onsdag 12. februar 2014

Alle treng nokon

 
Alle treng nokon som ser dei
Nokon som likar dei nett som dei er
Fem eller ein, er `kje viktig
Berre den eine er her

Av og til blir eg liten
Verda blir skummel og ukjent og rar
Kroppen min kjennest sliten
Då er det godt at eg har

Nokon som trøystar og allting forstår
Nokon som strekker seg lenger
For å rekkja bort til handa mi
Nokon med varmande, usynlege englevenger

Alle treng nokon som seier
det ein treng høyra akkurat då
Orda som reiser meg opp att
og får meg til å forstå

Sjølv om eg ikkje klarar
alt det eg vil, så er livet bra
Om eg før brakk i delar
kan eg bli heil att, og glad

Nokon som trøystar og allting forstår
Nokon som strekker seg lenger
For å rekkja bort til handa mi
Nokon med varmande, usynlege englevenger
 
Ein dag så ser eg i speilet
Oppdagar det som du ofte har sagt
Eg er unik og så elska
Sårande ord mistar makt
 
Auga mine vert opna
Føtene dansar, har funne sin sti
Munnen kan ikkje skjula
gleda som gjer at eg også kan bli

Nokon som trøystar og allting forstår
Nokon som strekker seg lenger
For å rekkja bort til handa di
Nokon med varmande, usynlege englevenger
 
(c) Kristin S. A.
 
Ei god venninne har bursdag i dag. Ei som har hjelpt meg mykje på ulike måtar, både med praktiske ting og med gode samtalar. Så i tillegg til presang tenkte eg å gje ho ein liten song, som de ser over her. Teksten og melodien er ikkje så innvikla, for eg såg for meg at det var noko dottera mi kunne syngja. Er ikkje nett så erfaren med å laga melodiar, men denne funkar vel greitt nok?

Eg har spelt den inn med både piano + gitar og dottera mi si stemme, men så fekk eg ikkje til å leggja lydfilar her. Så måtte bita i det MEGET sure eplet og synga sjølv på ein video eg laga med webkameraet. Kjempeflaut. Men eg hadde no vit nok til å henga ein sokk over kameraet så de berre høyrer lyden og slepp å sjå meg i tillegg! Denne versjonen blir nok sletta snart, i hvert fall når eg får til å fiksa dottera mi sin versjon inn her i staden for. Uansett: Grattis med dagen M!
 
 
PS: Songen er også litt til mine fine K, L, LK, S, C, MH blant andre ;)