mandag 15. september 2014

Ein straumesong





Om du tar av rett ved Dalseid på ein liten krongleveg

og kjøre gjennom grovhogde tunnella`
So kjem du til ein plass som kan ta pusten i frå deg
for nedunder dei grå stupbratte fjella
du finn ei lita bygd der tida verkar stå i ro
For Straumebrua, Gulløynæ og sandgrupo hass Jo
er sameleis som sist, og straumen renn jo framleis stri
med spretten laks og fjordaaure i.



Om våren brektar lamma på dei grøne bakkane
og kvitveisen på Skipshelleren blømar
På Skjæret under gilja hekkar fiskemåsane
turistane dei stoppar opp og skjønar
At Straume er ei bygd med sjarm og gode folk med smil,
du kan pusta fritt her, ta frå tankane ein kvil
Når vegen smalnar og du øve Straumebrua kjem
so minke kanskje dine små problem



Du kan òg finna spor av dei som ikkje er her no
I Skipsheller`n ein fiskekrok i sanden
I ungdomshuset årer som får minner til å gro
På gamleskulen blekk frå skulemannen
For dei som levde før oss har sett trygge gode far
dei sytte for dei rundt seg, og den saka er jo klar:
Om Straume òg i framtida skal gje deg sjelero
må me ta vare på kvarandre no!


(c) Kristin S. A.


I helga var det "Straumedag" på Straume der eg kjem frå, og i anledning dagen var eg spurt om å skriva eit kåseri. Eg klarte dessverre ikkje å koma på noko morosamt nett då, så skreiv ein song i staden. Tenkte eg kunne hiva den ut her også, sidan det er skrivetørke her inne... Den inneheld litt dialektord og stadnamn, men trur innhaldet skal vera mogleg å få med seg sjølv om de ikkje har noko forhold til staden :) Mogleg eg hiv på fleire vers etter kvart, men slik er den no. Songen er på melodien "Ballongvisa" som Trond Viggo Torgersen syng i videoen under.