mandag 29. juni 2015

Til farmor



No ringde dei nett
du har fare
frå smertene
og dritt-kreften
som overtok kroppen din
litt etter litt
Men du lo sist
no har du det godt

Då eg i går klemde deg
for siste gong
kjende eg i eit lite drag
dufta av farne somrar

Dei beste kjøtkakene
Den gode latteren
Varme skillingsbollar på kaikanten
medan me såg bror min dra opp
fisk etter fisk på snegleagnet

Trygge hender å halda i
Frukost på respatex-bordet
Det artige glimtet i augene
Kryssordløysinga
Dei treffande kommentarane
Kinderegga du alltid hadde i veska

Det liksom-fornærma snufset
med tilhøyrande grimase
når noko ikkje vart som du hadde tenkt
Og det smittande smilet etterpå

-Kom fisk i mitt garn!, ropa du
då siste rest av trollgarnet
for over den blå båtripa
 Måseskrik-morgonar etterpå
drog me det spente opp att
og jubla både for krabbar og lyr
 Du gledde deg til å eta fisk
me glede oss til å halda krabbane

Når det var bølgjer
var du og eg like
og ville vera på land

Derfrå såg me farfar trassa stormen
og hala opp fulle sildegarn
til det var haug på grønebaljen
 Utanpå var du litt sint
men inni trur eg du var både
redd for han og stolt av han

Så huskar eg også
tårene på dei runde kjakane
og den litt skjelvande stemma
som sa då me køyrde avgarde
-Takk for denne gongen!

No er det eg som kan seia det

Takk for denne gongen, farmor
Det var ei sann glede!

(c)  Kristin S. A.


Måtte berre leggja ved eit gamalt bilete av farmor. Ho var ei artig dame, som me var veldig glad i, og ei super oldemor også! 


torsdag 25. juni 2015

Eg veit om ein stad



Eg veit om ein stad der fjord møter fjell
og skodda driv, vakker og stille
eit svanepar leikar til song frå ein tjeld
i vårkveldar rause og milde

Der ligg det ein bygning, litt gamal og grå
som rommar eit bankande hjarte
for vær der ein morgon, så skal du få sjå
på ungdomar, sterke og sarte

Dei syklar og traskar, to går hand i hand
mot målet, dei kjem for å læra
smilande, gjespande, knyter dei band
nett no er dei midtpunkt i verda

I klasserom møter dei nokon som ser
og bryr seg om meir enn papira
for læraren anar kva dei med seg ber
og sår gode frø, som får spira

Tida er spanande, kjensler kjem fort
spesielt om ein slett ikkje meistrar
då gjer ein lett noko ein ikkje sku` gjort
medan kjenslene innerst slår gneistrar

Men trur du dei kun møter illsinte blikk
når dei vaksne finn ut kva dei gjorde?
nei, rektor ho har jo ein enkel logikk:
at grunnane kan vera store

Ein god gammal prat, som er open og raus
kan avdekka kva som dei plagar
ho sei` det kje vidare, rektor er taus
men bryr seg, og frykten vekk jagar

For her er det slett ikkje tala som tel
men det at ein jo gjer sitt beste
og står på og prøver med vilje og sjel
-til slutt kan ein greia det meste!

Til ferie stormar dei jublande ut
men ser seg kan hende tilbake
før dei så set kursen mot høgaste nut
med ryggar så sterke og rake

Eg veit om ein stad der fjord møter fjell
og ord møtte lyttande hjarte
om ikkje alt festa seg, så trur eg vel
at hjartene godorda sparte 

(c)  Kristin S. A.


Det siste halvtanna året har eg jobba ved ein ungdomsskule. Det har vore ein utfordrande, men også takknemleg jobb. Ein får mykje tilbake når ein ser ungdomar utvikla seg på ein fin måte, og får vera dei av eit kollegium som har fokus på omsorg og å ta vare på elevane, meir enn resultat. Altså, me har sjølvsagt jobba for gode resultat også, men det er eit viktig poeng at ikkje elevane skal måla seg opp mot kvarandre og tru at dei ikkje er gode nok om ikkje dei får like god karakter som sidemannen. Det er eigen innsats som tel, at ein gjer så godt ein kan. Det er også viktig at elevane bryr seg om kvarandre, og at eventuelle konkurransar blir av den positive sorten, der ein støttar og heiar på kvarandre. Alle kan ikkje vere gode i alt, og alle har sine styrker som dei andre kan læra av!  

Eg føler at eg sjølv også har vakse av å jobba her, og blitt tryggare på meg sjølv i lærarrolla. Sjølv om det sjølvsagt er ting eg synest er utfordrande framleis. Uansett går eg til andre utfordringar no, og dette er eit lite "takk for meg"-dikt til denne gode skulen, og til lærarrolla, i denne omgong. FOR eit viktig yrke. Og FOR eit ansvar! Og så glad ein blir i elevane og kollegaane sine :) 

lørdag 13. juni 2015

Skodda

skund deg
min kjæraste ven
skund deg

skodda kjem drivande
standhaftig
tjukk

kva gjer me om
ho kjem over
kanten?

siglar nedover og
dekkjer alt
og alle

no kjem ho
skund deg
sa eg

før vegen
blir
stengt

(c) Kristin S. A.

Det var nesten fantasy-tendensar i morgontimane her ein dag. Eg ropa at ungane måtte skynda seg, eg skulle på jobb og no kom skodda og då vart vegen stengt, og kven visste kor lenge! 

For me bur jo ved E16 og staden der det har rasa to gongar og framleis er rasfare og dermed kontinuerleg vakthald medan trafikken går. Om skodda blir for tjukk slik at ein ikkje ser ras-staden, stengjer dei vegen.

Det er vel slik det er når ein har valgt å busetja seg slik "i pakt med naturen" og mellom fjella her. Men det hadde nok vore ein fordel med fleire tunnellar der trafikken kunne gått klar rasfaren... Det er ekkelt å køyra forbi kvar gong på veg til jobb, samtidig som det er bale dei gongane vegen er stengd. 

Me gjer det beste utav det, men eg håpar me snart får sterke signal om at det blir fortgong i planar om ny veg. Dette funkar ikkje i lengda, og lengda har me vel passert for lengst...