søndag 25. januar 2015

Merkedagane

nokon merkedagar
er vonde

dagar som igjen gjer ein
litt hudlause

der dei som er borte kjennest
både nærare og meir fjerne

der bileta flimrar for augene
slik dei ein gong gjorde

og gjer saknet ekstra sårt
og inderleg illt

© Kristin S. Audestad



I dag er ein slik merkedag. Framleis vond, kjenner eg. Er nett som om hovudet ikkje heilt heng med på slike dagar. Og då kan eg jo berre gjetta meg til korleis det er for dei som var endå nærare  enn eg var. Etter kvart kan ein nok bruka slike dagar til å minnast det gode, men framleis er det ikkje så lett.

Men klisjè eller ikkje, livet går vidare. Og det blir ekstra tydeleg med born i hus. Ynskjer alle ei fin veke, skap gode minne saman!


søndag 18. januar 2015

om du vil bli modell

om du vil bli modell

unngå sol
og smil sjeldan
du vil då ikkje
ha rynker?

et lite middag
og dropp desserten
du kan visst aldri bli
for tynn

gjer som du
får beskjed om
det er dei med pengane
som veit best

om du vil ha det godt

smil mykje
et dungevis med dessert
gjer det som kjennest rett
for deg

© Kristin S. Audestad

Dei færraste går vel ikkje og drøymer om å bli modell. Men samtidig er dei jo flotte, modellane/kjendisane på framsida av blada. Og det kan sjå ut som om dei lever "det perfekte livet". Eg trur likevel ikkje det er sånn. Det perfekte livet er no også i utgangspunktet ein utopi. Las nett ein artikkel der ei av desse damene sa kvifor ho sjeldan var avbilda smilande, og det var altså fordi ho då fekk smilerynker og det var jo ikkje fint... Ho om det! Tenkjer at eit godt liv blir kjenneteikna av maaange smilerynker, så får ein heller tåla eit liv der ein ikkje er i sentrum... Det er nok absolutt best for dei fleste av oss!

Eg jobbar framleis med å rista vekk den stadig tilbakevendande kjensla av å aldri heilt vera god nok, så dette er jo eit tema som går att her inne. Synest det er så viktig at dei rundt meg er fornøgd med seg sjølv, og eg er jo rollemodell som mor og lærar, så då må eg nesten jobba med meg sjølv på dette området også. For me er jo gode nok, alle saman! Både inni og utanpå, og i det me gjer. Gjer me så godt me kan i den situasjonen me er, og med dei ressursane me har, kan ingen be om meir! (Og av og til er det faktisk lov å juksa litt også, "helgevasken" min av golva vart med kostebrett denne gongen...)




mandag 12. januar 2015

Bygdeprat


rykter og sladder 
 negativt bygdeprat om folk
ein kanskje ikkje kjenner ein gong

kva godt fører det til?
lat orda ta eit par rundar
om hjernen før du slepp dei ut

vil det du seier gjera noko
positivt for nokon?
eller omvendt?

om orda dine kan føra til skade
negativitet, meir prat, utfrysing
folk som ler av og ikkje med :

svelg dei før dei kjem ut
 så hamnar dei til slutt
der dei høyrer heime



© Kristin S. Audestad


Det er i periodar mykje fokus på mobbing av born og ungdom. Men eg vil påstå at det eg skriv om over, også kan koma i kategorien mobbing om det pågår over tid og er negativt lada. Det kan gå ut over både vaksne og ungdommar (og born) eller gjerne heile familiar, som på ein måte blir "stempla", nesten for livet.

Det er finst fleire kategoriar bygdestempel. 

Tabbe/ufornuftig-stempelet: Har nokon gjort noko ufornuftig eller tabba seg ut ein eller annan gong (for det har jo ingen andre?), kan det henga fast ved personane i lang tid etterpå. Anten med at dei får kallenamn, eller at det blir brukt for å forklara kven ein snakkar om. "Ja, du veit han Kåre. Han som var i Thailand og vart loppa for pengar på det hotellrommet, og ringte gråtande heim til mora og ikkje ante kva han skulle gjere. Tåre-Kåre ja.

Særing-stempelet:   Det kan også vere at folk som tenkjer litt utanfor boksen og gjer ting litt annleis enn "normen", vert veldig synlege i ei bygd og lette å snakka om. Det ein ikkje forstår, kan skremma folk. Og i staden for å oppsøkja og finna ut av dette, vera opne og gjestmilde, er det for nokon lettare å verna seg bak si eiga lukka dør og prata med nabokona på telefon og fortelja at dei rare nye naboane nett har malt hundehuset knallrosa, og at dei aldri legg seg før laaangt etter tolv! (Korleis veit ho det forresten?)

Suksess-stempelet:  Dette stempelet kan vera det verste av alle. For særingane og dei ufornuftige får kanskje også litt sympati-goodwill. Dei som oppnår noko, derimot. Dei som set seg klare mål, ropar dei høgt, og når dei med god margin, gjerne avbilda på framsida av lokalavisa i same slengen. Dei får også sitt stempel, og lite sympati på kjøpet. Her kjem jantelova inn i biletet, og nokon folk likar å finna ut/på grums om dei som utanpå ser ut som dei lever drøymelivet. Sjalusi er vel eit stikkord...

Eg kunne sikket ha ramsa opp fleire typar "stempel", men de skjønar kva eg meiner? Eg trur ikkje folk eigentleg har lyst å såra dei som blir stempla og prata om. Men det er jo så mykje lettare å snakka om andre, spesielt om ein har nokon svin på skogen sjølv som ein ikkje vil ha fokus på. Og sjølv om dei som blir prata om, kanskje ikkje får høyra så mykje av pratet sjølv, kan ein nok merka det på ulike måtar. 

Trur absolutt ikkje alle er med på dette pratet, men veit med meg sjølv at det er grådig lett å fortelja vidare noko ein har høyrt. Utan å tenkja på at det faktisk kan såra folk som absolutt ikkje har fortent det. Det som provoserer meg mest er når folk blir kritisert for ting dei absolutt ikkje kan noko for sjølv. Ting som heller ikkje går ut over andre på nokon som helst måte. Som utsjånad. Eller korleis dei vel å organisera liva sine. 

Det er lett å bli såra og lei seg for dei som innser at dei blir snakka negativt om. Nokon klarar nok heldigvis å heva seg over det. Medan andre kanskje vurderer vala sine igjen. Men det er vel ikkje meininga at folk skal måtta endra på den dei er, for å "tekkast" bygda? Mange kan ha gode grunnar for at ting er slik dei er, utan at dei utan vidare har lyst til å stå og deklamera det ut på lokalbutikken for dei som måtte vera interesserte.

Eigentleg er det ganske sjølvsagt at ein ikkje kan stempla folk slik, og dei fleste som les dette er vel einige med meg i det. Håpar de då kan hjelpa meg til å "ta tilbake" bygdepratet, og gjera det til noko positivt. Neste gong du "smalltalkar" med nokon i bygda, fortel noko positivt om nokon andre bygdefolk, eller gje kompliment til den du snakkar med! Kanskje det kan få positive ringverknadar? 

søndag 4. januar 2015

Nytt kapittel

eit nytt kapittel
igjen

dette kan bli litt som dei andre

men også noko
heilt anna

eg håpar dette kapittelet
kan gjera meg

litt klokare
litt snillare med meg sjølv
flinkare til å gjere
 ikkje berre tenkje

kanskje finst her dører
som kan opnast

kjellarlemmar som kan
lukkast

garantert finst her
bra folk

eg må berre tora å
sleppa dei inn

© Kristin S. Audestad



Jadå, nytt år, nye moglegheiter. Kan vel ikkje seiast for ofte? Siste setninga kan nok tolkast på fleire måtar, men no tenkte eg fyrst og fremst heilt bokstaveleg. I julekortet denne gongen tok eg med ein open invitasjon om at folk berre kunne stikka innom om dei er forbi. Det kan vera litt skremmande for her er jo absolutt ikkje alt på stell heile tida. Men eg trur at det ikkje bør hindra meg i å sleppa folk inn. Det er jo slik me er! Passe rotete og vimsete, men samtidig glade i folk! Det er lettare å tenkja og skriva om dette enn å gjera det, men som eg også skriv, eg må prøva dette året å bli flinkare til å gjera det eg tenkjer på! 

Håpar de hadde ei flott jul, og må det nye året bringa gode dagar for alle. Husk å stoppa opp av og til, pust djupt inn og tenk på alt du har å vera glad for! Er så lett å gløyma i stresset...

God klem frå meg til alle som er innom!

Skal prøva å skriva dikt kvar søndag.. Får sjå kor lenge det heldt :)

(Har ein klikkedata, så det er eit styr å hiva innpå bilete, sorry latskapen...)