fredag 27. desember 2013

Julekontrastar

varmt eller kaldt
lyst eller mørkt
reint eller skite
på innsida eller utsida
 
kontrastane ropar høgt 
på denne tida
 
då må me hugsa
kva side Han vart fødd på
 
ikkje på innsida
men ute i ein skiten stall
 
minn deg på det du
som strevar med å få huset til å skina
eller du som ikkje får det til i det heile
eller du som ikkje har ein heim ein gong
 
det viktigaste er
at du har plass til Han
 
og Han bryr seg ikkje om rammene
Han bryr seg om deg

God jul til de som måtte vera innom her! Litt sein desemberoppdatering herifra, men no måtte det til. Eg kom visst ikkje heilt i mål i år heller. Med julevasken og juleryddinga og dei sju (les to) sortane. Kjøkkenet er halvvegs vaska ned. Golva er støvsugde, ikkje vaska. Ingen i familien er 100% i form, ingen er heilt utslått heller. Men juletreet er på plass. Og eg har tenkt ein del på kva som er viktig å fokusera på. Som de ser.  For stallen var nok både skiten og kald og mørk. Men den romma det største underet av alle. I dette ligg det også ei påminning om å ikkje sjå ned på dei som av ulike grunnar fell utanfor i samfunnet. Som slit litt ekstra nett no i jula når kontrastane viser så godt. Ikkje sjå ned på dei - men sjå dei! Gjerne inviter dei til ein samtale, ein kaffikopp eller ei middag om du kan. Og kjenn på gleda når du finn ut at de har meir til felles enn du trudde. Og når du ser at du har gjort noko viktig for nokon.
 
Ynskjer dykk ei god julehøgtid vidare!