søndag 12. juli 2015

Lær av ei lita


lær av ei lita

opn nevane, andletet og hjartet
for det som skjer rundt deg
kopl deg av usynlege nettverk
løft blikket 
sjå

sans augneblunkane
dans i solnegongen
lat som om du ikkje frys
sjølv om dei siste solstrålene
varmar meir inni enn utanpå

lat deg fascinera av det små i det store
marihøna på peikefingeren
svaneungen mellom foreldra
mjuk sand oppover leggane
blåklokkene mellom dei brune stråa

vis begeistringa du kjenner
rop 
le høgt
syng 
lev

når klegg eller knott
skremmer deg inn att 
ta med deg kjensla 
av det store i det små
lær av ei lita

(c)  Kristin S. Audestad

Måtte berre skriva eit dikt til dette biletet frå ferieturen vår til Kristiansand. Det er teke på Hamresanden ein kveld det var for fint å sitja inne i teltet og lesa Donald... Skal innrømma at eg har litt for god kontroll på kvar mobilen er for tida. Evt. har mobilen kontroll på meg. Har lyst til å prøva å logga litt av diverse nettsamfunn, og vera meir til stade i det som skjer. Den minste dottera mi er flink til å gleda seg over det ho opplever, så eg får læra av ho.  Har også fleire idèar til tekstar eg vil skriva framover, håpar berre eg får tid til å skriva dei før dei forsvinn igjen. Nokre av dei hamnar nok her, andre hamnar i andre arenaer. Eller i ein bortgløymd datafil. Uansett godt å få ting ut gjennom skriving! Håpar ferien gjer dykk godt :) Her er det litt opp og ned, ikkje berre idyll...