torsdag 13. november 2014

Toppane

dei høge
 toppane dansar
 hemningslaus glede
i dei djupe dalsøkka
buldrar tung, intens 
skjærande
sorg
 livsvegen
snor seg ofte
gjennom dalar
på vegen mot toppen
og på toppen kan
vinden hiva deg 
mot dalen
igjen
det
er då du
må hugsa at
det finst nye toppar
du kan faktisk nå dei
berre du finn
dei rette
stiane



© Kristin S. Audestad



Eit dikt som har lagt på vent, fordi eg ikkje heilt var nøgd med det, og fordi det ikkje seier så mykje meir enn folk eigentleg veit. Men greitt å bli minna på det likevel kanskje? Mykje som hender kan me ikkje velja sjølv. Men me kan velja å gå vidare og leita etter toppane igjen! Ofte treng me hjelp til dette, og då er det viktig å ha gode folk rundt seg som viser kvar det er lurt å gå. :)

Så vil vel nokon seia at det gjeld å finna vegar som går utanom både dalar og toppar, men då tenkjer eg at då vert livet også mindre fargerikt og kontrastfylt. Ein lærer i alle fall mykje av å forsera mange høgdemeter i løpet av eit liv...

Neidå eg har ikkje gløymt bloggen, har berre alltid noko anna eg BØR og MÅ gjera... Men i dag er eg sjuk og på sofaen, og har hatt god tid til å grubla!