lørdag 6. desember 2014

Stopp opp littegrann


Kjenner du att typen, han som gjekk forbi?
ein som hastar stadig fram med øyrepluggen i
kanskje han har koffert, dress og slips og dyre briller
ingen veit at fyren går på angstdempande piller
flyktar alltid vidare, livredd for å stoppe
livredd for å tape, livredd for å floppe
kjempar mange kampar, klarar aldri vinne
før han er blitt ferdig, må han raskt forsvinne
bort til noko betre, leite etter meir
tør `kje finna seg ein plass å byggje seg eit reir


Stopp opp littegrann og sei meg igjen
kva fryktar du så fælt min venn?
du kan faktisk velje å ta eit steg til side
la livet ta deg att, og lev midt i det


Same med den dama som trippar der og smiler
håret ligg perfekt på plass, i handa hennar kviler
alltid denne smarte telefonen -men eg trur
faktisk den er usmart, fordi den lagar mur
muren ruvar rundtom alt som ho vil berre gløyme
viser fram det som er flott, mens resten vil ho gøyme
ingen trur at dama, som har sjarm og ry og stil
snart går heilt i oppløysing åleine i sin bil
for ho trur at alle andre fiksar alt så lett
men det er umogleg, og slettes ikkje rett


Stopp opp littegrann og sei meg igjen
kva fryktar du så fælt min venn?
du kan faktisk velje å ta eit steg til side
la livet ta deg att, og lev midt i det


Dei fleste kjenner nokon som har det slik som desse
kanskje er du også ein person som lar deg stresse
stresse av at "alle andre" lagar herleg mat,
har eit prikkfritt hus og aldri lar seg vera lat
eller du blir sur når andre gjer ein plettfri jobb
mens dei oppdrar born og gjerne kler seg som ein snobb
eg må berre seia, til deg som til meg sjølv
det er ikkje viktig at ditt hus er fylt av sølv
viktigast er vener som vil ha deg som du er
likar deg sjølv om du er litt rotete og sær!


Stopp opp littegrann og si meg igjen
kva fryktar du så fælt min venn?
du kan faktisk velje å ta eit steg til side
la livet ta deg att, og lev midt i det!


(c)  Kristin S. Audestad 


Ser for meg at dette kunne blitt ein stor slager i rap-kretsar, men har ikkje heilt kontaktane der. Kanskje like greitt ;)


Slett ikkje noko nytt tema dette heller. Men framleis mange som ikkje har "skjønt det", er eg redd. Synest det er vanskeleg sjølv også innimellom. For ein vil jo inst inne at andre skal tru at ein får til alt, og ein blir  jo flau når ein feilar. Då er det lett å berre "hasta vidare" for å få til noko nytt, så ingen får vite om feilane ein har gjort. Men det er jo heilt menneskeleg å feila! Og erfaringa mi tilseier at når ein tør å innrømma kva ein ikkje får til, får ein både goodwill hjå andre for å vera ærleg, og ein gjev andre sjansen til å stå fram med sine "feil".