tirsdag 6. oktober 2015

Høgfjellshaust

Molteplantane er raudlilla, men framleis
lyser moltene opp mellom røsslyngen
Småvatna blenkjer blått
omkransa av djuporansje fjellgras
Vinden ruskar i gule bjørkeris
over steinar kledd med grøn kartlav
På myra har hjorten si brunstgrop
og brøler hest i skumringa

Her har eg vore før
Her pustar eg godt
Her tenkjer eg djupt
Det er godt å koma heim
til høgfjellet

(c) Kristin S. Audestad


Då eg var mindre, hadde eg og pappen og av og til bror min faste turar til fjells, spesielt om hausten i sauesankinga. Så gjekk det mange år der eg var oppteken med andre ting (bli gift, få born, jobb og alt det der liksom obligatoriske), men i haust har eg fått meg fleire fine turar til dei "gamle fjella mine". Det er like kjekt kvar gong, og det vekkjer gode minne frå turane med pappen. Nokre av stadane me gjekk då eg var liten, gav me også namn etter ting som skjedde, og desse har etablert seg i familien (bortsett frå hjå visse brødre som vil ha originale namn på stadane). I går gjekk eldstedottera mi, systera mi og eg til dømes både gjennom Pepsikløfta (der eg og pappen ein gong sat og drakk pepsi) og Brunostura (der me åt sjever med brunost som vart prikkete av regndropar). 

På ein sauesanketur med dottera mi i haust, fann me namn på nye stadar, til dømes Reklamebakken (ho song ein reklamesong heile vegen - grådig irriterande), og Pepsikløfta vart nesten omdøpt til Bieber-kløfta, sidan ho høyrde på ein Bieber-song då me gjekk gjennom den (trur eg har fått avverga at dette namnet står ved lag). Veldig fint å kunna visa ho "mine fjell", fortelja vidare fine minne frå turane med pappen, og skapa nye minne sjølv (det siste minnet frå gårsdagen der ei lettare hysterisk mamma med hjartet i halsen leita etter vegen ned ei særs bratt li for å rekka å koma ned før det vart mørkt, håpar eg ho gløymer ganske fort). 

Tusen takk pappa, for at du drog meg med opp på fjellet og viste meg kor godt det er å vera der oppe! Gler meg til me får fleire turar ilag! :)