onsdag 16. juli 2014

Inni meg



inni meg 
bur det mange damer

der bur ei som har mange draumar
og ei anna som er pessimist

der bur ei som tar livet med ro
og ei som krisemaksimerer

der bur ei som trivst ilag med mange folk
og ei som likar seg best åleine

der bur ei som kjeftar på andre
og ei som kjeftar på seg sjølv

der bur ei som er trygg på seg sjølv og veit kva ho vil
og ei som ikkje veit kva ho skal ha på skjeva ein gong

der bur ei som trur
og ei som tvilar

der bur ei som pratar for mykje og tankelaust
og ei som teier stilt men tenkjer mykje

der bur ei som har alt på stell
og ei som har alt på skeiva

der bur ei som berre fjasar
og ei som er svært formell

der bur ei som ser andre
og ei som berre ser seg sjølv

der bur ei som blir inspirert av det andre får til
og ei som blir irritert av det andre får til

der bur ei med stemme så skarp som knust glas
og ei med stemme så mjuk som sommarfuglvengjeslag

der bur ei som lovar
og ei som lyg

og så bur der ei lita jente
som lurar på kortid ho skal bli vaksen

men eigentleg ikkje
vil finna det ut


(c)  Kristin S. A.


Eg vil helst tru at det er dei "snille" damene som alltid rår, men er redd det ikkje alltid er det. Er de med på tankegangen? Skrivelysta har ikkje vore her på lenge, men no kom det i alle fall eit blaff når eg ikkje fekk sova! Veit ikkje om nokon er innom her framleis men om så skulle vera: god sommar vidare! Her har me lærarferie og har prøvd å tatt igjen litt i hus og hage som me ikkje har tid/ork til elles i året ;)