tirsdag 24. februar 2015

Yrke: Hjelper forældrene

Anna Nilsdatter
ugift
Yrke: Hjelper forældrene


Kanskje hadde du draumar
løynde dei innerst ved hjartet
let dei berre spinna vidare
den vesle halvtimen du låg vaken
og dei rundt deg sov

Draumar om ein mann med arbeidshender
born med trillande latter
ei lita stove som var berre di
litt jord å dyrka i
og kanskje ei kyr eller to

Eller visste du frå du var lita
at slike draumar berre førte pinsle med seg
for dei førte ingen stads hen
din plass var hjå foreldra dine
slik var det berre

Kanskje fann du endåtil gleda?
gleda over å kunna vera til hjelp
ta imot sysken og tanteborn med opne armar
gleda over kvardagslivet, det faste
endringar vart helst til det verre

Var du redd for å bli gløymd?
for når stega dine på jorda stilna
sprang ingen små nye steg fram
eller visste du at dine steg var viktige
nok?

 Eller kanskje du lausreiv deg?
fylgde draumane dine
fann deg ein sterk mann
fødde fem born
og fekk livet du ynskte?

Berre du veit
og kanskje
 ei kyrkjebok

© Kristin S. Audestad


Eg har fylgt med på NRK-serien "Hvem tror du at du er?". Spennande å sjå ulike personar nøsta opp i fortida og gjennom fleire fragment danna seg eit bilete av livet til forfedrane sine. Det er ikkje sjeldan det vert sterke augneblunkar. For det er noko med at historiane som dannar seg, dannar baktepper for eins eigen eksistens. Om ikkje desse hadde levd lenge nok til å få born, hadde ikkje personane i programmet vore til. Og det dei opplever, og slik dei er, kan prega familiane i generasjonar framover. Fleire gongar har hovudpersonane forstått meir av seg sjølv og familien sin, ved å finna ut meir om fortida.

Dette har fått meg til å grubla litt, og så smått driva litt slektsforsking på eigne vegne. Så langt strekkjer det seg til søk i digitalarkivet. Men der ligg det mange opplysningar som kan vera kimen til gode og vonde historiar. Eg fann ei avdød tjenestepike som var notert som "fattiglem og idiot" (her kjennest det naturleg å slengja inn at ho ikkje var nokon nær slektning), ei som "døde på sinnsygehus i Bergen" (same her), og ei som hadde som yrke å "hjelpe forældene". Eg fann også mange små born som døydde tidleg, av både tæring og lungebetennelse.

Kjenner at mange tilfeller gjev meg lyst til å finna ut meir. Både leita meir i arkiv, og prøva å formulera historiane rundt, slik dei kan ha vore. Dette diktet er ein prøve på dette, får sjå om eg held fram i same sporet, men det gjev i alle fall ein ny innfallsvinkel til skrivinga mi (det er vel begrensa kor mange gongar ein kan skriva dikt om kor rotete ein har det).

Det å få litt meir innsikt i "gamle dagar", får meg også til å vera takknemleg for kor godt me har det i notida. Både når det gjeld helsevesen og råderett over eiga framtid. Det er ikkje hemmeleg at foreldra hadde mykje å seia for kva retning borna gjekk, både i yrkeslivet og kjærleikslivet. Det hende nok fleire enn ein gong at ei av døtrene vart buande heime for å hjelpa foreldrene, gjerne så lenge at når dei døydde var ho for gamal til å få eigne born. Det kan ikkje ha vore berre lett!



søndag 15. februar 2015

Val

somme tar dumme val
øydelegg for seg sjølv
og andre

nokre i god tru
andre fordi dei trur
det er best

kva gjer du
om du brått finn ut
du er ein av dei?

at det du trudde på
viste seg å vera
feil?

at du har såra nokon
halvt bevisst men med
sløra  auge?

fornektar du det?
held fram på same vis
eller snur du?

© Kristin Straume Audestad
 



Dei fleste kan nok "vakna opp" innimellom og sjå at ein har tatt nokon toskne val. Eg for eksempel, brukar mobilen for mykje. Det gjer at eg går glipp av viktige minutt med borna mine.  Men eg prøver å bli meir og meir bevisst på dette, og leggja den vekk når eg er med borna.

Når eg snakkar om å ta feil val, er det er jo også ei kjensgjerning at det skjer mykje gale i verda. Og ofte er det vanskeleg å fatta at det står menneske bak. Menneske som ein skulle tru hadde hjarte, hjerner, fornuft og samvit slik dei fleste andre... Eg spør meg sjølv kva som får folk til å gjera slikt.

Som å drepa andre med vitande og vilje. Ein ting er når det skjer i affekt. Det er litt lettare å forstå at nokon kan mista styringa på temperamentet sitt.  Men når det er nøye utstudert og planlagt, og blir gjort med kaldt blod, kva ligg bak? Kva mekanisme i eit vanleg menneske gjer at ein trur at slikt er greitt? At ein også i etterkant forsvarar det ein har gjort.

Det er skremmande når enkeltmenneske eller grupper trur dei har rett til å bestemma om andre menneske får leva eller døy. Eg er så naiv (?) at eg trur at alle har i seg ein vilje og sjans til å ta gode val. Og tenkjer at ein dag må jo nokre av desse vakna opp og sjå kor totalt feil dei har tatt. Dei som då klarar å ta ansvar for det galne dei har gjort, ta straffa for det, og brukar resten av livet sitt til å prøve å gjere det godt igjen, synest eg fortener ein sjanse til. Nokon er nok ueinige med meg, men eg trur alle bør få ein sjanse til å gjere godt att det galne ein har gjort.



søndag 8. februar 2015

Berre du er her

i nattestorm
og torever
om eg i draumar
vondskap ser

om magen knip
og vekkjer meg
så ropar eg
igjen på deg

snart svevnen meg
attende ber
berre du
er her

© Kristin S. Audestad

Dagens teikning frå femåringen (han med piggsveis i midten..).



Med ein gong det bikka midnatt natt til idag, kom det eit rop frå eit av barneromma (eller eigentleg frå soverommet vårt, men eg latar som eg ei slik strukturert mor som aldri tar den "kjappe" løysinga om eg er åleine med borna: å leggja alle samtidig i vår seng...). Ropet var som det vanlegvis brukar å vera på nattestid: høgt, småforvirra og veldig tydeleg adressert: "Maaaaaammaaaaa". (Så det slo meg ikkje at det kanskje berre var ei lita markering for at morsdagen var byrja.) Uansett svara eg høgt nok til at roparen høyrde, og lavt nok til å ikkje vekkja resten: "Jaa, mammo er her!".  Det pleier ikkje vera så lett, men denne gongen var det tydelegvis nok. For det vart stilt, og han sovna att. Om han eigentleg var vaken då. 

Og det er jo slik, er det ikkje? Me må ikkje på død og liv ha kontakt med desse mødrene 24/7. Det er nok heilt greitt å sleppa det, både for stolte mødre og heldige avkom. Men : me treng vita at dei er der! At om me ropar, eller ringjer, eller snappar eller hulkar ut eit "mamma", så kjem ho. Eller lyttar, eller trøystar, eller gjev gode råd, eller gjer alt det der som mødre kan så godt. Eller berre er i nærleiken, slik at me kan kjenna oss trygge.

Denne dagen er nok ekstra sår for dei som ikkje har ei mamma her på jorda lenger. Samstundes gjettar eg på at dei kjenner at dei har ho med seg på eit vis likevel. I måtar å roa seg sjølv ned på, i trøystande ord ein seier til eigne born, i gode minne som gjer at ein både smilar og får tårer i augene på ein gong.  


søndag 1. februar 2015

Dåpsdikt

Fyrst var du til i eit håp, i  ein draum
Då du gav deg til kjenne, så kom det ein straum
av glede og tårer, og bøner vart sendt
oppover der små lanterner er tent
Bøner for deg, om at alt sku` gå bra
for allereie så var mange gla`

Gla` i den jenta som no ligg nett her
bablar og leikar med fine små tær
 Vippene blafrar som sommarfuglvenger
smilet ditt strekkjer seg lenger og lenger
Med armar du veivar, d`er noko du vil
og me takkar stilt for at nett du er til!
 
Gud skapte deg, elskar deg slik som du er
og det gjer me også, me har deg så kjær!
Du stoggar, med hovud på skakke, og ser
på dei som står rundt deg og smiler og ler
Kan hende du tenkjer : Så rare dei er!
Men dei er gode, eg høyrer til her!

(c) Kristin Straume Audestad

I dag vart ei nydeleg lita jente døypt. Eg hadde berre truffe ho ein gong før, men det var til gjengjeld eit hjarteleg møte. I dag fekk eg lov til å vera fadder til ho.  Eg fekk også treffa den fine familien hennar igjen. Veldig kjekt! Håpar alle andre også hadde ein bra søndag! Klem frå meg