søndag 12. april 2015

Kosesau

nokre sauar er kosesauar
nokre er det ikkje
slik er det berre

for å finna ein kosesau
må du lokka med mat
til ein sau kjem bort
og så klø den forsiktig
langt nede på halsen

om han stivnar
lukkar augene halvvegs
strekkjer halsen fram
er han ein kosesau

då han du halda fram med å
klø bak øyrene, på kjaken
eller gje han ein mjuk klem

om han støkk til
skvett bakover
og ser stygt på deg
er han ikkje ein kosesau

då let du han vera



(c) Kristin S. Audestad


Ja, sauar har personlegdom dei også, nett som folk... Eg vaks jo opp på gard og hadde mine timar i floren (fjøset) der eg klappa på sauar og venta på lam, og dette fann eg kjapt ut. Og så tenkjer eg at det kan vel vera slik med folk også. Det er veldig ulikt kor glade me er i til dømes å klemma kvarandre. Og sjølv om det er viktig med ein klem av og til, kan det vera lika varmande med nokon gode ord. Trur eg ;)  Bloggen forfell for tida, men det er lite å gjera med. Travle tider for fleire enn meg, reknar eg med, så ein får ta som ein bonus det ein får til. 

Håpar de som er innom har det fint - det er snart vår - tjohoo!