søndag 22. mars 2015

Søvnen kan du ikkje kickstarta

Søvnen kan du ikkje kickstarta
Det finst heller ikkje noko snor å dra kjapt ut
for å få sovemotoren i gong
Du kan jo prøva å tvinga søvnen fram
ved å dunka hovudet i veggen nokre gongar
men det funkar sjeldan

Spesielt når morgondagen kjem til å bli krevande
er det nett som søvnen held seg langt vekke
for å la deg tenkja på alt som kan gå galt
når du i tillegg lid av søvnmangel

Vil du få det som du vil med søvnen
må du bli ven med han, invitera han inn
på nokre slurkar te med drøymehonning
mimra om gode dagar, tenkja djupt saman
om venskap, familie, tru og kjærleik

Når de kjem til kjærleiken er han seld
då bles han ut dagen i augo dine
berre for å få vera med ein gong til
inn i landet der gode minne kan gjenopplevast
Eg har visst forsømd bloggen, men tippar ingen lid naud av den grunn... Nokre dikt dukkar opp likevel, dette dukka naturleg opp ein kveld eg ikkje fekk sova. Burde vel ha jobba meir med det, men har ikkje tid, så slengjer det heller ut slik det er. Håpar de har fine dagar! :)