søndag 30. august 2015

Eg er til for deg

(Fri gjendikting av "The Story" - Brandi Carlile)



Eg står her framfor speilet mitt
Linjene djupnar litt og litt
Vitnar om livet eg har levd
Kva det har gjeve og har krevd
Men historiar er ingenting
om ingen veit og held omkring
Og eg
kjenner eg treng deg

Det er kje enkelt å få sagt
Eg har kje orda i mi makt
Men eg vil prøva likevel
for i frå morgon og til kveld
Ja, gjennom dag og gjennom natt
så kjenner eg i heile meg 
at eg
Eg er til for deg

Eg kunne klatra over fjell
Spurta om kapp med storm og eld
Om det var slik eg nådde deg
For dine auge varmar meg
Når du ser på meg, så veit du alt
Du er mitt vern, mitt lys og salt
Og eg
Eg er til for deg

Om eg no klistrar smilet på
kan du forbi det alltid sjå
Du veit kva eg var før, og er
Du veit når tårene er nær
Når handa di stryk på min rygg
blir smilet ekte, eg er trygg
Og eg
Eg er til for deg

Når fleire spor har merkt min kropp
og mine føter seier stopp
Håpar eg at eg får ein sjans
til å få tatt ein siste dans
Kjenna munnen mot mitt hår
og takka deg for fine år
For eg
Eg var til for deg

Uendeleg
saman
Du og eg

© Kristin S. Audestad

I dag/natt har eg vore i bryllup til eit veldig vakkert og flott brudepar! På førehand tenkte eg at eg burde gjort noko meir personleg sidan dei berre fekk ei pengegåve av oss. Romantikaren meg hadde lyst til å laga ein kjærleikssong, og fann ut at eg kunne bruka ein eg likar veldig godt, og gjendikta den til norsk. "The Story" av Brandi Carlile er ein av mine favorittar, men då eg prøvde å oversetja den direkte, verka teksten veldig pompøs og "amerikansk". Ei linje vart slik: "Eg kryssa fjord og fjell for deg, braut alle reglar på min veg". Kven kan relatera seg til slikt? Brudeparet er ikkje kriminelle så vidt eg veit. Så eg brukte element frå den originale teksten, men prøvde å gjera songen hakket meir jordnær... 

 Eg var veldig i stuss på om eg turte å framføra den, men kom til at viss eg venta lengst mogleg, turte eg kanskje gjera det når ein del av gjestane var gått og resten var i "god stemning" ;)  Likar ikkje akkurat å stikka meg fram, men eg hoppa i det til slutt. Det gjekk heldigvis over all forventning, brura vart glad og eg fekk fleire gode ord etterpå, som eg sette stor pris på! Veldig motiverande for å skriva meir framover, og viktigast av alt at det vart godt motteke av brudeparet! 

Det er godt å ha nokon å vera glad i med heile seg, og som er glad i ein sjølv like mykje tilbake. Alt er riktignok ikkje heilt rosenraudt heile tida i eit forhold, fordeling av husarbeid og mangel på nattesøvn pga sjuke ungar er slikt som kan vera utfordrande. Men inni alt dette er det godt å vera saman. Vita at det skal vara. Og håpa at ein kan få seg ein romantisk tur i ny og ne. I alle fall når ein blir pensjonist :P    

Her er songen, for dei som ikkje har høyrt den før: