skje
Spent på vegen vidare
men ei sak er jo klar:
du har smelta hjartene
til sysken, mor og far!

Hadde eigentleg gitt meg litt med bursdagsdikt. No når eg skriv så sjeldan innpå her, blir det litt dumt om halvparten av dikta er slike dikt. Men så kom eg på at denne jenta faktisk ikkje hadde fått eit einaste, sidan det var hennar fyrste bursdag.  Så no, ei veke etter at ho vart eitt år, dukka det opp. Ho tok faktisk eit par små steg på bursdagen sin, og idag har ho fulgt opp med nokon fleire. Men ho "seifar" veldig, og ingen skal få ho til å gjera noko ho ikkje vil. Greitt nok det, er jo godt ho har bein i nasa!